Historisk arkiv

Telefonkatalogen – kvite sider:

Papirutgåve - berre til dei som ber om det

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Telefonabonnentar som ønskjer å motta papirutgåva av dei kvite sidene i telefonkatalogen, må heretter sjølv be om slik levering. Stadig fleire abonnentar hentar no opplysningar om telefonnummer og adresse ved bruk av Internett eller sms. Denne endringa i brukarvanane gjer at det ikkje lenger er naudsynt å trykke katalogen i så store opplag som tidlegare, noko som òg kjem miljøet til gode, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Denne omlegginga går fram av eit brev som Samferdselsdepartementet i dag har sendt til Telenor AS. Dette selskapet har i dag plikt til å gje ut Telefonkatalogen – kvite sider i trykt og elektronisk versjon til alle abonnentar i mobil- og fastnettet. Den gjeldande ordninga går ut på at alle abonnentar som ikkje aktivt har reservert seg, automatisk får Telefonkatalogen – kvite sider levert i papirutgåve.

Endringa som Samferdselsdepartementet administrerer, omfattar berre dei kvite sidene i telefonkatalogen. 

For fleire opplysningar – sjå:

Brev av 13. februar 2009 frå Samferdselsdepartementet til Telenor AS (pdf)