St.meld. nr. 25 (2008-2009)

Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

1 Sikre reell fridom til busetjing

1.1 Overordna mål

Regjeringa vil at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil. Vi vil sikre likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk. Regjeringa vil oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret for å vidareføre og vidareutvikle det mangfaldet i historie, kultur og ressursar som ligg i dette.

Regjeringa vil fremje ei balansert utvikling mellom by og land. Noreg er eit stort og langstrakt land med lågt folketal og spreidd busetnad. Identiteten til folk er knytt både til lokalsamfunnet og til regionen rundt, og til det mangfaldet som til saman utgjer nasjonen. Nærings- og kompetansemiljøa, naturressursane og arbeidskrafta hos menneska i by og bygd er grunnlaget for velferd og levekår og representerer eit potensial for meir verdiskaping.

For å nå målet om reell fridom til busetjing, vil regjeringa vidareføre sitt distriktspolitiske løft. Det skal medverke til å styrkje den lokale og regionale vekstkrafta i område med låg økonomisk vekst, lang avstand til større marknader, einsidig næringsstruktur og stagnasjon eller nedgang i folketalet. Regjeringa vil samstundes leggje til rette for å utnytte verdiskapingspotensiala og møte levekårsutfordringane i alle delar av landet, også i område med vekst i økonomi og folketal. Regjeringa legg vekt på at små og mellomstore byar og større byområde kan verke som eit lim i busetnadsmønsteret, og som drivkraft for nasjonal og regional utvikling.

Regjeringa ønskjer å styrkje kombinasjonen av lokalt initiativ og fellesskap og samspel mellom ulike delar av landet. Den store variasjonen i lokal økonomisk aktivitet som følgjer av den nasjonale arbeidsdelinga, krev eit sterkt statleg nivå for å sikre fordeling og likeverdige rammevilkår på tvers av geografiske skilnader. Samstundes treng vi sterke regional- og lokalpolitiske nivå som kan ta eigne initiativ for å mobilisere og utnytte lokale ressursar og engasjement. Regjeringa vil derfor føre ein regionalt differensiert politikk på fleire politikkområde og leggje til rette for regionale og lokale prioriteringar for å møte lokale utfordringar.

Klimaendringane stiller heile verda overfor store utfordringar for åra framover. Desse utfordringane vil også få konsekvensar for regional utvikling og distrikts- og regionalpolitikken. Regjeringa legg stor vekt på å møte utfordringane på ein offensiv måte. Klimatiltak opnar også for ny næringsverksemd. Samstundes er det viktig at innsats for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål, vert tilpassa klimautfordringane, og at lokale og regionale styresmakter i arbeidet for regional utvikling medverkar til at Noreg vert eit lågutsleppsamfunn.

Uroa i verdsøkonomien gjev særskilde utfordringar i dei næraste åra. Noreg har ein open økonomi, og eksportverksemdene deltek i ein global konkurranse. Arbeidsløyse vil råke mange som følgje av redusert aktivitet i næringslivet. Vi har likevel betre føresetnader enn mange andre land for å setje inn tiltak som kan motverke nedgangstidene i næringslivet. Regjeringa vil føre ein aktiv politikk for å redusere dei negative konsekvensane som følgjer av uroa i verdsøkonomien for arbeidsmarknadene og lokalsamfunna i ulike delar av landet.

Denne meldinga er ei oppfølging av St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet , som konkretiserte mål og initiativ i Soria Moria-erklæringa. Meldinga inneheld mål, ambisjonar og rammer for eit vidare offensivt arbeid med distrikts- og regionalpolitiske utfordringar i den neste stortingsperioden. Meldinga inneheld også konkretiseringar av regjeringa sitt syn på fordeling av roller og ansvar mellom staten, fylkeskommunane og kommunane i distrikts- og regionalpolitikken som følgje av den nye oppgåvedelinga etter forvaltningsreforma, jf. Ot.prp. nr. 10 (2008-2009).

Følgjande strategiar frå Soria Moria-erklæringa ligg til grunn for arbeidet:

  1. Betring av grunnlaget for utvikling i dei enkelte regionane ved å styrkje kompetansen, leggje til rette for nyskaping og næringsutvikling, redusere avstandshinder, utvikle livskraftige og trygge lokalsamfunn og fremje berekraftig bruk av naturressursane

  2. Utvikling av næringsverksemd på område der dei enkelte regionane har spesielle føresetnader

  3. Særskilt innsats for å møte utfordringane i dei mest utsette områda

1.2 Samandrag

Vekstkrafta kjem nedanfrå. Den kreative evna til folk har gjort at vi har utnytta og foredla ressursane i landet på stadig nye måtar. Dette har lagt grunnlaget for økonomisk velstand og kulturelle verdiar i Noreg. Det varierte busetnadsmønsteret vitnar om ei evne til kreativ utnytting av naturressursane og har gitt landet eigenart. Sjølv om Noreg i større grad enn andre land har livskraftige små og store samfunn i heile landet, er den vedvarande sentraliseringa av innbyggjarane ei utfordring for å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Derfor er det gledeleg at mange fleire kommunar har opplevd vekst i folketalet på grunn av tilflytting dei siste to åra, og då særleg frå utlandet. Tilflyttarar frå utlandet utgjer ein stor ressurs som både store og små lokalsamfunn bør ta imot og inkludere på ein god måte.

Regjeringa vil leggje til rette for at folk har reell fridom til å velje kvar dei vil bu. Den første større flyttemotivundersøkinga på 36 år har synt at det varierer kva for kvalitetar folk er ute etter. Tidlegare var arbeid den mest sentrale faktoren for kvar folk busette seg. Framleis er arbeid ein avgjerande faktor, men også gode bustader, tilgang til tenester, nærleik til familie og stad- og miljøkvalitetar er faktorar som påverkar busetjingsvala til folk. Ikkje alle stader kan dekkje alle ønske, men regjeringa vil føre ein politikk som gjer at folk i heile landet skal kunne leve gode og meiningsfulle liv og utvikle sine kreative evner der dei bur.

Regjeringa har gjennomført eit distriktspolitisk løft. Det har medverka til å gje folk i både bygder og byar tru på framtida. Dette løftet ønskjer regjeringa å føre vidare. I dei urolege økonomiske tidene landet er inne i, er det også viktig at det vert ført ein aktiv politikk på mange område. Regjeringa vil halde fram med å styrkje kommune­økonomien, satse på ei storstilt utbygging av vegar og jernbane, setje eit nytt mål for utbygging av breiband og føre ein aktiv og differensiert nærings- og sysselsetjingspolitikk for å sikre arbeid til alle. Ein godt utbygd infrastruktur er heilt avgjerande for ei positiv samfunnsutvikling i eit stort og langstrakt land som Noreg, eit land med lågt folketal og store avstandar.

Regjeringa legg til grunn at det er best å møte lokale utfordringar med lokale initiativ. Vi ønskjer å stø opp om lokal samfunnsutvikling og kommunen som utviklingsaktør. Mobilisering av lokale eldsjeler, unge og frivillige organisasjonar har ­gjeve ny giv til mange stader. Dette kan vi ta lærdom av. Samstundes har mange kommunar utfordringar med å få til eit kraftfullt lokalt utviklingsarbeid. Kommunal- og regionaldepartementet vil invitere fylkeskommunane til eit samarbeid om ei satsing for å styrkje arbeidet med mobilisering og lokal samfunnsutvikling i kommunane. Departementet vil også vurdere å setje av midlar til lokale og regionale utviklings- og kunnskapsprosjekt om bulyst og inkludering av tilflyttarar.

Statlege og regionale styresmakter har ei viktig oppgåve i å leggje til rette for vekstkraft nedanfrå. Saman med robuste kommunar er eit sterkt regionalt nivå avgjerande for at ulike område kan utvikle dei regionale fortrinna sine. Regjeringa har gjennom forvaltningsreforma lagt grunnlaget for å styrkje rolla til fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar. Fylkeskommunane kan gjennom tilpassing av verkemiddel og regionalt samarbeid i mange tilfelle stø lokale krefter og næringsliv på ein meir treffsikker og samordna måte, enn ved direkte statleg sektorinnsats.

Dei viktigaste ressursane i landet er dei som ligg i arbeidskrafta til folk, og i folk sine kreative løysingar på utfordringar. Regjeringa vil føre ein politikk som tek i bruk ressursane der folk bur. Ei god grunnopplæring og ein godt utbygd infrastruktur for høgare utdanning har gjeve Noreg kompetente og tilpassingsdyktige innbyggjarar. Regjeringa vil vidareføre ein desentralisert struktur på utdanninga, som kan møte nye krav til kvalitet og innhald i studietilboda. Regjeringa vil også leggje til rette for god kontakt mellom forskings- og utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv i heile landet, for å stimulere til innovasjon i både privat og offentleg sektor. Stor tillit og godt samarbeid mellom leiarar og tilsette i arbeidslivet har også gjeve grunnlag for å utnytte kompetansen til den enkelte på stadig nye måtar. Regjeringa legg vekt på å stø opp om dette samarbeidet i arbeidslivet.

Unge har andre forventningar til stader, arbeid og buområde i dag enn tidligare generasjonar. Regjeringa ser det derfor som viktig at dei unge vert inkluderte og mobiliserte i utviklinga av lokalsamfunna. Det er dei unge som utgjer framtida så vel på mindre stader som i større byar. Unge har òg nye idear og ser nye område for utvikling. For å stimulere til ny verksemd legg regjeringa stor vekt på tiltak for entreprenørskap og større heilskap i arbeidet: ein ny handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga, betre samanheng i tilboda om rettleiing og meir løyvingar til entreprenørar for å skape nye arbeidsplassar under den pågåande nedgangstida. Regjeringa legg også stor vekt på at ressursane til nyskaping og entreprenørskap hos kvinner må utnyttast betre enn i dag.

Norsk næringsliv er i stor grad basert på avansert utnytting av naturbaserte ressursar for vidare sal på ein stadig meir konkurranseutsett og globalisert marknad. Landet vårt er også prega av ei klar regional arbeidsdeling. Mykje av vareproduksjonen skjer på mindre stader og i små og mellomstore byar, medan mestedelen av tenesteytinga med nasjonalt nedslagsfelt er lokalisert i storbyane. Det gjer at dei ulike delane av landet er avhengige av kvarandre. Regjeringa vil leggje til rette for nyskaping og omstilling i næringslivet i heile landet, og for eit aktivt verkemiddelapparat som stimulerer fram eit meir innovativt næringsliv. Globale utfordringar må gjerast til globale fortrinn. Regjeringa legg vekt på at den omstillinga som er naudsynt for å møte den rådande økonomiske situasjonen, fører til utvikling av eit meir berekraftig næringsliv, som også tek omsyn til og utnyttar ny teknologi for å møte klimautfordringane.

Regjeringa vil vidareutvikle nordområdestrategien, og medverke til utnytting av dei naturgitte ressursane i Nord-Noreg for vekst og utvikling for landsdelen og landet som heilskap. Nord-Noreg har særlege utfordringar knytte til spreidd busetjingsmønster, lange avstandar og små arbeidsmarknader. Regjeringa vil halde fram med å prioritere Nord-Noreg i den distriktspolitiske ekstrainnsatsen for å medverke til å styrkje grunnlaget for reell fridom til busetnad i landsdelen. Samstundes legg regjeringa opp til ein målretta ekstrainnsats dei neste 10–15 åra, for å styrkje ei berekraftig ressursutnytting i nord, fremje landbasert næringsutvikling, vidareutvikle infrastrukturen og sikre kulturen og livsgrunnlaget til urfolk.

Spreidd busetnad og utnytting av dei naturgitte ressursane har gjeve eit særprega kulturlandskap som saman med ein unik natur utgjer eit stort potensial for vidareutvikling av kultur- og reiselivet. Fjellområda i Noreg er prega av kultur- og naturlandskap av stor verneverdi, stor grad av landbruksbasert verksemd og utnytting av område til rekreasjon. Regjeringa legg vekt på at det må vere ein god balanse mellom bruk og vern for å ta vare på desse verdiane og samstundes gjere det mogleg for lokalsamfunna å utnytte potensiala for verdiskaping.

Til forsida av dokumentet