Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Video: Gode barnehagar for alle

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell presenterte i dag den første stortingsmeldinga om barnehagar som berre handlar om kvalitet.

– Dei siste åra er det gjennomført ein barnehagerevolusjon. Barnehageutbygginga har vore ein suksess, det er innført maksimalpris for foreldrebetaling og rett til barnehageplass. Innsatsen skal no rettast sterkare mot kvalitet og innhald i barnehagen, seier statsminister Jens Stoltenberg. 

– Endeleg kan vi flytte fokuset frå nok plassar til gode nok barnehageplassar, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. 

Video: Statsministerens kontor

Statsministeren og kunnskapsministeren besøkte Klossen barnehage i Oslo då dei presenterte stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen.

I meldinga har regjeringa sett seg klare mål for kvalitetsarbeidet i barnehagen. Det skal vere likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, og barnehagen skal styrkjast som læringsarena og vere ein stad med eit inkluderande fellesskap for alle barn. 

Statsministeren og kunnskapsministeren på Klossen barnehage i Oslo. Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor.

 

 

Til toppen