Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Landbruk: Innsats for slåttemarka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk: Slåttemark er ein svært artsrik og sterkt truga naturtype som vil forsvinne utan aktive skjøtselstiltak. I Sogn og Fjordane pågår det eit breitt arbeid for å ta vare på dei mest verdifulle slåttemarkene i fylket, der landbruket har ei viktig rolle.

I 2009 tildelte Fylkesmannen midlar til eit prosjekt i regi av Norsk landbruksrådgiving som skal bidra til å kvalitetssikre tilskotsordninga i regionalt miljøprogram (RMP) for skjøtsel av særleg verdifull slåtte- og naturbeitemark. Prosjektet vert gjennomført i tett samarbeid med kompetente fagmiljø og landbruksforvaltning, med mykje direkte kontakt med aktuelle grunneigarar og gardbrukarar. Gjennom prosjketet ønskjer ein å auke kunnskapen og motivasjonen blant kommunane og tilskotssøkjarane om forvaltning av verdifulle kulturmarkstypar.

Landbruk: Blomstereng
Blomstereng. Foto: Truls Folkestad.

Landbruk: Slåttemark er ein svært artsrik og sterkt truga naturtype som vil forsvinne utan aktive skjøtselstiltak.

Forsidebilde: Tore Wuttudal, Samfoto

Til toppen