St.meld. nr. 15 (2000-2001)

Nasjonale minoritetar i Noreg - Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar

Til innhaldsliste

6 Tiltak og arbeid frå styresmaktene

I St.meld. nr. 21 (1999-2000) Menneskeverd i sentrum. Handlingsplan for menneskerettigheter, som blei lagd fram av regjeringa Bondevik, heiter det:

«Den norske befolkning har i stor grad vært skånet for grove brudd på menneskerettighetene i nyere tid, og Norge blir i internasjonal sammenheng ofte trukket frem som et land med solid vern om innbyggernes menneskerettigheter <...>Likevel er ikke menneskerettighetsvernet selvsagt i vårt land. På mange områder har det også i Norge opp gjennom historien skjedd brudd på det vi i dag anser som grunnleggende menneskerettigheter, ikke minst overfor personer som tilhører minoriteter. Kritikk er blitt reist mot norske myndigheter i de senere årene. <...>

De internasjonale menneskerettighetene er minimumsstandarder. På mange områder der individers interesser står mot myndighetenes, mener Regjeringen at man ikke bør nøye seg med å legge seg så tett som mulig opp mot minstekravene. Norges internasjonale rolle tilsier at myndighetene på mange områder yter mer på det nasjonale planet enn det som umiddelbart følger av de internasjonale bestemmelsene.» (s. 19)

Regjeringa stiller seg bak målsetjinga om at Noreg ikkje bør nøye seg med å leggje seg opp mot minstekrava i dei internasjonale konvensjonane. Når det gjeld minoritetspolitikken, vil Regjeringa leggje vekt på dei målsetjingane som er nedfelte i Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar og i Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.

6.1 Samordningsansvar og sektoransvarsprinsippet

Kommunal- og regionaldepartementet har samordningsansvaret for statleg politikk som særleg vedkjem dei nasjonale minoritetane i Noreg. Det inneber at departementet har ansvar for å sjå til at politikken på ulike område byggjer på prinsippa om likeverd og ikkje-diskriminering, og at tiltak er i tråd med internasjonale forpliktingar. Departementet har oppretta eit tverrdepartementalt samordningsutval, som er eit viktig organ for å sikre ei slik samordning. For å sikre samordninga har Kommunal- og regionaldepartementet òg eit ansvar for å gjennomgå saker som blir lagde fram for departementet i samband med høyringar.

Det er viktig at minoritetsgruppene også har direkte kontakt med dei ulike fagdepartementa, slik at ikkje all kontakt går gjennom Kommunal- og regionaldepartementet. Prinsippet om sektoransvar for departementa gjeld framleis på alle fagområde, til dømes kultur, utdanning og helse. Styresmaktene på dei ulike sektorane og forvaltningsnivåa har det same ansvaret for personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar, som for resten av befolkninga. Kommunal- og regionaldepartementet skal fungere som eit kontaktpunkt inn i forvaltninga for dei nasjonale minoritetane og kan derfor opplyse minoritetane om kva departement det er som har fagansvaret.

I tillegg til at forvaltningsapparatet kan vere komplisert å finne fram i, kan også det byråkratiske språket i forvaltninga vanskeleggjere kommunikasjonen mellom minoritetane og staten. Det kan lett oppstå mistydingar når to samtalepartnarar har ulike måtar å uttrykkje seg på. Regjeringa legg vekt på at departementa skal prøve å unngå at det oppstår misforståingar på grunn av dette.

Senter mot etnisk diskriminering har gjennomført ei undersøking som tyder på at mange av kommunane har liten kjennskap til nasjonale minoritetar og at det er behov for meir informasjon om nasjonale minoritetar og den statlege politikken overfor dei. Kommunal- og regionaldepartementet har òg erfart at det er behov meir informasjon, både for kommunar og fylkeskommunar og for organisasjonar og andre som har verksemd i tilknyting til nasjonale minoritetar.

Tiltak:

  • Kommunal- og regionaldepartementet vil frå 2001 gi ut eit informasjonsbrev om statleg politikk overfor nasjonale minoritetar.

6.2 Minoritetane si deltaking i samfunnet

6.2.1 Medstyringsrett og støtte til minoritetsorganisasjonar

Minoritetsgrupper kan stå i ei sårbar stilling i eit demokrati der det er lagt vekt på fleirtalsstyre. Sjølve prinsippet om «ein person, ei røyst» kan gjere at minoritetane ikkje blir høyrde når det gjeld deira spesielle behov. Det kan derfor vere nødvendig med særlege tiltak for å sikre at minoritetsgruppene også har høve til å delta i samfunnet på ein effektiv måte, og til å vere med å ta avgjerder som gjeld dei sjølve. Artikkel 15 i Rammekonvensjonen slår fast at staten

«skal skape dei føresetnadene som er nødvendige for at personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar, blir sikra effektiv deltaking i det kulturelle, sosiale og økonomiske livet og i offentlege saker, særleg saker som gjeld dei sjølve».

Deltaking i organisasjonar gir høve til å vere med når viktige avgjerder skal takast. Organisasjonar knyter personar saman og er med på å halde ved like felles verdiar og kulturell identitet. Regjeringa ønskjer derfor å stimulere til oppbygging av organisasjonar blant dei nasjonale minoritetane.

På denne bakgrunnen er det oppretta ei ordning med tilskot til nasjonale minoritetar, der organisasjonar med basis i ein nasjonal minoritet kan søkje om grunnstøtte frå staten. Formålet med ordninga er å støtte organisasjonar som tek vare på og representerer interessene til nasjonale minoritetar. Ordninga med tilskot skal også fremme dialog og samarbeid mellom nasjonale minoritetar, frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter. Ordninga blir administrert av Kommunal- og regionaldepartementet.

Ved utforminga av politikken overfor dei nasjonale minoritetane har Kommunal- og regionaldepartementet hatt ein nær dialog med organisasjonane til gruppene for å sikre at synspunkta deira blei høyrde. At organisasjonane har høve til slik påverknad er nærmast ein føresetnad for at politikken overfor gruppene skal bli gagnleg og forsvarleg. Regjeringa held kontakten med minoritetsgruppene for å vere svært viktig og ønskjer å halde i gang og utvikle dialogen med organisasjonane også i framtida.

Det kan vere usikkert kor mange personar dei ulike minoritetsorganisasjonane representerer. Vidare har den politiske mobiliseringa kome relativt kort i nokre av gruppene, og prosentdelen som har valt å gå inn i ein organisasjon, er låg. Kommunal- og regionaldepartementet har likevel lagt vekt på å føre dialog med organisasjonane, sidan dette er den mest demokratiske kanalen som ligg føre. Samstundes er det viktig å høyre på dei argumenta og synspunkta som kjem fram, også gjennom andre kanalar.

Ei anna sak er at ulike organisasjonar for den same minoritetsgruppa ikkje alltid har det same synet på konkrete spørsmål. Det er ingen grunn til å forvente at minoritetsgruppene har eit einsarta syn på alle minoritetspolitiske spørsmål. Det er derfor viktig at styresmaktene lyttar til dei ulike syna.

Kommunal- og regionaldepartementet gir grunnstøtte både til medlemsbaserte organisasjonar og andre organisasjonsformer. Det er i begge tilfella eit krav at organisasjonen må arbeide for interessene til ein nasjonal minoritet, og at organisasjonen har ei viss oppslutning og ein viss legitimitet i heile eller deler av gruppa. Kriteria for tildeling av grunnstøtte må utvikle seg i takt med at organiseringa i gruppene blir bygd opp.

Ei av utfordringane her er at medlemslister også ville vere lister over etnisk tilknyting, og såleis vil innehalde sensitiv personinformasjon. Særleg personar med tilknyting til romanifolket (taterane/dei reisande) ønskjer ikkje å stå på slike lister av frykt for at listene kan bli brukte mot dei av styresmaktene, slik det har skjedd før. Kommunal- og regionaldepartementet vil her søkje å finne løysingar som både styresmaktene og organisasjonane kan akseptere.

Kommunal- og regionaldepartementet fører ein dialog med mange fleire organisasjonar enn dei som så langt har fått økonomisk tilskot.

6.2.2 Minoritetane si deltaking internasjonalt

Deltaking på møte i internasjonale forum har i varierande grad vore gjord mogleg for representantar for nasjonale minoritetar. Innhaldet i møta og praktiske og økonomiske forhold vil vere styrande for dette. Ei anna side ved saka er at informasjon om møta ikkje alltid når fram til dei nasjonale minoritetane.

Det er viktig at også personar og organisasjonar som representerer minoritetane kan delta på den internasjonale arenaen, på lik linje med andre organisasjonar i Noreg. Dette har verdi med tanke på kompetanse- og nettverksbygging for dei nasjonale minoritetane. Samstundes kan slik deltaking vere med på å få fram eit meir dekkjande og heilskapleg bilete av situasjonen i Noreg og vere eit supplement til styresmaktene si eiga framstilling i internasjonale forum. Dette er ein praksis som mellom anna Finland har brukt når det gjeld rom. Noreg har i somme høve praktisert dette på møte i OSSE.

Det kan vere nyttig å sjå på deltaking frå norske samar i internasjonale forum som gjeld deira situasjon. Erfaringane har vist at denne typen deltaking er viktig både for urfolk i Noreg og ikkje minst for urfolk i andre land.

I tillegg til deltaking i internasjonale møte, har dei nasjonale minoritetane og organisasjonane deira teke initiativ til prosjekt med sikte på kompetanse- og nettverksbygging og styrking av språk, kultur og identitet.

Det er viktig at nasjonale minoritetar samarbeider med andre interesseorganisasjonar for å få størst mogleg gjennomslag. I visse samanhengar kan ei større samanslutning ha større påverknadskraft enn fleire mindre organisasjonar. Det gjeld til dømes antirasistisk arbeid og arbeid mot diskriminering. Når det gjeld førebuing av verdskonferansen mot rasisme i 2001, er Antirasistisk senter i Oslo koordinator og leiar for ei arbeidsgruppe med representantar for fleire minoritetsgrupper, også nasjonale minoritetar.

Tiltak:

  • Representantar for nasjonale minoritetar kan på lik linje med andre søkje om å få delta på møte og søkje om støtte til deltaking. Dei kan òg søkje om midlar til andre prosjekt som gjeld forhold utanfor Noreg. Søknader som dreier seg om nordisk verksemd, kan rettast til Kommunal- og regionaldepartementet, medan søknader om støtte til verksemd i resten av verda kan rettast til Utanriksdepartementet.

6.3 Skadeerstatning og rettferdsvederlag

I Innst. S. nr. 39 (1996-1997) behandla justiskomiteen i Stortinget spørsmål om erstatning og oppreisning til romanifolket (taterane/dei reisande). Fleirtalet i justiskomiteen uttalte at komiteen var oppteken av at samfunnet også skulle akseptere og respektere romanifolket i Noreg, og komiteen tok sterk avstand frå den uretten som er gjord mot denne gruppa tidlegare. Fleirtalet viste til det som var sagt i innstillinga om kva holdningar og handlingar romanifolket har vore møtt med, og sa at desse utsegnene frå Stortinget gir romanifolket som gruppe ei oppreisning. Vidare uttalte fleirtalet i komiteen at ei eventuell erstatning bør givast på individuelt grunnlag til dei som personleg har vore utsette for urett. I utgangs punktet meinte fleirtalet i komiteen at dette burde givast innanfor det allereie eksisterande systemet, til dømes ved skadeerstatning eller rettferdsvederlag frå staten.

6.3.1 Skadeerstatning

Dei som har vore utsette for overgrep frå offentlege styresmakter si side, vil på ulike grunnlag kunne ha krav på erstatning etter vanlege norske skadeerstatningsreglar. Dette er noko anna enn ordninga med rettferdsvederlag (billighetserstatning) frå staten (sjå nedanfor, pkt. 6.3.3).

For å kunne få skadeerstatning må særleg tre vilkår vere oppfylte: ein må ha lide ein skade eller eit tap, det må vere eit ansvarsgrunnlag, og det må vere ein årsakssamanheng mellom skaden og handlinga/forsømminga.

Skadeerstatningsreglane reiser ofte mange kompliserte spørsmål. Om ein meiner å ha krav på skadeerstatning, bør ein derfor ta kontakt med ein advokat for å få ei fagleg vurdering av saka. I visse høve kan ein ha rett på fri rettshjelp til å dekkje dei økonomiske kostnadene til advokat i saka. Fylkesmannen administrerer denne ordninga.

6.3.2 Forelding av krav på skadeerstatning

Etter foreldingslova blir krav om skadeerstatning forelda tre år etter den dagen den skadelidne fekk eller burde ha skaffa seg nødvendig kunnskap om skaden og den ansvarlege.

I nokre tilfelle kan det ta mange år før den skadelidne kan skaffe seg slik kunnskap, for eksempel fordi det dreier seg om seinskadar eller fordi den ansvarlege er ukjent. Sidan treårsfristen først blir rekna frå den skadelidne burde skaffa seg denne kunnskapen, kan det ta lang tid før eit krav blir forelda. For å unngå at perioden før kravet blir forelda blir altfor lang, har foreldingslova ein regel som seier at kravet om skadeerstatning i alle høve blir forelda seinast tjue år etter at den skadegjerande handlinga eller ansvarsgrunnlaget opphøyrde. Dersom den skadelidne først får kunnskap om skaden og den ansvarlege tjue år etter at den skadegjerande handlinga opphøyrde, er altså kravet forelda sjølv om den skadelidne reiser krav innan tre år etter han fekk kunnskapen.

Regelen om forelding etter tjue år gjeld ikkje ved personskade når den ansvarlege eller nokon den ansvarlege heftar for, kjente eller burde kjenne til at det skadegjerande tilhøvet kunne medføre alvorleg helseskade. Ved ulovleg tvangssterilisering vil eit erstatningskrav neppe bli forelda ut frå tjueårsregelen.

Er eit krav mot staten forelda, kan ein likevel få fremma det dersom staten avgjer at forelding ikkje skal hevdast i saka. Etter reglane om fråfall av forelding er det det fagdepartementet som representerer staten i saka, som avgjer om staten skal hevde at kravet er forelda. Fagdepartementet skal avgjere spørsmålet etter ei konkret vurdering av kva som er rimeleg i kvar enkelt sak. Viktige moment vil vere om den som innehar kravet, vil lide eit uforskyldt tap dersom innvendinga blir gjort gjeldande. Det vil òg vere eit viktig moment om det offentlege kan lastast for foreldinga. Dersom kravet om skadebot er på over 250 000 kroner eller saka er prinsipielt viktig, skal saka leggjast fram for Justisdepartementet.

I dei tilfella der den skadelidne vil lide eit uforskyldt tap om forelding blir gjort gjeldande, vil påstand om forelding etter Justisdepartementet sin praksis nesten utan unntak bli fråfallen. Departementet fører ein særleg liberal praksis i saker der barn og unge har vore utsette for overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter, jf. Innst. O. nr. 18 (1995-1996) og Innst. S. nr. 39 (1996-1997), der justiskomiteen i Stortinget understreka kor viktig det var at staten har ein konsekvent praksis om fråfall av påstand om forelding i slike saker. Komiteen meinte det ville vere klart urimeleg om skadelidne blei møtte med ein påstand om forelding i slike saker. Omsynet til at skadevaldaren skal kunne leggje forholdet bak seg og etter ei tid kunne innrette seg på at den skadegjerande handlinga ikkje vil føre til nye krav, har ikkje same vekt når det er det offentlege som er skadevaldar.

6.3.3 Stortinget si ordning med rettferdsvederlag (billighetserstatning)

Rettferdsvederlag (billighetserstatning) frå Stortinget kan søkjast av alle som utan skuld meiner å ha lide eit tap, økonomisk eller ikkje-økonomisk, som ikkje kan bli dekt gjennom andre ordningar, som trygder, sosial stønad, forsikringar eller erstatning på rettsleg grunnlag. Søknader om rettferdsvederlag blir avgjorde av Stortinget sitt Utval for rettferdsvederlag. Utvalet har kompetanse til å avslå søknaden, gi vederlag på inntil 200 000 kroner eller gi tilråding om at Stortinget løyver eit høgare beløp. Avgjerder i utvalet kan ikkje påklagast.

Ordninga med rettferdsvederlag er meint som ei handsrekking og kan kome den til gode som utan skuld har kome heilt spesielt uheldig ut samanlikna med andre i same situasjon. Rettferdsvederlag er ikkje noko ein har krav på. Vederlaget er såleis ikkje meint å vere eit supplement til meir eller mindre utilstrekkelege trygdeytingar eller sosiale stønader osv. Det finst ingen formelle reglar for løyving av rettferdsvederlag frå statskassa. Erstatningsspørsmålet blir avgjort ved ei vurdering av kva som er rimeleg i kvart tilfelle. Ved denne vurderinga blir det teke omsyn til praksis i liknande saker. Det blir lagt avgjerande vekt på om det offentlege er å klandre for det tapet som har oppstått. Ved vurderinga blir søkjarane behandla individuelt og samanlikna med andre som har vore i same situasjon og fått ei liknande sak behandla, eller som har hatt tilsvarande opplevingar som søkjaren. Det blir vurdert om situasjonen til søkjaren er påverka av den hendinga som har gjort skade, om ho eller han har lide økonomisk tap eller fått fysisk eller psykisk mein, eventuelt har lide overlast på anna vis.

Dei mest vanlege tilfella der det blir gitt rettferdsvederlag, er der personar anten har fått mangelfull skolegang, har vore utsette for feilbehandling i helsevesenet eller har vore utsette for feilvurderingar i samband med spørsmål om omsorgsovertaking av barn. I mange høve har personar som blir rekna til romanifolket(taterane/dei reisande), fått rettferdsvederlag for mangelfull skolegang. I ein del høve er det gitt rettferdsvederlag for overgrep som det offentlege har gjort seg skuldig i, som lobotomering, tvangssterilisering og tvangsmessig plassering på institusjon i strid med adekvat praksis og lovgiving. I desse sakene er det gitt rettferdsvederlag på grunnlag av dei konkrete overgrepa søkjarane er blitt utsette for. Rettferdsvederlag blir altså ikkje tilkjent berre fordi ein tilhøyrer ein nasjonal minoritet, men i tilfelle der dei generelle retningslinjene tilseier at rettferdsvederlag skal tilkjennast.

I St.prp. nr. 89 (1995-1996) om rettferdsvederlag blei det gjort framlegg om at personar med bakgrunn frå romanifolket (taterane/dei reisande) skulle få rettferdsvederlag for manglande skolegang. Det blei vist til at barn av romanifolket som ikkje hadde fått den opplæringa dei hadde krav på, ofte fekk store psykiske problem på grunn av mobbing, fordømming og avvising frå samfunnet si side. Ein meinte derfor at desse barna hadde kome særleg dårleg ut samanlikna med andre barn av norske borgarar med omsyn til skolegang og oppvekstvilkår.

I Innst. S. nr. 75 (1996-1997) om rettferdsvederlag frå statskassa uttalte fleirtalet i justiskomiteen i Stortinget at barn av romanifolket har den same retten til skolegang som andre norske barn. I kva grad det offentlege kan lastast for mangelfull skolegang, kan skilje seg frå sak til sak, men regelen synest å vere at det offentlege i stor grad har fråskrive seg ansvaret for at barn av romanifolket skulle få skolegang.

Komiteen uttalte vidare at i sakene om manglande skolegang for romanifolket kjem den generelle fordømminga av romanifolket si livsform fram på ulike vis. I somme saker fekk ikkje barna skolegang sjølv om dei budde fast i fleire år, ettersom grunnlaget for at familien fekk bu i fred i kommunen, var at dei skulle vere mest mogleg usynlege. I andre saker budde ikkje familien fast fordi dei blei jaga bort. Fleirtalet i komiteen fann på bakgrunn av dette at det var rimeleg at det generelle utgangspunktet for rettferdsvederlag blei sett til 60 000 kroner. Etter dette er det fast praksis at personar med bakgrunn frå romanifolket som har fått mangelfull skolegang, blir tilkjent 60 000 kroner i rettferdsvederlag. Dersom dei i tillegg får tilkjent rettferdsvederlag på andre grunnlag, blir det totale rettferdsvederlaget fastsett etter ei skjønnsvurdering ut frå vanleg praksis i saker som kjem inn under ordninga om rettferdsvederlag.

Søknader om rettferdsvederlag bør først og fremst innehalde ei kortfatta skildring av dei forholda som ligg til grunn for søknaden. Forvaltninga gjennomfører ei grundig undersøking i rettferdsvederlagssaker, og derfor er krava til form og innhald i søknaden ikkje store. Søknaden skal sendast til Justisdepartementet, som er sekretariat for Stortinget sitt Utval for rettferdsvederlag.

6.3.4 Jødebuoppgjeret

St.prp. nr. 82 (1997-1998) omhandlar eit historisk og moralsk oppgjer med den behandlinga den jødiske minoriteten fekk under den andre verdskrigen i Noreg. Oppgjeret femner vidare enn eit reint økonomisk oppgjer på grunnlag av inndregen jødisk eigedom. Det er først og fremst basert på ei brei moralsk tilnærming, og er gitt ei form og eit innhald som tek omsyn til den spesielle karakteren denne saka har.

Justiskomiteen i Stortinget gav 4. mars 1999 si innstilling til Stortinget i Innst. S. nr. 108 (1998-1999). Stortinget behandla innstillinga 11. mars 1999 og vedtok forslaget.

Det kollektive oppgjeret skal understreke at det blir teke eit oppgjer i forhold til behandlinga av heile det jødiske samfunnet i Noreg, særleg fordi den økonomiske og fysiske likvidasjonen var tiltak retta mot jødane i Noreg som gruppe. I tillegg kjem det faktum at mange jødar som blei drepne, ikkje hadde levande arvingar. Det var på bakgrunn av dette naturleg med eit økonomisk oppgjer i form av ei løyving til fellesjødiske formål både nasjonalt og internasjonalt. Samstundes blei det gitt tilbod om eit skjønnsvederlag på 200 000 kroner til dei enkeltpersonane som blei ramma av forfølginga i Noreg under den andre verdskrigen.

Det individuelle oppgjeret blei kunngjort i slutten av april 1999 i norsk og internasjonal presse. Søknadsfristen blei sett til 1. november 1999. Det blei i 1999 utbetalt om lag 126,5 millionar kroner. Per august 2000 var det registrert nesten 1000 søknader om skjønsvederlag. Til samen er det no utbetalt omlag 131,4 millionar kroner i skjønsvederlag. Det individuelle oppgjeret er venta sluttført i løpet av 2000.

Når det gjeld det kollektive oppgjeret, blei det utbetalt 150 millionar kroner til dei mosaiske trussamfunna i Noreg i mai 1999. Pengane skal gå til sikring av jødisk kultur og framtid i Noreg.

Vidare er det gitt ei løyving på 40 millionar kroner til oppretting av eit senter for studiar av holocaust og livssynsminoritetane si stilling i Noreg. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet administrerer dette (jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2000-2001)).

Det er òg løyvt 60 millionar kroner til støtte utanfor Noreg sine grenser til å minnast og utvikle den jødiske tradisjonen og kulturen nazistane prøvde å utrydde. Pengane er overførte til eit internasjonalt fond som skal administrere midlane.

6.3.5 Eit moralsk og historisk oppgjer i forhold til romanifolket

Etter Regjeringa si oppfatning må det takast eit oppgjer med overgrepa mot romanifolket, i forlenginga av den orsakinga daverande kommunalminister Ragnhild Queseth Haarstad gav romanifolket på vegner av norske styresmakter i februar 1998. Regjeringa ber om orsaking for dei grove overgrepa romanifolket har vore utsett for av eller med aktiv støtte frå legale norske styresmakter.

Overgrepa mot romanifolket var særs grove og ramma ei etnisk gruppe hardt. Tiltak for å styrkje kulturen til romanifolket kan sjåast som ei form for kompensasjon for kontroll- og fornorskingspolitikken, særleg for dei verknadene denne politikken har hatt for å svekkje kulturen. Regjeringa vil derfor gjere framlegg om at det blir etablert eit senter for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket. Senteret vil bli plassert på Glomdalsmuseet på Elverum med sikte på byggjestart i 2002 (jf. pkt. 6.6).

6.4 Utdanning og skole

6.4.1 Bakgrunn

Tiltak for kulturelle/språklege minoritetar i den norske skolen har tradisjonelt vore grunngitt ut frå behovet for å hjelpe dei til å kunne tileigne seg dei kunnskapar skolen formidlar.

Lov om grunnskolen av 1969 fastsette at skolestyra skulle setje i verk hjelpetiltak for alle elevar som trong det. Med heimel i denne avgjerda set Mønsterplan for grunnskolen av 1974 målet for utviklinga av faget norsk som framandspråk til også å dekkje det behovet elevar med finsktalande bakgrunn måtte ha.

Det var først i Mønsterplan for grunnskolen av 1987 at «sigøynarane» blei nemnde som ein «tradisjonell minoritet» og at kvenene fekk spesiell omtale. Det heiter mellom anna at «det må vere ei oppgåve for skolen å ta vare på det særprega i dei kulturelle tradisjonane som lever i den kvenske og finske befolkninga». Planen kom òg med denne klare tilrådinga: «Elevane bør få tilbod om finsk som valfag. Kvensk bør trekkjast inn i undervisninga i den grad det er naturleg».

På eit generelt grunnlag blei det peika på at morsmålet er viktig, og på at skolen bør gjere sitt for at elevar frå språklege minoritetar skal kunne bli funksjonelt tospråklege. Denne mønsterplanen hadde også ein generell plan for morsmålsopplæring og ein plan for norsk som andrespråk for språklege minoritetar.

6.4.2 Rettsgrunnlaget

6.4.2.1 Internasjonale føresegner

Internasjonale konvensjonar, rekommandasjonar og erklæringar set minimumsnormer i verdssamfunnet for dei rettane minoritetar har krav på. Det visast her særskilt til dei to konvensjonane frå Europarådet som blei drøfta i pkt. 3.5. Den eine er Den europeiske pakta for regions- eller minoritetsspråk (Minoritetsspråkpakta), som er aktuell når det gjeld kvensk/finsk. Her heiter det mellom anna at statane skal ha som målsetjing å «gi tilbod om høvelege former og middel for undervisning og studium av regions- eller minoritetsspråk på alle aktuelle nivå» (art. 7, pkt. 1f). Den andre er Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar, der artiklane 12, 13 og 14 handlar om opplæring og forsking.

Dei nemnde artiklane i dei to konvensjonane viser til saman viktige sider av Noregs internasjonale plikter overfor dei nasjonale minoritetane når det gjeld opplæring og forsking.

6.4.2.2 Norske standpunkt

Generelle standpunkt

I St.meld. nr. 25 (1998-1999) Morsmålsopplæring i grunnskolen uttaler Regjeringa at «<...>opplæringen skal tilpasses det enkelte barns forutsetninger <...>og språklige bakgrunn» med det primære målet å gi enkeltelevane tilfredsstillande føresetnader for utvikling og utdanning i Noreg. «Elevene får tospråklig opplæring inntil de har tilstrekkelige kunnskaper i norsk til å følge den vanlige opplæringen i skolen. <...>Der det er praktisk mulig, bør morsmålet gis som tilvalgsfag på ungdomstrinnet.»

I samsvar med dette, og med heimel i § 2-8 i opplæringslova, har Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet gitt føresegner (§ 24-1) som gir kommunane plikt til å gi elevar frå språklege minoritetar nødvendig morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Føresegner særskilt om finsk/kvensk opplæring

I forskrift av 16. juni 1997 nr. 791 Om læreplanverkene for grunnskolen fekk finsk status som andrespråk i område i Finnmark og Troms med kvensk/finsk befolkning. Føresegna seier at når minst tre elevar ved ein skole i dette området krev opplæring i finsk som andrespråk, har elevane rett til å få slik opplæring. Frå 1. august 1999 tok den nye opplæringslova til å gjelde, og med dette blei retten til opplæring i finsk som andrespråk lovfesta (§ 2-7). Fagplanen for finsk som andrespråk er ein del av det ordinære Læreplanverket for den tiårige grunnskolen (L97). For vidaregåande skole er det utarbeidd fagplanar for finsk som andrespråk, som B-språk og som C-språk.

Elevar som vel finsk som andrespråk i grunnskolen, har rett til å bli fritekne for opplæring og vurdering i norsk sidemål. Elevar som har brukt denne retten i grunnskolen, har i vidaregåande skole rett til å bli fritekne for vurdering i norsk sidemål og i staden få opplysninga «deltatt/delteke» på dokumentasjonen (jf. forskrift til opplæringslova, kap. 8).

Søkjarar til høgare utdanning som har fått fritak for vurdering i norsk sidemål i vidaregåande opplæring, fyller opptakskrava i norsk. Elevane kan òg bli fritekne for kravet om eksamen i ei av dei to norske målformene dersom dei vel samisk eller finsk i den valfrie delen av allmennlærarutdanninga.

Tiltak:

  • Regjeringa ser det som viktig for framtidig rekruttering til finskopplæringa at elevar som har hatt finsk som andrespråk i grunnskolen, skal kunne halde fram med faget i vidaregåande opplæring utan å vere avhengige av opptak ved bestemte skolar. Nettbasert opplæring vil i nær framtid kunne medføre at opplæring i finsk på vidaregåande nivå kan givast utan endringar i føresegnene om retten til opplæring.

6.4.3 Organiseringa av opplæringa og opplæringstilboda

Det meste av opplæringstilbodet for dei nasjonale minoritetane blir gitt etter dei vanlege behovskriteria i grunnskoleopplæringa og i vaksenopplæringa i elevane sine heimkommunar; like eins i fylkeskommunane når det gjeld den vidaregåande opplæringa. Primærkommunen og fylkeskommunen har ansvaret for å leggje forholda til rette for tilpassa opplæring på grunnskolenivå og vidaregåande nivå.

6.4.3.1 Opplæringstilbodet for rom og romani

Ein grunnskole i Oslo har delteke i eit Comenius-prosjekt, der formålet var å få til eit godt samarbeid med foreldra til barn med rom-bakgrunn og utvikle modellar for opplæring som kunne gjere skolegangen meir attraktiv for desse barna. Prosjektet blei finansiert av EU sitt Socrates-program, staten og Oslo kommune.

Både romanifolket (taterane/dei reisande) og rom (sigøynarane) er folkegrupper som har reising som ein del av livsforma. Opplæringa i skolen er ikkje alltid tilpassa denne livsforma. Regjeringa legg like fullt til grunn at retten og plikta til opplæring gjeld på lik linje for alle barn. Det kan derfor vere behov for å utvikle undervisningsformer som kan praktiserast jamvel om elevane reiser delar av året.

Tiltak:

  • Regjeringa vil vurdere om IKT i kombinasjon med skolestøtta kontaktnett i dei aktuelle områda, kan tilpassast opplæringsbehovet hos rom (sigøynarane) og romanifolket (taterane/dei reisande), som er på reise delar av skoleåret.

6.4.3.2 Opplæringstilbodet i finsk

I august 1997, i samband med innføringa av Reform 97, oppretta departementet ei referansegruppe for finskopplæringa. Det blei òg oppretta ei stilling ved Statens utdanningskontor i Troms, etter vedtak i Stortinget. Referansegruppa for Reform 97 blei følgd opp av ei ny referansegruppe hausten 2000.

Skoleåret 1998-1999 tok 707 grunnskoleelevar i 11 av dei 19 kommunane i Finnmark finsk som andrespråk. Hausten 1999 var talet 720 elevar, fordelte på 14 kommunar. For Troms fylke var elevtalet 204 skoleåret 1998-1999, fordelt på 11 av dei 25 kommunane i fylket. Hausten 1999 var det 219 elevar fordelte på 10 kommunar.

Læremiddel

Ved Statens utdanningskontor i Troms blir det no utvikla læremiddel for nettundervisning i finsk. Dette arbeidet blir finansiert av det tidlegare Nasjonalt læremiddelsenter, som no er ein del av Læringssenteret. No ligg det føre tre nettbaserte verk i finsk som andrespråk for barnetrinnet. Verka består av i alt 330 nettsider med illustrasjonar, munnlege historier, rim, regler og nye tekster. I tillegg finn ein lenkjer til andre kjelder. Tekstar, bilete, lyd og animasjon dannar ein interaktiv heilskap, som enkelt kan endrast etter lokale forhold. No vil dei nye læremidla bli utprøvde i praksis.

Dette arbeidet har gitt, og vil framleis gi, verdfulle erfaringar og blir eit viktig grunnlag for vidare satsing på nettbaserte læremiddel. Etter å ha innhenta røynslene frå den praktiske utprøvinga over eit år, blir neste trinn å utarbeide tilsvarande læremiddel for ungdomstrinnet. Ein reknar med at dette arbeidet vil ta tre år. Førebels tek ein sikte på å begynne arbeidet med nettbaserte læremiddel for vidaregåande opplæring i 2002.

6.4.3.3 Tilskotsordningar

For grunnskolen er det ei generell tilskotsordning for språklege minoritetar. Denne ordninga gjeld også for dei nasjonale minoritetane, etter dei behov dei måtte ha for særskild opplæring i norsk eller morsmål, slik det er gjort greie for i pkt. 6.4.2.2.

Det er ei eiga tilskotsordning for opplæring i finsk i grunnskolen. Målet for denne ordninga er å leggje til rette for at kommunar i Troms og Finnmark kan gi elevar med kvensk/finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk, og å hjelpe til med å styrkje lærarane sin kompetanse i finsk.

På vidaregåande nivå er det ei tilskotsordning for språklege minoritetar. Formålet med ordninga er å stimulere skoleeigarane til å gi ekstra språkopplæring til språklege minoritetar. For kvener og samar blir tilskotet nytta til opplæring i finsk og samisk. Dei to gruppene har prioritet ved tildelinga.

6.4.3.4 Fagbrev og ansvarsrett på grunnlag av praksis i faget

Både Romanifolkets landsforening og Stiftelsen Roma har teke opp med styresmaktene at det lovfesta vilkåret om fagbrev for å kunne utøve visse yrke inneber eit problem for mange frå romanifolket. Denne gruppa har sterke tradisjonar innanfor ulike område av byggebransjen (for eksempel taktekking, snekring, murararbeid o.a.). Det var gjerne slike tenester romanifolket gjorde da dei reiste frå stad til stad. Framleis er det mange, både fastbuande og reisande, som har dette som livsgrunnlag. Faget har tradisjonelt blitt vidareført ved opplæring frå far til son, og ikkje ved formell yrkesfagleg utdanning, slik at ein manglar eksamenar og fagbrev. Plan- og bygningslova set i dag restriksjonar for retten til å utøve slike yrke utan fagbrev. Det fører til at personar utan fagbrev kan ha vanskar med å få seg jobb, trass i lang arbeidserfaring.

Reglane om ansvarsrett i plan- og bygningslova stiller bestemte krav til kompetanse til fagleg leiing i verksemder som skal utføre søknadspliktige arbeid etter § 93 i lova. Verksemder som søkjer ansvarsrett må som utgangspunkt ha fagleg leiing med utdanning tilsvarande fag- eller sveinebrev som minstekrav. Dei same krava blir stilte til fagleg leiing i ei verksemd som søkjer sentral godkjenning. Sentral godkjenning er ei frivillig ordning og eit hjelpemiddel for kommunane ved behandling av søknader om ansvarsrett. Det inneber altså at personar utan fagbrev som utgangspunkt ikkje kan opptre som fagleg leiar i ei verksemd, men dei kan utøve handverksfaget sitt som tilsett i ei verksemd med tilstrekkeleg fagleg leiing. Personar utan fagbrev kan òg ta på seg oppgåver som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova.

Fagprøve eller sveineprøve er etter plan- og bygningslova minstekravet til utdanning for å oppnå sentral godkjenning. For tiltak av større vanskegrad eller med større konsekvensar ved feil og manglar, blir det stilt høgare utdanningskrav. Utdanningskrava kan likevel reduserast ved særleg kvalifiserande praksis eller ved praksis som har vart lengre enn det som elles blir kravd (3-8 år avhengig av kva slag arbeid og kor mykje ansvar ein har hatt). Berre unntaksvis kan kravet til utdanning falle heilt bort. Hovudregelen er at ein må ha teke fagprøva eller sveineprøva. Ansvaret for sentral godkjenning er lagt til Statens bygningstekniske etat.

Lov av 17. juli 1998 nr. 61 Om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-5 gir rett til å ta fag- og sveineprøve utan læreforhold og skole.

Tre vilkår må oppfyllast for å få fagbrev etter § 3-5:

  1. Personen som skal ta fagbrev må ha allsidig praksis i faget.

  2. Praksisen må ha vart lengre enn den læretida som er fastsett. I dei fleste tilfella vil det seie at kandidaten må ha minst fem års praksis i yrket. Fylkeskommunane ved yrkesopplæringsnemnda avgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast, og kan i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis.

  3. Kandidaten må ha ein viss teoretisk bakgrunn. Før ein kan gå opp til den praktiske fag- og sveineprøva, må ein ha teke ei tverrfagleg prøve i studieretningsfaga.

Frå 1. august 2000 har vaksne (født før 1. januar 1978) som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, fått rett til vidaregåande opplæring som blant anna vil gjere det mogleg å ta slik tverrfaglig prøve. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle denne retten.

Opplæringa er gratis, men fylkeskommunen kan påleggje vaksne å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk. Opplæringa skal vidare tilpassast behovet til kvar enkelt og byggje på den einskildes realkompetanse. Det vil seie at personar med lang praktisk erfaring, men manglande teoretisk bakgrunn, kan få den nødvendige undervisninga for å ta den teoretiske delen av prøva. Samtidig kan dei bli fritekne for den praktiske delen av undervisninga. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fleksible tider for undervisinga eller ved fjernundervisning, slik at det er mogleg å følgje undervisninga ved sida av full jobb.

Personar som ønskjer å ta fagbrev på grunnlag av praksis i faget, kan vende seg til opplæringskontoret eller yrkesopplæringsnemnda i fylkeskommunen der dei høyrer heime. Der vil dei kunne få meir informasjon om ordninga.

6.4.4 Innhaldet i opplæringa om dei nasjonale minoritetane

Skolen er ein sentral samfunnsarena der dei nasjonale minoritetane bør vere synlege. Han kan vere ein kanal der storsamfunnet formidlar kunnskap om dei nasjonale minoritetane til barn og unge, og etter kvart til resten av majoritetsbefolkninga. Det er derfor viktig at skolen gir eit sannferdig og fordomsfritt bilete av dei nasjonale minoritetane i dagens samfunn og deira situasjon i Noreg i fortida.

Sjølv om dei nasjonale minoritetane ikkje er særskilt omtalte i L97, vil dette vere naturleg lærestoff i ulike emne, til dømes i samband med emne som rasisme og diskriminering. For elevar med minoritetsbakgrunn er det òg viktig at det blir gitt ei framstilling av dei nasjonale minoritetane som kan styrkje sjølvbiletet til desse elevane. Haldningsskapande arbeid for å hindre mobbing og trakassering på bakgrunn av minoritetstilknyting skal ha plass i undervisninga.

Tiltak:

  • Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil også i framtida styrkje den haldningsskapande rolla opplæringa har.

6.4.5 Høgre utdanning

6.4.5.1 Studietilbodet

Finsk institutt ved Universitetet i Tromsø har studium i finsk språk og kultur opp til doktorgrad. Frå og med hovudfag kan studentane også konsentrere seg om kvensk språk og kultur. Universitetet har sidan 1998 gitt tilbod om semesteremne i kvensk, der det ikkje har vore sett krav om generell studiekompetanse, og der kvener har hatt prioritet ved opptaket. Også Universitetet i Oslo har fullt studium i finsk.

Høgskolen i Finnmark har tilbod om semesteremne og grunnfag i finsk. Mellomfagstillegg blir gitt annakvart år. Det er også lagt til rette for fagdidaktikk i finsk for dei som tek lærarutdanning.

Spørsmål som gjeld kunnskapsutvikling og forsking blir behandla i pkt. 6.11.

6.4.5.2 Kvalifisering av lærarar

Det er mangel på lærarar som kan undervise i finsk. Det er eit mål at dei lærarane som elles er tilsette på skolen, også skal få kompetanse til å undervise i finsk. Tilsetjing av lærarar frå Finland blir ikkje sett på som noka god, varig løysing.

Tiltak:

  • Statens utdanningskontor i Finnmark og Troms, som samarbeider om å betre skoletilbodet i finsk, vil foreslå tiltak for å betre lærarsituasjonen når det gjeld undervisning i finsk. Dei har etablert kontakt om dette med dei norske universitets- og høgskolemiljøa, og dessutan med universitetet i Oulo.

6.4.5.3 Mjøs-utvalet

I NOU 2000: 14 Frihet med ansvar: Om høgre utdanning og forskning i Norge blir forhold som gjeld kvensk forsking og høgre utdanning, omtalte.

Utgreiinga var til høring hausten 2000. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil følgje opp utgreiinga i løpet av 2001.

Regjeringa legg til grunn at kvensk kultur og kvensk/finsk språk er ein levande del av det norske samfunnslivet. Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark har ei viktig rolle i å ta vare på og vidareføre kvensk kultur og kvensk/finsk språk.

6.5 Barn og unge

6.5.1 Mål for politikken overfor barn og unge

Oppvekstmiljøet til barn og ungdom er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. Eit overordna mål er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og like høve til utvikling, uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn, sosial bakgrunn eller kvar i landet dei bur. Likeverd, solidaritet og medverknad er viktige verdiar i barne- og ungdomspolitikken.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å styrkje og vidareutvikle lokale oppvekstmiljø, og for å stimulere til større deltaking og medverknad av barn og unge. Desse tiltaka skal gjelde alle barn og unge, også barn og unge frå nasjonale minoritetar. Eit hinder i arbeidet med å nå desse barna og ungdommane kan vere mangel på kunnskap om kulturen og levemåten til dei nasjonale minoritetane. Den nordiske kunnskapsstatusen som skal utarbeidast om dei nasjonale minoritetane (jf. pkt. 6.11.4), må derfor bli ein del av grunnlaget for arbeidet overfor desse gruppene.

6.5.2 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Frivillige organisasjonar er viktige talerør og møtestader for barn og unge. Dei nasjonale minoritetane har dei siste åra skipa fleire eigne organisasjonar. Dersom desse organisasjonane har eit barne- og ungdomsarbeid, eller dei dannar eigne barne- og ungdomsorganisasjonar, kan det søkjast om støtte til dette arbeidet.

Barne- og familiedepartementet har ei tilskotsordning til barne- og ungdomsorganisasjonar som blir forvalta av Fordelingsutvalet. Det blir gitt driftstilskot og støtte til nasjonale og internasjonale prosjekt i regi av landsdekkjande, medlemsbaserte, frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Støtteordninga gjeld først og fremst store organisasjonar. Små organisasjonar som ikkje oppfyller krava til medlemstal, tal på lokallag og geografisk utbreiing, kan òg få støtte på særskilt grunnlag. Slike særlege grunnar er først og fremst rekrutteringsgrunnlaget. Barne- og familiedepartementet har i 2000 vedteke mindre strenge krav for mindre organisasjonar i tilskotsordninga, som til dømes minoritetsorganisasjonar. Slike mindre organisasjonar må ha minimum fem lokallag i minst fem fylke, men det kan givast dispensasjon frå desse to krava. Det klare minimumskravet for små organisasjonar er at dei skal ha 100 teljande medlemmer under 26 år og ei verksemd som byggjer på lokallag. Andre frivillige organisasjonar, som ikkje fyller desse krava, kan etter forskrifta få prosjektstøtte. Det er òg vedteke reglar som gjer det enklare for nye organisasjonar å kome inn under tilskotsordninga.

Barne- og ungdomsorganisasjonar for nasjonale minoritetar vil dessutan kunne søkje om tilskot til det lokale arbeidet dei driv, frå den nye tilskotsordninga FRIFOND, som blir forvalta av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). FRIFOND gir tilskot til lokale aktivitetar for og med barn og unge, drivne av organisasjonar både med og utan nasjonale ledd.

6.5.3 Om lov om barneverntenester og barnevernet si rolle

Lov om barneverntenester gjeld for alle barn som oppheld seg i Noreg. Barneverntenesta har eit særleg ansvar for å avdekkje omsorgssvikt, åtferdsproblem, sosiale problem og emosjonelle problem så tidleg at ein kan unngå varige skadeverknader, og setje inn tiltak i forhold til dette.

Lova fastslår at barneverntenesta skal vurdere og finne tiltak som er til beste for barnet. Ho slår vidare fast at barnevernarbeidet skal ta utgangspunkt i det enkelte barnet, familien og det miljøet barnet høyrer heime i. Det skal takast rimeleg omsyn til den etniske, religiøse, kulturelle og språklege tilhøyrsla. Barnet skal ha rett til å nyte godt av sin eigen kultur, til å vedkjenne seg og utøve sin eigen religion og til å bruke sitt eige språk. Dette inneber at dersom eit barn som tilhøyrer ein minoritet, må plasserast i fosterheim, skal barneverntenesta vurdere om det vil vere til det beste for barnet å bli plassert i ein fosterheim der fosterforeldra tilhøyrer den same minoriteten som barnet. I praksis kan dette vere vanskeleg å gjennomføre, ettersom talet på moglege fosterheimar barnet kan plasserast i, da blir svært innskrenka. Det skal takast omsyn til at det å bli fjerna frå familien sin inneber eit større traume for eit barn dersom det samstundes mister kontakten med sin eigen kultur.

Det finst få studiar og lite systematisert kunnskap om dei nasjonale minoritetane og dei erfaringane dei har med barnevernet i dag. Barne- og familiedepartementet har få indikasjonar på at desse barna og familiane deira opplever spesielle problem i møtet med barneverntenesta. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at barn og familiar som tilhøyrer nasjonale minoritetar, opplever spesielle problem i møtet med barneverntenesta også i dag. Tiltak som skal betre kunnskapen på dette området, er omtalte under pkt. 6.11.4.

6.5.4 Barnehagar

Barnehagen er eit frivillig pedagogisk tilsyn for barn i førskolealder og omfattar omsorg, leik og læring. Barnehagen skal sikre barna gode tilhøve for utvikling, i nær forståing og samarbeid med heimen. Dette er nedfelt i lov av 5. mai 1995 nr. 19 om barnehager og i Rammeplan for barnehagen. Barnehagen skal også kvalifisere barna til å møte eit samfunn som er i rask endring, og som stadig stiller nye krav til dei som veks opp.

Barnehagen skal vere eit tilgjengeleg tilbod for alle barn, uavhengig av livssituasjonen, funksjonsnivået og den kulturelle og økonomiske bakgrunnen til familien. Som ein del av velferdstilbodet i kommunane skal familiane få tilbod om barnehageplass tilpassa barnet og familien sitt behov. For å sikre eit godt barnehagetilbod til alle barn, er det nødvendig å gjere ein særleg innsats for barn som av særlege grunnar treng hjelp og støtte i barnehagen.

For barn med minoritetsspråkleg bakgrunn blir det gitt eit eige tilskot til tospråkleg assistanse over budsjettet til Barne- og familiedepartementet. Intensjonen er å leggje forholda til rette slik at kommunale og private barnehageeigarar kan gi barn frå språklege og kulturelle minoritetar eit godt og utviklande barnehagetilbod. Barn som tilhøyrer nasjonale minoritetar, blir omfatta av tilskotsordninga, noko som er presisert spesielt i rundskrivet for 2000 (Q-2/2001).

Barnehagelova har ingen reglar om kven som kan eige og drive barnehagar. Foreldregrupper, trussamfunn osv. kan etablere barnehagar under føresetnad av at lokale og uteområde tilfredsstiller gjeldande krav til godkjenning. Kommunen skal føre tilsyn med barnehagane. Det er sidan fleire år tilbake etablert ein jødisk barnehage. Barnehagen er ått og driven av Det mosaiske trussamfunnet i Oslo og har vedtekter som seier at verksemda skal drivast i samsvar med det mosaiske verdigrunnlaget.

Det er ikkje etablert nokon kvensk barnehage i Noreg, men dette er fremma som eit krav frå gruppa.

Tiltak:

  • Særlege tiltak, der ein tek sikte på å fremme utvikling av kvensk kultur, språk og identitet i barnehagar, vil kunne få stønad frå Barne- og familiedepartementet sine midlar over kapittel 856 post 21 i statsbudsjettet. Til vanleg kan ikkje dette kombinerast med at barnehagen får midlar frå tilskotsordninga for barn med bakgrunn i minoritetsspråk.

6.6 Ivaretaking av språk, kultur og identitet

6.6.1 Kulturvern

Det er i dag vanleg å vurdere den funksjonen kulturarven og historia har som byggjesteinar i det vi kallar «kulturell identitet», som noko positivt. Det er tale om ei positiv sjølvkjensle innanfor ei gruppe, eit lokalsamfunn eller ein nasjon. I dette ligg det ein respekt for tidlegare generasjonar. For at denne sjølvkjensla skal fungere positivt i samtida, er det likevel ein føresetnad at ho byggjer på ei nøktern og realistisk oppfatning av eiga historie.

I eit overordna perspektiv blir arkiv, bibliotek og museum i fleire samanhengar omtalte som kulturarvinstitusjonar. Med kulturarv meiner vi dei delane av fortida, i form av både materielle og immaterielle kulturuttrykk, som eit samfunn vel ut for å ta med seg inn i framtida. Å identifisere noko som kulturarv inneber eit medvite og aktivt forhold til historia. Slik sett kan vi òg seie at arkiv, bibliotek og museum kvar på sitt vis står fram som institusjonaliserte historieforteljarar.

Institusjonane si rolle som historieforteljarar inneber òg eit ansvar for å avspegle eit historisk og kulturelt mangfald. Det er viktig at kulturen til både kvinner og menn frå dei nasjonale minoritetane blir teken vare på for framtida. Det er avgjerande at dei aktuelle institusjonane har eller kan skaffe materiale og tenester som er relevante for dei enkelte brukarane, mellom anna dei nasjonale minoritetane.

For dei kulturhistoriske musea inneber erkjenninga av at Noreg er kulturelt mangfaldig, eit utvida og meir komplekst verkefelt. Det føreset òg eit nært samverke med andre kulturtiltak. Det er på det reine at dei fleste institusjonane og det materialet dei forvaltar, representerer ulike sider ved det norske majoritetssamfunnet. Det kulturelle mangfaldet er i dag heller dårleg synleggjort, ikkje minst når det gjeld dei nasjonale minoritetane.

Det bør i framtida vere eit hovudprinsipp at kulturelt mangfald også skal vere synleg i arkiv-, bibliotek- og museumssamanheng. I visse høve kan det vere aktuelt med eigne institusjonar for ei folkegruppe. Samstundes er det viktig å setje i verk tiltak og finne løysingar som gir uttrykk for samkvem, kulturmøte og samspel mellom ulike grupper. Det er ein kvalitet når arkiv, bibliotek og museum speglar slikt samkvem i regionar der dette er eit viktig kjennemerke. Det kan såleis ofte vere betre å knyte ansvar og tiltak til eksisterande institusjonar framfor å skipe nye. Men det er da avgjerande at den aktuelle minoriteten er premissleverandør, og at tiltaket er ein del av gruppa sin innsats for å halde oppe og styrkje sin eigen kultur.

Eit konkret døme på organisatoriske løysingar etter dette prinsippet er prosjektet for dokumentasjon av romanifolket sin kultur ved Glomdalsmuseet, der Romanifolkets landsforening, Norsk museumsutvikling og museet sjølv har samarbeidd tett i fleire år.

Alt i alt er det likevel behov for ekstra satsing for å gi mangfaldet i kulturbakgrunn i det moderne norske samfunnet ein tydelegare plass på kulturfeltet. Med utgangspunkt i eksisterande institusjonar lyt ein ta sikte på å markere denne dimensjonen sterkare i norsk kulturarv. Desse målsetjingane for arkiv, bibliotek og museum er nedfelte i St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving - Om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid og om bygningsmessige rammevilkår på kulturområdet.

6.6.2 Kulturbygg

6.6.2.1 Investeringstilskot til kulturbygg og andre tiltak - eksisterande tiltak

Gjennom somme museum og prosjekt har det alt i ein del år vore arbeidd med å dokumentere og formidle kulturen til nokre av dei nasjonale minoritetane. Vadsø museum - Ruija kvenmuseum har lenge hatt kvenkultur som sitt ansvarsfelt. No kjem i tillegg Kvæntun-prosjektet i bygda Børselv i Porsanger, som vil utfylle dette (sjå nedanfor, pkt. 6.6.2.2). Over Kulturdepartementet sitt budsjett blir det ytt statleg driftstilskot til Kvæntunet, og i 2000 utgjer dette 758 000 kroner.

Eit tidlegare heilt forsømt område er romanifolket og deira kulturhistorie i Noreg. Prosjektet ved Glomdalsmuseet på Elverum (sjå nedanfor, pkt. 6.6.2.2), som tek sikte på å byggje opp eit permanent dokumentasjons- og formidlingssenter for denne minoritetskulturen, er såleis eit banebrytande og viktig tiltak. Satsinga på kulturen til romanifolket er frå Kulturdepartementet si side sterkt bunden opp mot prosjektet ved Glomdalsmuseet, og Norsk museumsutvikling har gjennom fleire år ytt prosjektstøtte til dette tiltaket.

I tillegg til Kvæntunet og Glomdalsmuseet har Gruetunet museum på Finnskogen fått 265 000 kroner og Vadsø museum - Ruija kvenmuseum 516 000 kroner over Kulturdepartementet sitt budsjett i 2000. Vidare har Levanger museum fått 120 000 kroner i statleg støtte til kjøp av eit verneverdig hus som tilhøyrde ein familie av romanifolket. Den jødiske minoriteten fekk 150 millionar kroner i 1999 til sikring av jødisk kultur og framtid i Noreg, som eit kollektivt oppgjer for den behandlinga minoriteten blei utsett for under den andre verdskrigen (sjå pkt. 6.3.4 ovanfor). Beløpet blei utbetalt til dei mosaiske trussamfunna i Noreg, som avgjer korleis pengane skal brukast. Det første jødiske museet i Noreg blei opna i Trondheim i 1997. Museet har ei utstilling som tek for seg jødiske tradisjonar og kvardagsliv.

Under Kulturdepartementet sitt budsjett blir det løyvt midlar til tilskotsordningar for lokale, regionale og nasjonale kulturbygg. Innanfor rammene av desse ordningane kan ein søkje om stønad til oppføring av nybygg og ombygging av eksisterande bygningar for kulturtiltak for minoritetar. Ingen av dei allereie vedtekne nasjonale kulturbyggprosjekta har som særskilt mål å ta vare på og utvikle minoritetskulturar.

Lokale og regionale kulturbygg er ei fellesnemning for samfunnshus, grendehus, bydelshus, kulturhus og liknande. Kulturhusa skal gi rom for kulturell verksemd av ymse slag, som møte- og forsamlingsverksemd, eigenaktivitet og formidling av kunst og kultur. Lokala må vere planlagde ut frå kva slags behov dei ulike gruppene i lokalmiljøet har, og vere eigna for ulike kulturaktivitetar. I område av landet der til dømes samane utgjer ein stor del av befolkninga, vil dei lokale kulturbygga i særleg grad leggje til rette for og bli nytta til samiske kulturaktivitetar. Slike vurderingar kan òg leggjast til grunn i område der dei nasjonale minoritetane er sterkt representerte.

Norsk kulturråd har støtta Taterprosjektet ved Glomdalsmuseet (forprosjektet) og forprosjekt til kvenkultursenter i Nordreisa.

6.6.2.2 Investeringstilskot til kulturbygg - nye tiltak

I St.meld. nr. 22 (1999-2000) er det gjort greie for behov, planar, prosjekt og prioriteringar i samband med statlege og nasjonale kulturbygg. To av planane gjeld kulturtiltak for nasjonale minoritetar: ei ny avdeling for dokumentasjon og formidling av taterkulturen ved Glomdalsmuseet og eit nytt senter for kvensk språk og kultur i Børselv, Porsanger.

Glomdalsmuseet på Elverum har arbeidd med planar om å skipe eit kulturhistorisk dokumentasjons- og formidlingssenter for taterkulturen i Noreg som ei ny avdeling ved museet. Siktemålet er å dokumentere og formidle historia og kulturen til eit folk som har budd i Noreg i fleire hundre år, men som i liten grad har vore påakta i positiv meining. Den planlagde utstillinga skal fokusere på historia til romanifolket og deira eigen kultur, medan ein mindre del av utstillinga vil dreie seg om storsamfunnet sine holdningar til og tiltak overfor denne minoriteten. Museet vil få fram kva ein minoritet er, og medverke til auka medvit om overgrep og undertrykking og auka toleranse og forståing for det som er annleis.

Tiltak:

  • Regjeringa vil gjere framlegg om at det blir løyvd midlar til investeringar og drift med sikte på byggjestart i 2002 (jf. pkt. 6.3.5).

Planane for Kvæntunet i bygda Børselv er initierte av Porsanger kommune. Kvæntunet skal bli eit senter for kvensk språk og kultur. St.meld. nr. 22 (1999-2000) viser til at Kvæntunet er viktig fordi det er knytt til eit lokalsamfunn der kvensk språk og kultur framleis er levande. Verksemda ved Kvæntunet gjeld dokumentasjon, bevaring og utvikling av kvensk språk, med hovudvekt på lingvistikk. Institusjonen skal elles arbeide med kulturarrangement og kultursamarbeid. Kvæntunet skal ikkje arbeide med museale oppgåver, og det er gjort ein avtale med Vadsø museum - Ruija kvenmuseum om deling av ansvaret for kvenkulturen i Finnmark. Prosjektet er todelt. Dels er det tale om å føre opp to tun med bygningar som skal vise kvensk tunskipnad og levemåte i eldre tid. Den første av bygningane er alt oppført. I tillegg er det planar om å føre opp eit kulturbygg på 350 m2 som skal vere det faglege, administrative og aktivitetsmessige senteret i Kvæntunet.

Utforming og fastsetjing av rammevilkår vil alltid vere gjenstand for drøfting mellom institusjonane og styresmaktene, men den endelege avgjerda er eit politisk ansvar. Det faglege innhaldet i det arbeidet som institusjonane gjer innanfor gjeldande rammer og regelverk, skal vere eit eineansvar for institusjonane sjølve.

Byggjesakene Kvæntunet og den nye avdelinga på Glomdalsmuseet er mellom anna kjenneteikna av at behovet for historisk dokumentasjon er stort, at dei nasjonale minoritetane sjølve er aktive pådrivarar og premissleverandørar i planleggingsarbeidet, og at planane er langt framskridne. Regjeringa vil freiste å medverke til at desse prosjekta blir gjennomførte. Forslag om løyving til slike og andre prosjekt vil kome når omfanget og kostnadene er tilpassa ei forsvarleg tilskotsramme, og når ansvaret for fullfinansiering, framdrift og drift er avklart.

Regjeringa er vidare kjend med Nordreisa kommune sine planar om å etablere eit kvenkultursenter som skal dokumentere og formidle kvensk kultur og tradisjon, særleg i Troms fylke.

6.6.3 Andre kulturtiltak

Ei rad kulturtiltak retta inn mot dei nasjonale minoritetane er av kortsiktig karakter og speglar så vel mangfald som vekslande behov. Dei er i hovudsak prosjektretta. Både Kulturdepartementet og Norsk kulturråd har ved fleire høve støtta kulturtiltak for dei nasjonale minoritetane.

Kulturpolitikken vis-à-vis dei nasjonale minoritetane er ei samansett oppgåve der løysingane vil måtte variere avhengig av behova til den enkelte minoriteten og dei lokale aktørane si tolking av situasjonen. Ei fleksibel og kompetent forvaltning av prosjektretta tiltak er viktig i utforminga av ein effektiv kulturpolitikk på feltet.

Støtte til prosjektretta kulturtiltak for og i regi av dei nasjonale minoritetane inngår som ein del av Norsk kulturråd si regulære verksemd. Rådet vil med andre ord kunne vurdere støtte til prosjekt og tiltak som gjeld kulturvern, handverkstradisjonar, musikk, scenekunst og informasjonsbrosjyrar.

Kunstnarar med minoritetsbakgrunn må vurderast som kunstnarar på linje med andre kunstnarar. Dette inneber ikkje at ein ser bort frå den særskilde bakgrunnen deira, som ein viktig del av grunnlaget for den kunstnarlege aktiviteten.

Norsk kulturråd har i perioden 1998-2000 eit eige program for kunst og det fleirkulturelle samfunnet - «Mosaikk». Programmet skal fremme tverrkulturelle uttrykk, mellom anna innvandrarkultur og minoritetskultur. Ein legg stadig større vekt på minoritetsdimensjonen, og fleire av dei nasjonale minoritetane har søkt og motteke støtte.

Kulturvernprogrammet er Norsk kulturråd si avsetjing til vern om den norske kulturarven og for å gjere han tilgjengeleg for flest mogleg. Både museumstiltak og oppgåver utanfor musea sine ansvarsområde kan få støtte. Kulturarven til nasjonale minoritetar blir vurdert på lik linje med annan norsk kulturarv, og fleire organisasjonar med basis i ein nasjonal minoritet har motteke støtte til kulturprosjekt gjennom dette programmet. Det er til dømes gitt støtte til innsamling av eldre kvensk kulturmateriale, dokumentasjon av tatersongar, informasjonsbrosjyre om taterkultur, sigøynarfestival og ein turné med framføring av jødisk tradisjonsmusikk.

Norsk kulturråd har opp gjennom 1990-åra motteke søknader frå Norske Kveners Forbund om tilskot til arrangement og tiltak som har lege innanfor rådet sine ansvarsområde for litteratur, musikk og andre kunst- og kulturformål. Rådet har sett med stor velvilje på desse søknadene og prioritert dei.

Rådet har òg prioritert søknader frå Romanifolkets landsforening, og rådet har løyvt midlar over kulturvernkapitlet til innsamling og registrering av gjenstandar med tanke på å byggje opp ei representativ samling ved Glomdalsmuseet, og til to musikkinnsamlingsprosjekt med seinare cd-produksjon.

6.6.4 Bibliotek

Det blir gitt ei årleg løyving på 500 000 kroner til eit finsk bibliotek forankra i Vadsø bibliotek/Finnmark fylkesbibliotek. Etter avtale med staten skal biblioteket fungere som sentralbibliotek for finskspråkleg litteratur i Noreg. Det skal yte tenester til kvensk- og finsktalande personar som bur i Noreg. Samlinga omfattar skjønn- og faglitteratur for barn, ungdom og vaksne, og var i 1997 på 11 292 bind. Talet på bibliotek som ønskjer tilsendt finskspråklege bøker til utlån, har auka dei seinare åra, og det var i 1997 35 bibliotek som kom med slike ønske. I desember kom Finnmark fylkesbibliotek på Internett med presentasjon av finsksamlinga, lenkjer til aktuelle finske nettstader og søkbar mediesamling.

6.6.5 Arkiv

Arkiva representerer eit fundament for kulturarven vår og er ein sentral del av den kollektive minnefunksjonen i samfunnet. I eit demokratisk samfunn er det viktig at det offentlege ser seg pliktig til å dokumentere sine eigne handlingar. For at nasjonale minoritetar skal kunna hevde sine rettar og interesser, er det viktig at det ligg føre dokumentasjon av staten sine handlingar, og at dette blir teke vare på for ettertida.

Arkivet etter Norsk misjon blant hjemløse inneheld møteprotokollar, brevskifte, dokumentasjon om institusjonane, protokollar med opplysningar om personar heilt tilbake til 1700-talet, klientmapper, publikasjonar og fotoarkiv.

Riksarkivet får eit øyremerkt tilskot til forvaltning av arkivet etter Norsk misjon blant hjemløse. Tilskotet skal dekkje ekstraarbeid og lønnsutgifter som følgje av førespurnader frå enkeltpersonar som ønskjer opplysningar om seg og familien sin, og utgifter knytte til forskarar som har fått tilgang til arkivet.

Det er teieplikt med omsyn til materialet frå arkivet etter Norsk misjon blant hjemløse i 80 år, sidan sakene er personsensitive. Part i ei sak får tilgang til materiale om seg sjølv, men ikkje om andre familiemedlemmer utan deira godkjenning eller samtykke frå andre attlevande familiemedlemmer. Forskarar kan få tilgang, men dei må underteikne ei særskild diskresjonserklæring, og Riksarkivaren vil setje spesielle vilkår for bruken av materialet.

6.6.6 Tilhøvet mellom vern av dokumentasjon av overgrep og personvern

Spørsmålet om bevaring eller kassasjon av arkiv får ofte ein ekstra dimensjon når det er tale om personopplysningar, særleg dersom dei er av svært ømtolig eller sensitiv karakter. Avveginga mellom omsynet til arkivvern og omsynet til personvern er drøfta i St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving - Om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid og om bygningsmessige rammevilkår på kulturområdet. Her heiter det mellom anna:

«Det kan <...>vera grunn til å dempa inntrykket av at arkivvern primært står i motsetnad til personvern. Den diskresjonen eit individ bør ha krav på i høve til nærgåande opplysningar om eigen person, kan i stor grad tryggjast på annan måte enn ved irreversibel sletting av arkivopplysningar. Slik sletting vil på lengre sikt kunna vera til størst skade for vedkomande individ sjølv, eller nære etterkomarar, jamvel om det på kort sikt kan opplevast som personvern. Eintydige rapportar frå Arkivverket tufta på lang røynsle med personømtolige arkiv tilseier at det er det einskilde mennesket sjølv som har mest å tena på at det er bevart persondokumentasjon i offentlege arkiv.

Noko av det som <...>kan tala imot sletting <...>, er at ein ved det også tek bort noko av ansvarsbøra frå overgriparen. Dersom statlege styresmakter i fortida har forgripe seg overfor borgarane, er det til sjuande og sist i offeret si interesse at overgriparen står til ansvar for det som har gått føre seg. Det kan staten vanskeleg gjera utan at dokumentasjonen er bevart. Utfordringa vert å bevara dokumentasjonen på ein slik måte at ubehaget for den einskilde vert redusert så mykje som mogleg.

For seinare generasjonar vil perspektivet flytta seg frå det einskilde overgrepet over til den rolle overgriparen spelte og dei metodane han nytta. <...>

Rett nok vil ein viss fare for misbruk alltid vera til stades, men samfunnet må sørgja for ordningar, kontrollsystem og sanksjonar som er slik at misbruk vanskeleg kan skje, og dersom det likevel skulle skje, at dei raskt kan ettersporast og påtalast. (s. 30-31)»

Datatilsynet etterlyser i sin årsrapport for 1999 retningslinjer for behandling av gamle register som inneheld sensitiv informasjon, til dømes om den etniske tilknytinga til enkeltpersonar (St.meld. 41 (1999-2000)). Kripos sitt gamle, papirbaserte strafferegister og det gamle «Åndssvakeregisteret» er to døme på register som inneheld informasjon om etnisk tilknyting, saman med mange andre sensitive opplysningar.

Det såkalla «Åndssvakeregisteret» er i dag deponert hos Riksarkivaren. Datatilsynet påla, i vedtak av 24. februar 2000, Riksarkivaren å anonymisere dette registeret etter ein periode på tre år. Datatilsynet la ved vurderinga vekt på at sjølve eksistensen av registeret representerte ei påkjenning for dei registrerte, særleg i form av ei oppleving av uvisse med omsyn til spreiing og bruk av dei ømtolige opplysningane. Riksarkivaren uttalte at ei eventuell anonymisering heilt konkret ville måtte skje gjennom klipping i kartotekkorta, eit inngrep som ligg svært nær ei sletting av heile registeret. Registeret ville etter dette bli ubrukeleg for forsking og dokumentasjon av overgrep. Anonymisering kunne derfor bli oppfatta som eit nytt overgrep frå staten si side.

Stiftelsen Rettferd for taperne påklaga Datatilsynet sitt vedtak til Justisdepartementet. Vidare har representantar for romanifolket i dialogen med Kommunal- og regionaldepartementet ytra sterke ønske om at slike gamle register som inneheld informasjon om enkeltpersonar si tilknyting til romanifolket, som «Åndssvakeregisteret» og «Taterregisteret» hos Kripos, blir bevarte utan anonymisering. Etter deira oppfatning er omsynet til personvernet tilstrekkeleg teke vare på ved at registra blir sikra på ein slik måte at uvedkomande ikkje kan få tilgang til opplysningane, til dømes ved deponering i Riksarkivet.

Justisdepartementet vedtok å ta klaga frå stiftelsen Rettferd for taperne til følgje, slik at registeret likevel ikkje skal anonymiserast.

Regjeringa støttar synspunktet til Romanifolkets landsforening og vil understreke at omsynet til å ta vare på dokumentasjon av overgrep mot minoritetar skal vege tungt i avveginga mellom arkivvern og personvern.

6.7 Minoritetsspråklege namn

6.7.1 Personnamn

Norske Kveners Forbund har i dialogen med Kommunal- og regionaldepartementet kravd at namnelova blir endra, «slik at det blir mogleg for kvenske familiar å ta tilbake sine opphavlege slektsnamn, også i tilfelle der desse namna berre har vore i bruk munnleg». Representantar for skogfinnane har kravd at dei som ønskjer det, må kunne ta tilbake sine gamle kvenske eller finske slektsnamn som etternamn eller som mellomnamn.

Namnelova har ikkje særlege føresegner for nasjonale minoritetar, men ein legg vekt på omsynet til nasjonale minoritetar i den grad føresegnene opnar for eit skjønn.

Når det gjeld det å kunne ta slektsnamn som berre har vore i munnleg bruk, og spørsmålet om namna er «framandarta» o.l., seier namnelova § 6 nr. 1 at namnebevilling vanlegvis ikkje bør givast til slektsnamn med utanlandsk klang eller skrivemåte. Justisdepartementet vil understreke at kvenske eller finske slektsnamn i dag ikkje blir sedde på som namn med utanlandsk klang eller skrivemåte.

Vidare seier namnelova § 6 nr. 3 at namnebevilling vanlegvis ikkje bør givast til slektsnamn som er historiske, utdøydde eller utanlandske og namnet er vanleg kjent i landet. Bevilling vil ikkje bli nekta med grunnlag i denne føresegna, for det er neppe noko namn blant dei nasjonale minoritetane som er «utdøydd» eller «historisk» samstundes med at det i tillegg er «vanleg kjent» i landet.

Dette vil seie at det i dag utan problem vil bli gitt bevilling til nylaga kvenske slektsnamn. Nylaga slektsnamn er namn som i dag ikkje er i bruk ifølgje folkeregisteret. Namnet kan altså ha vore brukt tidlegare.

Problema for kvener og skogfinnar vil derfor oppstå når dei ønskjer å ta slektsnamn som er registrerte i landet og som har rettsleg vern. Alle slektsnamn som har færre enn 500 berarar, har i dag rettsleg vern etter namnelova § 7 andre ledd. Også kvenske slektsnamn har rettsleg vern etter denne føresegna. Noko anna ville ha vore diskriminering av dei som allereie har slektsnamnet.

Dersom slektsnamnet har rettsleg vern, krev namnelova § 7 andre ledd at alle berarar av namnet må gi samtykke for at søkjaren skal kunne ta namnet. Det kan gjerast unntak frå kravet om samtykke etter namnelova § 9. Etter § 9 nr. 1 blir det gjort unntak når søkjaren dokumenterer at namnet er slektsnamnet til ein av foreldra som ugift. Etter § 9 nr. 6, jf. Rundskriv G-150/91 s. 35-36, blir det gjort unntak når søkjaren dokumenterer at namnet er slektsnamnet til ein av besteforeldra som ugift og søkjaren i tillegg dokumenterer at han har brukt namnet som slektsnamn i ca. 25-30 år. Føresegna er meint å vere ein tryggingsventil som skal hindre urimelege avslag.

Departementet har derfor i 1999 med heimel i § 9 nr. 6 gitt samtykke til namneendring til det opphavlege kvenske slektsnamnet som ein av oldeforeldra til søkjaren hadde, når fornorsking var årsak til namnebytet frå kvensk til norsk slektsnamn.

Ved brev av 22. april 1999 sette Justisdepartementet ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere namnelova. Arbeidsgruppa vil vurdere endringar i namnelova, mellom anna i forhold til nasjonale minoritetar. Innstillinga frå arbeidsgruppa er planlagd levert til departementet innan utgangen av 2000.

6.7.2 Stadnamn

Lov av 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn med forskrifter likestiller norske, samiske og finske stadnamn og gir reglar for skrivemåte og bruk av fleirspråklege namneformer. I § 3 andre ledd i lova heiter det at samiske og finske namn som vanlegvis blir brukte av folk på staden, skal nyttast av det offentlege på kart, skilt, i register med meir. I § 4 første ledd heiter det at ein ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn skal ta utgangspunkt i den nedarva lokale uttalen. For finske stadnamn i Nord-Noreg skal skrivemåten følgje rådande prinsipp for rettskriving på finsk.

Eit utval oppnemnt av Kulturdepartementet har evaluert lova, og Kulturdepartementet vurderer for tida korleis rapporten frå utvalet skal følgjast opp. Kravet frå Norske Kveners Forbund om at nemninga «finske stadnamn» skal endrast til «kvenske stadnamn» vil bli vurdert i denne samanhengen.

6.7.3 Kommunenamn

Fleire kommunar i Finnmark og Troms er trespråklege, med norsk, samisk og kvensk/finsk språk. For slike kommunar kan det vere verdifullt at alle språka blir synleggjorde i kommunenamnet. I dag finst det ingen kommunar som har trespråkleg kommunenamn. Porsanger kommune har søkt staten om løyve til å ha dette.

Lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner, med forskrifter, gir reglar om kommunenamn. Etter gjeldande rett er hovudregelen at ein kommune berre skal ha eitt namn. I område med stor samisk befolkning kan det, i tråd med førearbeida til lova, likevel givast løyve til bruk av tospråkleg samisk-norsk kommunenamn. Vi har ingen praksis for bruk av trespråklige kommunenamn. På bakgrunn av allmenne prinsipp om vern av minoritetsspråk og dei pliktene Noreg har teke på seg gjennom ratifikasjonen av Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk og Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar, meiner Regjeringa at trespråklege kommunar bør få løyve til å ha trespråklege kommunenamn på dei same vilkåra som i dag gjeld for tospråklege kommunenamn.

Tiltak:

  • Regjeringa har opna for å godkjenne trespråklege kommunenamn på lik linje med tospråklege kommunenamn.

6.8 Minoritetane i media

6.8.1 Ytringsfridom og høve til å ytre seg for minoritetar

Ytringsfrihetskommisjonen (NOU 1999: 27) meiner at det er viktig at det blir lagt til rette for både ein offentleg samtale innanfor minoritetane og mellom dei ulike gruppene i samfunnet. Kommisjonen hevdar at minoritetane sine føresetnader kan seiast å vere ein «test case» på ytringsfridommen sine vilkår i samfunnet og viser mellom anna til artikkel 7 og 9 i Rammekonvensjonen. Kommisjonen meiner at det er behov for å styrkje ytringsfridomen for minoritetane, både ved lovgiving og støttepolitikk. Minoritetane bør få høve til å gi ut publikasjonar der meiningar kan brytast og få kome til orde og vere synlege i mediebiletet i storsamfunnet. Dette gjeld for minoritetar generelt, men kommisjonen framhevar særleg behova til «kvenene og visse innvandrargrupper».

Regjeringa meiner at ei aktiv støtte til ytringsfridom og høve til å ytre seg for minoritetane er eit viktig politisk tiltak i eit kulturelt mangfaldig samfunn.

6.8.2 Aviser for dei nasjonale minoritetane

Den kvenske avisa Ruijan Kaiku blei etablert i 1995 på prosjektbasis etter initiativ frå Norske Kveners Forbund. I prosjektperioden frå 1995 til og med 1997 tok Ruijan Kaiku imot prosjektstøtte frå Kommunal- og regionaldepartementet og Kulturdepartementet. Frå og med 1998 har Ruijan Kaiku motteke 250 000 kroner i øyremerkte tilskot over Kulturdepartementet sitt budsjett. Avisa fell ikkje inn under nokon av dei eksisterande faste pressestøtteordningane.

Regjeringa viser til at Noreg har eit nasjonalt ansvar for å bevare og utvikle minoritetane sine språk og kulturar. Det medfører òg eit ansvar for å styrkje høvet deira til å ytre seg både gjennom eigne kanalar og elles i det offentlege rommet. Ruijan Kaiku er i dag eit viktig forum for ytringar, informasjon og diskusjon i det kvenske samfunnet. Tilskotet er foreslått auka til 350 000 kroner i 2001.

6.8.3 Radiosendingar

NRK Troms har kvar veke ei 12 minutts sending på finsk. Sendinga inneheld nyhendemeldingar, reportasjestoff, musikk og kulturinnslag.

Den første sendinga på finsk gjekk frå NRK Finnmark i Vadsø i 1970, med program på 5 minutt kvar veke. Målgruppa for sendinga var den gongen primært den etter kvart store gruppa av finske arbeidstakarar i fiskeriindustrien i Finnmark. Dei siste 10-15 åra har den kvenske minoriteten vore grunngivinga for sendingane. Allmennkringkastingsrådet uttalte i sin rapport for 1999 at NRK bør vurdere å utvide sendetida, og dessutan gjere sendingane landsdekkjande.

6.9 Sosial- og helsepolitikk

6.9.1 Helse- og sosialforholda for dei ulike minoritetane

Sosial- og helsedepartementet har lite oppdatert kunnskap om helsetilstanden og levekåra til dei nasjonale minoritetane og kva forhold dei har til helse- og sosialtenestene. Minoritetane har i dialogen med styresmaktene i liten grad formulert krav og ønske på dette området.

Senter mot etnisk diskriminering har informert om at dei er blitt kontakta av rom som føler seg diskriminerte i Noreg, mellom anna når det gjeld å skaffe seg husvære. Den reisande livsforma gjer at rom kan ha vanskar med å oppfylle kravet om samanhengande butid i ein kommune for tilvising av kommunal bustad. Departementet viser spesielt til at Oslo kommune på bakgrunn av brev frå Senter mot etnisk diskriminering har gått bort frå kravet om tre års samanhengande butid for rom. Dette er eit døme på at reell likebehandling av og til krev at det blir teke omsyn til ulike føresetnader.

Den jødiske minoriteten har ein særskild alders- og sjukeheim i Oslo, som blir driven med tilskot frå Oslo kommune og Det mosaiske trussamfunnet. Regjeringa går ut frå at sjukehusa har ei imøtekomande holdning med omsyn til eventuelle ønske om kosher (rituelt) kosthald og høve til å få åndeleg og etisk rådgiving. Dette gjeld i første rekkje sjukehus og andre institusjonar i Oslo og Trondheim.

Når det gjeld kvenene sitt forhold til helse- og sosialtenestene, kan det nemnast at finsk-/kvenskspråkleg kompetanse finst i mange kommunale og fylkeskommunale institusjonar i Finnmark og Troms, men at det kan vere behov for å utnytte denne kompetansen betre. Ein skal vere merksam på at også personar som til dagleg snakkar norsk, kan ønskje å bruke morsmålet i akutte krisesituasjonar, og at tap av minne i alderdommen også kan gjere at morsmålet er det einaste språket som fungerer. Dette er ei problemstilling som er aktuell for fleire grupper.

6.9.2 Førebygging av helseproblem i andre sektorar

Fleire tiltak på andre område kan verke inn på helse og levekår i vid meining. Tiltak som styrkjer sjølvkjensla til minoritetane og storsamfunnet sin respekt for dei, er viktige. Her speler skolen som kunnskaps- og verdiformidlar ei viktig rolle. Dei kulturpolitiske tiltaka som er foreslått i meldinga, skaper rammer for samvær og opplevingar baserte på eigen kultur. Slik kan sår etter vonde minne lettare gro.

6.9.3 Minoritetane og rettsgrunnlaget for helse- og sosialtenestene

Norsk helse- og sosialpolitikk byggjer på eit omfattande sett av brukarrettar. Alle brukarar har same rett til å bli møtte med respekt for sin spesielle livssituasjon og kulturelle bakgrunn. Regjeringa legg vekt på at tenestene skal få ei individuell utforming som speglar ei slik holdning.

Lov om helsepersonell (tek til å gjelde frå 01.01.2001) § 4 om krav til fagleg forsvarleg verksemd gir generell heimel for å påleggje personell å skaffe seg nødvendig kompetanse ut frå den aktuelle situasjonen. For brukarar med minoritetsbakgrunn er lova om pasientrettar (som òg tek til å gjelde frå 01.01.2001) § 3-1 og § 3-2 om krav til medverking og informasjon, sosialtenestelova § 3-4 om plikt til å rådføre seg med brukaren, og kommunehelsetenestelova § 1-3a om kommunen si plikt til tilrettelegging av særleg interesse. Det er helse- og sosialtenestene og personellet sitt ansvar å syte for at kommunikasjonen med kvar enkelt brukar fungerer. I somme tilfelle vil innsikt i brukaren sin kultur vere avgjerande for at kommunikasjon og behandling kan lykkast.

Ein praktisk konsekvens av helse- og sosialretten er at kommunane må leggje vekt på lokale behov for oppbygging av kunnskap om brukarane og språket og kulturbakgrunnen deira. Det er den lokale tenesta som må avgjere kva for tilpassingar som kan gjerast ved utforminga av tiltak. Nærmare bestemt er det arbeidsgivaren sitt ansvar å syte for nødvendig opplæring av personell slik at dei kan utføre tenestene i tråd med intensjonane i helselovgivinga. Midlar knytte til handlingsplanane for eldreomsorg og psykisk helsevern kan nyttast til slike formål.

Sosial- og helsedepartementet er kjend med at registrering av minoritetsbakgrunn i journalar og saksdokument har skjedd i helsevesenet og trygdeetaten, med enkelte døme heilt fram til notida. Ein veit ikkje korleis denne informasjonen har vore nytta. Sosial- og helsedepartementet seier seg lei for denne praksisen og vil understreke at dette ikkje skal skje.

Vi vil samstundes presisere at registrering av språk kan vere legitimt, sidan dette kan vere til nytte for brukarane sjølve, til dømes for å førebu tolking. Når det gjeld romanifolket, kan omsynet til språk neppe ha vore årsaka til registrering av minoritetsbakgrunn.

6.10 Arbeid mot rasisme og diskriminering

6.10.1 Bakgrunn

Staten sin politikk overfor nasjonale minoritetar byggjer på prinsippa om likebehandling og ikkje-diskriminering. Dette er grunnleggjande prinsipp i Verdserklæringa for menneskerettane og i internasjonale menneskerettskonvensjonar.

Det er eit overordna mål for Regjeringa at alle som bur i Noreg, same kva bakgrunn dei har, skal ha reelt like høve, like rettar og like plikter til å delta i alle delar av samfunnet og til å bruke sine eigne ressursar.

Likevel opplever nasjonale minoritetar framleis diskriminering, sjølv om det kan arte seg ulikt frå gruppe til gruppe. Rapportar frå organisasjonane til dei nasjonale minoritetane og frå Senter mot etnisk diskriminering, viser at diskriminering blir opplevd som eit problem for personar som tilhøyrer dei nasjonale minoritetane. Det gjeld både i kontakt med det offentlege og på det private området. Nasjonale minoritetar opplever mobbing og trakassering i skolen og elles i kvardagen. Til dels er det tale om openlys diskriminering, der sterke, negative haldningar kjem til uttrykk. Det er derfor mange som tilhøyrer ein nasjonal minoritet som ikkje ønskjer å stå ope fram med bakgrunnen sin.

Senter mot etnisk diskriminering har mellom anna hjelpt til i saker der familiar med tilknyting til rom og romanifolket har blitt diskriminerte ved at dei har blitt bortvist frå campingplassar utan sakleg grunn. Senteret rapporterer òg om døme på at ein søknad om lån truleg har blitt avvist på bakgrunn av den etniske opphavet til lånesøkjaren. Andre førespurnader senteret har fått gjeld sosialtenesta, helsevesenet og politiet.

6.10.2 Gjeldande rett

Det finst i dag enkelte føresegner som fastset eit forbod mot etnisk diskriminering på avgrensa saksområde. Det er likevel sjeldan at desse føresegnene blir prøvde for domstolane. Dei gruppene som føresegnene skal verne, opplever i liten grad at dei har eit reelt vern mot diskriminering.

Noreg har ikkje generelle føresegner som forbyr diskriminering på grunnlag av rase eller etnisk opphav, verken i Grunnlova eller lovverket elles, ut over føresegnene som følgjer av menneskerettslova, gjennom FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP), FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK) og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Likebehandling og ikkje-diskriminering er eit grunnleggjande prinsipp i menneskerettane. Artikkel 26 i SP og artikkel 14 i EMK forbyr diskriminering på bakgrunn av bl.a. etnisk opphav.

Det alminnelege forvaltningsrettslege prinsippet om likebehandling og forbodet mot usakleg forskjellsbehandling gjeld for all offentleg verksemd, anten ho er statleg eller kommunal, og for alle organ som er å rekne som forvaltningsorgan etter forvaltningslova. Omsynet til sakleg grunngiving tilseier i mange tilfelle at det ikkje skal takast omsyn til slike personlege kjenneteikn ved ein part som til dømes kjønn, rase, religion, politisk haldning, medlemskap i ein organisasjon eller liknande.

Lov av 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv (arbeidsmiljølova) § 55 a fastset eit forbod mot å behandle søkjarane ulikt ved tilsetjing på grunn «av rase, hudfarge nasjonal eller etnisk opprinnelse eller homofil legning eller homofil samlivsform». Med «ulik behandling» meiner ein her ein handling som utan sakleg grunn direkte eller indirekte stiller personar ulikt på desse grunnlaga. Paragraf 60 i den same lova fastset at det gjeld eit krav om sakleg grunngiving ved oppseiing av eit arbeidsforhold.

Eit tilsvarande krav til sakleg grunngiving følgjer av fleire andre lover der likskapsprinsippet ligg til grunn. Døme på slike lover er lov av 26. mars 1999 nr. 17 om husleieavtaler (husleigelova), lov av 4. februar 1960 nr. 2 om borettslag, lov av 4. februar 1960 nr. 1 om boligbyggelag og lov av 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner.

Lov av 22. mai 1902 nr. 10 (straffelova) har føresegner som skal verne borgarane mot rasistiske ytringar, rasistisk motiverte handlingar og diskriminering. Brot på straffelova kan føre til fengselsstraff og/eller bøter.

Straffelova § 135 a forbyr offentlege ytringar som trugar, håner eller utset nokon for hat, forfølging eller ringeakt på grunn av truvedkjenning, rase, hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav. Vidare kan rasistisk motivering vere eit straffeskjerpande moment, til dømes ved lekamsbrotsverk (jf. straffelova § 232). Straffelova § 292 fastset at det skal leggjast vekt på om eit skadeverk er rasistisk motivert ved vurderinga av om eit skadeverk er grovt.

Straffelova § 330 inneheld eit generelt forbod mot å stifte eller delta i foreiningar som anten er forbodne ved lov eller som har som mål å utøve eller oppmuntre til straffbare handlingar. Denne føresegna kan òg nyttast ved rasistisk motivert kriminalitet. Straffelova § 104 a gjer det straffbart å danne eller delta i ein privat organisasjon av militær karakter, eller å støtte ein slik organisasjon.

Straffelova § 349 a første ledd set forbod mot i arbeidsmessig eller liknande verksemd å nekte ein person varer eller tenester på dei vilkår som gjeld for andre, på bakgrunn av vedkomande si truvedkjenning, rase, hudfarge eller nasjonale eller etniske opphav. Føresegna gjeld berre for diskriminering i «ervervsvirksomhet», dvs. at private tilhøve ikkje blir råka. Vidare råkar føresegna berre nekting av «varer eller tjenester», dvs. at bustad- og arbeidstilhøve normalt fell utanfor denne føresegna. Formidling av bustad og arbeid vil likevel bli sett på som «tjenester» og blir råka av føresegna dersom ein sjølv diskriminerer i formidlingstenesta. Rein formidling av eit diskriminerande produkt blir likevel neppe råka dersom sjølve formidlingstenesta skjer på ein ikkje-diskriminerande måte. Ein viser her til høgsterettsdom av 27. august 1999, der Høgsterett kom til at det ikkje var heimel for å straffe ein formidlar av utleigebustader, sjølv om enkelte av utleigarane var klart diskriminerande i sine krav til leigetakarar.

Etter straffelova § 349 a andre ledd blir den straffa som på grunn av ein person si truvedkjenning, rase, hudfarge eller nasjonale eller etniske opphav nektar personen tilgjenge til offentleg framsyning, oppvising eller annan offentleg samkome på dei vilkår som gjeld for andre. Eit samkome er offentleg når det er tilgjenge for allmenta mot eller utan betaling.

6.10.3 Verkemidla

Handlingsplan mot rasisme og diskriminering (1998-2001) dannar grunnlaget for den politikken Regjeringa har på området. Handlingsplanen fastset ulike tiltak for å motverke rasisme og diskriminering. Tiltak som fell innanfor ansvarsområda til departementa, er retta inn mot rettsapparatet, arbeidsmarknaden, bustadmarknaden, skolen, nøkkelsektorar i forvaltninga, grunn- og vidareutdanning for somme yrkesgrupper og mot aktivitetar i lokalmiljøet.

Senter mot etnisk diskriminering blei offisielt opna 10. februar 1999 og skal verke i ein prøveperiode fram til utgangen av 2002. Senteret har som formål å sikre vernet mot etnisk diskriminering. Senteret har som hovudoppgåve å gi rettshjelp i saker om diskriminering på grunnlag av truvedkjenning, rase, hudfarge og nasjonalt eller etnisk opphav og å dokumentere og overvake situasjonen når det gjeld arten og omfanget av denne typen diskriminering.

Sidan senteret blei oppretta har det gitt ut to rapportar om etnisk diskriminering i Noreg (november 1999 og oktober 2000). Rapportane gir oss kunnskap om kva for former for diskriminering som finst og synleggjer at det er eit stort behov for rettshjelp i slike saker.

Verksemda til Senter mot etnisk diskriminering er landsdekkjande. For å sikre at målgruppene har god kjennskap til verksemda, har senteret lagt vekt på å opprette ein dialog med representantar for minoritetsorganisasjonane. I samband med det har senteret hatt møte med organisasjonar for kvener, rom (sigøynarar), romanifolket (taterane/dei reisande) og skogfinnar.

Det er sett i verk ei løpande evaluering av verksemda ved senteret i prøveperioden.

Den 3. mars 2000 sette Kongen i statsråd ned eit utval som skal greie ut ei lov mot etnisk diskriminering. Utvalet blir leia av professor dr. juris. Gudrun Holgersen ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Oppdraget til utvalet er å greie ut korleis det rettslege vernet mot etnisk diskriminering kan styrkjast og leggje fram forslag til lov mot etnisk diskriminering. Utvalet skal vurdere kva for sanksjonar som kan vere aktuelle, ulike måtar å sikre eit effektivt handhevingssystem på og rolla til Senter mot etnisk diskriminering i handhevinga av lova. I tillegg skal utvalet vurdere korleis FNs rasediskrimineringskonvensjon (ICERD) kan innarbeidast i norsk rett.

Regjeringa legg vekt på det internasjonale arbeidet mot rasisme og diskriminering. FN skal arrangere ein verdskonferanse mot rasisme i 2001, og Europarådet stod ansvarleg for ein europeisk konferanse mot rasisme i 2000. Staten vil i samarbeid med dei frivillige organisasjonane delta aktivt i prosessen fram mot verdskonferansen, som òg inneber eit arbeid på nasjonalt plan.

Regjeringa understrekar at staten har eit særskilt ansvar for å sikre at det blir sett i verk tiltak for å sikre likebehandling og motverke diskriminering.

6.11 Kunnskapsutvikling

Det overordna målet i politikken overfor nasjonale minoritetar er å leggje til rette for at dei kan uttrykkje, halde oppe og utvikle sin eigen identitet. Bevaring og utvikling av språk og kultur er viktig for å nå dette målet.

Forsking om nasjonale minoritetar skal få fram kunnskap for at politikken på feltet kan byggje på eit best mogleg grunnlag. Slik situasjonen er i dag, har styresmaktene ein del kunnskap, men mykje av kunnskapen er fragmentarisk og dessutan ikkje tilstrekkeleg dokumentert. Det er derfor behov for meir systematisert forsking om ulike problemstillingar knytte til nasjonale minoritetar og deira situasjon, til dømes når det gjeld minoritetsspråk, tilhøva for barn og unge og tilhøva mellom menn og kvinner.

Å vere med på ei nasjonal kunnskapsutvikling og å sjå til at forskingsresultata på dette området blir formidla, blir sentrale oppgåver for Kommunal- og regionaldepartementet som samordnande departement. Sektorprinsippet gjeld likevel her som på alle andre område i statsforvaltninga.

Gruppene uttrykkjer behov for meir kunnskap om seg sjølve. Historisk kunnskap, kunnskap om den nære fortida og betre kunnskap om språk og språkutvikling er andre sentrale tema. Fleire av gruppene har kravd å få delta som premissleverandør ved utforming av forskingsprosjekt som handlar om dei. I Noregs forskingsråd sitt forskingsprogram om romanifolket (taterane/dei reisande) blei dette kravet oppfylt ved at representantar for ein av interesseorganisasjonane deltok i referansegruppa for programmet.

Alle dei nasjonale minoritetane i Noreg er små grupper. Når det gjeld rom, er det berre nokre hundre individ. Det kan innebere særlege forskingsetiske utfordringar. Det kan mellom anna vere vanskeleg å anonymisere materialet, og forskingsresultat kan føre til at heile gruppa kjenner seg uthengd.

6.11.1 Kvener

Forsking på kvenske tilhøve går no i hovudsak føre seg ved Universitetet i Tromsø. Her er det faste forskarstillingar i kvensk/finsk språk og litteratur. Noregs forskingsråd har ei eiga satsing på kvensk forsking med eit budsjett på om lag 1,5 millionar kroner årleg.

Generelt har forskinga omkring kvenske tilhøve i første rekkje dreidd seg om språk, historie og i nokon grad etnologi og folkloristikk. Det er behov for meir forsking for å dokumentere språksituasjonen og sjå nærmare på vidareutviklinga av kvensk/finsk. Det er òg fleire aktuelle behov innanfor historisk forsking.

Tema som etnisitet og identitet har i liten grad vore fokuserte, og det ligg i liten grad føre samfunnsvitskapleg forsking om kvenene sin situasjon. Det er behov for kunnskap om samspelet mellom dei ulike etniske gruppene som har levd saman på Nordkalotten i lang tid.

6.11.2 Romanifolket

Gjennom Noregs forskingsråd sitt forskingsprogram om romanifolket (taterane/dei reisande) er den behandlinga som romanifolket har vore utsett for frå staten, Norsk misjon blant hjemløse og resten av storsamfunnet, blitt dokumentert. Både Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim har laga rapportar som del av programmet. Sosial- og helsedepartementet har finansiert satsinga.

6.11.3 Jødar, skogfinnar og rom

Det har ikkje vore nokon koordinert forskingsinnsats omkring situasjonen til jødar, skogfinnar og rom (sigøynarar). Særleg har skogfinnane peika på behovet for å få dokumentert historia.

Som ein del av den kollektive delen av jødebuoppgjeret (jf pkt 6.3.4) blei det i 1999 løyvd 40 millionar kroner til å etablere eit senter for studium av Holocaust. Føremålet med eit slikt senter skal være å «skape kompetanse i Norge om Holocaust generelt og spesifikt om det norske kapittel i historien om Holocaust», og dessutan å «skape grunnlag for bred kunnskap om minoriteters historie, livssyn, tradisjoner, kultur og stilling i det norske samfunnet» (jf. St.prp. 82 (1997-1998), Innst. S. 108 (1998-1999)).

Opprettinga av senteret er no under førebuing. Regjeringa arbeider med ein modell som legg opp til at senteret blir plassert i Villa Grande (jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2000-2001)).

Det blir lagt til grunn at studiar omkring jødiske tilhøve i Noreg skal vere ein del av forskingsinnsatsen ved senteret.

6.11.4 Barn og unge

Det er framleis behov for dokumentert og systematisert kunnskap om barn og ungdom frå nasjonale minoritetar og om oppvekst- og livssituasjonen deira. Det er vidare eit behov for å formidle eksisterande kunnskap på ein lett tilgjengeleg måte. Erfaringane er gode med å utarbeide kunnskapsoversikter over ulike tema, mellom anna fordi slike gir eit heilskapleg og lett tilgjengeleg bilete av eksisterande kunnskap og set fokus på område det er aktuelt å forske vidare på. Eit døme er dei to rapportane frå Nordisk Ministerråd (1999) om Barn og ungdom sine levekår i Norden som tek for seg barn og unge med innvandrarbakgrunn og marginalisering av barn og unge i Norden.

Tiltak:

  • Barne- og familiedepartementet vil få utarbeidd ei nordisk kunnskapsoversikt om barn og ungdom frå nasjonale minoritetar som òg skal omtale barnevernet. Ved å la kunnskapsoversikta gjelde Norden, kjem det empiriske kunnskapstilfanget til å auke, samtidig som målgruppa blir større.

6.11.5 Sjukeleggjering av etnisk identitet

Mykje tyder på at fleire personar frå romanifolket har blitt plasserte på spesialskolar og psykiatriske institusjonar utan at det var fagleg grunnlag for det. Vi har likevel ikkje nok kunnskap om og på kva for måtar helse- og omsorgssektoren har behandla framandt levesett og etnisk identitet som sjukdom.

Tiltak:

  • Sosial- og helsedepartementet vil finansiere forsking og dokumentasjon omkring den ideologien som låg bak helse- og omsorgssektoren si behandling av eit framandt levesett som sjukdom. Departementet vil også kartleggje betre kva praksis som blei følgd i det psykiske helsevernet med omsyn til sjukleggjering av etnisk identitet.

Til forsida av dokumentet