St.meld. nr. 25 (2008-2009)

Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

3 Skape attraktive lokalsamfunn

Kapittel 3.1 handlar om kor viktig det er med lokale initiativ for å skape attraktive lokalsamfunn, og om utfordringar og innsats for å styrkje arbeidet i kommunane for å fremje lokal samfunnsutvikling. Kapittel 3.2 handlar om viktige statlege rammer, initiativ og program med forventningar og/eller støtte til lokalt samfunnsutviklingsarbeid.

3.1 Utviklingskrafta må kome nedanfrå

Utfordringar:

  • Sikre eit aktivt lokalt samfunnsutviklingsarbeid for å auke vekstkrafta nedanfrå tufta på ei berekraftig utvikling

Innsats:

  • Betre spreiing av kunnskap om arbeid med lokal samfunnsutvikling

  • Styrkje kapasitet og kompetanse i kommunane til mobilisering og gjennomføring av utviklingsprosjekt

  • Vidareutvikle samarbeidet mellom regionale og nasjonale aktørar som støttespelarar for lokal samfunnsutvikling

Regjeringa ser på lokal utviklingskraft som ein sentral føresetnad for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Ei positiv utvikling når det gjeld måla om fridom til busetjing og utnytting av ressursane i alle delar av landet, føreset at lokalsamfunn, kommunar og regionar er attraktive for busetjing og næringsaktivitet. Staten og fylkeskommunane legg viktige rammevilkår for vekstkraft nedanfrå, både gjennom sektorpolitikken og sær­skilde verkemiddel. For at dette skal verke som føresett, må lokale aktørar gjere seg nytte av rammevilkåra og verkemidla for å fremje ei positiv utvikling i eige lokalsamfunn. Det gjeld både kommunar, bedrifter og entreprenørar, eldsjeler og frivillige organisasjonar.

Utvikling av attraktive lokalsamfunn krev innsats på mange område:

  • arbeidsplassar

  • tenestetilbod

  • sentrums- og bumiljø, kultur- og fritidstilbod

  • inkludering av tilflyttarar

Utvikling av gode tenestetilbod, attraktive sentra, bumiljø, møteplassar og engasjerande kultur- og fritidstilbod er avhengig av lokal pådrivarkraft. Og for å inkludere tilflyttarar i det sivile samfunnet, er haldningane og handlingane til innbyggjarane i lokalsamfunnet grunnleggjande. Opne og inkluderande samfunn er ein føresetnad for at lokalsamfunn skal få eit mangfald av innbyggjarar.

Også når det gjeld næringsutvikling, er reell vilje lokalt til å stø opp om nye initiativ heilt sentralt. Her spelar sjølvsagt mange faktorar inn som ein ikkje har herredømme over lokalt. Samstundes hjelper regional og nasjonal innsats for næringsutvikling lite dersom dei utløysande faktorane lokalt, ikkje er på plass.

Eit aktivt samfunnsutviklingsarbeid er viktig i alle typar regionar, tilpassa variasjonane i utfordringane. I kommunar og regionar med lågt folketal og einsidig næringsstruktur, er det særleg viktig både å auke busetjinga og styrkje næringsutviklinga, men dette gjeld også for småbyar og regionale sentra med stagnasjon i folketalet eller ein sårbar næringsstruktur. I område med stor vekst er utfordringane annleis. Her er dei knytte til skilnader i levekår, pressproblem og integrering og å utnytte innovasjonsevna betre i lokale nærings- og kunnskapsmiljø.

Kommunane har ei viktig leiarrolle i lokalt utviklingsarbeid. Grunnlaget for ei positiv lokal samfunnsutvikling ligg ofte i ei blanding av det å utvikle næringsliv og tettstad- og bustadområde, og kulturuttrykk og tenester, drive fram av lokale eldsjeler og entreprenørar og ein endringsorientert kommune. Samarbeid over kommunegrenser er mange stader avgjerande for å få nok kraft. I tillegg vil ei aktiv haldning frå kommunen til utvikling av lokaldemokratiet gjennom medverknadsordningar, openheit og debatt, i seg sjølv gjere det meir attraktivt å bu i ein kommune.

3.1.1 Unge må inn i lokalt samfunnsutviklingsarbeid

Kommunal- og regionaldepartementet ser på mobilisering av ungdom og unge i etableringsfasen som sentralt for å fremje ei positiv lokal samfunnsutvikling. Busetjingsvala til unge i etableringsfasen er også avgjerande for utviklinga i busetnadsmønsteret i landet over tid.

Unge kan ha andre idear og ønske enn dei etablerte om kva som skal til for å få ei positiv utvikling i kommunar og regionar. Det gjeld mange tema, som kulturaktivitetar, møteplassar og fritidstilbod, næringsutvikling, transport, teneste og utdanning. Også når det gjeld tiltak for auka tilflytting til eit område, vil det å fokusere på unge i etableringsfasen vere sentralt. Det gjeld både i informasjons- og omdømmearbeidet og i korleis nye innbyggjarar vert tekne imot.

Dei unge står ikkje utanfor den politiske arenaen, men har ikkje dei same kanalane inn til det etablerte systemet. Derimot er dei ofte meir aksjonsretta enn eldre generasjonar. Aldersgruppa mellom 18 og 30 år er underrepresentert i kommunestyra. I valperioden 2007–2011 kom 8 % av dei direkte folkevalde frå denne gruppa, medan gruppa utgjer 16 % av innbyggjarane (St.meld. nr. 33 (2007–2008) Eit sterkt lokaldemokrati ).

Ungdomsråd kan vere nyttige arenaer for meir systematisk medverknad frå unge i lokalt utviklingsarbeid, jf. boks 3.1 om ungdomsrådet i Granvin. I om lag 80 % av kommunane finst det ei eller anna form for barne- og ungdomsråd eller kommunestyre for barn og unge. Sju fylkeskommunar har etablert Ungdommens fylkesting, jf. St.meld. nr. 33 (2007–2008). Departementet vurderte i denne stortingsmeldinga å lovfeste ei slik ordning, men kom fram til at staten i minst mogleg grad bør lovregulere organiseringa i kommunane.

Deltakarar i ungdomsråd og Ungdommens fylkesting kan ha nytte av å utveksle erfaringar over kommune- eller fylkesgrensene. Kommunane og fylkeskommunane bør også spele ei aktiv rolle for å synleggjere ungdomspolitikk og etablere samlingar mellom regionar og fylke for ungdomsråd og Ungdommens fylkesting. Barne- og likestillingsdepartementet arrangerer årleg ein barne- og ungdomskonferanse som tek opp erfaringar med påverknaden til unge lokalt. Barne- og likestillingsdepartementet vil også på bakgrunn av ein rapport frå ei ekspertgruppe vurdere moglege tiltak som kan styrkje påverknaden på lokal samfunnsutvikling frå dei unge.

Kommunal- og regionaldepartementet vil i denne samanhengen også syne til Bulystrådet si vektlegging av kommunikasjon med unge, jf. boks 3.2. Bulystrådet meiner det er ei særleg utfordring for kommunar å kommunisere med unge på ein måte som treffer dei og som fangar opp dei nyutdanna eller familiar i etableringsfasen. Rådet syner til at livsstiltrendane taler like mykje for busetjing på mindre stader som i større byar, og at unge i større grad enn før er individualistar som vil setje i scene liva sine. Unge ønskjer gjerne kombinasjonen av urbane og rurale tilbod, som til dømes å gå på konsert etter å ha vore på fjelltur.

Boks 3.1 Kva treng unge for å busetje seg?

På folkemøtet i Ullensvang om distrikts- og regionalmeldinga heldt representantar for Granvin ungdomsråd eit innlegg om kva som skal til for at unge skal busetje seg i ein kommune. Det omfatta mellom anna

  • bustadhus og tomter

  • gode arbeidsplassar som ein er utdanna til i nærleiken der ein bur

  • trygt og godt nærmiljø utan kriminalitet

  • godt naboskap

  • gode skular og barnehagar

  • fleire fritidstilbod, ungdomsklubb, kafé, idrettslag

  • kulturskule

  • betre og billigare kollektivtransport

  • betre vegar og rassikring

  • betre samarbeid mellom kommunane

Departementet meiner innspela frå Bulystrådet syner kor viktig det er å trekkje både ungdom og unge i etableringsfasen aktivt med i arbeidet for å utvikle attraktive lokalsamfunn og initiativ som fremjar bulyst. Innspela frå Bulystrådet ligg til grunn for «omdømmearbeidet» som er initiert frå departementet dei siste åra, og som er nærare omtalt i kapittel 3.2.

Departementet vil vurdere å setje i gang eit program for å stimulere bulyst i distriktsområde med midlar til lokale og regionale utviklingstiltak. Her vil unge i etableringsfasen vere sentrale. Programmet skal mellom anna stimulere til nye møteplassar og vidareutvikle kunnskap om kva som aukar sjansen for at busette og tilflyttarar vert buande i distriktskommunar, herunder kva som styrkjer inkludering av tilflyttarar. Inkludering av tilflyttarar og innvandrarar er nærare omtalt i kapittel 3.2. Det same gjeld arbeidet med omdømme og stadutvikling som programmet også har samanheng med.

Boks 3.2 Bulystrådet

Bulystrådet vart oppretta våren 2006 av Kommunal- og regionaldepartementet. Rådet vart invitert av kommunal- og regionalministeren til å gje råd om kva som er viktig for å få til ei utvikling i distrikta som gjer det attraktivt for unge å busetje seg der i framtida. Bulystrådet var sett saman av 14 unge menneske med variert bakgrunn. Det var representantar for ungdomsorganisasjonar, unge folkevalde og unge ressurspersonar, eldsjeler og personar som har merkt seg ut på ulike felt. Rådet avslutta arbeidet i 2007.

Bulystrådet peikte på næringsutvikling, attraktive stader og kommunikasjon som nøkkeltema for å vere attraktiv for unge i etableringsfasen. Konkrete tilrådingar frå rådet var mellom anna

  • betre oppfølging frå Innovasjon Noreg av nye bedrifter

  • meir estetikk og arkitektkonkurransar på småstader

  • betre synleggjering av potensial for unge i mindre kommunar

Meir informasjon om Bulystrådet er tilgjengeleg på internettsidene www.regjeringa.no/ry/

3.1.2 Mange initiativ for å styrkje vekstkraft nedanfrå

Mange kommunar, lokalsamfunn og samarbeidsregionar driv eit aktivt arbeid for å styrkje eiga vekstkraft, ofte med god støtte frå regionalt nivå. Dette er mellom anna synleggjort i den såkalla småsamfunnssatsinga under Kommunal- og regionaldepartementet som skulle stø opp om aktivt lokalt utviklingsarbeid, jf. boks 3.3. I alle prosjekta har det vore eit stort engasjement som syner dei sterke kreftene som finst i kommunar og regionar når dei går saman om å utvikle eigne lokalsamfunn.

Boks 3.3 Den nasjonale småsamfunnssatsinga

Den nasjonale småsamfunnssatsinga under Kommunal- og regionaldepartementet går over fire år, med prosjektavslutning i 2009. Viktige mål har vore å stimulere eit breitt spekter av lokale utviklingsprosjekt, og medverke til erfaringsoverføring og læring kring lokalt utviklingsarbeid. Nærare 50 ulike pilotprosjekt har fått støtte. Dei fleste av desse var alt initierte og utvikla lokalt eller regionalt, og med økonomisk støtte frå fylket i botnen.

Det er stor variasjon i tema og innretning på prosjekta, sjølv om alle har vore innanfor hovudfelta næringsutvikling, attraktive stader og gode tenestetilbod. Mange handlar om ei meir offensiv utnytting av potensialet knytt til store naturverdiar. Konseptet kring regionale kultur- og naturparkar i Aurland og Valdres er eit døme, utnytting av nasjonalparkstatusen i Lom og Jondal eit anna. Andre prosjekt har brei, lokal samfunnsutvikling som ein fellesnemnar. Døme kan vere Bluesbygda Skånevik, Frøya inn i framtida, optimistbygdenettverket i Sør-Trøndelag og Cittaslow-prosjekta i Sokndal og Eidsskog.

Ei samla oversikt over prosjekta innanfor den nasjonale småsamfunnssatsinga ligg på nettsidene til Kommunal- og regionaldepartementet på www.regjeringa.no.

Norsk senter for bygdeforskning har vore følgjeevaluator for satsinga. Dei skal lage ein avslutningsrapport i 2010 med vekt på å trekkje ut viktige punkt for læring og erfaringsoverføring.

Samstundes stør staten og fylkeskommunane opp om lokalt utviklingsarbeid gjennom spesielle tiltak. Det gjeld både utvikling og formidling av kunnskap og erfaringar om ulike tema, og fagleg og økonomiske støtte. Døme på aktuelle nasjonale initiativ er

  • kommunane som førsteline for næringsutvikling

  • stadutvikling

  • kulturbasert lokal samfunnsutvikling

  • omdømebygging

  • tilflytting og mottaking av innflyttarar

  • livskraftige kommunar for å styrkje miljøretta arbeid

Desse tiltaka representerer ulike vegar å gå for å utvikle attraktive lokalsamfunn og styrkje lokal verdiskaping. Dei skal gje betre grunnlag for å møte utfordringar eller utnytte lokale moglegheiter. Mange kommunar og lokalsamfunn har god nytte av desse i utviklingsarbeidet sitt.

Samstundes er dette berre eit utval av statlege initiativ. I kapittel 3.2 er sentrale verktøy, initiativ og forventningar til kommunane i arbeidet med lokal samfunnsutvikling nærare presenterte. Fleire av desse er knytte til eit ønske om å fremje ulike nasjonale mål. I tillegg kjem ei rekkje entreprenørskapstiltak og verdiskapingsprogram som skal styrkje lokal næringsutvikling. Desse er presenterte nærare i kapittel 7.

Til saman utgjer dette mange tiltak og forventningar overfor kommunar og lokale aktørar som på ulike måtar kan medverke til lokal samfunnsutvikling. Det kan vere ei utfordring for kommunar med utviklingsbehov å ha oversikt over og gjere seg nytte av tiltaka eller følgje opp forventningane. Dette vert drøfta nærare i avsnitta 3.1.3 og 3.1.4.

3.1.3 Kommunane er viktige for lokal samfunnsutvikling

Regjeringa meiner kommunane som demokratisk valde organisasjonar har ei nøkkelrolle i å få til ei positiv lokal samfunnsutvikling. Dei er ansvarlege for tenestetilbod, samfunnsplanlegging, næringsutvikling og tilrettelegging for arbeidet i frivillige organisasjonar. Det gjev kommunane ei sentral rolle i å mobilisere til lokale krafttak og utløyse og stø opp om lokale initiativ. Gode, heilskaplege og samordna løysingar på fleire samfunnsutfordringar er avhengige av at kommunane tar ei leiarrolle lokalt, og samarbeider aktivt med nabokommunar og regionale aktørar. Dersom kommunane ikkje tar desse rollene, kan det svekke sjansane for ei positiv utvikling.

Lokal samfunnsutvikling spenner vidt. Lokaldemokratikommisjonen (NOU 2005:6) meiner at samfunnsutvikling er eit politikkområde som i stor grad ligg utanom det statlege myndigheitsområdet. Det gjer at handlingsrommet er stort og at mykje avheng av handlingsevna til kommunen. Samfunnsutviklingsrolla handlar i stor grad om å utnytte det lokalpolitiske handlingsrommet og å organisere arenaer for samhandling og utvikling av nettverk mellom ulike aktørar i lokalsamfunnet (jf. også St.meld. nr. 33 (2007–2008) Eit sterkt lokaldemokrati, s. 23–24).

Dei siste tiåra har både staten og kommunane fokusert sterkt på eit effektivt tenestetilbod, jf. mellom anna Effektiviseringsnettverket og Kvalitetskommuneprogrammet. Dette er framleis viktig. Samstundes er det viktig med ei større vektlegging av den lokale samfunnsutviklingsrolla.

To utfordringar framstår som særleg sentrale for eit aktivt arbeid med lokal samfunnsutvikling:

  • kapasitet og kompetanse i kommunar

  • svak samordning av eit mangfald av initiativ, forventningar og verkemiddel

Kapasitet og kompetanse

I fleire undersøkingar framstår kapasitet til og kompetanse i lokal mobilisering, samfunnsplanlegging og gjennomføring av utviklingsprosjekt som utfordringar for kommunar i arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Evalueringa av omstillingstiltak i Finnmark peiker på at mangelen på eigen kompetanse i utviklingsarbeid svekkjer effekten av utviklingstiltak i kommunane (Norut 2008). I ei spørjeundersøking til 90 kommunar om dei største hindringane for å arbeide meir aktivt med miljø og samfunnsutvikling, svarar langt dei fleste at det er mangel på kapasitet i kommuneadministrasjonen. Deretter kjem manglande fagkompetanse, kunnskap om verktøy og arbeidsformer og økonomiske ressursar (Vestlandsforsking 2008). Ei anna spørjeundersøking på fylkesnivå som undersøkte kompetansen i planlegging og stadutvikling i kommunane, indikerer at særleg små kommunar manglar både kapasitet og kompetanse på desse områda (NIBR 2008).

Mangel på kapasitet og utviklingskompetanse i kommunane kan gjere at dei i for liten grad deltek i program eller får utnytta verkemiddel som skal medverke til regional og lokal utvikling. Dette kan igjen gjere at samfunnsnytten av innsatsen vert mindre enn han kunne ha vore.

Svak samordning av støtte til lokalt samfunnsutviklingsarbeid

Mangfaldet av statlege program og tiltak for å fremje lokal samfunnsutvikling er stort. For mange kommunar kan det vere ei utfordring å halde oversikt over og skilje mellom aktuelle initiativ, tilbod og forventningar, og å vurdere kva som kan vere nyttig å ta i bruk. På fleire område har det vore ei utvikling i retning av betre samordning. Eit døme er arbeidet for å styrkje kommunane som førsteline for næringsutvikling og arbeidet med stadutvikling. Departementet meiner likevel at det er to samordningsutfordringar:

  • regionalt når det gjeld informasjon og rådgjeving til kommunane om dei nasjonale og regionale initiativa, og samarbeid om økonomiske eller faglege ressursar

  • nasjonalt når det gjeld å sjå innhaldet i og opplegget for utviklingsinitiativ overfor kommunane i samanheng

Departementet ser det som viktig at kommunane møter eit godt samkøyrt og aktivt støtteapparat for lokal samfunnsutvikling regionalt. Her har fylkeskommunane som regional utviklingsaktør ei viktig oppgåve i å organisere samarbeid med statlege etatar. Samstundes har statlege etater ansvar for å samarbeide godt med fylkeskommunane. Dei sentrale styresmaktene må byggje opp under slikt samarbeid. Departementet legg også vekt på at overlappande nasjonale utviklingsinitiativ overfor kommunane vert sette i samanheng, koordinerte i tid og samordna i innhald.

Boks 3.4 Dyrøy – den lærande kommunen

Dyrøy kommune i Troms har gjennom fleire år fokusert sterkt på lokalt utviklingsarbeid. Kommuneleiinga har arbeidd aktivt med utviklingsoppgåver, og ein stor del av folket i kommunen er involvert i ulike aktivitetar for å utvikle kommunen i positiv lei.

Det særmerkte er at så mange er med, og at ulike initiativ vert sette saman for å få betre effekt. Eit døme på det er Arvid Hanssen-huset med tre ulike element. Éin del er næringshage, ein annan dokumentasjonssenter for diktaren Arvid Hanssen, og ein tredje er fysisk ramme for Dyrøyseminaret, eit læringssenter.

Dyrøyseminaret vert arrangert annakvart år, og er eit inspirasjonsseminar for folk i Distrikts-Noreg. Ved hjelp av moderne møtefasilitetar, digitalt senter, videokonferanseutstyr og høgfartsbreiband vart seminaret i fjor også overført til deltakarar som var med via nettet. Dyrøy har vore tidleg ute med fibernett til alle husstander og bedrifter i Dyrøy kommune.

3.1.4 Styrking av samfunnsutviklingsarbeid i kommunane

Kommunal- og regionaldepartementet vil ta initiativ til ei satsing for å styrkje arbeidet i kommunane med lokal samfunnsutvikling, og for å styrkje det regionale samarbeidet om støtte til slikt arbeid. Departementet legg vekt på at kommunane har utviklingskompetanse (planlegging, prosessleiing, mobilisering osv.) og kan ta ansvar for eit kontinuerleg arbeid med å vidareutvikle lokalsamfunnet. Det omfattar både næringsutvikling, tenestetilbod, attraktive og gode sentra, møtestader, bustadmiljø og inkludering av tilflyttarar.

Departementet ønskjer å oppnå følgjande resultat:

  • Fleire kommunar er sterke utviklingsaktørar og arbeider kontinuerleg med å byggje opp attraktive lokalsamfunn.

  • Initiativ frå innbyggjarar, bedrifter, entreprenørar, eldsjeler og frivillige organisasjonar er godt integrerte i utviklingsarbeidet.

  • Fylkeskommunane har betre kapasitet til aktivt å styrkje arbeidet med lokalsamfunnsutvikling i kommunane, har oversikt over aktuelle utviklingsprogram og samordnar fagleg og økonomisk støtte til kommunane frå ulike hald.

  • Utnyttinga av verkemiddel til lokale utviklingstiltak er meir effektiv.

Fordi fylkeskommunane er hovudansvarlege for regional utvikling og for samarbeid og dialog med kommunene om lokal samfunnsutvikling, legg departementet opp til at fylkeskommunane skal ha hovudansvaret for gjennomføring av arbeidet. Departementet vil derfor invitere fylkeskommunane til eit samarbeid om å utvikle innhaldet i satsinga i 2009, saman med mellom anna Distriktsentet, KS, Innovasjon Noreg og andre departement, samt NHO og LO. Arbeidet bør starte i 2010 og gå over fleire år for å sikre at det vert etablert gode system for arbeid med lokal samfunnsutvikling lokalt og regionalt.

Satsinga vil vere særleg viktig for små kommunar og små byar og regionale sentra med svak utvikling i folketal og sysselsetjing innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, men bør vere eit utviklingstilbod til alle kommunar med utfordringar når det gjeld utviklingskompetanse.

3.1.5 Fylkeskommunane og Kompetansesenteret for distriktsutvikling som gode støttespelarar for lokal samfunnsutvikling

I arbeidet for å styrkje lokal samfunnsutvikling for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål har fylkeskommunane og Kompetansesenteret for distriktsutvikling eit spesielt ansvar. Dette er nærare drøfta nedanfor. Fylkesmennene har eit særskilt ansvar for å stø opp under rolla til fylkeskommunane som regional utviklingsaktør og medverke til godt samarbeid regionalt. Det er mellom anna knytt til ansvaret for å samordne og formidle statleg politikk overfor kommunane og til sektoransvaret på fleire område. Innovasjon Noreg har eit spesielt ansvar for samarbeid og rådgjeving til kommunar når det gjeld næringsutvikling og næringsretta omstilling, noko som også må vere bygd på godt samarbeid med fylkeskommunane.

Fylkeskommunane

Det breie ansvaret fylkeskommunane har som regional utviklingsaktør inneber mellom anna

  • planlegging for regional utvikling i fylket i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar

  • fordeling og prioritering av distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel i samarbeid med andre aktørar, i lys av utfordringar i fylket og regionale planar

  • rettleiing overfor kommunane i lokal planlegging

  • innsats på sektorområde som infrastruktur og transport, vidaregåande opplæring, kultur og kulturminnevern

For å kunne gjennomføre rolla som regional utviklingsaktør, er fylkeskommunane avhengige av å utvikle gode samarbeidsrelasjonar med kommunar og regionråd, med næringslivet og med regionale statlege aktørar som fylkesmannen, Innovasjon Noreg, utdannings- og FoU-miljø, NAV, Husbanken, Statens vegvesen osb.

Dei særskilde distrikts- og regionalpolitiske verkemidla under Kommunal- og regionaldepartementet skal mellom anna finansiere ulike typar lokalt utviklingsarbeid. Hovuddelen av desse midlane vert overførte til fylkeskommunane. Dei skal prioritere bruken av midlane i høve til lokale og regionale utfordringar i samarbeid med andre aktørar, på grunnlag av regionale planar.

Fylkeskommunane har eit viktig ansvar for å sikre samarbeid om støtte frå regionalt hald. Dette inneber å utvikle system for samarbeid med aktuelle regionale statlege aktørar om initiativ overfor kommunar for å drøfte utfordringar og utviklingsbehov, og prioritering av ressursinnsats for lokal samfunnsutvikling i høve til behov.

Dei regionale utviklingsmidlane skal medverke til å gjere små kommunar og småbyområde i det distriktspolitiske virkeområdet med liten vekst eller nedgang i folketalet mindre sårbare. Desse utfordringane er gjerne samanfallande med svak økonomisk utvikling, stor avstand til større sentra og skeiv kjønnsbalanse.

Kompetansesenter for distriktsutvikling

Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) skal vere ein kunnskaps- og erfaringsbase og støttespelar for heilskapleg og berekraftig lokalsamfunnsutvikling i distrikta. Senteret vart oppretta i 2008 under Kommunal- og regionaldepartementet. Det skal ha ei sjølvstendig rolle og arbeide på tvers av ulike sektorområde. Distriktssenteret har kontor på tre stader: Steinkjer, Sogndal og Alstadhaug.

Distriktssenteret vil forsterke ei rolle i distrikts- og regionalpolitikken som særleg Kommunal- og regionaldepartementet og fylkeskommunane har hatt til no. Arbeidet til Distriktssenteret skal vere til nytte for både lokalsamfunn, eldsjeler og kommunar direkte, og for fylkeskommunar og andre regionale aktørar i deira støttespelararbeid for lokal samfunnsutvikling. I vedtektene står mellom anna dette om rolla og oppgåvene til senteret:

«Senteret skal vera eit knutepunkt for kunnskapsbygging og -formidling innanfor distrikts- og lokalsamfunnsutvikling i brei forstand. Senteret skal medverka til å koordinera og målretta utviklingsinnsats gjennom samarbeid, nettverksbygging og arenaer for å dela kunnskap og spreia erfaringar. Distriktssenteret skal ha følgjande hovudoppgåver:

  • støtta lokale utviklingsinitiativ i brei forstand gjennom mellom anna kunnskapsoverføring, rettleiing og samarbeid med lokale og regionale aktørar

  • henta inn, systematisera og formidla informasjon om lokale prosjekt og vellykka utviklingstiltak i distrikta

  • skaffa og formidla dokumentasjon om utviklingstrekk og utfordringar i distriktsområda

Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på at Distriktssenteret skal ha ei aktiv rolle overfor både omverda generelt og kommunar, fylkeskommunar og andre regionale aktørar spesielt, i formidling av kunnskap og rettleiing om vellykka utviklingsarbeid. Senteret vil ha som særleg viktig oppgåve å sikre kunnskaps- og erfaringsoverføring på tvers av fylke og over tid, slik at prosjekterfaringar ikkje forsvinn når enkeltprosjekt er avslutta. Distriktssenteret skal også ha ei heilskapleg oversikt over kva som kan medverke til positiv måloppnåing innanfor distrikts- og regionalutvikling, og formidle informasjon om «temperaturen» på tilhøva i distrikta.»

Departementet legg vekt på at Distriktssenteret er med på å styrkje og byggje opp under kompetansen til fylkeskommunane og andre regionale aktørar på gode verktøy og metodar for å styrkje lokalt samfunnsutviklingsarbeid. Fylkeskommunane og Distriktssenteret bør samarbeide om ei ansvars- og oppgåvedeling for å skape felles forventningar som dei kan formidle til mellom anna kommunane. Distriktssenteret skal ikkje arbeide direkte med næringsutvikling, men formidle kunnskap om vellykka måtar å leggje til rette for næringsutvikling på som del av lokalsamfunnsutviklinga.

3.2 Initiativ, verktøy og forventningar til lokalt samfunnsutviklingsarbeid

Utfordringar:

  • Sikre gode rammevilkår for lokal berekraftig samfunnsutvikling

  • Utvikle og spreie kunnskap om verktøy og modellar til lokal innsats for samfunnsutvikling

Innsats:

  • Vidareutvikle og informere om rammevilkår, verktøy og modellar for arbeidet med lokal samfunnsutvikling

  • Vidareføre arbeidet med å leggje til rette for omdømmebygging

  • Auke og formidle kunnskap om mottak og integrering av tilflyttarar

Staten og fylkeskommunane stør opp om og styrkjer innsatsen for lokal samfunnsutvikling gjennom økonomiske og juridiske rammevilkår og særskilde program innanfor ulike tema. Staten har også forventningar til at kommunane tek tak i utfordringar på ulike samfunnsområde og legg til rette for dette gjennom økonomiske ressursar, rettleiing og utvikling av metodar og verktøy.

Avsnitta nedanfor presenterer rammevilkår, initiativ, verktøy og forventningar til lokal samfunnsutvikling som er viktige for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål, eller som medverkar til å byggje opp lokal utviklingskompetanse. Fleire næringsretta verdiskapingsprogram og næringsretta omstilling er også knytte til styrking av lokal samfunnsutvikling. Dette er nærare omtalt i kapittel 7.

Dei statlege initiativa, programma og forventningane utgjer eit mangfald av tema som kvar på sin måte er viktige for lokal utvikling eller for å nå nasjonale mål. Samstundes kan mangfaldet av initiativ og forventningar verke massivt for kommunar og lokalsamfunn. Dette krev at statlege verksemder med ansvar for overlappande politikkområde samarbeider godt om utviklingsarbeid, og at fylkeskommunane og regional stat samarbeider nært overfor kommunane om dette i fylka.

3.2.1 Samfunnsplanlegging og mobilisering som verktøy

Program og tiltak som skal styrkje lokal samfunnsutvikling må ha eit heilskapleg grep, på tvers av sektorar og politikkområde. Samfunnsplanlegginga etter plan- og bygningslova er eit viktig verktøy i denne samanhengen. Samstundes bør arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen vere kopla til konkrete utviklingstiltak, mobilisering og arenaskaping i kommunen eller regionen for å auke interessa for lokale utfordringar meir generelt. Føresetnadene for å fremje lokal samfunnsutvikling og for ei vellykka kommunal samfunnsplanlegging er derfor ofte to sider av same sak.

Etter endringane i plan- og bygningslova som nyleg er vedtekne av Stortinget, skal alle kommunar utarbeide ein kommuneplan med eigen samfunnsdel. Denne planen skal konkretisere måla og visjonane til lokalpolitikarane for utviklinga i kommunen. Det står i lova at kommunane bør vurdere alternative utviklingsstrategiar. Arealplanlegginga skal byggje på samfunnsdelen. Kommunedelplanar og sektorplanar skal vere forankra i samfunnsdelen. Samfunnsdelen skal òg gje retningsliner for verksemda i sektorane. Ein godt forankra samfunnsdel kan gje trygge og langsiktige liner i kommuneplanlegginga.

Samfunnsdelen skal fange opp dei omsyna som er viktige for utviklinga av kommunesamfunnet og forvaltninga av arealressursane. Kommunen skal i si planlegging ta omsyn til både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Det inneber at kommunen har ansvar for å forvalte viktige naturressursar som jord, vatn og biologisk mangfald, og ressursane som ligg i landskapet. Dette må liggje til grunn for arbeidet med mellom anna næringsutvikling, stadutvikling og bustadbygging.

Regjeringa legg vekt på at rammene for bruk og vern av areal og arealressursar må tilpassast utfordringane i ulike delar av landet. Dei statlege retningslinene for gjennomføringa av den nasjonale politikken må utformast og praktiserast på ein måte som er tilpassa dei geografiske variasjonane.

Regjeringa føreset at alle kommunar utarbeider ein kommunal planstrategi innan eit år etter kommunestyrevalet. Denne planstrategien skal byggje på dei nasjonale føringane som er gjevne året før. Her er det viktig å drøfte kva konkrete utfordringar kommunane ønskjer å arbeide med i den komande planperioden når det gjeld lokalt samfunnsutviklingsarbeid. Det kan vere alt frå omdømme- og stadutvikling til kultursatsingar eller ekstrainnsats for entreprenørskap og kompetanse i arbeidslivet, der også perspektiv om kjønn og likestilling er inkluderte. Planstrategien skal dessutan syne prioriterte arealplanoppgåver og vurdere behovet for å revidere samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen i planperioden. Plandelen i den nye plan- og bygningslova legg til rette for eit meir fleksibelt system, slik at planlegginga kan tilpassast behovet i den enkelte kommunen.

Det er også lagt opp til at fleire kommunar kan samarbeide om planlegginga. Det vil kunne vere ei viktig plattform for samarbeid i mindre distriktskommunar om felles planar for samfunnsutviklinga, og for utnytting av felles kompetanse og ressursar i planlegginga. Miljøverndepartementet legg vekt på at verktøyet vert teke i bruk som ei forsterking av eksisterande samarbeid.

3.2.2 Samarbeid over kommunegrenser

For kommunar med liten kapasitet og kompetanse innan eit område, kan samarbeid med nabokommunane vere ein nøkkel til å styrkje den lokale samfunnsutviklinga. Lokal samfunnsutvikling bør også ta tak i utfordringane for samanhengande, funksjonelle område som ikkje alltid følgjer kommunegrensene. Interkommunalt samarbeid kan vere nyttig både innanfor arealforvaltning og det næringsretta arbeidet, og for å utvikle infrastrukturen og betre tenestetilbodet i eit større område.

Kommunal- og regionaldepartementet fekk i 2006 gjennomført ei kartlegging av kva utfordringar kommunane har når det gjeld tilgang på fagkompetanse (Agenda utredning og utvikling, 2006). Kartlegginga synte at det var store kompetanseforskjellar mellom kommunane som var med i undersøkinga. Det var ikkje nokon systematisk variasjon knytt til kommunestorleik. Dei minste kommunane har særlege utfordringar, men utanom desse ser sentralitet ut til å ha meir å seie enn storleik. Det kom særleg til uttrykk ved at ein del spesialistkompetanse for tenesteyting i mindre grad var representert i distriktskommunane enn i større regionkommunar. Men dette varierte også avhengig av om det fanst ein utdanningsinstitusjon i nærleiken.

Dei fleste kommunane samarbeider i regionråd med fleire kommunar i ein felles bustad-, service- og arbeidsmarknadsregion. Desse regionråda har ofte eit omfattande og breitt perspektiv for arbeidet sitt. Det er svært utbreitt å samarbeide om støttetenester og tekniske tenester. Hovudmotiva er å redusere kostnader og å effektivisere gjennom felles finansiering av spesialistkompetanse og bygging av fagmiljø. Interkommunalt samarbeid sikrar både at kvaliteten på tenestene er god, og at tenestene ikkje blir for kostbare. Organisasjonsdatabasen for 2008 (NIBR) (førebels versjon) gjev ei oversikt over omfanget og dei ulike typane av interkommunalt samarbeid.

Departementet ser på samarbeid over kommunegrensene som eit godt alternativ til kommunesamanslåing. Arbeidet med samhandlingsreforma for auka samhandling mellom primærhelse­tenesta og spesialisthelsetenesta er eit aktuelt døme på dette, jf. avsnitt 3.2.7 under.

Interkommunalt samarbeid kan likevel gje nokre demokratiske utfordringar. I kommunar som deltek i mange ulike interkommunale samarbeid kan det vere lett å miste oversikta. Ansvaret vert dessutan delt mellom politikarar frå ulike kommunar (og frå ulike politiske parti). Derfor er det vanskelegare for veljarane å vite kven som er ansvarleg for det som vert bestemt i ulike interkommunale samarbeidsorgan (jf. også St.meld. nr. 33 (2007–2008) Eit sterkt lokaldemokrati , s. 111).

I Noreg har vi ei rekkje instrument gjennom lovgivinga som legg til rette for interkommunalt samarbeid. Det gjeld samarbeid etter kommunelova § 27 og vertskommunesamarbeid, anten politisk eller administrativt, etter § 28. Dei nye reglane om vertskommunesamarbeid i kommunelova opnar for å samarbeide om kommunale kjerneoppgåver, det vil seie lovpålagde oppgåver. Samarbeid på tvers av kommunar kan også skje etter lov om interkommunale selskap (IKS-lova), ved å skipe eit aksjeselskap etter aksjeselskapslova eller gjennom stiftingar.

Overføring av erfaringar mellom kommunar om nytten av interkommunalt samarbeid for å fremje lokal samfunnsutvikling er viktig. Kompetansesenter for distriktsutvikling vil kunne spele ei rolle i dette arbeidet.

Forsøk med samkommune

Samstundes med utgreiinga av vertskommunemodellen, utgreidde departementet også den såkalla «samkommunemodellen». Vertskommunemodellen vart vedteken, men framlegg om å lovfeste samkommunemodellen vart utsett fordi ein ønskte fleire erfaringar med modellen gjennom forsøk. Departementet er no i ferd med å vurdere korleis ein skal jobbe vidare med samkommunemodellen.

Samkommunemodellen som departementet skisserte i høyringsnotatet i 2005, er særleg tilpassa tilfelle der fleire kommunar ønskjer å samarbeide om fleire og tunge oppgåver og å forplikte seg i større grad enn det vertskommunemodellen legg opp til. Modellen inneber at det vert oppretta eit eige, sjølvstendig organ, samkommunen, med eit samkommunestyre på toppen, vald av og mellom kommunestyremedlemmene i kvar einskild kommune. Samkommunen skal vere eit sjølvstendig rettssubjekt og ha sin eigen administrasjon med personar tilsette i samkommunen, ikkje i dei einskilde kommunane. Samkommunen kan opprette underliggjande politiske utval, og må mellom anna ha eiga klagenemnd og eige kontrollutval. Modellen «frikoplar» verksemda i samkommunen frå samarbeidskommunane i større grad enn i eit vertskommunesamarbeid, og kommunane skal presumptivt overføre store og tunge område til eit organ utanfor kommunen. Det er derfor naudsynt med ein viss struktur og overbygning på organiseringa for å sørgje for viktige omsyn knytt mellom anna til rettstryggleiken til innbyggjarane, og kontroll og tilsyn.

Levanger og Verdal kommunar i Nord-Trøndelag har prøvd ut ein eigen modell sidan 1. januar 2004 (Innherred samkommune). Våren 2009 mottok Kommunal- og regionaldepartementet søknad også frå kommunane Namsos, Namdalseid, Overhalla og Fosnes. Ved handsaming av søknader er departementet særleg oppteken av kor mange kommunar som deltek i samarbeidet, og at samkommunen har tyngde og breidde i oppgåveporteføljen. Departementet ser det også som viktig å få prøvd ut samkommunen som eit sjølvstendig rettssubjekt med direkte ansvar for administrativt tilsett personell til å ivareta dei oppgåvene samkommunen er pålagt.

3.2.3 Kommunane som førsteline for næringsutvikling og kommunale næringsfond

I distrikts- og regionalpolitikken er næringsutvikling sentralt for tilgang på attraktive arbeidsplassar og utnytting av ressursane i alle delar av landet. Kommunane har fleire roller som er viktige for å fremje næringsutvikling. Ei av desse rollene er å drive aktivt næringsutviklingsarbeid overfor entreprenørar og bedrifter.

Mindre kommunar vil ofte ha mindre ressursar å spele på enn større kommunar i arbeidet med næringsutvikling. Kommunal- og regionaldepartementet legg derfor opp til at fylkeskommunane skal fordele midlar til kommunale næringsfond til næringssvake kommunar. I budsjettet for 2009 er dette berekna til å utgjere 145 millionar kroner. Midlane skal gjere kommunane i stand til å leggje til rette for auka vekst, verdiskaping og sysselsetjing bygd på lokale fortrinn og potensial. Departementet legg opp til at fylkeskommunane skal auke tildelinga til kommunale næringsfond vidare i takt med eventuelle aukar i dei regionale utviklingsmidlane til fylkeskommunane.

Interkommunalt samarbeid om lokal næringsutvikling er ofte naudsynt for å få tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse og gode løysingar for brukarane. Dei gode døma på lokal næringsutvikling har særleg kome der lokale aktørar har eit breitt sett av verkemiddel. Det kan gjelde alt frå koplingstenester opp mot det regionale verkemiddelapparatet, rådgjeving og økonomisk støtte til lokale motiverings- og mobiliseringstiltak. Dette kan vere svært vanskeleg å få til i små kommunar.

Erfaringar tilseier at det er behov for å formidle døme på godt arbeid lokalt, og for å avklare ansvar og roller mellom kommunane som førsteline og verkemiddelapparatet. Dette er bakgrunnen for det særskilde programmet «Kommunane som førsteline for næringsutvikling».

Kommunane som førsteline for næringsutvikling

Fleire departement har gått saman om eit prosjekt for ei systematisk utvikling av kommunane sitt arbeid med entreprenørskap og småskala næringsutvikling. Utgangspunktet for initiativet er behovet for eit lokalt apparat som pådrivar for entreprenørskap og mobilisering nedanfrå, bygd på lokal kunnskap og nærleik til bedrifter og etablerarar i tidlege fasar. Utviklingsprosjektet er bygd på dei positive erfaringane frå pilotprosjektet «Kommunane som førsteline for småskala næringsutvikling». Målet med arbeidet er å gjere kommunane til betre støttespelarar for entreprenørar og lokalt næringsliv. Eit viktig delmål med arbeidet er å vidareutvikle samhandlinga mellom det regionale og det lokale nivået i arbeidet med næringsutvikling.

Førstelinetenestene på lokalt nivå kan vere knytte til

næringsservice:

  • eit første, nært kontaktpunkt i tidleg fase for entreprenørar og bedrifter med nyskapingsidear

  • samtalepartnar/rettleiar for foredling og utvikling av forretningsidear

  • finansiering i tidleg fase frå kommunale næringsfond

koplingstenester:

  • avklare vidare steg for etablerarar eller bedrifter med forretningsutviklingsplanar

  • rettleiing om høve for finansiering og fagleg assistanse frå andre verkemiddelapparat og kontaktformidling til slike

  • informasjon om og kontaktformidling til aktuelle lokale nettverk og relevante samarbeidspartnarar/kompetansemiljø

mobilisering:

  • tilbod om kompetanse og andre utviklingstiltak i næringslivet eller hos gründerar

Utviklingsarbeidet skjer i form av samarbeid, rådgjeving og utvikling av avtalar mellom kommunar og regionale aktørar. Innovasjon Noreg er operatør for arbeidet i samarbeid med KS. I kvart fylke vert det arbeidd med å få etablert ein partnarskap mellom fylkeskommunane, regionkontora til Innovasjon Noreg og fylkesmannen for å få avklart oppfølginga av prosjektet overfor kommunane.

Prosjektet er støtta av Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Ambisjonen er å utvikle eit tilbod til dei kommunane som ønskjer det, i alle fylka i landet. Den første delen av arbeidet skal vare ut 2010. Neste fase vil verte vurdert då.

3.2.4 Samvirke som organisasjonsform

Den nye samvirkelova legg til rette for at fleire kan ta i bruk samvirkeforma. Samvirke er ei organisasjonsform som eignar seg innanfor store delar av nærings- og samfunnslivet. Å organisere eit føretak som samvirke kan medverke til å løyse samfunnsoppgåver på ein god måte når

  • det skal vere enkelt og billeg å etablere føretaket

  • langsiktig og trygg eigarskap er viktig

  • målet er brukarnytte heller enn kapitalavkastning

Samvirke er særleg aktuelt i område med lågt folketal der marknadskreftene verkar dårleg, og der lokalsamfunn ønskjer å samarbeide om å få eit tenestetilbod på plass. Samvirkeforma er mykje nytta for private barnehagar. Andre døme er ulike lokale tenester, bilkollektiv, vassverk, samfunnshus, golfklubbar, småbåtlag, nærradioar, assistenttenester for funksjonshemma og mange brukarstyrte verksemder.

Samvirkeforma er likevel svært lite nytta av nystarta føretak. I 2004 vart berre 0,5 % av alle nystarta føretak organiserte som samvirke. Dette kan kome av at samvirkeforma er lite kjend og synleg for mindre føretak. I Noreg har vi derimot fleire store og veletablerte samvirkeorganisasjonar, som landbrukssamvirket, bustadsamvirket og forbrukarsamvirket. For meir informasjon om samvirke, sjå www.samvirke.org.

3.2.5 Heilskapleg stadutvikling

Regjeringa ser på utviklinga av attraktive stader å bu og leve i som eit sentralt verkemiddel for tilflytting og busetjing. Stadutvikling bør vere ein del av regionale utviklingsstrategiar på line med andre tiltak for å styrkje lokal samfunnsutvikling. Dette er særleg viktig i mindre regionale sentra for å gjere dei attraktive for unge i etableringsfasen.

Stadutvikling handlar om prosessar og tiltak som med utgangspunkt i den fysiske staden skal auke opplevinga av attraktivitet. Det handlar om metodar for å utvikle lokalsamfunnet i samspelet mellom fysiske omgjevnader, møteplassar og sosialt miljø, kultur, samferdsel og næringsutvikling, gode bustader og betring av dei fysiske omgjevnadene. Det handlar òg om byggjeskikk som femner om både estetikk, fysisk og sosialt livsmiljø, ressursbruk, energi og universell utforming.

Gode stadutviklingsprosessar krev mobilisering, medverknad og dialog med både innbyggjarar, næringsliv og utbyggjarinteresser. Arbeidet med stadutvikling er derfor overlappande med samfunnsplanlegging og andre typar lokalsamfunnsarbeid som inneber breie samordningsprosessar og mobilisering av lokale ressursar.

Over fleire tiår er det gjennomført ei rad statlege og regionale initiativ for å stimulere ulike sider ved stadutvikling. Miljøverndepartementet har vore ein viktig pådrivar for dette arbeidet, i nært samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet. Programmet «Miljøvennlige og attraktive tettsteder i distriktene» (2001–2005) gav kunnskap om metodar og verktøy og la grunnlag for eksempelsamlingar som har vore nyttige i arbeidet med stadutvikling.

Erfaringane tilseier at det er behov for å stø kommunane både fagleg og økonomisk for å få til gode stadutviklingsprosessar. Ei undersøking frå NIBR på fylkesnivå syner at mange kommunar har liten kapasitet eller kompetanse på området. Det gjeld både metodar og verktøy knytte til planlegging, prosjektgjennomføring, mobilisering og bestilling av oppdrag hos private tilbydarar (NIBR 2008).

Mange offentlege aktørar både nasjonalt og regionalt har mål, kompetanse og verkemiddel som er relevante for stadutvikling. Det tilseier at det er behov for å sjå økonomiske og faglege ressursar i samanheng på tvers av sektor- og forvaltningsgrenser for å få brukarorientert rettleiing og utviklingsarbeid.

Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på at fylkeskommunane vidareutviklar si rolle for å sikre eit godt regionalt samarbeid om stadutvikling overfor kommunane. Det inneber både avklaring av behov og samordning av økonomisk og fagleg støtte frå fylkeskommunen og regionale statlege aktørar, og kopling mellom overlappande utviklingsarbeid. Hedmark og Hordaland har organisert eigne ressursgrupper for samarbeid om stadutvikling. Det kan vere ein god modell også for andre fylkeskommunar.

Distriktssenteret vil medverke til å spreie kunnskap om gode stadutviklingsprosjekt, som kunnskapsbank og erfaringsformidlar for lokalt samfunnsutviklingsarbeid.

Bustadutvikling kan vere ein vesentleg del av stadutviklingsarbeidet. Husbanken har dei tre siste åra hatt ansvar for eit særskilt program kalla «Bulyst og engasjement på småstader og tettstader», jf. boks 3.5. Husbanken har også erfaringar frå arbeidet med områdeutvikling i Groruddalen. Erfaringane syner at Husbanken kan tilføre viktig kunnskap og gode råd i stadutviklingsprosessar, til dømes om korleis ein kommune/bydel kan tilnærme seg ei geografisk satsing i område med særlege levekårsutfordringar og behov for fysisk opprusting. Etter at Statens byggjeskikkutval vart nedlagt i år 2000, fekk Husbanken også rolla som nasjonalt kompetansesenter for god byggjeskikk retta mot heile det bygde miljøet, ikkje berre bustader og bumiljø. Denne rolla skal Husbanken vidareføre og utvikle.

Dei regionale kontora til Husbanken har eit godt utgangspunkt for å styrkje arbeidet med stadutvikling, med si lokale kontaktflate til kommunane og næringslivet. Kunnskapsformidling og kompetanseoppbygging i samarbeid med kommunane er viktig, med særleg vekt på gode planleggingsprosessar. Konkurransar, forsøk og pilotprosjekt for nye og eksisterande bygg, bumiljø og stader er òg oppgåver som Husbanken skal stimulere til.

I arbeidet med byggjeskikk og stadutvikling skal Husbanken samarbeide med andre statlege aktørar og fylkeskommunane om initiativ og oppgåver. Stadutviklingsinnsatsen til Husbanken bør skje i samarbeid og dialog med fylkeskommunane om behov og utfordringar i ulike kommunar. Husbanken bør sjå sitt arbeid med stadutvikling i samanheng med rådgjeving overfor kommunane om mellom anna bustadpolitikk i kommuneplanlegginga.

Boks 3.5 BLEST – Bulyst og engasjement på småstader og tettstader

I 2006 sette Kommunal- og regionaldepartementet i gang det fireårige stadutviklingsprogrammet BLEST – Bulyst og engasjement på småstader og tettstader – i samarbeid med Husbanken. Målet med programmet er å synleggjere og stø opp under gode stadutviklingsprosjekt i sentra på opptil 15 000 innbyggjarar. Viktige delmål har vore å setje stadutvikling på dagsordenen, og å spreie dei gode erfaringane slik at fleire kan få nytte av dei.

Erfaringane frå BLEST så langt syner at stadene og kommunane har stor nytte av inspirasjon utanfrå. Gode døme på dette er stadutviklingsstudiar og avgrensa og målretta studiar for å kartleggje potensialet på ein stad. BLEST-prosjekta har ført til stort engasjement blant ordførarar, lokalpolitikarar og innbyggjarar. Erfaringane syner også kor viktig det er å jobbe systematisk med å utvikle kompetanse, særleg i prosjekt- og prosessleiing i kommunen. Husbanken gjennomfører fleire nettverkssamlingar for prosjekta som er med i BLEST-programmet. Målet er å overføre erfaringar og kunnskap mellom prosjekta. Erfaringar frå BLEST og resultata frå følgjeevalueringa av programmet vert tilgjengelege på nettsidene www.stedsutvikling.no.

Boks 3.6 Iveland – bustader og sentrumsutvikling

Iveland med om lag 1200 innbyggjarar var eitt av pilotprosjekta under Husbanken sitt program for stadutvikling, BLEST. Iveland har lagt stor vekt på brukarmedverknad for å finne ut kva folk i Iveland ønskjer å få ut av staden. Kommunen har hatt fokus både på ønska frå dei unge og historiekunnskapane til dei eldre. Ei gruppe på 22 elevar frå femte til tiande klasse valde stadutvikling som fag, i samarbeid med Husbanken. Av desse var 13 elevar frivillig med på ein sommarskule og lagde idéar til korleis tettstaden Birketveit skal sjå ut i framtida. Ungdommen sine idear til tiltak er kopla med idéskisser frå fagfolk.

Vassspegelen er blant dei visjonære ideane som er fødde. Dette handlar om å endre det visuelle inntrykket av kommunesenteret Birketveit frå asfalt til vatn, og få ein ny møteplass med aktivitetar både sommar og vinter. Ein prosjektkonkurranse for utvikling av ein landsby på Birketveit med 20-30 nye bueiningar er no under arbeid. I dialog med tomteeigarane har kommunen kome fram til ein sams byggjeskikk for vidare utbygging på Birketveit. Iveland har i perioden 2005-2008 også vore med i eit prosjekt under Landbruks- og matdepartementet for styrkt busetjing i kommunen. Til saman har desse prosjekta medverka til å gje Iveland eit betre grunnlag for å møte framtida.

Samarbeid på sentralt hald

Forum for stadutvikling er sett saman av Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Husbanken, Riksantikvaren og Norsk Form. Forumet har som mål å styrkje samarbeidet nasjonalt og regionalt og medverke til å betre kompetansen i kommunane gjennom å spreie erfaringar og kunnskap. Forumet medverkar mellom anna med fagleg og økonomisk støtte til gjennomføring av 3–5 regionale konferansar for kommunane kvart år. Konferansane er eit samarbeid med fylka. Forumet samarbeider også om den nye nettstaden www.stedsutvikling.no, som vart etablert av Miljøverndepartementet i desember 2008.

Miljøverndepartementet har sidan 1992 årleg arrangert ein eigen landskonferanse for stadutvikling, i samarbeid med eit nettverk av tilsette i fylkeskommunane. Målet er å spreie kunnskap om stadutvikling og å betre samarbeidet regionalt og på tvers av forvaltningsnivå og sektorar. Hovudmålgruppa er regionale og nasjonale institusjonar som er viktige for arbeidet med stadutvikling. Miljøverndepartementet vil samarbeide med Forum for stadutvikling og andre statlege aktørar for å vidareutvikle og skape breiare oppslutning om konferansen.

3.2.6 Omdømme- og identitetsbygging

Bulystrådet peikte i sin sluttrapport på at distriktskommunar ofte har eit dårlegare omdømme enn det dei fortener, og at dei i for liten grad fokuserer på potensiala som ligg i å bu i kommunen. Kommunal- og regionaldepartementet tok tak i denne utfordringa, og har det siste året gjennomført eit utviklingsarbeid for såkalla omdømmebygging i kommunar.

Kommunane har gjennomgåande låg kompetanse i omdømmearbeid som går på profilering og marknadsføring. Departementet har hatt som mål å medverke til å utvikle og informere om praktiske metodar i slikt arbeid. I tillegg ønskte departementet å setje omdømmearbeid på den politiske dagsordenen, både nasjonalt og lokalt.

Å arbeide med omdømme i ein kommune eller eit område er ei samansett oppgåve. Arbeidet må vere godt forankra i lokalsamfunnet og byggje på vurderingar av kva ein skal framheve, kven som skal vere målgruppe og form og innhald i kommunikasjonen. Eit bygdeimage må vere spissa nok til at det er synleg, men inkluderande nok til at mange kjenner seg heime i det.

I utviklingsarbeidet har Kommunal- og regionaldepartementet så langt gjennomført to konkrete tiltak:

  • Ein omdømmeskule der representantar for 15 kommunar og ein region har vore med. Responsen frå deltakarane i pilotprosjektet var svært god. Talet på søknader synte at det er stor interesse og stort behov for eit slikt tilbod.

  • Det er oppretta ei eiga nettside, www.regjeringa.no/ry som skal auke kompetansen, gje inspirasjon og syne gode døme på vellykka omdømmeprosessar.

Departementet vil i dialog med Kompetansesenter for distriktsutvikling vurdere korleis resultat frå desse tiltaka skal vidareførast. Distriktssenteret skal overføre kunnskap til kommunane om aktuelle metodar og verktøy for lokal utvikling, inklusiv omdømmearbeid. Departementet vil i denne samanhengen samarbeide spesielt med Distriktssenteret og fylkeskommunane om ein «inspirasjonsturne» for omdømmearbeid, knytt til satsinga på styrking av lokal samfunnsutvikling.

Departementet vil også vurdere å medverke til å utvikle ein felles profileringsportal på Internett for norske kommunar.

3.2.7 Utvikling av tenester

Gode lokale tenestetilbod er heilt sentralt for attraktiviteten til ein stad. Det gjeld først og fremst kommunale tenester, men også private og statlege tenester. Kommunane har direkte ansvar for mange tenester. I tillegg har kommunane eit ansvar for å medverke til gode løysingar på andre område i samarbeid med lokalsamfunn og private, fylkeskommunale eller statlege aktørar, jf. avsnitt 3.2.8 under om vidareutvikling av utkantbutikkar.

Lokale tenester for omsorg, helse og skule

Mykje av innhaldet i dei kommunale tenestene er styrt av nasjonale reglar, og inntektssystemet skal sikre at kommunane kan gje eit likeverdig tilbod. Kommunane har eit viktig ansvar i det å prioritere fordeling av midlar til drift av tenester. I tillegg har dei eit stort utviklingsansvar for å sikre gode rammevilkår for tenestetilbodet. Det gjeld både tilgangen på spesialisert personell, strukturen på og lokaliseringa av tenestetilbod og samarbeidet med andre offentlege aktørar om gråsoner i ansvaret for tenester.

Kommunane må sjå utviklinga av tenestetilbod og lokalsamfunn i samanheng med nye utviklingstrekk i samfunnet. Til dømes vil dei demografiske endringane med sterk vekst i talet på eldre og relativt ressurssterke seniorgenerasjonar, stille store krav til utvikling av «aldersvennlege» lokalsamfunn med betre tilpassing og større grad av universell utforming. Samstundes står samfunnet overfor krevjande omsorgsutfordringar dei neste tiåra. I St.meld. nr. 25 (2005–2006) Mestring, muligheter og mening peiker regjeringa på at desse utfordringane ikkje vert løyste av helse- og sosialtenesta aleine. Innanfor ramma av eit offentleg ansvar må utfordringane involvere dei fleste samfunnssektorane. Utfordringane må også innebere å stø og utvikle det frivillige engasjementet frå familie og lokalsamfunn, organisasjonar og bedrifter.

«Inn på tunet» er eit døme på samarbeid mellom kommunane og landbruksnæringa om utvikling av tenestetilbod på gardsbruk innanfor utdannings-, helse-, omsorgs- og sosialområdet, jf. også omtale i kapittel 7.6.

Innanfor helsetenesteområdet har kommunane fleire utfordringar som krev utviklingsinitiativ utover drift av sektoren, som

  • tilgang på helsepersonell

  • legevakttenester

  • samarbeid og overlapping mellom primærhelse- og spesialisthelsetenesta

  • oversikt over helsetilhøva og faktorar som påverkar helsa

  • førebyggjande helsetenester, mellom anna lågterskeltilbod

  • samarbeid mellom helsetenesta og andre sektorar, jf. mellom anna at helseomsyn vert vurdert i planprosessar

Særleg for små kommunar med lågt folketal er løysinga på desse utfordringane som regel å finne i samarbeid over kommunegrensene. Det er òg viktig å samarbeide med helseføretaka som har ansvar for spesialisthelsetenestene. Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet legg stor vekt på at kommunane er aktive i å søkje samarbeid for å møte utfordringane i helsesektoren når det gjeld å sikre eit godt tilbod til innbyggjarane.

I kapittel 5.8 vert behovet for samhandling mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta understreka som avgjerande for å sikre at desse tenestene fungerer som ei samanhengande kjede. Det er også ønskjeleg med samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta om såkalla distriktsmedisinske sentra som skal gje tilbod til innbyggjarane utanfor sjukehusa.

Grunnopplæringa utgjer ein viktig del av tenestene i kommunane. Skulane er også ofte viktige møteplassar for frivillig arbeid og kulturaktivitetar, særleg i mindre grendesamfunn. Utviklinga i skulestrukturen er eit kommunalt ansvar. Kommunane må vurdere strukturen ut frå lokale behov og prioritering av lokale ressursar. Regjeringa har som mål at kommunane skal kunne velje ein desentralisert skulestruktur.

3.2.8 Vidareutvikling av utkantbutikkar – MERKUR

I område med spreidd busetnad kan det vere vanskeleg å halde oppe grunnleggjande private daglege tenestetilbod på grunn av eit tynt marknadsgrunnlag. Kombinasjonen av betre mobilitet gjennom betre vegar, god privatøkonomi og utvikling av mindre og større handelssentra har også medverka til å svekkje grunnlaget for lokale tenester.

Samstundes vert butikken i slike område ein sentral leverandør av andre tenester enn berre sal av daglegvarer. Lokalbutikken utgjer også ein møtestad på mange mindre stader. Dersom lokalbutikken sviktar, forsvinn også ein viktig del av grunnlaget for busetnaden. Det råkar særleg eldre og unge med liten tilgang på transport.

Grunnlaget for å drive lokalbutikk må i utgangspunktet vere basert på dei inntektene salet av varer gjev. Samstundes kan kommunane ha ei sentral rolle i å leggje til rette for å oppretthalde lokalbutikkar gjennom samarbeid med lokalsamfunn og fylke om mobilisering og felles tiltak for å styrkje lokalbutikken, jf. boks 3.7. I tillegg kan inntekter frå kommunale lokalsamfunnsretta tenester medverke til at også tilbod om daglegvarer vert oppretthalden. Kommunane kan også påverke inntektene indirekte gjennom tilrettelegging av bustad- og hytteområde osv.

Kommunal- og regionaldepartementet medverkar til å styrkje grunnlaget for daglegvarebutikkar gjennom «Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar» (MERKUR). Programmet fokuserer på kompetansebygging for å gjere utkantbutikkane meir attraktive og konkurransedyktige. Programmet har som mål å styrkje den butikkfaglege kompetansen og butikken si stilling i lokalsamfunnet. Ein viktig del av MERKUR sitt arbeid er å få ulike tilleggsoppgåver til butikkane, slik som Post i butikk, tipping, reiselivsrelaterte tenester og ulike offentlege tenester. I St.meld. nr. 21 (2005–2006) Hjarte for heile landet vart det lagt fram ei evaluering som synte at programmet har gode resultat, og at butikkane som er med i programmet opplever ei betring av servicetilbodet.

På mange mindre stader står også bensintilbodet i fare. Departementet ønskjer å sjå på korleis erfaringane frå MERKUR sitt arbeid med å utvide tenestetilbodet kan kome bensintilbydarar til gode.

Kommunal- og regionaldepartementet gjev i tillegg midlar til ei eiga utviklingsstøtte til dei mest marginale utkantbutikkane. Denne vert også forvalta gjennom MERKUR-programmet. Departementet legg opp til å vidareføre MERKUR-programmet og utviklingsstøtta. Det er i fleire samanhengar uttrykt behov for midlar til utkantbutikkar for at dei skal kunne gjere naudsynte fornyingar. Departementet vil sjå nærare på korleis ein kan møte eit slikt behov, mellom anna ved å trekkje på erfaringane frå Agder-fylka der bygdefolk, kommunar, fylkeskommunar og utvik­lingstilskot frå MERKUR saman har medverka til å skaffe midlar til utkantbutikkane (sjå boks 3.7).

Frå 2007 har Kommunal- og regionaldepartementet gjeve midlar til eit toårig prøveprosjekt for eit kompetanseprogram for bokhandlarar i distrikta, etter modell av MERKUR-programmet. I regi av programmet er det utvikla eit kursopplegg, og dei første regionale kursa er starta opp. Departementet vil vurdere eventuell vidareføring av kursopplegget etter prøveprosjektet.

Boks 3.7 Utvikling av utkantbutikkar i Agder

Satsinga til fylkeskommunane i Agder på daglegvarebutikkar byggjer på gjennomføring av MERKUR-programmet og støtte til ein varehandelskonsulent. Det er også gjennomført omfattande bygdemobilisering og haldningsendringar. Dette er slikt som verkar over tid, men ein ser alt no at det er generert mykje midlar til finansiering av distriktsbutikkar. Det siste året har bygdefolket sjølv, kommunar, fylkeskommunar og MERKUR utviklingstilskot medverka til å skaffe over 4,3 millionar kroner. Eit anna teikn på at arbeidet har vore vellykka, er at det i dag er 14 bygdeåtte butikkar i Agder-fylka. Konkrete tiltak i butikkane er gjennomførte, som kurs i handtering av frukt og grønt for å få mindre svinn og å skaffe kapital til investeringar i omnar slik at ein kan steikje brød i butikken.

Dei to fylkeskommunane har løyvd 150 000 kroner kvar til prosjektet årleg og har i stor grad overlate oppfølginga til daglegvarekonsulenten. Resultatet frå satsinga er mellom anna at berre éin distriktsbutikk er forsvunnen frå Agder-fylka i løpet av dei siste fem åra.

Kjelde: Oxford 2009

3.2.9 Mottaking og inkludering av innvandrarar og tilflyttarar

I område med reduksjon i folketalet kan lokale initiativ retta direkte mot innflyttarar og potensielle tilflyttarar spele ei sentral rolle for å auke tilflyttinga. Vi har fleire døme på tilflyttingsprosjekt i samarbeid mellom kommunar i eit område, retta mot utflytta unge eller mot innbyggjarar i større byområde. Ein del kommunar har også leigd inn bistand i samband med målretta arbeid for tilflytting frå land i Europa, særleg Nederland.

Erfaringane tilseier at det ikkje er nok å få folk til å flytte til eit område. Det er også viktig å arbeide aktivt med inkludering for å unngå at dei som flyttar til ein kommune, flyttar ut igjen etter kort tid. Sjå boks 3.8 om erfaringar frå Fjellregionen i Hedmark og Sør-Trøndelag. Utfordringane med integrering gjeld både for nordmenn og for innvandrarar frå andre land. Integrering av unge utan barn har synt seg å vere ei særleg utfordring.

Kommunal- og regionaldepartementet vil som nemnt i kapittel 3.1 setje i gang eit program for å stimulere bulyst i distriktsområde, med midlar til lokale og regionale utviklingstiltak. Dette skal mellom anna stimulere til nye møteplassar og vidareutvikle kunnskapen om kva faktorar som er viktige når ein skal inkludere tilflyttarar og leggje til rette for at både busette og tilflyttarar vert buande.

Boks 3.8 Viktig med oppfølging av tilflyttarar

Erfaringar frå Flytt hit-prosjektet i Hedmark syner at ein må arbeide aktivt for å unngå at dei som flyttar til ein kommune, flyttar ut igjen etter kort tid. I ein erfaringsrapport frå Fjellregionen i Hedmark og Sør-Trøndelag går det fram at det første året er ein kritisk fase. Dersom folk ikkje er integrerte innan eitt år, har dei lett for å flytte.

Det er mange grunnar til at tilflyttarar vert utflyttarar. Rapporten peiker på mangel på attraktive jobbar, innslag av dårleg servicenivå i kommunane, få møteplassar, smalt nettverk og for få venner. Det er ein tendens til at barnefamiliane trivst litt betre enn dei som ikkje har barn. Single eller par utan barn opplyser at dei saknar uformelle møteplassar og at bygdefolk tek kontakt.

Som ei oppfølging av desse erfaringane har Fjellregionen i Hedmark og Sør-Trøndelag oppretta ei eiga fadderordning for tilflyttarar. Ordninga skal syte for at dei får informasjon og oppfølging.

Initiativ for å auke tilflyttinga til eit område, eignar seg godt for samarbeid mellom fleire kommunar som dannar felles eller overlappande bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det gjer at ein kan gå ut med eit breiare «tilbod» til potensielle tilflyttarar, og at eit prosjekt kan få større samla ressursar. I tillegg kan slike felles initiativ styrkje samarbeidet i regionen også på andre område.

I tillegg til norske tilflyttarar utgjer følgjande tre grupper av tilflyttarar frå utlandet eit stort potensial for tilflytting til ulike delar av landet:

  • arbeidarar frå andre land i Europa

  • flyktningar som har fått opphaldsløyve

  • familieetableringar eller familiesamanslutning

Dette er grupper som bør vere viktige målgrupper for kommunane når det gjeld busetjing av nye innbyggjarar. Dei utgjer også ein stor del av folketilveksten i landet. Kvar dei buset seg, vil derfor kunne påverke balansen i busetnadsmønsteret på lengre sikt. Kommunal- og regionaldepartementet legg stor vekt på at tilflyttarar frå utlandet skal takast godt imot der dei vel å busetje seg.

Mindre kommunar kan ha ein fordel i å integrere tilflyttarar frå utlandet ved at det er lett å engasjere lokalsamfunn og det sivile samfunnet i å ta imot tilflyttarar. På den andre sida kan dei ha utfordringar når det gjeld tilgang på arbeid og på ­kapasitet i språkopplæring. Dette understrekar nytten av interkommunalt samarbeid om tilflyttingsprosjekt.

Frivillige organisasjonar er viktige arenaer for inkludering og integrering av innvandrarar. Kultur- og kyrkjedepartementet har løyvd midlar til å prøve ut modellar for å auke deltakinga i kulturtiltak og organisasjonar frå grupper som er underrepresenterte, mellom anna gjennom å styrkje biblioteket som møteplass og samspelpartnar med lag og skular.

Etter busetjingsordninga frå 2002 skal flyktningane verte busette i ein kommune som best mogleg passar bakgrunnen, kompetansen og behovet deira. Busetjinga skal også vere så arbeidsretta som mogleg. IMDi hjelper kommunane med informasjon om dei enkelte nasjonalitetsgruppene. Dei informerer også kommunane om spesielle behov dei enkelte flyktningane måtte ha. Busetjing skjer i dag anten ved at IMDis regionale kontor finn ein eigna kommune til busetjingsklare flyktningar, eller ved at flyktningen sjølv i samarbeid med tilsette på mottaket kontaktar aktuelle kommunar.

Staten legg eit solid grunnlag for arbeidet med integrering av flyktningar i kommunar. Integreringstilskotet og tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap er den viktigaste reiskapen. Integreringstilskotet er frå 1. juni 2008 på litt over 500 000 kroner per person fordelt på fem år, og opplæringstilskotet er i 2008 på i underkant av 100 000 kroner over fem år. I tillegg kan kommunane få lån og tilskot frå Husbanken til å etablere kommunale utleigebustader. Alle flyktningar som får introduksjonsstøtte, kan også ­søkje om bustøtte. Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar er samansett av Husbanken, IMDi, UDI, fylkesmennene og KS. Utvalet samarbeider om informasjon og kompetansehevande tiltak retta mot kommunane om god bruk av verke­midla.

Kommunal- og regionaldepartementet, IMDi og Kompetansesenter for distriktsutvikling vil også samarbeide om å vidareutvikle informasjonen til kommunar og regionale samarbeidsprosjekt om integrering av tilflyttarar frå utlandet. Informasjonen skal særleg vektleggje det å engasjere sivilsamfunnet og frivillige organisasjonar.

Boks 3.9 Vadsø årets busetjingskommune i 2008

Vadsø vart kåra til den beste busetjingskommunen i 2008 under Flyktningkonferansen i Bergen 10. juni. Om vinnaren uttalte juryen mellom anna:

  • Alle er velkomne i Vadsø. Kommunen har tatt imot mange flyktningar frå ei rekkje nasjonalitetar og med ulike behov, herunder barn som er aleine i Noreg.

  • Meir enn 4 av 5 av deltakarane i introduksjonsprogram går over i arbeid eller utdanning ved avslutta program. Kommunen har eit godt samarbeid med næringslivet om praksisplassar, og planlegg samarbeid med ein nabokommune om arbeidsplassar.

  • Norskopplæringa i kommunen får gode resultat.

  • Kommunen nyttar startlån aktivt slik at flyktningar kan kjøpe eigen bustad.

  • Kommunen satsar aktivt på meiningsfull fritid.

  • Kommunen har evne til å følgje opp sine nye innbyggjarar. Ved fast arbeid i annan kommune gjev Vadsø støtte til etablering i den nye kommunen.

Busetjingsprisen 2008 vart delt ut av IMDi. Målet er å skape positiv merksemd om busetjing av flyktningar som ei viktig samfunnsoppgåve. Dei andre 11 nominerte kommunane var Harstad, Drammen, Gran/Lunner, Arendal, Sauherad, Bærum, Oppegård, Trondheim, Levanger, Bømlo og Haugesund.

3.2.10 Livskraftige kommunar

Miljøverndepartementet og KS har inngått ein femårig samarbeidsavtale om programmet «Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling». I programmet kan kommunar jobbe systematisk og kreativt med miljø- og samfunnsutvikling i nettverk med andre kommunar. Programperioden går over 5 år frå 2006 til utgangen av 2010. Målet er å få med inntil 200 kommunar. Ved utgangen av 2008 var om lag 190 deltakarkommunar med, fordelte på 35 nettverk.

KS har tilsett rådgjevarar knytte til dei regionale einingane sine for å etablere og drive kommunenettverka. Det gjeld mellom anna prosessleiing, formidling av metodar, verktøy og arbeidsformer. Rådgjevarane skal også trekkje inn ressursmiljø og styresmakter regionalt og nasjonalt etter behov. Fylkesmennene har ei miljøfagleg rettleiarrolle og skal vere støttepartnarar for kommunane. Prosjektet vert òg sett i samanheng med det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet, jf. samarbeidsavtalen mellom KS og Landbruks- og matdepartementet.

Formåla til nettverka er innanfor områda ­miljø- og samfunnsutvikling å

  • utvikle ein offensiv politikk i deltakarkommunane, i nært samarbeid med innbyggjarar, frivillige organisasjonar, næringsliv, regionale og statlege styresmakter

  • styrkje kommunane sin kompetanse

  • utvikle og ta i bruk verktøy og arbeidsformer som støttar det lokale arbeidet

  • skaffe nasjonale indikasjonar for utviklinga i kommunane

  • gje grunnlag for å vidareutvikle statlege rammevilkår og verkemiddel for det lokale arbeidet

Med utgangspunkt i lokale tilhøve og prioriteringar arbeider nettverka med minst to tema som speglar viktige nasjonale og lokale utfordringar:

  • klima og energi

  • viktige arealpolitiske omsyn

  • friluftsliv, folkehelse og livskvalitet

  • samarbeid med lokalsamfunn i Sør og Aust

  • framtidsretta produksjon og forbruk og miljøbasert næringsutvikling

  • kulturarven som grunnlag for nærings- og samfunnsutvikling

3.2.11 Lokal bustadpolitikk

Tilgang på bustad er ein grunnleggjande føresetnad for å nå målet om reell fridom til busetjing. Det er derfor eit bustadpolitisk mål å leggje til rette for god finansiering av bustader i heile landet. Låneordningane til Husbanken er sentrale verkemiddel for å nå dette målet.

Kommunane har det lokale ansvaret for bustadpolitikken. Dei har ansvar både for planlegging og tilrettelegging av tomter for bygging av bustader og for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. I denne samanhengen må kommunane òg vurdere tilbodet på bustader slik at det vert samsvar med etterspurnaden.

Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på at kommunane fører ein heilskapleg bustadpolitikk, kopla til sektorovergripande planar. Dei bustadsosiale utfordringane er ofte komplekse og krev innsikt i ulike problemstillingar og god organisering i kommunen. Departementet ønskjer derfor at alle kommunar med bustadsosiale utfordringar utformar ein bustadsosial handlingsplan. Husbanken har lang erfaring i å samarbeide med kommunar om dette. Kommunane kan i tillegg søkje om økonomisk støtte gjennom kompetansetilskotet.

Husbanken kan gje lån i område av landet der det ordinære bankvesenet ikkje ønskjer å gje bustadlån eller berre gjev tilbod om lån med høge renter, til dømes ut frå at bustaden har låg panteverdi. I dei nordlege fylka har Husbanken ein høgare del av bustadfinansieringa enn elles i landet.

Husbanken kan gje grunnlån til bygging av nye bustader og til utbetring av eksisterande. Dette skal medverke til at nye og eksisterande bustader får viktige miljøkvalitetar og universell utforming. Staten ber tapsrisikoen for grunnlånet.

Startlån frå Husbanken kan kommunane fordele vidare til innbyggjarane sine til kjøp av ny og brukt bustad, til utbetring av bustad eller til refinansiering av eksisterande bustadlån. Storparten av kommunane i landet nyttar seg av ordninga. I tiltakspakka for å møte den økonomiske situasjonen har regjeringa auka låneramma til Husbanken med 2 milliardar kroner, jf. kapittel 5.11. Dette kan opne for meir bruk av startlån. Husbanken arbeider også for å få fleire kommunar til å nytte startlån og for å stimulere til meir aktiv bruk av ordninga.

I St.meld. nr. 21 (2005–2006) Hjarte for heile landet varsla departementet ei vurdering av risikofordelinga mellom stat og kommunar for startlån. Hovudmålet var å auke bustadetableringa i små distriktskommunar med ein svak bustadmarknad. Ei treårig forsøksordning med lik risikofordeling for startlån vart sett i verk i 2008, og 15 kommunar deltek no i forsøket. Ordninga vert evaluert når forsøksperioden er avslutta.

3.2.12 Landbrukseigedommar som ressurs

Landbrukseigedommar utgjer ein spesiell ressurs for busetnaden og næringsutviklinga i mange delar av landet. Av dei om lag 190 000 landbrukseigedommane (inkludert reine skogseigedommar) i Noreg har rundt 160 000 eigedommar bustadhus. Av desse har 79 % fast busetnad. I område med spreidd busetnad og i småsenterregionar bur om lag kvar fjerde innbyggjar på ein landbrukseigedom.

I overkant av 34 000 landbrukseigedommar med bustadhus er utan fast busetjing. Mange av desse er så små at dei ikkje gjev grunnlag for sjølvstendig jordbruksdrift aleine. Det er relativt sett flest landbrukseigedommar utan fast busetjing i område med spreidd busetnad og færrast i storbyregionar. Nord-Noreg og ein del kommunar langs kysten og i innlandet har ein høg del landbrukseigedommar utan fast busetjing. Den relative delen utan fast busetjing er minst i sentrale jordbrukskommunar i Mjøsområdet, rundt Oslofjorden, på Jæren og i Trøndelag.

Tal for omsetning av landbrukseigedommar tilseier at relativt få vert lagde ut for sal. I 2006 vart det i heile landet omsett i overkant av 7000 eigedommar med bustadhus. Om lag 37 % av desse var utan fast busetjing.

Landbrukseigedommane utan busetjing representerer verdifulle ressursar og har eit stort potensial for busetjing og verdiskaping. Tal frå Norsk Monitor syner at mange i Noreg kan tenkje seg å kjøpe eit småbruk. Dette saman med data frå flyttemotivundersøkinga er ein indikasjon på at mange set pris på dei kvalitetane og verdiane som landbrukseigedommar og bygda kan tilby. Kor mange som vil verkeleggjere eit slikt ønske, kjem an på kvar i landet dei kan få kjøpt eit småbruk.

Tala syner at særleg landbrukseigedommar i distrikta, men òg i meir tettbudde område av landet, i større grad enn i dag bør ha grunnlag for fast busetjing. Utfordringane ligg i å synleggjere potensiala i eigedommane som gode buplassar, og i å stimulere til raskare omsetjing av slike eigedommar.

Verkemidla i eigedoms- og busetjingspolitikken spelar ei rolle her. Dei skal medverke til å nå måla om eit aktivt landbruk som grunnlag for næringsutvikling, sysselsetjing og busetjing i ulike delar av landet. Desse verkemidla omfattar den lovbestemde buplikta, som er knytt både til overtaking av landbrukseigedom, høve til å setje vilkår om busetjing ved overtaking av landbrukseigedom over arealgrensa for konsesjonsplikt og til retten kommunane har til å innføre buplikt for andre eigedommar som er eller har vore nytta som heilårsbustad, ved erverv til fritidsformål.

Buplikta er eit verkemiddel som skal sikre at bruk vert tekne over av eigarar som vil bu på bruket og utnytte ressursane der. Samstundes er det ei utfordring å innrette verkemidla slik at landbrukseigedommar utan fast busetjing i større grad enn i dag kan kome til gode for dei som er interesserte i eigedommen til nærings- og busetjingsformål.

Buplikta oppstår når landbrukseigedommar skiftar eigar. Historiske tal syner at avhending av landbrukseigedommar normalt er fordelt over ein tidsperiode på litt over ein generasjon, det vil seie 20–30 år. Når buplikta er oppfylt etter lova, er det opp til den enkelte eigaren om eigedommen vert nytta til fast busetjing eller til fritidsbustad, bortsett frå i dei tilfella der kommunane har innført buplikt for eigedommar som er eller har vore nytta som heilårsbustad.

Kommunane har eit særleg ansvar for å kombinere innsats for å gjere kommunar og lokalsamfunn til attraktive stader å bu og leve på, med dei juridiske verkemidla som mellom anna ligg i konsesjonslova. Dei siste åra har også Landbruks- og matdepartementet gjeve tilskot gjennom dei sentrale bygdeutviklingsmidlane til ulike prosjekt i kommunal og regional regi, der målet har vore å få fast busetjing på landbrukseigedommar i distrikta. Erfaringane frå prosjekta er gode. Landbruks- og matdepartementet vil derfor vurdere å setje i verk ei satsing med sikte på auka aktivitet og utnytting av busetjingspotensialet på landbrukseigedommar utan busetjing.

I budsjettet for 2008 varsla Landbruks- og matdepartementet forslag om endringar i dei gjeldande reglane om buplikt, for å gjere dei meir målretta, meir føreseielege og enklare og lettare å forstå for brukarar av lovverket. Forslaget har vore på høyring, og eit stort fleirtal av høyringsinstansane stør alle forslaga. Som ei oppfølging av dette legg Landbruks- og matdepartementet fram forslag til endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova for Stortinget våren 2009.

3.2.13 Universell utforming og førebygging

Universell utforming

Universell utforming er ein strategi for planlegging og utforming av omgjevnadene for å oppnå eit inkluderande samfunn med full likestilling og deltaking for alle. Universell utforming inneheld eit sterkare krav om likestilling enn det som ligg i omgrepet «tilgang for personar med nedsett funksjonsevne». I universell utforming ligg at løysingane skal vere gode totalt sett, slik at flest mogleg skal kunne nytte dei same løysingane.

Kommunane kan ved å leggje universell utforming til grunn for planlegging og verksemd, fremje kvalitetar som er viktige for alle innbyggjarane, og som er heilt naudsynte for somme. Universell utforming handlar om inkludering og likeverd for den enkelte og det å gjere det mogleg for alle å nytte ressursane sine i samfunnet. Det gjeld for bustad, arbeid, helse- og sosialtenester, utdanning, transport, tilgang på kultur, idrett, friluftsliv og eit aktivt og sosialt liv. Universell utforming er eit viktig perspektiv å ha med i arbeidet med stadutvikling, og er også relevant i arbeidet med næringsutvikling, til dømes i samband med reiseliv. Ved bruk av midlar til regional utvikling er det viktig at prosjekta er i tråd med universell utforming.

Den nye lova frå 2008 om diskriminering og tilgang legg universell utforming til grunn som rettsleg norm. Universell utforming er også teke inn som eit nytt element i formålet i den nye plan- og bygningslova. Barne- og likestillingsdepartementet vil våren 2009 leggje fram ein ny handlingsplan for universell utforming og tilgang for personar med nedsett funksjonsevne. Planen skal gje støtte til gjennomføringa av den nye lova om diskriminering og tilgjenge, plan- og bygningslova og andre relevante lover. Sentrale satsingsområde i planen vil vere bygningar, uteområde, planlegging, transport, arbeid og IKT.

Boks 3.10 Pilotkommunar for universell utforming

16 kommunar har i tre år hatt status som pilotkommunar for universell utforming. Erfaringane så langt er samla i eit dokument som er tilgjengeleg på den nasjonale nettstaden for universell utforming (www.universell-utforming.miljo.no). Erfaringane gjeld mellom anna samspel mellom kommunen og andre aktørar og døme på universell utforming i offentlege bygg, i uteområde i tettstad, i friluftsområde og i sentrumsutvikling. Kommunane har også erfaringar frå samarbeid med fylkeskommunen og regionale vegstyresmakter om mellom anna transportutfordringar og utforming av haldeplassar.

Dei 16 pilotkommunane er Båtsfjord/Berlevåg, Tromsø, Sortland, Verdal, Trondheim, Stord, Time/Klepp, Risør, Porsgrunn, Gjøvik/Vestre-Toten, Kongsvinger, Eidskog og Ullensaker. I tillegg har Kristiansand status som ressurskommune på grunn av lang praksis med utprøving av løysingar på universell utforming.

Førebygging

Arbeid i kommunane med å førebyggje sjukdom og kriminalitet medverkar til å gjere stadene attraktive og tryggje å bu i. Samstundes er god førebygging sektorovergripande arbeid som er avhengig av innretninga av innsats på ei rekkje område. Det gjeld alt frå helsekontrollar til tryggleik for mjuke trafikantar, ungdomsretta arbeid, tilrettelegging for frivillige organisasjonar og uvikling av fellesskaps- og ansvarskjensle for lokalsamfunnet.

Kommunane har i dag eit ansvar for å fremje helse og trivsel og å førebyggje sjukdom og dårleg helse. Endringar i utfordringane slik som auka overvekt og fedme og større sosiale skilnader i helse, gjer at kommunane må arbeide tverrfagleg. Eit hovudgrep i folkehelsepolitikken er å styrkje folkehelsearbeidet gjennom meir varige strukturar for sektorovergripande innsats, og gjennom å sikre at omsynet til helse vert teke hand om i ordinære plan- og styringsdokument. God forankring i fylke og kommunar er ein føresetnad for å gjere folkehelsearbeidet meir systematisk, heilskapleg og langsiktig.

Fylkeskommunane er som regional utviklingsaktør og planstyresmakt utfordra til å vere pådrivar i folkehelsearbeidet regionalt og lokalt. Frå 2007 har alle fylkeskommunane delteke i ei statleg stimuleringsordning. Helse- og omsorgsdepartementet har følgd opp merknadene frå fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen, jf. Innst. S. nr. 166 (2006-2007) om å utgreie å la folkehelsearbeidet gå over frå å vere ei frivillig ordning til ei ordinær oppgåve for det regionale folkevalde nivået. Helse- og omsorgsdepartementet har i samarbeid med ei rekkje aktørar utarbeidd eit høyringsnotat om saka og sendt det på høyring saman med lovforslag, med sikte på å leggje fram ein lovproposisjon våren 2009.

Justisdepartementet legg også vekt på at gode velferdstilbod kan medverke til å førebyggje kriminalitet og fjerne mange av startpunkta for ein kriminell karriere. Det er viktig at førebyggjande velferdstiltak, gode lokalsamfunn og fritids- og aktivitetstilbod for unge vert teke hand om også som eit ledd i arbeidet mot kriminalitet. Justisdepartementet vil utarbeide ein eigen handlingsplan for førebygging av kriminalitet. Regjeringa har i St.meld. nr. 37 (2007-2008) Straff som virker – mindre kriminialitet – tryggere samfunn lagt fram ein tilbakeføringsgaranti. Denne inneber at straffedømde skal få støtte til å få oppfylt dei rettane dei alt har som innbyggjarar i Noreg, mellom anna frå kommunane. Kriminalomsorga skal leggje til rette for dette.

Politi- og lensmannsetaten skal vere lokalt forankra for å førebyggje og redusere kriminalitet i nært samarbeid med andre lokale aktørar. For å forsterke samarbeidet mellom kommunar og politiet, har Justisdepartementet teke initiativ til eit meir formalisert samarbeid lokalt i form av politiråd. Formålet med politiråda er å leggje tilhøva betre til rette for dialog og felles problemforståing som grunnlag for lokale tiltak.

3.2.14 Kulturbasert lokal samfunnsutvikling

Det å utvikle dei positive kvalitetane til ein mindre stad, by eller region, er nært knytt til bevisstgjering av kor viktig kultur og kulturaktivitetar er for individ, næringsliv og samfunn. Utvikling av lokale kulturuttrykk og kulturaktivitetar kan derfor vere viktig i stad- og byutvikling. Kultur er uttrykk for verdigrunnlag og tradisjonar som bind eit samfunn saman i eit sosialt fellesskap. Kunst, kultur, idrett og frivillig arbeid gjer samfunnet rikare og er avgjerande for fellesskap, livskvalitet og utviklinga til menneske. Kulturaktivitetar er også ein viktig del av arbeidet for auka toleranse og forståing på tvers av kulturar og folkegrupper.

Gjennom målretta tiltak og ei generell styrking av verkemiddel gjennomfører regjeringa eit løft for kulturen og frivillig sektor. Dette har også verdi for andre samfunnsmål som læring og kreativitet, identitet, helse og livskvalitet, næringsutvikling og arbeidsplassar. Tilgangen til kunst- og kulturopplevingar og det å uttrykkje seg gjennom kunst og kultur, skal ikkje vere avhengig av geografi eller sosiale skiljeliner.

Kulturlova peiker mellom anna på at det offentlege skal syte for at kulturlivet har føreseielege utviklingskår. Det er behov for eit offensivt, offentleg engasjement for å sikre breidde og mangfald, også for dei kulturuttrykka som ikkje er institusjonaliserte.

Under Kultur- og kyrkjedepartementet er det ei rekkje ordningar som er viktige for lokalt kulturarbeid, som Norsk kulturråd, spelemidlar til kulturbygg, den kulturelle skulesekken, støtte til lokalaviser, digitalisering av kinoar i alle delar av landet, styrking av regionale museum og utvikling av biblioteksamarbeid.

Delar av overskotet frå Norsk Tipping går til tilskot til investering i hus til kulturformål. Midlane vert fordelte på

  • tilskot til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur, som vert forvalta av Kultur- og kyrkjedepartementet

  • tilskot til kulturhus som er delegerte til fylkeskommunane og Oslo kommune

Etter kvart som midlane som er knytte opp til tilskot til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur vert fristilte frå pågåande prosjekt, vil midlane gå inn i den desentraliserte ordninga for kulturhus, jf. St.mld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn – regional framtid . Kultur- og kyrkjedepartementet vil hausten 2009 arrangere eit seminar for å heve kompetansen til fylkeskommunane og Oslo kommune i å kvalitetssikre søknader om tilskot til kulturbygg. Kultur- og kyrkjedepartementet vil utfordre fylkeskommunar og kommunar til å utvikle kulturhus som er fleksible, og som er tilpassa behova i ei form for «alt-i-eitt-hus». Biblioteka kan også vere ein viktig møtestad og såleis vere ein sentral institusjon i arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Regjeringa vil leggje fram ei bibliotekmelding våren 2009.

Den kulturelle skulesekken har til no omfatta alle elevar i grunnskulen, og vert utvida til vidaregåande opplæring. Fylkeskommunane og kommunane har ei sentral rolle i gjennomføringa av ordninga, som dels vert finansiert av spelemidlar og dels over budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet.

Regjeringa har nyleg sett i gong eit arbeid med å lage ein arkitekturpolitikk der 13 departement samarbeider under leiing av Kultur- og kyrkjedepartementet. Det skal utarbeidast ein handlingsplan innan sommaren 2009 med konkrete tiltak innan prioriterte innsatsområde.

Boks 3.11 Vinje kommune kåra til Noregs kulturkommune i 2009

Norsk kulturforum deler ut denne prisen kvart andre år. Juryen grunngav tildelinga til Vinje i 2009 med at kommunen hadde dokumentert ein imponerande innsats for å skape trivsel, identitet, utvikling og opplevingar for innbyggjarane og besøkjande. Kommunen har eit sterkt medvit om sin eigen kulturelle identitet. Det skaper tryggleik og gode utviklingsmoglegheiter for openheit, mangfald og kreativitet. Kommunen sjølv peiker på eit breitt kulturtilbod, at dei bruker mykje pengar samanlikna med innbyggjartalet, og at dei har satsa tungt på å nå måla i den nye kulturlova.

Erfaringar frå pilotar om kulturbasert samfunnsutvikling

Innanfor ramma av distrikts- og regionalpolitikken har Kommunal- og regionaldepartementet i 2007, 2008 og 2009 medfinansiert fleire lokale pilotprosjekt som på ulike måtar skal gjere ein stad meir attraktiv for fastbuande og tilreisande.

Erfaringar frå pilotforsøka tilseier at særleg to problemstillingar er viktige for arbeidet med kulturbasert stadutvikling:

  • tilhøvet mellom profesjonelt innhald og lokal forankring og mobilisering

  • opplevinga initiativtakarar og eldsjeler, særleg unge, har i møtet med styresmaktene

Departementet vil ha med begge desse problemstillingane i den komande evalueringa av pilotane. To av pilotane er spesielle. Det gjeld «Nisjelandet» i regi av By:larm og «Identitetsutvikling av norske konsertarrangører» i regi av Norsk Rockforbund. «Nisjelandet» leitar fram spennande ungdomsprosjekt på mindre stader og lyftar dei opp på ein nasjonal arena under arrangementet By:larm. Prosjektet var nytt i 2008 og vert finansiert også i 2009. Norsk Rockforbund er i startfasen med eit prosjekt som skal medverke til at musikkfestivalar får tyngre lokal forankring og tydelegare lokal identitet.

Politikk og rolledeling framover

Kulturbaserte lokale tiltak har vore utførte i mange kommunar og lokalsamfunn i lang tid, gjerne medfinansiert av regionale utviklingsmidlar i fylkeskommunane. Når Kommunal- og regionaldepartementet dei siste åra har involvert seg i pilotprosjekt, har det mellom anna vore for å medverke til meir systematisk læring og erfaringsutveksling.

NIFU/STEP la i 2007 fram ei kartlegging av lokale kulturbaserte tiltak i alle fylka i landet. Ein hovudkonklusjon frå utgreiinga var at prosjekta var mange og svært samansette. Tiltaka varierte frå reine kommersielle bedriftsetableringar via ulike former for lokale attraktivitetstilbod og festivalar til reint kunstnarisk verksemd. Det var likevel få klare strategiar på regionalt og lokalt nivå for korleis kulturbaserte aktivitetar best kunne stimulere og verke i lokalbaserte utviklingsprosessar.

Departementet legg til grunn at finansieringa av lokale, kulturbaserte utviklingstiltak bør skje lokalt, eventuelt med støtte frå fylkesnivå som ein del av ein samla utviklingsstrategi. Erfaringane frå mellom anna pilotprosjekta om kulturbasert stadutvikling dei siste åra vil vere til nytte her. Desse erfaringane vil også ha ein naturleg plass i satsinga for å styrkje lokalt samfunnsutviklingsarbeid som er omtalt i kapittel 3.1.

I spesielle tilfelle kan det vere aktuelt at departementet medverkar til å finansiere enkelte prosjekt som har ein klar forsøkskarakter, eller som er unike som læringsdøme nasjonalt. Departementet vil også ha eit særskilt ansvar for å evaluere og identifisere nye arbeidsområde knytte til kulturbasert stadutvikling og samarbeide med Kompetansesenter for distriktsutvikling om å samle og spreie erfaringar. Her vil også koplinga til opplevingsbasert reiseliv vere viktig. Departementet vil dessutan ha eit ansvar for fylkesovergripande tiltak som til dømes støtte til Forum for kultur og næringsliv (jf. kapittel 7.6) og samarbeidet med By:larm om prosjektet «Nisjelandet».

3.2.15 Frivillig sektor

I St.meld. nr. 33 (2007–2008) Eit sterkt lokaldemokrati peikte regjeringa på frivillige organisasjonar som ein viktig byggjestein for lokaldemokratiet. Dei stør opp om eit lokalt samfunnsengasjement og skaper deltakingsarenaer i det lokale samfunnslivet. Regjeringa meiner at kommunane gjennom samarbeid med frivillige organisasjonar kan verte betre i stand til å mobilisere til frivillig innsats til beste for den enkelte og fellesskapet, og dermed styrkje grunnlaget for utvikling av attraktive stader.

Å finne gode samhandlingsmåtar og -arenaer er sentralt for å vidareutvikle samspelet mellom frivillig og offentleg sektor. Mange kommunar nyttar frivillige organisasjonar som opererer på territorium mindre enn kommunen, som kontaktledd ut i dei ulike lokalsamfunna i kommunen. Enkeltorganisasjonar eller organisatoriske nettverk på underkommunalt nivå vil kunne fungere som demokratiske basisorganisasjonar som sikrar deltaking og interessehevding frå dette nivået.

I St.meld. nr. 39 (2006–2007) Frivillighet for alle framhevar Kultur- og kyrkjedepartementet verdien av mangfaldet i frivillig sektor. Ein ny og heilskapleg politikk for frivillig innsats legg grunnlaget for å stø opp under eit levande sivilsamfunn i samspel med frivillige organisasjonar, i tillegg til å leggje til rette for frivillig engasjement. Kultur- og kyrkjedepartementet legg fire hovudstrategiar til grunn for å stø aktivt opp om frivillig sektor:

  • betre rammevilkår for frivillig sektor

  • auka merksemd om ressursar til lokal aktivitet og «lågterskelaktivitet»

  • auka merksemd om inkludering og integrering

  • styrkt kunnskap og forsking

Det er spesielt viktig å trekkje med seg barn og unge for at dei skal trivast i lokalmiljøet og ha lyst til å kome tilbake etter utdanning eller arbeid andre stader. Til dømes kan kommunane sleppe barn og unge til for å kome med forslag til kva som kan vere aktuelle møteplassar for dei, og medverke til å leggje til rette for det. Det kan til dømes vere møteplassar som skaper kreativitet, slik som fritidsklubbar, drama-/musikk-/rockeverkstader, ballbingar og idrettsplassar. Andre måtar å trekkje barn og unge med i aktivitet og frivillig virke på er å løfte frivillig innsats inn i skulen. Det kan medverke til at skulebarn kjem i gang med idrett og aktivitetar på dagtid.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil understreke at dei enkelte kommunane bør utvikle ein lokal politikk for frivillig sektor. Det er viktig at kommunen legg til rette for lokalt frivillig virke gjennom lokale eller anlegg, og at frivillig sektor vert involvert i arbeidet med kommunale planar. Partnarskap mellom ulike aktørar kan skape nye løysingar og resultat som ikkje ville vore mogleg utan samarbeid. Til dømes kan kommunane vurdere å gje tilskot til private kulturbygg etter modell frå omsorgsbustader. I tråd med St.meld. nr. 39 (2006–2007) Frivillighet for alle vert det vurdert å etablere pilotprosjekt med eit samarbeid mellom kommunar og frivillig sektor.

I den samanhengen kan også samarbeid mellom grunneigarar, kommunar og frivillige organisasjonar medverke til gode løysingar for tilrettelegging for fysisk aktivitet i skog og utmark og tilgang til ferdselsårer i jordbruksareala.

Frivilligsentralane er lokalt forankra møteplassar og arenaer for samhandling for frivillig virke. Sentralane skal leggje vekt på tverrfagleg samarbeid med frivillige organisasjonar, lag/foreiningar og det offentlege. Med ein auke i 2008 på 18 nye sentralar vil det til saman vere 318 sentralar i landet i 2009.

Til forsida av dokumentet