Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013

Meir pengar til friluftsliv og folkehelse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa vil styrke satsinga på friluftsliv og folkehelse med 20 millionar kroner, frå 133 til 153 millionar kroner. Det er ein auke på 13 prosent. Pengane går mellom anna til å sikre friluftsområde og støtte organisasjonane.

Regjeringa vil styrke satsinga på friluftsliv og folkehelse med 20 millionar kroner, frå 133 til 153 millionar kroner. Det er ein auke på 13 prosent. Pengane går mellom anna til å sikre friluftsområde og støtte organisasjonane.

- Å legge forholda til rette for friluftslivet bidreg til meir fysisk aktivitet, betre folkehelse og fine naturopplevingar, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Kjøp av viktige friluftsområde vil bli styrkt med to millionar kroner. Areal i nærleiken av bustadområde og område i kystsona er særleg prioritert. Opparbeiding av statleg sikra friluftsområde vil òg bli auka med to millionar kroner. Driftstilskotet til friluftsråda og dei fylkesvise nettverka Forum for natur og friluftsliv vil bli styrkt med til saman to millionar kroner.

- Det offentlege kan gjere mykje for å sikre areal for friluftsliv, medan organisasjonane kan tilby aktivitetar, kurs og opplæring. Auken i den økonomiske støtta til friluftslivsorganisasjonane er ein viktig del av ein auka statleg satsing på friluftsliv, seier Solhjell.

Inntil to millionar kroner skal nyttast til å utarbeide ein nasjonal strategi for friluftsliv.

- Hovudmålet er å finne fram til betre og meir systematiske verkemiddel for å få alle grupper i befolkninga ut i fysisk aktivitet gjennom friluftsliv. Eg vil involvere andre departement, direktorat og ikkje minst friluftsorganisasjonane i dette arbeidet, seier Solhjell.

Tolv millionar kroner av auken til friluftsliv er førebels ikkje disponert.

- Eg vil bruke litt tid på å vurdere nærare korleis desse pengane best kan nyttast for å betre folkehelsa, slik at det gjev varige resultat til glede for flest mogeleg, seier Solhjell.