St.meld. nr. 25 (2008-2009)

Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

5 Nasjonale rammer for regional utvikling

Dette kapitlet handlar om fleire politikkområde som legg viktige rammer for regional og lokal utvikling. Det gjeld differensiert arbeidsgjevaravgift og reglar for regionalstøtte i EU, klimapolitikk, kommuneøkonomien, landbrukspolitikk, fiskeripolitikk, samferdselspolitikk, utdannings- og forskingspolitikk, helsepolitikk, lokaliseringspolitikk, forvaltningspolitikk og politikk for vern og arealbruk. I tillegg inneheld kapitlet ein oversikt over regjeringa sin innsats i 2008-2009 for å møte finansuroa.

5.1 Den differensierte arbeidsgjevaravgifta, det distriktspolitiske virkeområdet og konkurransereglane i EU

Utfordring:

  • Sikre tilstrekkeleg handlingsrom for norsk distrikts- og regionalpolitikk innanfor ramma av EØS-avtalen

Innsats:

  • Fremje norske synspunkt i aktuelle arenaer og prosessar

5.1.1 Den differensierte arbeidsgjevaravgifta

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta er eit kraftig distriktspolitisk verkemiddel og er ei treffsikker ordning for sysselsetjing. I 2009 utgjer ordninga om lag 10,5 milliardar kroner i avgiftslette i virkeområdet. I tillegg kjem om lag ein milliard kroner i kompensasjon til område der privat og offentleg verksemd har fått høgare arbeidsgjevaravgift dei siste åra.

Den noverande ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vart formelt godkjend av ESA 19. juli 2006 og innført i Noreg frå 1. januar 2007. Etter pålegg frå ESA vart den tidlegare ordninga med regionalt differensierte satsar vesentleg innskrenka ved utgangen av 2003. Frå 2007 vart generelt nedsette avgiftssatsar gjeninnførte i mesteparten av det området som hadde nedsette satsar fram til 2003. I privat sektor omfattar den nye ordninga samla meir enn 90 % av avgiftsfordelane som låg i den gamle ordninga. Offentleg sektor er også omfatta av den nye ordninga.

Dei differensierte avgiftssatsane er dei same som i 2003, med unntak for Tromsø og Bodø. Desse områda har no ein noko høgare generell sats. For somme av kommunane i tidlegare sone II vert redusert arbeidsgjevaravgiftssats ført vidare i form av såkalla bagatellstøtte. I dagens ordning er avgifta differensiert etter kvar verksemda ligg og ikkje etter kvar arbeidstakaren bur, slik det var tidlegare.

5.1.2 Behalde handlingsrommet i retningslinene for regionalstøtte

Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vart gjeninnført i 2007 etter ein svært aktiv innsats for å påverke retningslinene for regionalstøtte.

Retningslinene for regionalstøtte omfattar både omfanget av bruken av differensiert arbeidsgjevaravgift, virkeområdet for regionalpolitisk grunngjeven bedriftsstøtte og andre regelverk for regionalstøtte.Vedlegg 2 gjev oversikt over dei ulike virkeområda for dei distriktspolitiske verkemidla.

Dagens retningsliner for regionalstøtte gjeld fram til 2013. Regjeringa vil arbeide målretta for at Noreg har stort nok handlingsrom til å kunne vidareføre ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk innanfor EØS-avtalen også etter 2013. Dette krev ein svært aktiv innsats frå norske styresmakter for å skape forståing for dei særskilde utfordringane Noreg står overfor. Det omfattar medverknad i EU sine drøftingar om ny regionalpolitikk og ulike sektorområde og deltaking i konsultasjonar om konkrete direktiv og retningsliner. Det gjeld også dialog med EFTA og EU-land for å synleggjere kvifor det er naudsynt med ein fleksibilitet som opnar for å føre ein aktiv og målretta politikk i område med låg folketettleik og lange avstandar, mellom anna for å stimulere busetjing og sysselsetjing.

Boks 5.1 EØS og offentleg støtte

Offentleg støtte til næringslivet er som hovudregel forbode etter EØS-avtalen. Forbodet rettar seg mot offentlege tiltak som gjev økonomiske fordelar til bestemde bedrifter, grupper av bedrifter og enkelte sektorar eller geografiske område. Det finst fleire unntak frå det generelle forbodet mot offentleg støtte. Det gjeld mellom anna tiltak for å fremje viktige samfunnsomsyn som regional utvikling, forsking og miljøtiltak.

EU-kommisjonen/ESA har eigne retningsliner for regionalstøtte. Retningslinene gjer greie for kriteria for å avgrense geografisk omfang av støtteordningar (virkeområde). Retningslinene definerer også måla og kva kostnader som gjev grunnlag for støtte og set grenser for storleiken på støtta.

Rolla til EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, er mellom anna å sjå til at Noreg og dei andre EFTA-landa overheld retningslinene for offentleg støtte som gjeld for heile EØS-området.

5.1.3 EU sin framtidige regionalpolitikk

EU-landa har starta diskusjonane om utforminga av sin regionalpolitikk etter 2014. Prioriteringane i regionalpolitikken i EU har konsekvensar for direktiv, retningsliner og program som Noreg er omfatta av. Sentralt i diskusjonane i EU er omgrepet territorial cohesion («territorielt samhøyr» direkte omsett til norsk), og kva ein skal leggje i omgrepet. Omgrepet vart teke i bruk på 1990-talet i diskusjonar om det europeiske romlege utviklingsperspektivet (European Spatial Development Perspective). Omgrepet vert nytta til å gje ein tydelegare geografisk eller territorial dimensjon til regionalpolitikken i EU og i andre sentrale EU-strategiar som til dømes Lisboa-strategien. Omgrepet er tatt inn i forslag til ny traktat for EU-samarbeidet. Det vil i så fall innebere at medlemslanda og EU-kommisjonen må ta omsyn til dette i si politikkutforming.

Drøftingane i EU om framtidig regionalpolitikk skjer i fleire, samanhengande prosessar. Dei viktigaste prosessane som Kommunal- og regionaldepartementet deltek i er:

Den Territorielle Agendaen i EU

Den Territorielle Agendaen til EU-landa gjev uttrykk for ambisjonane til ministrane for planlegging og regional utvikling å fremje ei balansert territorial utvikling av EU og betre utnytting av det territorielle potensialet. Agendaen vart vedteken på eit uformelt ministermøte i Leipzig i mai 2007. Sentrale tema er 1) oppfølging av politikkområde i EU som er viktige for den regionale utviklinga, 2) å gje sektorpolitikken ein territorial dimensjon og 3) å styrkje fleirnivåstyringa i EU. Kommunal- og regionaldepartement har delteke aktivt i arbeidet med oppfølginga av handlingsplanen, både i samband med «by-land»-spørsmål og i samband med spørsmål om differensiert regionalpolitikk.

Grønboka til EU om territorielt samhøyr

EU-kommisjonen la fram eit utkast til grønbok om territorielt samhøyr hausten 2008 mellom anna på oppmoding frå ministermøtet i Leipzig og Europaparlamentet. Grønboka tek utgangspunkt i at territorielt samhøyr skal fremje velferd og konkurransekraft ut frå lokale og regionale fordelar og mangfald. Høyringsfristen er i slutten av februar 2009.

Grønboka identifiserer tre generelle utfordringar for den framtidige territorielle utviklinga. Desse er 1) konsentrasjon av økonomisk aktivitet, 2) ulik tilgang til infrastruktur og tenester og 3) samarbeid om å møte utfordringane. I grønboka vert øyar, fjell og område med lågt folketal utpeikte som område med spesielle geografiske eller territorielle utfordringar.

Problemstillingane i grønboka handlar mellom anna om forståinga av omgrepet territorielt samhøyr, fleirnivåstyring, område med spesielle utfordringar og behovet for ein differensiert regionalpolitikk. Dei norske synspunkta har vore at territorielt samhøyr bør dekkje alle regionar og alle politikkområde som er viktige for den regionale utviklinga. Noreg har og lagt vekt på mål om å auke konkurransekrafta og redusere skilnader, gjennom ein differensiert regionalpolitikk som tek omsyn til regionale tilhøve. Det siste er spesielt viktig for distrikts- og regionalpolitikken i Noreg. Denne er sterkt differensiert på grunn av utfordringane med spreidd busetjing.

Resultata frå høyringa av grønboka vert lagde fram før sommaren 2009. Kommunal- og regionaldepartementet har sendt inn kommentarar til høyringa. Departementet har samarbeidd med dei nordiske landa om innspel til grønboka. Dialogen med fylkeskommunane har vore viktig i arbeidet. Departementet har også oppmoda fylkeskommunane om å sende innspel til EU-kommisjonen direkte.

Leipzig-charteret og bypolitikk

Leipzig-charteret handlar om visjonen for byutviklinga i EU-landa. Charteret vart vedteke på eit uformelt ministermøte for byutvikling i Leipzig i mai 2007. Nøkkelelementa er ei integrert tilnærming til byutviklingsspørsmål og særskild merksemd mot område med spesielle utfordringar. Charteret legg vekt på fleire suksesskriterium for ei vellykka byplanlegging. Desse er mellom anna knytte til energispørsmål, lokal økonomi og lokal arbeidsmarknad, innovasjons- og utdanningspolitikk, infrastruktur og integrasjon. I dialogen med EU-landa har dei norske synspunkta spesielt handla om «by-land»-spørsmål og koplinga mellom bypolitikk og anna regionalpolitikk.

5.2 Klimaendringar set nye rammer for regional utvikling

Utfordringar:

  • Klimaendringane og klimapolitikken legg føringar for distrikts- og regionalpolitikken og for rammene for regional utvikling

Innsats:

  • Tilpasse innsatsen i distrikts- og regionalpolitikken til klimaendringane og klimapolitikken

5.2.1 Klimautfordringar

FNs klimapanel dokumenterer at klimaet er i endring, og skildrar korleis klimautviklinga vert i framtida. Vi må rekne med at vêrhendingar som i dag er sjeldne og ekstreme, vil kome oftare i framtida. Ekstremnedbør, stormar, tørke, lengre varmeperiodar, flaum og skred vil gje samfunnet store utfordringar. Dei gradvise endringane med høgare temperaturar, meir nedbør og stigande havnivå gjev òg større påkjenningar på samfunnet og naturen. Økosystemet i Noreg er tilpassa dagens klima. Gradvise endringar vil påverke balansen og føre til konsekvensar for mellom anna samansetjinga av artar.

Klimaendringane vil slå ulikt ut for ulike næringar og for ulike stader i landet, på grunn av store lokale klimaforskjellar. Eitt døme er marin sektor. Endringar i samansetjinga av artar kan få stor innverknad på samfunn langs kysten baserte på fiske. Fiskeflåten har synt seg å vere omstillingsdyktig og i stand til å endre seg raskt. Likevel må fiskeflåten rette seg etter det regelverket som gjeld til ei kvar tid. Endringar i bestandsutbreiinga og andre viktige parameter krev at regelverket må endrast oftare.

Havbruksnæringa vil ikkje kunne tilpasse seg klimaendringar like raskt. Endringar i sjøtemperaturane aukar faren for stress og sjukdomsutbrot, og kan skape ein tilstand som ikkje tilfredsstiller miljøkrava til arten. Anlegga er også utsette for ekstremvêr, noko som gjev auka fare for rømming.

Sikker sjøtransport, hamner, farleier og effektive tiltak mot forureining har stor verdi for miljøet, dei marine ressursane, fiskeflåten, maritim transport og anna næringsverksemd. Utfordringane ligg i faktorar som ekstremvêr, eventuell havnivåstiging, auka kysterosjon og større fare for havari og forureining. Varslingssystema, infrastrukturen og oljevernberedskapen langs kysten må ta utgangspunkt i desse utfordringane.

Eit anna døme er landbruksnæringa, som forvaltar store delar av areala i Noreg. Eit mildare klima kan føre til at grensene for dyrking i norsk landbruk vert flytta nordover og oppover i høgda. Lengda på vekstsesongen kan også auke mange stader. Dette kan gje betre rammevilkår for landbruket, men også nye utfordringar i plante- og dyreproduksjonen. Aktiv planteforedling og utvikling av sortar er nyttig for landbruket si tilpassing til endra klima. Samstundes vil faren auke for at nye plante- og dyresjukdommar kjem til Noreg.

5.2.2 Oppfølging av klimameldinga og klimaforliket

Noreg har som mål fram mot 2020 å påta seg ein forplikting om å kutte dei globale utsleppa tilsvarande 30 % av utsleppa i Noreg i 1990. Gjennom klimaforliket er det brei politisk semje om at det er realistisk å ha som mål å kutte klimagassutsleppa med 15–17 millionar tonn i høve til referansebanen i nasjonalbudsjettet for 2007 når skog er inkludert. Alle sektorar og partar må medverke til å nå dette målet.

Dette vil også påverke innsatsen for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Industri, vegtrafikk og landbruk som på ulikt vis er viktig for regional utvikling er også viktige kjelder for utslepp av klimagassar. Regjeringa legg vekt på at det vert teke klimapolitiske omsyn i arbeidet med å nå dei distrikts- og regionalpolitiske måla.

I klimameldinga står det at regjeringa vil vurdere verkemiddel for den delen av industrien som ikkje er underlagd kvoteplikt eller avgift. Miljøvernministeren vil kome tilbake med forslag om verkemiddel for sektoren, som mellom anna omfattar primæraluminium, ferrolegeringar og kjemisk industri. EU har vedteke at desse sektorane skal inkluderast i kvotesystemet frå 2013. Regjeringa vil kome attende til korleis dette skal gjennomførast i Noreg.

Det er berekna at landbruket står for om lag 9 % av klimagassutsleppa i Noreg. Sektoren primærnæring og avfall har som mål å kutte utsleppa med 1 – 1,5 millionar tonn CO2 -ekvivalentar i 2020 i høve til referansebanen i SFT sin tiltaksanalyse. Samstundes tek norske skogar opp CO2 gjennom fotosyntese tilsvarande 50 % av dei samla norske klimagassutsleppa.

5.3 Kommuneøkonomien som føresetnad for fridom til busetjing

Tilgang på gode kommunale tenester er ein føresetnad for busetjing i alle delar av landet. Ein robust kommuneøkonomi og eit godt inntektssystem er grunnlaget for dette. Regjeringa fokuserer på å styrkje kommuneøkonomien, og sektoren har hatt ein stor realvekst i denne stortingsperioden. Regjeringa legg opp til ytterlegare vekst i dei frie inntektene i komande stortingsperiode. Regjeringa vil også nytte kommuneoverføringar som regional- og distriktspolitisk verkemiddel.

Utfordringar:

  • Gje alle innbyggjarar tilgang på gode kommunale tenester uavhengig av kvar i landet dei bur

  • Gje alle kommunar i landet føresetnader for å gje eit godt tenestetilbod

Innsats:

  • Sikre ein god kommuneøkonomi

  • Arbeide for framleis vekst i dei frie inntektene

5.3.1 Nytt inntektssystem frå 2009

Regjeringa la i St.prp. nr. 57 (2007-2008) Kommuneproposisjonen for 2009 fram forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane. Desse vart følgde opp i statsbudsjettet for 2009. Målet med endringane er å få ei jamnare fordeling av inntektene til kommunane og gjere dei meir føreseielege. Element i det nye inntektssystemet for kommunane er redusert skattedel, auka grad av skatteutjamning, avvikling av den kommunale selskapsskatten, nytt hovudstadstilskot, nytt inntektsgarantitilskot, nytt veksttilskot og endring av distriktspolitiske tilskot.

Inntektssystemet skal stø opp under viktige regionalpolitiske mål som å sikre busetjing og levedyktige lokalsamfunn i alle delar av landet. Dei distriktspolitiske tilskota er styrkte i det nye inntektssystemet. Samstundes fører endringane i skatteelementa til større grad av utjamning frå skattesterke til skattesvake kommunar.

Som eit ledd i regional- og distriktspolitikken får kommunar i Nord-Noreg eit eige tilskot. Frå 2009 får i tillegg 14 kommunar i Namdalen (Namsos, Namdalseid, Snåsa, Lierne, Røyrvik, Namsskogan, Grong, Høylandet, Overhalla, Fosnes, Flatanger, Vikna, Nærøy og Leka) Nord-Noreg-tilskot etter same sats som kommunane i Nordland. Desse kommunane slit med fråflytting, og har i stor grad dei same utfordringane som kommunar sør i Nordland.

I det nye inntektssystemet vert det tidlegare regionaltilskotet ført vidare som eit nytt småkommunetilskot. Småkommunetilskotet går i 2009, på same måte som regionaltilskotet i 2008, til kommunar med færre enn 3200 innbyggjarar. Skattegrensa for å få småkommunetilskot vart endra frå 110 % av landsgjennomsnittet i 2008 til 120 % av landsgjennomsnittet dei tre siste åra i 2009. Det gjev større stabilitet med omsyn til kva for kommunar som har rett på småkommunetilskot. Frå 2009 får alle kommunar i tiltakssona i Nord-Troms som kvalifiserer til tilskotet, småkommunetilskot etter same sats som kommunane i Finnmark.

Frå 2009 vert det oppretta eit nytt distriktspolitisk tilskot i Sør-Noreg. Tilskotet går til kommunar i Sør-Noreg med moderate skatteinntekter, som ligg i sone IV eller sone III i det distriktspolitiske virkeområdet, og som ikkje tek i mot verken Nord-Noreg- og Namdalstilskot eller småkommunetilskot. Alle kommunar i sone IV kan få støtte, medan kommunar innanfor sone III får tilskot dersom samfunnsutviklinga er svak.

Ein grundigare omtale av endringane i inntektssystemet er å finne i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Kommunal- og regionaldepartementet.

5.3.2 Utviklinga i kommuneøkonomien

Regjeringa har gjeve kommunesektoren eit stort økonomisk løft i denne stortingsperioden. Realveksten i dei samla inntektene til kommunesektoren frå 2005 til 2009 er på om lag 30 milliardar kroner.

Inntektsveksten har ført til ein forbetring av det kommunale tenestetilbodet. Om lag 36 000 fleire barn hadde barnehageplass i 2008 samanlikna med 2005. Dekningsgraden er no 84 %. Den kommunale sysselsetjinga, målt i talet på årsverk, auka med til saman 23 200 i 2006 og 2007 (6,8 %). Av denne auken var om lag 11 100 årsverk innanfor pleie- og omsorgstenesta.

Ein reknar med at dei samla inntektene i kommunesektoren kjem til å auke reelt med 8,5 milliardar 2009-kroner eller 3 % frå 2008 til 2009. I 2009 kjem i tillegg tilskot til vedlikehald og momskompensasjon på til saman 4,75 milliardar kroner. Dette er ein del av regjeringa si tiltakspakke mot arbeidsløyse (St.prp. nr. 37 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid ). Realveksten i dei frie inntektene til kommunane er på 3,6 milliardar kroner. Det tilsvarar ein vekst på om lag 1,7 %. Det økonomiske opplegget legg tilhøva til rette mellom anna for fleire barnehageplassar, styrking av skulen, fleire årsverk i pleie- og omsorgstenesta og auka satsar for sosialhjelp i 2009.

5.4 Landbrukspolitikken

Utfordringar:

  • Leggje tilhøva til rette for utvikling av landbruket og landbruksbaserte næringar i heie landet

  • Styrkje verdiskapinga og innovasjonsevna i næringa, basert på berekraftige strategiar

Innsats:

  • Stimulere til nyrekruttering til landbruket ved å sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper

  • Rette merksemda særleg mot område som delvis på grunn av topografiske tilhøve vanskeleg kan følgje med i effektivitetsutviklinga

Landbrukspolitikken har i mange tiår vore gjennomført mellom anna med sikte på å medverke til å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. På mange mindre stader er landbruket sentralt for økonomisk aktivitet og busetnad. Landbruket er ei stadbunden næring, og er avhengig av politiske verkemiddel på grunn av vanskelege driftstilhøve i mange område.

Dette kapitlet handlar om dei generelle rammevilkåra for landbrukspolitikken i Noreg. Den særskilde innsatsen for å utvikle nye næringar i landbruket er tema i kapittel 7.6. Politikken på eigedoms- og busetjingsområdet er handsama i kapittel 3.2 og den særskilde innsatsen for fjellområde i kapittel 6.2.

5.4.1 Landbruksavtalen i WTO

Handelen med landbruksvarer vert regulert av ein særskild avtale i WTO. Landbruksavtalen har vore gjeldande sidan 1995 og legg føringar for mellom anna tollvern og vernetiltak, subsidiar til innanlandsk produksjon og eksportstøtte.

Produksjonstilhøva i Noreg inneber at norskprodusert mat i dei fleste tilfella kostar meir enn mat som er produsert hos dominerande landbrukseksportørar. Tollvernet kompenserer for prisforskjellane. Eit fungerande tollvern er derfor avgjerande for å oppretthalde eit levande landbruk i heile landet. Dette er høgt prioritert frå norsk side i dei pågåande forhandlingane om ein ny WTO-avtale. Samstundes er vi avhengige av å importere ein stor del av den maten vi forbruker. Det er ønskjeleg at meir av den maten vi importerer, kjem frå dei fattigaste landa som har overskot å selje.

Det er inga avgrensing i nivået på støtte som i liten grad påverkar handelen i Landbruksavtalen (såkalla grøn støtte), medrekna støtte til utjamning av regionale produksjonsulemper. Ved ytterlegare innskrenkingar i moglegheitene for å tilby handelsvridande støtte gjennom ein ny WTO-avtale vil desse «grøne» støtteordningane måtte bli tillagt større relativ vekt.

5.4.2 Verknader av effektivisering i landbruket for økonomisk aktivitet og busetjing i distriktsområde

Jordbruket er første ledd i ei verdikjede med ein produksjonsverdi på om lag 115 milliardar kroner og sysselset vel 100 000 årsverk (produksjon av fisk er ikkje medrekna). Sidan 1959 har produksjonsvolumet i norsk jordbruk auka med om lag 85 %. Arealet er marginalt høgare og kostnadsvolumet vel 90 % høgare. Arbeidsbruken er redusert med vel 80 %.

Viktige grunnlag for produksjonsauken er produktivitetsframgang, folkeauke, auka kjøpekraft og kanaliseringspolitikken. Kanaliseringspolitikken har vore eit sentralt tiltak sidan 1950-talet. Gjennom eit sett av verkemiddel er det lagt til rette for at grasbaserte produksjonar i stor grad skjer i område der jordbruksarealet berre er eigna til grasdyrking. Det har gjeve større produksjon, større areal i drift og meir spreidd produksjon enn vi elles ville hatt.

Med aukande importkonkurranse er den viktigaste føresetnaden for at jordbruket framleis skal spele ei viktig rolle mange stader, at vi held produksjonsvolumet oppe. Det skaper grunnlag for aktivitet i foredlings- og leverandørindustrien. Eit avgjerande grunnlag for det, er tilstrekkeleg lønnsemd i produksjonane, i ulik skala og i alle delar av landet.

Det går føre seg ei kontinuerleg effektivisering i jordbruket. Teknologisk framgang og gjennomgåande høg alternativ verdi på arbeidskrafta er viktige drivkrefter. Dette har som konsekvens at produksjonen på dei ca. 180 000 landbrukseigedommane vert gjennomført gjennom stadig færre føretak og med stadig mindre arbeidsforbruk. Dei siste ti åra har brutto arbeidsproduktivitet auka med 3,8 % per år. Sidan 1990 er arbeidsbruken redusert med nesten 40 %, og reduksjonen er relativt jamt fordelt geografisk.

Etter 2000 har det derimot vore ein tendens til større sysselsetjingsreduksjon i meir typiske primærnæringskommunar. Det heng mellom anna saman med auka strukturendring i mjølkeproduksjonen, som på grunn av kanaliseringspolitikken i større grad er lokalisert til denne typen kommunar. Før 2000 var strukturendringane raskare i planteproduksjonen i meir sentrale område. Vestlandet har dei siste åra hatt den svakaste utviklinga i produksjon og arealbruk. Agder-fylka/Telemark og Troms/Nordland har også hatt svakare utvikling enn gjennomsnittet.

Effektivisering og aktiv bruk av dei landbrukspolitiske verkemidla er to hovudfaktorar for vidare lønnsemd i alle delar av landet. Regjeringa vil særleg rette merksemda mot område som delvis på grunn av topografiske tilhøve vanskelegare kan følgje med i effektivitetsutviklinga.

Inntektsdanninga

Eit gjennomsnittleg jordbruksføretak driv i dag eit fire gonger så stort areal som i 1959 (213 dekar i 2008). Likevel er det gjennomsnittlege arbeidsforbruket per bedrift litt lågare enn den gongen, omtrent 1 ¼ årsverk per føretak. Over tid er jordbruket sin del av totalinntekta i jordbrukshushalda redusert. Lønnsinntektene vert meir og meir dominerande. I under ein tredjedel av hushalda (brukar og ektefelle) utgjer næringsinntekta meir enn 50 % av bruttoinntekta.

Gjennom nye landbruksbaserte næringer og gjennom lønnsarbeid, er mange landbrukseigedommar utgangspunkt for viktige bidrag til aktivitet i mange lokalsamfunn. Sidan det framleis er ca. 180 000 landbrukseigedommar, er det viktig å utvikle alternative arbeidsplassar med utgangspunkt i dei eigedommane der jordbruksproduksjonen er overført til andre føretak. Det samansette inntektstilfanget til jordbrukshushalda syner også verdien av samspel med andre næringar og inntektskjelder i den enkelte kommunen.

Ungdom og rekruttering

Rekruttering av ungdom og kvinner er eit viktig spørsmål og ei sentral utfordring framover både innanfor landbruksområdet og innanfor andre næringar i Distrikts-Noreg.

Regjeringa vil medverke til å gjere landbruket attraktivt for ungdom i framtida, både ved å leggje til rette for landbruksverksemd og ved å medverke til eit taktskifte for utvikling av nye næringar. Det viktigaste tiltaket for nyrekruttering til norsk landbruk er knytt til dei generelle rammevilkåra i næringa, som inntekt, kapitaltilgang og velferd. Gjennom jordbruksoppgjera i 2006–2008 er det mellom anna lagt til rette for ein inntektsvekst over tre år på 60 000 kroner per årsverk. Satsane for tilskot til avløysing ved ferie, fritid og sjukdom har auka. Vidare har nivået på tilskot til tidlegpensjonsordninga for jordbruket auka, noko som er eit viktig verkemiddel for å medverke til generasjonsskifte. Det er dessutan etablert ei ny og utvida landbruksvikarordning.

Over jordbruksavtalen for 2009 er det sett av 310 millionar kroner til bedriftsretta tiltak over Landbrukets utviklingsfond. Desse pengane kan gå til etablerarstipend, investeringar, generasjonsskifte og andre tiltak. Den statlege priskontrollen ved kjøp av landbrukseigedommar er eit viktig verkemiddel for å gjere det lettare for ungdom å velje landbruk som yrke, ved at kapitalbehovet og kapitalkostnadene ved overtaking vert dempa. Landbruks- og matdepartementet stør òg ulike prosjekt og tiltak som skal medverke til auka busetjing og rekruttering av ungdom til landbruksnæringa i distrikta.

Jordbruksavtalen

Jordbruksavtalen legg saman med andre landbrukspolitiske verkemiddel viktige rammer for utviklinga i jordbruksnæringa. God inntektsutvikling og fordeling av inntekt mellom produksjonar, distrikt og bruksstorleikar er viktige verkemiddel for å nå dei overordna landbrukspolitiske måla. Å oppretthalde produksjonsvoluma (dekkje etterspurnaden i heimemarknaden) og sikre rekruttering er avgjerande for å sikre produksjonen i distrikta over tid.

Overføringane til jordbruket vert ofte delte i budsjettstøtte og marknadsprisstøtte (den meirprisen bøndene får som følgje av tollvernet). Begge støtteformene medverkar til at produksjonen er lønnsam. Mellom anna for å leggje til rette for lønnsemd i alle område og i ulikt driftsomfang, er delar av budsjettstøtta differensierte etter geografi og/eller bruksstorleik. Sidan mange av dei mindre bruka ligg i distrikta, har både distrikts- og strukturdifferensieringa verdi. Over jordbruksavtalen er om lag 55 % av løyvingane på tilskotsordningane distriktsdifferensierte, medan om lag 70 % av løyvingane på tilskotsordningane er strukturdifferensierte. 40 % er både geografi- og strukturdifferensierte. Strukturdifferensieringa gjev ein meir variert bruksstruktur, fleire driftseiningar og større geografisk spreiing av produksjonen, ved å kompensere for skalaulemper. Gjennom jordbruksoppgjera i 2006–2008 er distriktsprofilen i landbruksstøtta vidareutvikla og styrkt.

Budsjettstøtte er tilskot til næringsdrift. I næringsdrifta varierer også andre inntekter og kostnader geografisk. Derfor vert fordelinga av budsjettstøtte vurdert saman med geografisk fordeling av andre element i inntektsdanninga og kva samla netto inntektsalternativ som vert gjeve. Dei geografisk differensierte ordningane er differensierte etter ulike soner. Formålet med det er å jamne ut ulikskapar i produksjonskostnadene i ulike delar av landet.

I arbeidet med å halde oppe eit råvareproduserande jordbruk over heile landet, spelar dei økonomiske ordningane i jordbruksavtalen ei viktig rolle, saman med mellom anna kvoteordninga for mjølk og husdyrkonsesjonsregelverket. Regjeringa vil framleis nytte desse verkemidla aktivt i distrikts- og regionalpolitikken. Dei er ikkje minst avgjerande for eit framleis aktivt jordbruk i område der effektiviseringsmoglegheitene er små.

I jordbruksavtalen ligg også sentrale verkemiddel for ny næringsutvikling, jf. kapittel 7.6 om næringsutviklingstiltak.

5.4.3 Skogpolitikken – verknad for sysselsetjing og busetjing

Det er skogbasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg, og skogbruket er ei viktig distriktsnæring. Skogbruket gjev eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt på mange gardar. Innanfor skogbruket og skogindustrien er det ei sysselsetjing på om lag 30 000 årsverk og ein samla produksjonsverdi på ca. 47 milliardar kroner (2007). Næringa opererer i ein open verdsmarknad og eksporterer årleg for rundt 15–17 milliardar kroner.

Skogbruket skaper store lokale verdiar. Regjeringa har som mål å auke verdiskapinga i alle delar av verdikjeda frå skogbruksverksemd via transport og fram til foredling av trevirke til papir, brensel eller konstruksjonsvirke. Det er sett i gang tiltak for auka avverking, mellom anna for å stimulere til auka uttak av skogsvirke til bioenergi og auka bruk av tre.

Landbruks- og matdepartementet stør enkelte investeringar i skogbruket over jordbruksavtalen. Delar av denne støtta, 10 millionar kroner for 2009, er sette av til spesielle tiltak i kystskogfylka Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. Denne støtta skal mellom anna gå til infrastrukturtiltak i fylka. Fylka får i tillegg ein noko større del av midlane til nærings- og miljøtiltak over jordbruksavtalen. Grunnen er at utfordringane i skogbruket er større og infrastrukturen er dårlegare utbygd enn i innlandsfylka. Denne satsinga vil vere svært viktig for verdiskaping og sysselsetjing i dei aktuelle områda.

5.5 Fiskeripolitikken

Utfordringar:

  • Sikre at verdiskapinga basert på dei marine ressursane i størst mogleg grad skjer i kystsamfunn der fiskeri og havbruk utgjer dei klart viktigaste kjeldene til næringsverksemd og sysselsetjing

  • Styrkje marknadsorienteringa og innovasjonsevna i næringa, basert på berekraftige strategiar

Innsats:

  • Regulere fiskeflåten og fisket og ha kontroll med fiskeressursane

  • Regulere tilgang av fisk til fiskeindustrien og styrkje omsetninga av ferskfisk

  • Ein havbrukspolitikk som gjev sysselsetjing og verdiskaping langs kysten

  • Medverke til nyrekruttering til fiskerisektoren

  • Vidareføre verdiskapingsprogram for marin sektor (jf. kapittel 7)

5.5.1 Strukturpolitikken, kvotepolitikk, regulering av fisket og strategi for marin sektor

Reviderte fiskeripolitiske retningsliner

Fiskeri- og kystdepartementet har revidert dei fiskeripolitiske retningslinene for næringsutvikling i fiskeri- og havbruksnæringa. I retningslinene vert det lagt vekt på at verdiskapinga basert på dei marine ressursane våre i størst mogleg grad skal skje i kystsamfunn der fiskeri og havbruk utgjer dei klart viktigaste kjeldene til næringsverksemd og sysselsetjing. Retningslinene legg vidare vekt på å halde oppe ein variert flåtestruktur, og ser ein stor verdi i å føre vidare ein struktur med lokalt forankra eigarskap til fartøy og landanlegg.

I retningslinene er satsing på innovasjon prioritert, både når det gjeld produkt og prosessar, saman med ytterlegare styrking av marknadsorientering i næringa. Samstundes vert det understreka at verksemda må vere basert på berekraftige strategiar.

Strukturtiltak i fiskeflåten

Regjeringa la 16. mars 2007 fram St.meld. nr. 21 (2006-2007) Strukturpolitikk for fiskeflåten . Stortinget slutta seg til innhaldet i meldinga gjennom handsaming 5. juni 2007. Meldinga inneheld forslag til ein heilskapleg strukturpolitikk som skal føre til rettferdig fordeling av ressursane, ein variert eigarskapsstruktur, ivaretaking av lokalt forankra fiskebåtreiarlag og ein moderne og lønnsam fiskeflåte. Gjeninnføring av ei førehandsfastsett tidsavgrensing i strukturordninga understrekar styringsretten til fellesskapet og at fiskeressursane er fellesskapet sin eigedom.

Tiltaka i meldinga skal medverke til utvikling av ein flåtestruktur som gjev grunnlag for lønnsame arbeidsplassar og aktivitet og sysselsetjing langs heile kysten, på sjøen og på land. Tiltaka vil auke lønnsemda og verdiskapinga i den samla fiskerinæringa, og sørgje for at ein større del av verdiskapinga vert verande i kystsamfunna, som ei investering i utviklinga av desse og dermed busetjing og sysselsetjing over tid.

Kystfiskeutvalet

Kystfiskeutvalet for Finnmark vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon 30. juni 2006. Mandatet til utvalet var mellom anna å greie ut samane og andre sin rett til å drive fiske i havet utanfor Finnmark, på prinsipielt grunnlag. Utvalet vart vidare bedt om å gjere ein historisk gjennomgang av samar og andre si utøving av fiske i Finnmark.

Kystfiskeutvalet leverte si innstilling, NOU 2008: 5 Retten til fiske i havet utanfor Finnmark 18. februar 2008. Utgreiinga vart send på høyring med høyringsfrist 1. desember 2008. Innstillinga og høyringsinnspela er no til handsaming i Fiskeri- og kystdepartementet.

Ressurskontroll – kamp mot ulovleg fiske

Regjeringa har lagt stor vekt på å gjere ein aktiv innsats overfor styresmaktene i nabolanda våre og i det internasjonale reguleringsarbeidet for å hindre overfiske og uregulert fiske i Barentshavet, Nordsjøen og internasjonale farvatn.

Arbeidet i Noreg mot det ulovlege fisket er styrkt gjennom auke i budsjetta til Fiskeridirektoratet og Kystvakta. Dei auka ressursane er nytta til å styrkje utviklinga av elektronisk kontrollinformasjonsutveksling, fleire felles inspeksjonar med andre land og auka samarbeid mellom ulike etatar nasjonalt og internasjonalt.

Totalt har arbeidet medført at det ikkje skal vere mogleg å lande ulovleg fanga frosen fisk i hamner i Russland, EU, Noreg, Island, Færøyane og Grønland. Dette gjer at lønnsemda i det ulovlege fisket i Barentshavet vert drastisk redusert. Regjeringa vil arbeide for at det vert etablert ein bindande global avtale om hamnestatkontroll.

Analyserapporten frå Fiskeridirektoratet syner nedgang i det ulovlege fisket. I tillegg til å vere eit viktig element i arbeidet for å sikre ei berekraftig ressursutnytting, vil arbeidet ha klare sosioøkonomiske verknader og gje grunnlag for framtidig auka verdiskaping i kystsamfunna.

Strategi for marin sektor

Regjeringa vil våren 2009 leggje fram ein særskild strategi for marin sektor, med informasjon om vektleggingar i marin sektor i dei komande åra. Sentrale stikkord i denne samanhengen er miljø og berekraft, verdien av sjømaten som sunn og god ernæring for framtidige forbrukarar, gode rammevilkår for næringsutvikling og den viktige rolla forskinga har for ei kunnskapsbasert næring.

5.5.2 Fiskeindustrien – tilgang på ressursar og krav om landing av fisk

Fiskeri- og kystdepartementet ønskjer ei streng handheving av leveringsvilkåra for ferskfisktrålarflåten. Dette for å sikre fiskeindustrien langs kysten stabil tilgang på råstoff. Hausten 2003 vart det innført nye reglar for leveringsvilkår for torsketrålfartøy. Leveringsvilkåra vart gjort meir einsarta og reglane klargjer gjennomføring av leveringsplikta. På grunnlag av evalueringar og dei erfaringane ein elles hadde gjort med ordninga, vart forskrifta endra desember 2006 for å styrkje tilgang på ressursar for industrien.

Det vart gjennomført ei prøveordning med distriktskvotar i 2006 og 2007 i dei tre nordlegaste fylka, for betre tilføring av råstoff til fiskeriavhengige område. Ordninga har hatt ein positiv sysselsetjingseffekt, men fungerte ikkje heilt etter formålet. Distriktskvoteordninga for kystfiskeflåten vart frå og med 2008 erstatta av ei bifangstordning. Formålet med ordninga er å auke fangsten av sei og hyse om hausten ved at det vert sett av torsk til bifangst etter 1. september i fiske etter andre artar. Bifangstordninga er fartøyretta, og gjev ingen direkte geografiske føringar slik som distriktskvoteordninga gav, men ordninga vil truleg føre til auka landingar av fersk fisk i dei same områda og i same tidsrom som distriktskvoteordninga.

Det har stor verdi for kystflåten og fiskeindustrien i kystdistrikta at det er høve til å levere fisk lokalt. For å sikre ein desentralisert mottaksstruktur har Fiskeri- og kystdepartementet vidareført støtte til mottaksstasjonar og styrkt løyvinga til føringstilskotet.

Ferskfiskstrategien

Regjeringa la fram sin ferskfiskstrategi 18. august 2007 med sikte på betre utnytting av fordelen tilgang på fersk råstoff gjev i Noreg. Det ligg eit stort verdiskapingspotensial i den aukande etterspurnaden etter ferske produkt. Ein føresetnad for å utløyse dette potensialet er at industrien må kunne levere ferske fiskeprodukt av god kvalitet gjennom heile året. Dette er svært krevjande, då vandringsmønstet til fiskebestandane gjev store sesongvariasjonar i fangsten.

Strategien søkjer derfor å leggje tilhøva til rette for kontinuitet, kvalitet og samarbeid. Det vil likevel vere næringa sitt ansvar å utnytte det potensialet som ligg i skjeringspunktet mellom nærleik til verdfulle ressursar og til kjøpekraftige europeiske marknader.

Tilgang til internasjonale marknader

Fiskeri- og havbruksnæringa er ei distrikts- og kystnæring og heilt sentral for busetnad og verdiskaping langs kysten. Næringa er òg sterkt eksportretta. Meir enn 90 % av norsk fangst og oppdrett vert eksportert til om lag 150 land på verdsmarknaden. Regjeringa legg av desse grunnene stor vekt på å leggje til rette for gode vilkår for tilgang til dei viktigaste marknadene, mellom anna i Europa, Russland og Asia. WTO spelar her ei nøkkelrolle. Sjølv om medlemmene ikkje vart samde om modalitetar for landbruk og industrivarer, inkludert fisk, før jul i 2008, meiner regjeringa at det er viktig å sluttføre WTO-forhandlingane. Dette vil gje betre rammevilkår og betre marknadstilgang for dei eksportretta næringane, inkludert fiskeri- og oppdrettsnæringa.

5.5.3 Utdanning og rekruttering til fisket

Det er ei utfordring for marin sektor å få tak i nok kompetent arbeidskraft. Rekruttering til marin sektor er viktig for kystområda både når det gjeld næringsutvikling og busetjing. Fiskeri- og kystdepartementet har sett i gang tiltak der målet er at fleire vel ein yrkeskarriere i fiskeri- og havbruksnæringa.

Prosjektet for auka rekruttering til marin sektor er treårig og har ei total kostnadsramme på 10,8 millionar kroner. Prosjektet skal synleggjere utdanningstilbod som gjev ungdom større høve til å verte buande i deira heimemiljø. Langs kysten er LOSA (Lokalt opplæringstilbud i samarbeid med arbeidslivet) eit godt døme på eit slikt utdanningstilbod. Ungdom kan via internett og videooverføring av førelesingar gjennomføre ei yrkesretta utdanning på vidaregåande opplæringsnivå frå heimstaden sin. Praksis kan dei få i ulike bedrifter på heimstaden.

Ei arbeidsgruppe har på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet utgreidd rekrutteringsordningar for ungdom til fiskerinæringa gjennom etablering som fartøyeigar. Fiskeri- og kystdepartementet har sendt ut eit høyringsnotat om saka og har nyleg vedteke å etablere ei stipendordning med tilskot til kjøp av fartøy. Det skal tildelast 30 stipend, kvar på 250 000 kroner. Samstundes er det etablert ei ordning med tildeling av 10 nye deltakarløyve kvart år i tre år. Desse er øyremerkte unge fiskarar som alt har halde på med fiske med eige fartøy. Ein handlingsplan for auka kvinnedel i marin sektor vart dessutan lagt fram i 2007.

5.5.4 Havbruk – regulering og konsesjonar

Havbruksnæringa er ein viktig bidragsytar til næringsutvikling og verdiskaping, og skaper verdifulle arbeidsplassar langs norskekysten. Fiskeri- og kystministeren la i august 2007 fram regjeringa sin strategi for ei konkurransedyktig norsk havbruksnæring. Målet med strategien er å leggje til rette for at norsk havbruksnæring skal halde stillinga si som leiande internasjonal produsent og eksportør, samstundes som omsynet til miljø og fiskehelse vert vidareført.

I strategien varsla regjeringa gjennomføring av ein ny runde med tildeling av konsesjonar i 2009, og at det deretter vil verte årlege konsesjonsrundar tilpassa veksten i marknaden. Vekst i ei næring som naturleg er lokalisert til kyststroka, vil igjen kunne føre til auka aktivitet i desse områda og såleis opne for ytterlegare verdiskaping og kompetanseutvikling også i utsette småsamfunn langs kysten.

Regjeringa har i St.prp. nr. 1 (2008-2009) Tillegg nr. 4 gjort greie for opplegget sitt for tildelingsrunden i 2009. Eit forslag til forskrift om tildeling av 65 nye løyver vart sendt på høyring 30. desember 2008. I konkurranse om tildelinga vil det verte lagt vekt på om søkjaren er ein mindre aktør i næringa og om søkjaren vil leggje til rette for auka tilverking med sikte på økonomisk integrasjon i kystdistrikta i Noreg. Formålet med desse kriteria er å auke verdiskapinga og sysselsetjinga i område langs kysten og til å halde oppe ein variert eigarstruktur i næringa.

I strategien er tilgang til og bruk av areal identifiserte som ei viktig utfordring. I oppfølginga av strategien utgreidde ei interdepartemental arbeidsgruppe mellom anna om kommunane skal kunne ta betalt for bruk av areal i kystsona. Som grunnlag for utgreiinga henta arbeidsgruppa inn faktabeskriving og synspunkt frå representantar for dei som nyttar kystsona eller er påverka av korleis kystsona vert nytta. Ei viktig oppgåve for det offentlege er å vege ulike interesser mot kvarandre gjennom arealplanlegging og leggje til rette for infrastruktur. Det reiser fleire problem, mellom anna om sjøareal framleis skal stillast til gratis disposisjon for brukarane.

Regjeringa har kome til at det ikkje bør innførast ein særskild skatt til kommunane for bruk av areal i kystsona. Frå 2009 vil det vere mogleg for kommunane å skrive ut eigedomsskatt på oppdrettsanlegg i sjø. I samband med innkrevjing av vederlag for nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure, har regjeringa fått fullmakt til å løyve inntil 195 millionar kroner – knytt til vederlaget – til dei aktuelle fylkeskommunane i form av frie midlar.

5.6 Samferdselsinfrastruktur gjev viktige rammer for regional utvikling

Utfordringar:

  • Redusere avstandskostnader, fjerne flaskehalsar og sikre tilgang på digital infrastruktur for å gje folk reell fridom til busetjing og næringslivet tilgang til marknader i alle delar av landet

  • Utvide arbeidsmarknader for å auke storleiken og attraktiviteten til arbeidsmarknaden i eit område både for lokalisering av bedrifter og for busetjing

Innsats:

  • Ein heilt ny styrke i satsinga på transport i Nasjonale transportplan 2010–2019, med ein kraftig auke både i investeringstiltak og i drift og vedlikehald

  • Utvikling av infrastrukturen for å utvide arbeidsmarknader

  • Medverke til utbygging av kapasiteten på breiband i område med små marknader

5.6.1 Utfordringar på transportområdet

Regjeringa ser på transport og infrastruktur som ein viktig føresetnad for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting. Ein godt utbygd og vedlikehalden samferdselsinfrastruktur, med gode og landsomfattande tilbod av transport-, post- og teletenester, er viktig for velferd, verdiskaping og konkurranseevne i næringslivet. Skal folk oppleve ein reell fridom til å busetje seg der dei ønskjer, må dei også ha tilgang til god transport, breiband og mobildekning.

Utbygging og drift av infrastruktur og samferdselstenester er ei særleg utfordring i eit langstrakt land med relativt få innbyggjarar og store avstandar mellom landsdelar og senter. Regjeringa vil føre ein transportpolitikk der dei ulike delane av transportsektoren vert sette i samanheng, og der det vert lagt vekt på ei sterkare differensiering mellom by og land. I byane og pendlingsomlandet rundt vert det satsa sterkare på gode kollektivløysingar, medan betre vegar og rassikring er viktige satsingsområde i distrikta. Som følgje av spreidd busetnad og vanskeleg topografi er òg Noreg spesielt avhengig av luftfart.

Områda utanfor større byregionar er avhengige av effektive og gode logistikkløysingar for at næringslivet skal kunne konkurrere innanlands og mot utlandet. Store avstandar i Noreg forsterkar denne utfordringa. I lokalsamfunn med lågt folketal og liten breidde i arbeidsmarknaden er den viktigaste transportpolitiske utfordringa ofte å sikre trygge og gode samband til det næraste større senteret gjennom investeringar i veg og vegkvalitet. I tillegg er det å utvikle eit tilbod av treffsikre kollektivløysingar ei spesiell utfordring i område med små marknader og lågt trafikkgrunnlag.

I og mellom by- og senterregionar handlar den transportpolitiske utfordringa om ein innsats for å styrkje regionale senter og utvikle større, robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar. Slik regionforstørring kan auke attraktiviteten til eit område for både lokalisering av bedrifter og for busetjing. Dette vil særleg vere aktuelt mellom større og mindre by- og senterområde. Satsing på kollektivtransport og god areal- og transportplanlegging er også viktig her, med vekt på god framkome, pålitelege rutetider og betre og enklare takstsystem for å styrkje arbeidsreisetrafikken. Ei viktig utfordring er å få ned reisetida i og mellom regionsenter for å auke området for dagpendling. Der det er jernbane, vil det å styrkje persontrafikken vere eit viktig regionalpolitisk verkemiddel.

Regional utvikling handlar også om ein innsats for å sikre godt samband mellom landsdelane. Utbygging av naudsynt samband for vareutveksling, persontransport og reiseliv er viktig for å skape større vekst og slagkraft nasjonalt og internasjonalt.

Dette ligg til grunn for regjeringa sin transportpolitikk slik den går fram av Nasjonal transportplan 2010–2019, jf. St.meld. nr. 16 (2008–2009). Regjeringa har alt styrkt satsinga på transport i den inneverande stortingsperioden, og forsterkar innsatsen kraftig gjennom den nye nasjonale transportplanen (NTP).

Regjeringa legg vekt på at det er god dialog mellom statlege transportstyresmakter og fylkeskommunane, og på at fylkeskommunane medverkar til å nå nasjonale transportpolitiske mål. Utvikling av transportknutepunkt, løysing av samferdselsutfordringar på tvers av fylkesgrensene og gode koplingar mellom fylkes- og riksvegnettet er avhengig av eit nært samarbeid mellom fylkeskommunane og statlege transportstyresmakter.

Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vil også be fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar med stort ansvar for transport og samferdsel i fylket, om å ta initiativ til å drøfte framtidsretta heilskaplege transportløysingar.

5.6.2 Ny nasjonal transportplan

Stortingsmeldinga om nasjonal transportplan for perioden 2010–2019 legg grunnlaget for heilskaplege politiske prioriteringar, effektiv verkemiddelbruk og styrking av samspelet mellom ulike transportformer. Dette skal medverke til effektiv, sikker og miljøvennleg transport i heile landet.

Utbygging og vedlikehald av infrastruktur er det viktigaste statlege transportpolitiske grepet når det gjeld distrikts- og regionalpolitiske mål. Regjeringa vil prioritere tiltak for utbygging og vedlikehald både på veg, på bane, i luftfart og for maritim transport på ein slik måte at distrikts- og regionalpolitiske omsyn vert tekne hand om. Andre transportpolitiske tiltak vil supplere desse tiltaka. Det gjeld særleg tiltak som er knytte til å leggje til rette for kollektivtransport.

Regjeringa sin vilje til å utvikle ein framtidsretta infrastruktur kjem klårt til syne i NTP 2010–2019, der det vert lagt til grunn ei økonomisk ramme som er 100 milliardar kroner høgare enn i Stortinget sitt vedtak om NTP 2006–2015.

Vegnettet

Regjeringa vil gjennom å auke veginvesteringane med 80 % samanlikna med NTP 2006–2015, og samstundes auke satsinga på vedlikehald, leggje til rette både for ei positiv utvikling i mindre lokalsamfunn og for utvikling av robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar og regionsenter. I prioriteringa av tiltak skal det leggjast vekt på at dei skal medverke til å gjere vegsystemet meir påliteleg og lettare å kome fram på for brukarane. Det gjeld både tiltak generelt for å redusere reisetida på dei viktigaste strekningane for næringstransportane, og tiltak som kan redusere behovet for kolonnekjøring eller vinterstengde vegar. Det gjeld også utbetring av flaskehalsar i viktige delar av vegnettet, noko som gjer det betre dimensjonert for dagens trafikk, til dømes der vegen er for smal til at to vogntog kan passere kvarandre.

Regjeringa legg vekt på ei god regional fordeling av vegmidlane for å utvikle levedyktige lokalsamfunn og stimulere til næringsutvikling i alle delar av landet. Regjeringa sine prioriteringar vil mellom anna gje vesentleg reduksjon av reisetidene på riksvegnettet. Vinsten vert størst på strekningane E6/E136 Oslo-Ålesund, E39 Bergen-Ålesund, E6 Bodø-Tromsø og E6 Oslo-Trondheim. Reisetidene vil her verte redusert med rundt 30-35 minutt. Den samla reisetida på Kyststamvegen E39 Stavanger–Trondheim vert redusert med om lag 60 minutt. Framkomsten på E16 Oslo–Bergen vert betre ved at Filefjell vert utvikla til ein tilnærma vinteropen veg.

Nokre av dei viktigaste hovudprioriteringane i Nasjonal transportplan 2010–2019 handlar om tiltak som skal gjere transportsystemet meir effektivt og meir tilgjengeleg, samstundes som trafikktryggleiken skal auke og miljøskadene avgrensast. Regjeringa styrkjer satsinga for å få ned talet på ulykker og talet på drepne og hardt skadde i trafikken. For planperioden 2010–2019 er det sett som mål å redusere talet på drepne og hardt skadde med ein tredel. Kapasitetsproblem på vegnett gjev både innbyggjarane og næringslivet ekstrakostnader. Regjeringa legg opp til ei styrking av vedlikehaldet, mellom anna for å ta betre vare på eksisterande infrastruktur.

Rassikring er eit anna forsømt område der det no kjem ei stor satsing. Regjeringa vil auke innsatsen for rassikring til ein milliard kroner årleg. I område som er utsette for ras, spesielt på Vestlandet og i Nord-Noreg, gjer risikoen for ras folk utrygge. Stengde vegar som følgje av ras fører òg til at små lokalsamfunn med få reelle transportalternativ vert meir sårbare.

Utgiftene til ferjebillettar kan utgjere ein viktig kostnad for næringslivet. Regjeringa har i tråd med Soria Moria-erklæringa auka rabatten på sonekort og verdikort for køyretøy frå 40 til 50 %, og ønskjer ei vidare forbetring av ferjetilbodet i åra framover.

Riksvegane utanom dagens stamvegnett vert i samband med ny regionreform i hovudsak overførte til fylkeskommunane frå 2010. Det er ei stor oppgåveoverføring. Fylkeskommunane får høve til å bestemme over eit langt større vegnett enn i dag, inkludert ferjetilbodet på regionvegnettet. Fylkeskommunane får høve til å samordne og gjere heilskaplege prioriteringar mellom vegsektoren og andre sektorar og oppgåver fylkeskommunane har eller får utvida ansvar for. Dette vil truleg gje positive effektar i arbeidet for regional utvikling. Regjeringa innfører samstundes ei rentekompensasjonsordning for transporttiltak i fylka, der staten dekkjer renteutgiftene. Ordninga vil ha ei ramme på 2 milliardar kroner årleg.

Jernbanen

Eit effektivt transporttilbod gjennom jernbanen medverkar til å utvide bu- og arbeidsmarknadsregionane, særleg rundt dei største byregionane. Her spelar jernbanen også ei nøkkelrolle i å minske pendlartrafikken på vegane. Vidare fraktar jernbanen ein stor del av godstrafikken på dei strekningane der bane er eit alternativ. Fleire stader er kapasitetsgrensa nådd. For å leggje til rette for framleis auke i jernbanetrafikken legg regjeringa vekt på tiltak som kan medverke til eit påliteleg togtilbod, auka frekvens og reduksjon i reisetid. Regjeringa vil gjennom tiltak i Nasjonal transportplan også doble godskapasiteten på jernbane, og dermed leggje til rette for at det ikkje oppstår nye flaskehalsar for denne transporten. Store jernbaneinvesteringar vil få ei auke på i gjennomsnitt 2 milliardar kroner per år samanlikna med NTP for perioden 2006–2015. Regjeringa legg opp til ei konsentrert satsing på Vestfold-, Østfold- og Dovrebanen. På Østfoldbanen vert mellom anna nytt dobbeltspor på strekninga Oslo–Ski prioritert.

Staten ved Samferdselsdepartementet kjøper bedriftsøkonomisk ulønnsam persontransport med tog. Viktige mål med kjøpet er å få eit togtilbod som er konkurransedyktig ved reiser til og frå arbeid, gjere regionsentra meir tilgjengelege og medverke til å binde regionar og landet saman. Regjeringa legg opp til auka offentleg kjøp av persontransporttenester på tog frå 2012, med utgangspunkt i forbetringar i infrastrukturen.

Eit velfungerande togtilbod krev også eit godt samarbeid om rutesamordning og utvikling av knutepunkt mellom togoperatørane og fylkeskommunale og kommunale styresmakter.

Regjeringa er oppteken av å ha gode togsamband mellom Noreg og Sverige. Samferdselsdepartementet har inngått avtalar med den svenske Rikstrafiken om strekningane Oslo–Stockholm, Trondheim–Östersund og Narvik–Luleå–Stockholm–Gøteborg. Departementet vil dessutan arbeide vidare med andre samarbeidspartar med tanke på å vidareutvikle togtilbodet på strekninga Oslo–Stockholm.

Kollektivtrafikken i større byområde

I byane legg regjeringa opp til å leggje sterkare vekt på ei arealplanlegging som sikrar lågare behov for bruk av personbil og legg til rette for kollektivtransport, sykling og gåing. Den kraftige satsinga på jernbane vil gje auka kapasitet også for persontrafikken. I samråd med lokale styresmakter vil regjeringa stø opp under utvikling av gode knutepunkt for kollektivtrafikken, betre informasjon om rutetider og liknande og restriktive tiltak retta mot biltrafikken. Dette skal gjere kollektivtransport til eit meir attraktivt tilbod for dei reisande.

Kollektivtrafikken utanfor større byområde

Regjeringa sette i 2007 i gang programmet «Kollektivtransporten i distrikta». Det er eit samarbeid med fylkeskommunane, som er ansvarlege for den lokale kollektivtransporten. Regjeringa har som mål å styrkje kollektivtilbodet i område med lågt folketal og store avstandar. Tiltaka i programmet skal få fram gode døme på styrking av kollektivtilbodet gjennom meir effektiv samordning av ressursar og verkemiddel og ha overføringsverdi til andre stader.

Ekspressbuss har vakse fram som eit fullverdig alternativ til privatbil for dei som skal reise over større strekningar. Bussrutene utgjer eit finmaska nett og har eit fortrinn ved at dei er eit tilbod både for reisande frå bykjerne til bykjerne og for dei som ønskjer å reise til og frå mindre stader langs reiseruta. Regjeringa vil gje ekspressbussnæringa rammevilkår som sikrar vidare utvikling av tilbodet som eit godt alternativ til privatbil.

Regional luftfart

For innbyggjarar i delar av Noreg er flytilbod naudsynt for å kunne oppretthalde eit konkurransedyktig næringsliv, gjere det mogleg å langpendle og å nå servicetilbod som ikkje finst lokalt. Ein stor del av verdiskapinga i desse områda er ofte bygd på kapitalintensive, ressursbaserte næringar. Aktørane i desse næringane er avhengige av gode og raske fysiske kommunikasjonar. Regjeringa legg til rette for dette gjennom ordninga med statleg kjøp av flytenester og ved å oppretthalde dagens lufthamnstruktur.

Sjøtransport og oljevernberedskap

Sjøtransport og hamner er ein viktig del av transportpolitikken. Regjeringa har som mål å leggje til rette for sikker sjøtransport langs kysten og for å styrkje oljevernberedskapen. Det er òg eit mål at meir gods skal over på båt. Ved å fjerne kystgebyret og årsavgifta for hamnetryggleik får sjøtransporten betre vilkår for å konkurrere med dei andre transportformene.

Regjeringa prioriterer i NTP tiltak både i farleiene, i innseglinga til hamner og i fiskerihamner. Sentrale element her vil vere å knyte viktige hamner til riksvegnettet, å styrkje lostenesta og trafikkovervakinga og å skifte ut fleire av fartøya til Kystverket.

I arbeidet for å få meir gods over på båt er hamnene sentrale. Hamnene er eit kommunalt ansvar, men staten er ansvarleg for å leggje til rette for gode rammevilkår og eit lovverk som set hamnene i stand til å utvikle seg til gode logistikknutepunkt. Eit forslag til ny hamne- og farvasslov vart lagt fram for Stortinget våren 2008. Her vert det mellom anna føreslått at kommunane skal få større fridom til å organisere hamneverksemda. Forslaget gjev eit godt grunnlag for å utvikle hamneverksemda vidare i heile landet.

Regjeringa vil medverke til å oppretthalde og vidareutvikle statlege fiskerihamner og farleiene til hamnene for å møte dei auka krava om kapasitet i hamnene, mellom anna slik at større fryse- og containerskip kan betene den lokale fiskerinæringa. Ved vurdering av tiltak i fiskerihamner vert det stilt krav om avklaring i høve til den kommunale og fylkeskommunale planleggingsprosessen. Utbyggjaren må kunne dokumentere nytten av tiltaka, også i samanheng med anna nærings- og infrastrukturutvikling. Prosjekt som har mykje å seie for den nasjonale verdiskapinga innanfor fiskeri- og havbruksnæringa, vert prioriterte. I dei statleg utbygde fiskerihamnene vil staten framleis ha eit ansvar for vedlikehald, sjølv om det ikkje lenger er næringsaktivitet i området.

Dersom det skjer uhell, er det naudsynt å ha ein god oljevernberedskap langs heile kysten. Norsk beredskap mot akutt forureining har tre nivå – privat, kommunal og statleg. Staten ved Kystverket tek ansvaret der privat og/eller kommunal verksemd ikkje er tilstrekkeleg. Regjeringa fokuserer særleg på nordområda, der mellom anna auka russisk oljefrakt fører med seg risiko for uhell. Det er derfor oppretta ein døgnkontinuerleg slepebåtberedskap i Nord-Noreg slik at ein raskt kan hjelpe skip som har vanskar.

Hurtigruta

«Hurtigruta» har spelt ei viktig rolle både som transportør av personar og gods og som reiselivsprodukt. Hurtigruten ASA har hatt store økonomiske utfordringar dei siste åra. I arbeidet med utlysing av konkurranse om ein ny avtale om kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes er det etablert ein dialog med fylke og landsdelsutval langs strekninga om korleis ein kan sikre eit meir robust og langsiktig grunnlag for kystruta Bergen–Kirkenens.

Nasjonale turistvegar

Regjeringa legg opp til at 18 nasjonale turistvegar skal vere etablerte innan 2016. Dette skal vere strekningar der det gode samspelet mellom vegen og det unike landskapet gjev ei rik og variert køyreoppleving. Målet for turistvegprosjektet er å lage turistattraksjonar som skal gjere Noreg meir attraktivt for vegfarande turistar, og på denne måten også leggje til rette for auka verdiskaping, særleg i distrikta. Dette føreset økonomisk innsats frå statlege organ, fylkeskommunar, kommunar, reiselivet og private aktørar for å skape eit heilskapleg turistprodukt som også omfattar service, opplevingar og attraksjonar.

I tillegg til å styrkje sjølve turistvegane som eit attraktivt reisetilbod for turistar frå inn- og utland, må ein også leggje til rette for at turistvegane har eit nært samspel med andre reiselivsprodukt. Det er òg naudsynt å leggje til rette i større grad for utanlandske turistoperatørar. Regjeringa ser behov for å styrkje samspelet mellom sjølve reiselivsprodukta, standarden på transportinfrastrukturen og dei enkelte transportgreinene.

5.6.3 Førarkortopplæring knytt til vidaregåande opplæring

Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdselsdepartementet har dei siste åra finansiert eit prøveprosjekt for å undersøkje om førarkortopplæring i samarbeid med vidaregåande opplæring og trafikkskular kan ha positive effektar for trafikktryggleiken. Det er eit delmål at elevane skal få mindre fråvær frå den ordinære undervisninga, og at dei får reduserte kostnader til førar­kortopplæringa.

Prøveprosjektet har vore gjennomført som ei frivillig forsøksordning på nokre skular, der elevane har fått tilbod om førarkortopplæring i eller utanfor vanleg skuletid. Prosjektet er avgrensa til vidaregåande skular som ligg i ein viss avstand frå eit større sentrum og etablerte trafikkskular. Ei evaluering frå forsøket vil liggje føre i 2009. Evalueringa vil gje grunnlag for å vurdere eventuell utvikling og innretning av ei slik ordning som fast tilbod på vidaregåande skular i fleire fylke, for å medverke til å nå distrikts- og regionalpolitiske mål.

5.6.4 Den digitale allemannsretten

Mål og ambisjonar

Regjeringa sette seg som mål for breibandsutviklinga at alle innbyggjarane skal ha tilbod om tilknyting til breibandsnett innan utgangen av 2007, i tråd med Soria Moria-erklæringa. Dette målet er langt på veg nådd. Tilgangen til breiband for alle innbyggjarane er ein føresetnad for at alle skal få delta i den omveltinga av samfunnet som Internett i praksis representerer. Det omfattar forenkling av offentlege tenester, utdanning og informasjon, sal av varer og tenester og nye kommunikasjons- og underhaldningskanalar. Å ikkje ha tilgang til breiband vil i praksis gjere at fridommen til busetjing ikkje er reell. Nasjonale og internasjonale studium syner dessutan at tilgang til breitt breiband - breiband med høg kapasitet - gjev auka verdiskaping og produktivitet i næringslivet og er ein viktig føresetnad for innovasjon og berekraftig vekst.

Parallelt med fullføringa av arbeidet med å skaffe tilgang til breiband, legg regjeringa i løpet av sommaren 2009 opp til å definere mål for tilgang til breitt breiband. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil setje ned ei arbeidsgruppe med Kommunal- og regionaldepartementet og andre aktuelle departement, som skal vurdere korleis desse måla kan realiserast. Eksterne aktørar skal også trekkjast inn i arbeidet.

Breibandspolitikken til regjeringa er i utgangspunktet basert på at det er marknadsaktørane som skal stå for bygginga av infrastrukturen, medan staten legg til rette for konkurranse og stimulerer etterspurnaden ved å vere ein krevjande etterspørjar av breiband. Dette vil ikkje vere tilstrekkeleg i område med lågt folketal og små marknader. Staten set derfor, saman med fylkeskommunar og kommunar, i verk særskilde tiltak i område der ein klart ser at det ikkje vil kome eit marknadsbasert breibandstilbod. Denne politikken vert vidareført.

Den offentlege politikken er teknologinøytral, det vil seie at styresmaktene overlet til marknaden å avgjere kva teknologiar som er best eigna i kvart enkelt tilfelle.

Status

Konsulentselskapet Teleplan har på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet oppdatert status og prognose for breibandsutviklinga i Noreg per 31. mars 2008. Det er henta inn informasjon frå alle utbyggjarar/tilbydarar som har eigen infrastruktur for breiband, og dessutan frå Høykom-sekratriatet, fylkeskommunar og kommunar. Undersøkinga gjev eit estimat for breibandsdekninga i alle norske kommunar per 31. mars og 31. desember 2008.

Teleplan har i undersøkinga definert breiband som kapasitetar over 640 kbps. Kapasitetsgrensa er Teleplan si tolking av breibandsdefinisjonen med krav til overføring av levande bilete som Stortinget vedtok i samband med handsaminga av St.meld. nr. 49 (2002–2003) Breiband for kunnskap og vekst . Teleplan har lagt til grunn den kapasiteten som trengst for å overføre direkte sendingar frå Stortinget – 640 kbps, men dei fleste tilboda i marknaden er no på 1 Mbps eller meir.

Rapporten frå Teleplan seier følgjande:

  • 99,6 % av husstandane i Noreg hadde tilgang til breiband i mars 2008, og talet er berekna til å auke til 99,8 % av husstandane per 31. desember 2008. 1

  • 97,8 % av husstandane per mars 2008 hadde fast breibandsaksess, og talet er berekna til å auke til 98,8 % per 31. desember 2008.

Rapporten inkluderer ikkje effekten av løyvingar til breibandsutbygging for 2008 som fyrst vil få effekt i 2009. Over budsjetta til Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet vart det i 2008 løyvd til saman 188 millionar kroner til breibandsutbygging. Det vil utløyse ei minst like stor løyving frå lokale styresmakter og næringsliv. Det vart nytta midlar i om lag same storleik i 2006 og 2007. I tillegg kjem ytterlegare løyvingar til breiband over 2009-budsjettet.

Talet på faktiske tilknytingar til breiband i privatmarknaden er mindre enn tilbodet. I første kvartal 2008 var 1 364 000 abonnentar eller om lag 65 % av husstandane (SSB) tilknytte. Sidan fleire kan dele éi tilknyting og ein del tilknytingar til husstandar kan vere registrerte på firma (slik at dei ikkje inngår i desse tala), er det reelle talet truleg høgare.

Undersøkinga frå Teleplan estimerer at ved utgangen av 2008 kan 94,1 % av husstandane få breiband via ADSL, 45 % via kabel-TV, 15,1 % via fiber, 30,5 % via fast radioaksess og 92,3 % via mobilt breiband.

Tabell 5.1 Breibandsdekning per fylke 30. juni 2007, 31. mars 2008 og 31. desember 2008

    Breibandsdekning 30.06.2007 Breibandsdekning 31.03.2008 Breibandsdekning 31.12.2008
    Ved fast aksessInkl. mobilt breiband Ved fast aksessInkl. mobilt breiband Ved fast aksessInkl. mobilt breiband
Akershus96 %99 % 97,9 %≈100,0 % 98,4 %≈100,0 %
Aust-Agder96 %>99,5% 97,8 %≈100,0 % ≈100,0 %≈100,0 %
Buskerud93 %97 % 95,3 %99,2 % 98,4 %≈100,0 %
Finnmark90 %95 % 98,6 %≈100,0 % 99,1 %≈100,0 %
Hedmark94 %98 % 96,1 %≈100,0 % 98,5 %≈100,0 %
Hordaland96 %98 % 97,2 %99,4 % 98,4 %≈100,0 %
Møre og Romsdal97 %98 % 99,0 %≈100,0 % 99,3 %≈100,0 %
Nordland91 %96 % 95,2 %98,8 % 96,5 %99,2 %
Nord-Trøndelag94 %97 % 97,5 %99,5 % 98,5 %≈100,0 %
Oppland93 %98 % 95,6 %99,4 % 97,9 %≈100,0 %
Oslo99 %≈100 % ≈100,0 %≈100,0 % ≈100,0 %≈100,0 %
Rogaland98 %99 % 99,2 %≈100,0 % ≈100,0 %≈100,0 %
Sogn og Fjordane95 %97 % 96,0 %98,6 % 97,6 %99,1 %
Sør-Trøndelag96 %98 % 98,8 %≈100,0 % 99,4 %≈100,0 %
Telemark91 %98 % 96,2 %99,0 % 99,1 %≈100,0 %
Troms91 %94 % 96,4 %98,2 % 97,9 %99,0 %
Vest-Agder96 %99 % 97,4 %≈100,0 % ≈100,0 %≈100,0 %
Vestfold98 %>99,5% 98,9 %≈100,0 % 99,0 %≈100,0 %
Østfold96 %>99,5% 98,5 %≈100,0 % 98,6 %≈100,0 %
Noreg totalt95,5 %98,3 % 97,8 %99,6 % 98,8 %99,8 %

Kjelde: Teleplan

Utfordringar framover

Det primære målet for regjeringa er at heile landet skal ha tilgang til breiband. No som det målet er så godt som nådd, vil regjeringa arbeide vidare med to hovudutfordringar:

  1. at folk tek breibandet i bruk

  2. høgare kapasitet i nettet

1. Få opp bruken av breiband

Den mest nærliggjande utfordringa utover full dekning er å få opp bruken. Det er ei prioritert oppgåve både for å motverke digitale skilje og for å utløyse heile samfunnsnytten og det økonomiske potensialet som følgjer av å få (tilnærma) alle på nett.

Eit digitalt skilje er uheldig ettersom stadig meir av den sosiale kontakten, skulearbeidet og anna skjer via nettet. Det digitale skiljet kan oppstå på grunn av at kostnadene er ulike på ulike stader, at dei økonomiske evnene til å kjøpe PC og breiband er ulike, og ved at familiar med betalingsmerknader ikkje får teikna abonnement på breiband.

2. Høgare kapasitet

Eit mål om høgare kapasitet må byggje på ei vurdering av kva kapasitet det er sannsynleg at brukarane vil ha behov for framover, kva kapasitet marknaden vil levere, og kva styresmaktene skal gjere der marknaden ikkje vil levere tilstrekkeleg kapasitet. Utviklinga av og behovet for kapasitet er usikker. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har derfor teke initiativ til ein studie som skal vurdere kapasitetsutvikling og kapasitetsbehov for breiband i Noreg. Studien skal også vurdere kva rolle styresmaktene bør ha når det gjeld å auke kapasiteten.

Eit sentralt spørsmål i denne samanhengen er kvar grensene går for marknaden når det gjeld å byggje ut høgare kapasitet utan offentlege stimulansar. Ved ei reint marknadsbasert utvikling kan det oppstå digitale skilje ved at folketette område får tilgang til høgare kapasitet, medan tynnare busette område ikkje får det, eller eventuelt får det til ein mykje høgare pris. Dette ønskjer regjeringa å unngå for å sikre reell fridom til busetjing og likeverdige rammevilkår for næringslivet.

Geografiske skilnader i pris

For breiband til husstandar vert i dag i hovudsak ADSL nytta. Dei nasjonale ADSL-tilbydarane har valt å ta den same prisen for abonnementa sine over heile landet. Dei andre aktørane i marknaden har i stor grad følgt denne prisen for å vere konkurransedyktige. Det er likevel enkelte geografiske prisforskjellar i tilboda til husstandar, på grunn av tilgangen til alternative nett og lokale tilbydarar rundt om i landet.

Bedriftsmarknaden for breiband stiller ofte andre krav enn privatmarknaden når det gjeld slikt som oppetid og trygge nett. For bedriftsmarknaden er det framleis geografiske skilnader i pris og i kapasitet. Prisen i denne marknaden er i stor grad avhengig av den lokale konkurransesituasjonen, avstanden til det næraste tilkoplingspunktet og kor mange operatørar som kan levere breiband i det aktuelle området. Ei rekkje større aktørar konkurrerer i bedriftsmarknaden, og det har vore ei kraftig utbygging av infrastrukturen over heile landet dei siste åra. Situasjonen vert betre etter kvart som alternative tilbydarar byggjer ut eigne nett.

Særskilde midlar til breiband frå Kommunal- og regionaldepartementet

Dei siste åra har særskilde midlar under Kommunal- og regionaldepartementet vore øyremerkte til medfinansiering av breibandsutbygging og eventuelt andre infrastruktur- og næringstiltak etter avtale med departementet. Mellom anna har mobilnett vorte støtta. Midlane har vore fordelte til fylkeskommunar som har kommunar innanfor det distriktspolitiske virkeområdet. Fylkeskommunane har gjort regionale vurderingar av behov og løysingar og etablert samarbeid med kommunar og andre aktørar om utbyggingstiltak. Dette er det aktuelt å vidareføre også i åra framover til 2013.

5.6.5 Mobildekning

Mobilnetta dekkjer i dag 86,15 % av arealet og 99,86 % av områda der det bur folk i Noreg. Det inneber at rundt 20 000–30 000 personar ikkje har mobildekning der dei bur. Nokre fleire enn dette vil oppleve at dei ikkje har dekning inne i huset på grunn av bygningstekniske hinder og demping av signal. Ifølgje berekningar frå Telenor manglar om lag 200 tettstader, 200 mil riksveg og 350 tunnelar på riksveg tilfredsstillande GSM-dekning. Også andre teknologiar enn GSM kan etter kvart vere aktuelle, men førebels er dette den mest vanlege teknologien.

Samferdselsdepartementet vil vurdere statleg kjøp av tenester for å betre mobildekninga for dei busette områda som ikkje har dekning, og for viktige ferdselsårer. Det er også viktig at lokale og regionale styresmakter og teleselskap utviklar samarbeid for å finne fram til gode og rasjonelle løysingar og prioriteringar av utbyggingar.

5.6.6 Gode posttilbod

Posten er ein viktig del av infrastrukturen. Posten har gjort det mogleg å oppretthalde ein spreidd busetnad og eit levedyktig næringsliv over heile landet. For regjeringa er det eit overordna mål å sikre eit godt og likeverdig posttilbod i heile landet. Eineretten er eit sentralt verkemiddel for å nå det grunnleggjande postpolitiske målet om rimelege og gode posttenester i heile landet. Overskotet frå eineretten har saman med eventuelle direkte statlege overføringar sikra finansiering av ulønnsame posttenester i distrikta.

EU har vedteke eit tredje postdirektiv som legg opp til å avvikle einerettane i Europa innan 2011. I lys av dette har Samferdselsdepartementet fått utarbeidd ei utgreiing av konsekvensane av ei eventuell liberalisering i Noreg. Departementet har sendt utgreiinga på høyring. Utgreiinga og høyringsrunden vil vere nyttige i det vidare arbeidet med postdirektivet. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget når regjeringa har teke stilling til direktivet.

5.6.7 Nettleige for straum, produksjon og nettutvikling og rammevilkår for kraftkrevjande industri

Nettleiga for uttak av kraft varierer ein god del mellom nettselskapa i landet fordi dei har ulike overføringskostnader. Dei viktigaste årsakene til dette er geografi og busetnadsmønster. Regjeringa har i 2009 dobla støtta til utjamningsordninga for nettleige til 60 millionar kroner. Ordninga reduserer nettleiga for sluttbrukarar som er tilknytte distribusjonsnettet i dei områda av landet som har høgast overføringskostnader, og utjamnar dei største skilnadene i nettleiga for straum.

Olje- og energidepartementet tek sikte på å fremje ein proposisjon med forslag til endringar i energilova våren 2009. Endringane vil mellom anna handle om utfordringane som er knytte til koordinering av investeringar i nett, produksjon og forbruk.

Nettet har mykje å seie for heile kraftsystemet. Det avgjer kor mykje kraft som kan overførast, og kva for energitap som følgjer av overføringa. Ny produksjon, til dømes småkraft og vindkraft, kan utløyse nettinvesteringar, og nye store forbrukarar kan gjere det naudsynt med både nettinvesteringar og auka produksjon. Olje- og energidepartementet meiner av den grunn at det er viktig å leggje til rette for ei god koordinering av investeringar i nett, produksjon og forbruk. Kraftproduksjon og bedrifter som forbruker kraft, kan stå for viktig aktivitet i distrikta.

Regjeringa er særs oppteken av vilkåra for kraftintensiv industri i Noreg. Det heng mellom anna saman med at denne industrien er viktig for område og lokalsamfunn som er avhengige av kraftkrevjande industri som hjørnesteinsverksemd.

Fundamentet for industrikraftløysinga til regjeringa er god kraftbalanse, høve til å inngå langsiktige, kommersielle kontraktar og gode vilkår for industrien gjennom låg nettleige, fritak for eller redusert el-avgift og støtteordningar hos Enova. Regjeringa presenterte i statsbudsjettet for 2009 fleire tiltak for industrien som i sum gjev gode rammevilkår for kraftintensiv industri.

5.7 Kompetanse, utdanning og forsking

Utfordringar:

  • Sikre næringslivet og offentleg sektor i heile landet tilgang til kvalifisert arbeidskraft og relevant forskingsbasert kunnskap

  • Sikre innbyggjarane god tilgang til utdanning av høg kvalitet gjennom heile livet i alle delar av landet

Innsats:

  • Styrkje utdanningssystemet i alle delar av landet

  • Stimulere til auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet

  • Auke FoU-intensiteten i næringslivet, og utvikle ordningar som gjer at nytten av forskinga kjem næringslivet og offentleg sektor i heile landet til gode

5.7.1 Kunnskapssamfunnet i framtida

Globaliseringa fører til meir nyskaping og teknologiutvikling i heile verda. Det stiller høge krav til omstilling og spesialisering også i Noreg. Det vil dessutan føre til hardare konkurranse om spesialisert kompetanse mellom land. Utvikling og implementering av ny teknologi og nye arbeidsformer skjer også i aukande tempo. Dette vil krevje kontinuerleg læring og kompetanseutvikling i arbeidslivet, saman med ei god grunnopplæring og høgare utdanning.

Behovet for arbeidskraft med høgare utdanning vil auke i åra framover, jf. rapporten frå Statistisk sentralbyrå Tilbud og etterspørsel etter arbeidskraft etter utdanning 1986–2025 , rapport 2008/29. SSB forventar at den delen av arbeidsstyrken som har høgare utdanning, vil auke til over 40 % fram mot 2025.

Regjeringa vil i 2009 leggje fram ei stortingsmelding om grunnlaget for kunnskapssamfunnet i framtida. Meldinga vil innehalde ei vurdering av korleis Noreg kan få eit tilpassingsdyktig utdanningssystem som utdannar til det framtidige arbeidslivet. Meldinga vil også drøfte korleis innretninga av etter- og vidareutdanningssystemet i større grad kan medverke til at arbeidslivet får den kompetansen det er behov for, og at den enkelte kan møte framtidige kompetansekrav i arbeids- og samfunnslivet. Synleggjering og verdsetjing av kompetanse som er opparbeidd utanfor det formelle utdanningssystemet, er ein viktig del av dette.

Regjeringa vil i samband med forvaltningsreforma overføre oppgåver til fylkeskommunane og styrkje grunnlaget for regionalt tilpassa løysingar. Dette gjeld mellom anna viktige oppgåver knytte til kompetanse, næringsutvikling og forsking (sjå kapittel 4.1 og avsnitt 5.7.5). Fylkeskommunane har allereie ansvaret for vidaregåande opplæring og regionale utviklingsmidlar, og får no samla sett sterke verkemiddel til å ta tak i kompetanseutfordringane i fylka.

Boks 5.2 Kampen om kompetansen: Stavanger-regionen

For å svare på utfordringane frå det globale kompetansesamfunnet og verknadene og moglegheitene det gjev, utarbeider mange regionar eigne planar og scenario omkring kunnskapsutvikling. « Kampen om kompetansen » skisserer scenario for Stavanger-regionen og vart lagt fram i november 2008. Arbeidet vart utført av IRIS og Berrefjord & Thomassen, i dialog med ei breitt samansett referansegruppe. Referansegruppa hadde deltakarar frå offentlege aktørar innan arbeid, helse, utdanning og regional utvikling, og frå arbeidslivet, næringsliv og kulturinstitusjonar.

Målet med prosjektet var å utvikle plausible og utfordrande scenario for den regionale arbeidsmarknaden i 2020, basert på breie og djupe dialogar med relevante aktørar. Dette skal auke medvitet rundt felles utfordringar og mål og førebu grunnen for strategiske grep. Slike grep vil rette seg mot institusjonar som utdannar og tilbyr arbeidskraft, meklarar av kompetanse og etterspørjarar i offentleg og privat sektor.

Det vart utvikla fire scenario basert på tre hovuddrivarar: kvaliteten på utdannings- og forskingsinstitusjonane i regionen, innovasjonsevna i arbeidslivet i regionen og koplinga mellom institusjonane (tilbydarane) og det regionale arbeidslivet.

5.7.2 Fråfall i vidaregåande opplæring

Omlag 30 % av elevane i Noreg har ikkje fullført og bestått vidaregåande opplæring fem år etter at dei starta. Ein overvekt av desse er gutar. Fråfallet i vidaregåande skule er alvorleg både for framtidige moglegheiter for det einskilde individ og for det behovet samfunnet har for tilgang til kvalifisert arbeidskraft.

Figur 5.1 syner at det er variasjonar mellom fylka i fullføring av vidaregåande opplæring. Til dømes hadde om lag 48 % av elevane i kullet frå 2002 i Finnmark ikkje fullført fem år etter skulestart, medan talet var 28 % i Oslo. I NOU 2008: 18 Fagopplæring for framtida vart skilnadene mellom fylka drøfta med bakgrunn i at særleg dei tre nordnorske fylka har høgt fråfall. Forskarar peiker på at årsaka til forskjellen i all hovudsak er at mange elevar på yrkesfaglege studieretningar i nord har avvik frå normal studieprogresjon. Det gjeld også ved kontroll for karakternivået til elevane frå grunnskulen og for familiebakgrunnen. Det er derimot berre små skilnader mellom dei tre nordlegaste fylka og resten av landet på dei studieførebuande studieretningane. Forskjellane mellom dei andre fylka er små.

Figur 5.1 Fylkesforskjellar i kompetanseoppnåing. Elevar som starta i grunnkurs for første gong hausten 2002

Figur 5.1 Fylkesforskjellar i kompetanseoppnåing. Elevar som starta i grunnkurs for første gong hausten 2002

Kjelde: SSB

Stortingsmeldinga om grunnlaget for kunnskapssamfunnet i framtida vil mellom anna drøfte ulike verkemiddel for å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring. Regjeringa legg vekt på å samarbeide med fylkeskommunane, som er skuleeigarar, for å utarbeide og gjennomføre tiltak.

5.7.3 Verdien av høgskule- og universitetssystemet for regional utvikling

I ein stadig meir kunnskapsbasert økonomi aukar verdien av lokal og regional tilgang på kunnskap og ferdigheiter. Universiteta og høgskulane er viktige for å sikre utdanna arbeidskraft og kompetanse i landet sett under eitt, og ikkje minst i dei regionane der dei er lokaliserte. Der er dei gjerne hjørnesteinar innanfor utdanning og forsking og fyller utviklingsbehov i dei sentra og regionane dei er ein del av, og for dei yrka dei utdannar til. Studietilboda må vere tilpassa individuelle ønskje, men også tilpassa framtidig arbeidskraftbehov i regionen.

Universiteta og høgskulane er ressursmiljø for mellom anna kompetanseoverføring, rettleiing og kommersialisering. Det gjeld til dømes fag som økonomi og teknologi, reiseliv og offentleg tenesteyting. Høgskulane spelar ei viktig rolle i etter- og vidareutdanninga ved at dei gjennom nærleik og fagtilbod kan nå arbeidstakarar over heile landet. Universitet og høgskular utgjer også viktige delar av den lokale arbeidsmarknaden både i storbyområda og i små og mellomstore byar og senter.

5.7.4 Vidareutvikling av høgare utdanning

Regjeringa ønskjer å vidareutvikle eit utdanningssystem som sikrar høg kvalitet og tilgang på høgare utdanning og forsking i alle delar av landet, og vidareføre ein desentralisert struktur innan høgare utdanning og forsking.

Stjernø-utvalet har i si innstilling Sett under ett (NOU 2008: 3) analysert behovet for å styrkje kvaliteten i norsk høgare utdanning. Utvalet la fram forslag om ei strukturreform med samordning av alle høgare utdanningsinstitusjonar i større einingar. Regjeringa har valt å ikkje følgje opp dette forslaget, men ønskjer å styrkje det frivillige samarbeidet og arbeidsdelinga mellom institusjonane, slik eit fleirtal av dei sjølv meiner er best. Samarbeid om studia, spesialisering og arbeidsdeling vil styrkje kvaliteten. Mange institusjonar har no etablert samarbeidsnettverk. Somme av dei greier ut vilkåra for ein framtidig fusjon. I Tromsø har universitetet og høgskulen gått saman i eit nyorganisert Universitetet i Tromsø.

Dei siste åra har det vore ein klar tendens til at ungdom i større grad enn før studerer i dei store og mellomstore byane. Søkinga til høgskulane i distrikta har gått ned, og studiekapasiteten vert ikkje fullt utnytta alle stader. Veksten i talet på 20–24-åringar dei neste 10 åra kan føre til meir konkurranse om studieplassane og auke kapasitetsutnyttinga fleire stader.

Samarbeid mellom fleire institusjonar kan samstundes sikre studentar på mindre stader eit breiare tilbod og leggje til rette for betre overgang til vidare studium. Høgskulane har stor fridom til å utvikle nye studietilbod og må samarbeide med regionalt arbeidsliv om dette.

Finansieringssystemet for høgare utdanning

Frå mellom anna Stjernø-utvalet vert det framheva at finansieringssystemet med vekt på resultatfinansiering og konkurranse om studentane kan ha medverka til at sektoren vert mindre samansett og meir einsarta. Utvalet føreslo fleire endringar i finansieringssystemet.

Kunnskapsdepartementet har sett i gang ei evaluering av finansieringssystemet for universiteta og høgskulane. Evalueringa er ein fullstendig gjennomgang av finansieringsordninga for universitet og høgskular og skal vere ferdig i 2009. Dei ulike komponentane vert vurderte. Det same gjeld tilhøvet mellom grunnfinansiering og resultatbasert løyving. Mange små institusjonar har ein høg prosentdel grunnfinansiering og er i utgangspunktet ikkje like utsette for konkurranse som til dømes dei store universiteta. Evalueringa vil også vurdere om finansieringssystemet kan nyttast til å stimulere til meir samarbeid i sektoren, slik at institusjonane, fagmiljøa og studiestadene vert meir robuste.

Regjeringa vil på bakgrunn av evalueringa vurdere korleis finansieringssystemet saman med andre verkemiddel kan medverke til å vidareføre ein desentralisert struktur for høgare utdanning og vidareutvikle kvalitet og innhald i studietilboda. Kunnskapsdepartementet vil gjere greie for dette arbeidet i samband med budsjettframlegget for 2010.

Desentraliserte studietilbod

Dei fleste høgare utdanningsinstitusjonane gjev tilbod om desentraliserte studium. Det kan vere nettstudium, samlingsbasert undervisning, lokale studiesenter eller andre fleksible løysingar. Regionalpolitisk er dette viktig for å gje fleire høve til å studere, også dei som ikkje bur nær utdanningsinstitusjonar. Særleg nærleiken til utdanningstilbod er viktig for å sikre etter- og vidareutdanninga og for å skaffe kvalifiserte medarbeidarar i til dømes skule og barnehage.

Dei siste åra har det vore ein solid auke i talet på studentar som nyttar desentraliserte studietilbod. Våren 2008 var totalt 8082 studentar registrerte med desentralisert undervisning ved universiteta og dei statlege og private høgskulane (DBH). Dette utgjer 4,6 % av det totale talet på studentar som var registrerte ved institusjonane i 2008.

Universiteta og høgskulane finansierer normalt desentraliserte studium over ordinære rammer. Det gjer dei både fordi dei ser det som ein del av oppgåva si å gje tilbod i regionane, og for å skaffe seg nye søkjarar dersom søkinga ikkje er tilfredsstillande. I 2006 vart budsjettrammene til desentraliserte studietilbod under statlege høgare utdanningsinstitusjonar styrkte med ei særskild løyving på 16,7 millionar kroner. I tillegg til at desse midlane er vidareførte, fekk nokre av høgskulane i Nord-Noreg auka løyving på 7,8 millionar kroner i 2007 for å dekkje meirkostnader til desentraliserte studietilbod. Mange kommunar og fylkeskommunar samarbeider også med universitet og høgskular om medfinansiering av desentraliserte studietilbod, gjennom anten undervisningslokale, oppdragsutdanning eller tilskot til dømes gjennom www.studiesenteret.no.

I 2009 vil Kunnskapsdepartementet gjere ein analyse av marknaden for desentralisert høgare utdanning, mellom anna ved å undersøkje tilbod og etterspurnad etter slik utdanning. I samanheng med det skal også Noregsuniversitetet evaluerast. I etterkant av analysen vil ein vurdere korleis desentraliserte undervisningstilbod kan vidareutviklast.

Samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv

Heile utdanningsløpet frå grunnskule til høgskule og universitet er ei eiga kjelde til kompetanse og nyskaping i bedrifter og arbeidsliv i alle norske regionar. Regjeringa vil leggje til rette for betre samarbeid mellom utdannings- og næringsliv. I St.mld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge vart det varsla ein gjennomgang av omfanget av samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv, og ei vurdering av ulike strategiar for å styrkje dette feltet. Regjeringa vil dessutan utarbeide ein ny handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga, med særleg vekt på høgare utdanning.

Norwegian Centres of Expertise (NCE), ARENA og VRI er store nasjonale program med mål om regional vekst gjennom meir samarbeid mellom næringsliv og utdannings- og forskingsmiljø. Innovasjon Noreg og Forskingsrådet har i 2008 undersøkt ulike samarbeidsprosjekt mellom utdanningsmiljø og bedrifter som er involverte i programma. Undersøkinga syner at bedriftene i klyngjene hadde eit tett og fleksibelt samarbeid med høgskular og universitet på fleire viktige område. Samarbeidet har mellom anna ført til ei rekkje nye utdanningstilbod. Desse tilboda er skreddarsydde for kompetansebehov i næringslivet og har hatt ein sterk auke i talet på søkjarar. Vidare er det fleire døme på samarbeid om etter- og vidareutdanning (EVU) og forsking og utvikling (FoU). Dette vil kunne føre til at særleg høgskulane vert meir sentrale i utviklinga av næringslivet i tida framover. Sjå boks 5.3 for døme på samarbeid. Sjå også kapittel 7 for ein breiare omtale av eksisterande verkemiddel som skal betre samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv.

Boks 5.3 Utvikling av samarbeid mellom utdanning og næringsliv i Østfold

Prosjektet «Miljøvennlig energihandel» vart teke opp i ARENA-programmet i 2007. Eitt av hovudmåla i prosjektet er å stimulere til ei industrinær høgskule- og universitetsutdanning i regionen. Ifølgje Innovasjon Noreg har dette mellom anna ført til at Halden kommune, Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og Oslofjordalliansen har løyvd midlar til to professorat ved master- og doktorgradsstudiet i «Energy Economics and Commodity Trading». To doktorgradsstipendiatar i energiøkonomi er tilsette ved Høgskolen i Østfold. Studentane ved masterutdanninga får mellom anna praksisperiode i kjernebedriftene i næringsmiljøet i regionen eller hos kundane deira. Også andre delar av Høgskolen i Østfold har fått høgare aktivitet og meir samarbeid med næringslivet.

5.7.5 Forsking for regional vekstkraft

Forsking og kunnskap basert på forsking er ei sentral kjelde til økonomisk vekst. Behovet for kunnskap aukar stadig både i næringslivet og i offentleg sektor. Meir kunnskap i privat sektor er naudsynt for å konkurrere med aktørar frå andre land og for å absorbere FoU-resultat frå internasjonale og nasjonale aktørar. I offentleg sektor er meir kunnskap viktig for å møte kravet om kvalitet, effektivitet og tilgang til tenester.

Noreg har ein godt utbygd infrastruktur for forsking og kunnskapsoppbygging som samanlikna med mange andre land er relativt desentralisert. FoU-institusjonar er spreidde i alle landsdelar og fylke, og staten står for det meste av løyvingane til universitet og høgskular. Utbygginga av universitets- og høgskulesektoren har sikra geografisk breidd i studietilbodet og etablert større og mindre forskingsmiljø over heile landet. Samstundes skal politikken stimulere til fagleg spissing og konsentrasjon innanfor dei kvalitativt beste fagmiljøa.

Regjeringa har auka løyvingane til forsking i Noreg med totalt 3,53 milliardar kroner i perioden 2006–2009, målt i faste 2009-kroner. I 2009 vart det løyvd 20,1 milliardar kroner til forsking og utvikling over statsbudsjettet. I tillegg kjem støtta til forskingsinnsats i næringslivet gjennom Skattefunnordninga.

Det er ulike måtar å måle FoU-innsats på. Statistikk over norsk FoU-innsats vert utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for innovasjon, forsking og utdanning (NIFU STEP). Statistikken måler FoU som er utført i Noreg, og han vert utarbeidd annakvart år, sist i 2007. I Noreg vart det i 2007 samla nytta 37,6 milliardar kroner på forsking og utviklingsarbeid. Av dette stod næringslivet for 17,5 milliardar kroner, instituttsektoren for 8,3 milliardar kroner og universitets- og høgskulesektoren for 11,7 milliardar kroner. Totalt har det vore ein auke på 7,9 milliardar kroner frå 2005.

Figur 5.2 syner dei totale FoU-utgiftene i 2007 fordelte på fylke og per innbyggjar. Oslo, Akershus, Sør-Trøndelag og Hordaland utgjer dei mest forskingsaktive områda. Årsaka til dette er kombinasjonen av at dei største FoU-institusjonane og dei mest forskingsintensive bedriftene er lokaliserte i dei fire fylka.

Figur 5.2 Totale FoU-utgifter i 2007 etter fylke for utførande eining og per innbyggjar

Figur 5.2 Totale FoU-utgifter i 2007 etter fylke for utførande eining og per innbyggjar

Kjelde: NIFU STEP og SSB/FoU-statistikk

Regjeringa har som mål å utløyse regionalt vekstpotensial og verdiskaping i heile landet og styrkje både privat og offentleg FoU-aktivitet. Hovudstrategien er å vidareføre ein god infrastruktur for forsking. Regjeringa har vidareutvikla ordningar som gjer at nytten av forskinga kjem ulike delar av landet til gode. Samspel mellom bedrifter og kunnskapsinstitusjonar er naudsynt for nyskaping og for å gjere forsking meir relevant. Det er også viktig å stimulere føretak i område med store geografiske avstandar til sterke FoU-miljø til å satse systematisk på kunnskap. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om forskingspolitikken i 2009.

Regjeringa vil medverke til å styrkje samspelet mellom næringslivet og forskinga. Fleire departement samarbeider om å finansiere program som skal stimulere til samarbeid mellom høgskulane og næringslivet, mellom anna gjennom Norwegian Centre of Expertise og VRI. Derfor er det viktig å samle meir kunnskap og forske vidare på metodar for å auke innovasjon i alle næringar og sektorar, også der tradisjonane for innovasjonsbasert forsking er svake.

5.7.5.1 Nye tiltak med regionalt og nasjonalt nedslagsfelt som skal styrkje forsking og innovasjon

Dei siste åra er det sett i verk fleire tiltak som styrkjer forskinga og innovasjonsevna over heile landet. Ni regionale næringsklyngjer har fått status som Norwegian Centres of Expertise. Ordninga med næringsdoktorgradar er etablert og vert styrkt allereie inneverande år.

Vidare har Forskingsrådet oppretta VRI-programmet som fremjar auka forskingssamarbeid mellom bedrifter og forskingsmiljø. Programmet skal ta hand om både regionale prioriteringar, behov og fortrinn og nasjonale strategiar for FoU og innovasjon (sjå kapittel 7.3).

Kunnskapsdepartementet finansierer strategiske høgskuleprosjekt (SHP) ved dei statlege høgskulane. SHP er eit sentralt verkemiddel for å styrkje kvaliteten på og omfanget av forsking og fagleg utviklingsarbeid ved dei statlege høgskulane. Dei strategiske høgskuleprosjekta har synt seg å vere særs vellykka. Regjeringa har gjeve Forskingsrådet i oppgåve å lyse ut ein ny runde med SHP-ar for perioden 2009–2012 med ei totalramme på om lag 50 millionar kroner.

Forskingsrådet har over tid bygd ut ordninga med regionale representantar. Det er no tolv representantar som dekkjer alle landsdelane. Dei held til på distriktskontora til Innovasjon Noreg og samarbeider med andre regionale aktørar og fremjar forsking og utvikling i næringsliv og FoU-miljø i sine regionar. Dei er vidare lyttepostar for Forskingsrådet i regionane og formidlar tilbodet frå Forskingsrådet.

Skattefunn er ei nasjonal støtteordning for å auke FoU-satsinga i næringslivet. Ordninga gjev føretak rett til eit særskild frådrag på skatten for kostnader til FoU-prosjekt som er godkjend av Norges forskingsråd. Statistisk sentralbyrå har evaluert ordninga frå etableringsåret i 2002 t.o.m. 2006. Evalueringa syner at ordninga i hovudsak fungerer etter formålet. Evalueringa indikerer at Skattefunn utløyser meir FoU-innsats i føretaka. Særleg gjeld dette små og mellomstore føretak lokaliserte i distriktsområde, føretak i næringar med låg FoU-aktivitet og føretak med lågt utdanningsnivå. Regjeringa vidarefører Skattefunnordninga, og i tiltakspakka vinteren 2009 vart taket på kostnadene som gjev grunnlag for frådrag auka. Regjeringa vil òg arbeide med å betre økonomistyringa av ordninga.

5.7.5.2 Regionale forskingsfond

Stortinget har løyvd 6 milliardar kroner til oppretting av regionale forskingsfond. Det er rekna ei årleg avkastning på 219 millionar kroner. Desse midlane vil vere tilgjengelege frå 2010. Kunnskapsdepartementet har forvaltnings- og budsjettansvaret for dei regionale forskingsfonda.

Dei regionale fonda skal supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje forskingsinnsatsen i regionane og samspelet mellom næringsliv, høgskular og offentlege aktørar. Fonda kan finansiere næringsretta forsking, langsiktig grunnforsking og forsking for offentleg sektor.

Det skal opprettast mellom fem og sju regionale forskingsfond. Fylkeskommunane har fått i oppgåve å føreslå samarbeidsgrupperingar innanfor denne ramma. Regjeringa satsar på nordområda, og om lag 5 % av avkastninga vert sett av til dei tre nordlegaste fylka i tillegg til dei midlane som vert tildelte etter faste kriterium. Regjeringa legg vekt på at det må vere god koordinering mellom VRI-programmet, forvaltninga av dei regionale forskingsfonda og dei andre nasjonale forskingsmidlane for å motverke overlapping og ekstraadministrasjon. Kunnskapsdepartementet har gjeve Forskingsrådet, KS og fylkeskommunane i oppdrag å greie ut den nærare innretninga på dei regionale forskingsfonda. Utgreiinga skal vere ferdig innan 1. juni 2009.

Viktige premissar i det vidare arbeidet er at fondsstyra skal ha leiar og fleirtal frå fylkeskommunane, og at fylkestinga skal vedta FoU-strategiar for kvart fylke eller ein felles strategi for dei fylka som inngår i fondsregionen. Strategiane skal liggje til grunn for handlingsplanane til fondsstyra og prioriteringa av fondsmidlane. Regjeringa legg vekt på at fylkeskommunane utviklar FoU-strategiar i samarbeid med relevante miljø i regionen, mellom anna innanfor forsking og næringsliv.

5.8 God tilgang på spesialisthelsetenester i alle delar av landet

Utfordringar:

  • Sikre eit heilskapleg og likeverdig tilbod av helsetenester i alle delar av landet

Innsats:

  • Kombinere ei sterkare spesialisering når det gjev best behandlingskvalitet med utvikling av eit desentralisert tilbod

  • Styrkje samhandlinga mellom primær- og spesialisthelsetenesta

5.8.1 Ein heilskapleg sjukehusstruktur

Likeverdig tilgang til helsetenester uavhengig av bustad, inntekt, kjønn, alder og etnisk bakgrunn er ein grunnleggjande verdi i norske helsetenester.

Ein heilskapleg sjukehusstruktur med ei god oppgåve- og funksjonsdeling mellom sjukehusa, supplert med distriktsmedisinske senter/sjukestover, distriktspsykiatriske senter og avtalespesialistar, skal medverke til å gje pasientane heilskaplege og likeverdige tenester av god kvalitet. Lokalsjukehusa og lokalsjukehusfunksjonane ved dei store sjukehusa er sentrale i den heilskaplege helsetenesta. Lokalsjukehusa bør innrette tenester og kompetanse mot store pasientgrupper, framfor alt kronisk sjuke, sjuke eldre og pasientar innan psykisk helse og rusbehandling. Dette er pasientar som ofte treng tett oppfølging og dermed nærleik til tenestene.

Lokalsjukehusa skal levere tenester av høg kvalitet. Her er nærleik og lokalkunnskap viktige dimensjonar. Dette kvalitetsaspektet må vegast opp mot andre omsyn, mellom anna den meir spesifikke behandlingskvaliteten og pasienttryggleiken. Volumet på den planlagde pasientbehandlinga ved sjukehusa må derfor som hovudregel vere stort nok til at det er mogleg å samanlikne behandlingsresultata med andre sjukehus for å kunne avdekkje og rette opp feil.

Den medisinsk-tekniske utviklinga gjev både rom for å tilby tenester til pasientar meir desentralisert, og moglegheiter for svært avansert behandling som gjev best resultat dersom dei er samla på få stader. Fordelinga av oppgåver mellom dei ulike ledda i behandlingskjeda vil skifte i tråd med utviklinga i metodane. Regjeringa ønskjer både å utnytte ei sterkare spesialisering når det gjev best behandlingskvalitet, og i tillegg utvikle eit desentralisert tilbod og god samhandling i heile tenesta.

Regjeringa la fram St.meld. nr. 12 (2008-2009) En gledelig begivenhet – om en sammenhengende svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg 13. februar 2009.

5.8.2 Samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta

Brukarane er avhengige av at den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta fungerer som ei samanhengande behandlingskjede. Mange pasientar opplever brot og svikt i overgangen mellom sjukehus og kommune. Dei siste åra er det prøvd ut fleire ulike modellar for samhandling mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Modellane er særleg retta inn mot tilbod til sjuke og eldre menneske og rus- og psykiatritenesta. Dei siste åra er det planlagd og etablert 14 observasjons- og behandlingseiningar (også kalla intermediæreiningar) eller forsterka sjukeheimar. Distriktsmedisinske senter, der primær- og spesialisthelsetenesta samarbeider om tilbodet til innbyggjarane, er under utvikling mange stader i landet. Ambulante tenester, der spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta samarbeider om tilbod heime hos pasientane, er etablerte på mange område, mellom anna innan psykisk helse og kreft. Mange gode samhandlingstilbod er under utvikling fleire stader i landet, men samhandlinga må forsterkast.

Regjeringa har starta arbeidet med ei samhandlingsreform i helsesektoren for å kunne gje pasientane eit betre og meir heilskapleg helsetilbod, og vil leggje fram ei stortingsmelding om samhandlingsreforma i 2009.

Samhandlinga vert også teken opp mellom anna gjennom Nasjonal helseplan og i oppfølginga av St.meld. nr. 25 (2005–2006 ) Om mestring, muligheter og mening .

Helse- og omsorgsdepartementet og KS inngjekk i 2007 ein nasjonal rammeavtale om samhandling på helse- og omsorgsområdet, med eige system for oppfølging av avtalen. Denne avtalen ligg til grunn for lokale avtalar mellom kommunar og helseføretak og pågåande samhandlingsaktivitetar.

5.9 Lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg forvaltningspolitikk

Utfordringar:

  • Sikre ei geografisk fordeling av statlege arbeidsplassar som medverkar til regional balanse i den økonomiske aktiviteten

  • Motverke samordningsproblem som kan følgje av variasjon i geografisk inndeling av statlege verksemder

Innsats:

  • Nye statlege arbeidsplassar skal som hovudregel lokaliserast utanfor Oslo

  • Utvikle samarbeid mellom statlege verksemder og kommunar og fylkeskommunar på tvers av administrative grenser

5.9.1 Ein aktiv statleg lokaliseringspolitikk

Regjeringa meiner lokalisering av statlege, regionale og kommunale arbeidsplassar bør nyttast aktivt for å tilføre lokalsamfunn og regionar nye utviklingsressursar i form av arbeidsplassar, kompetanse og større fagmiljø. Utviklinga i geografisk fordeling av statlege arbeidsplassar dei siste 20 åra syner ei sentralisering av sysselsetjinga med størst vekst i Oslo-regionen og i landsdelssentra. Samstundes har talet på arbeidsplassar gått ned i småsenterregionar og i område med spreidd busetnad.

Regjeringa ønskjer å snu denne sentraliseringa. Ei viktig problemstilling er kva slags verkemiddel ein skal nytte for å snu ei slik utvikling. Statleg lokaliseringspolitikk kan vere eitt viktig grep for å styrkje småsenterregionar og område med spreidd busetnad. Samstundes er lokalisering av statlege verksemder til mellomstore byar og landsdelssenter som alternativ til Oslo viktig for utviklinga av attraktive og breie arbeidsmarknader.

I ein rapport frå Sweco Eurofutures på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet går det fram at dei aller fleste landa i Nordvest-Europa har ein aktiv lokaliseringspolitikk (Sweco Eurofutures, 2008). Bakgrunnen har dels vore eit ønske om å utvikle ein betre balanse i det nasjonale bysystemet, dels pressproblem i hovudstadsområda. I Storbritannia vert det til dømes no gjennomført eit omfattande omlokaliseringsprogram som går ut på å flytte statlege verksemder frå hovudstadregionen og Søraust-England til andre område med lågare lønns- og kontorkostnader. Dette er eit av fleire verkemiddel for effektivisering.

Regjeringa vil i tråd med Soria Moria-erklæringa at nye statlege verksemder skal lokaliserast utanfor Oslo, med mindre det ligg føre særskilde grunnar for å lokalisere dei til Oslo. Vert verksemda lokalisert i Oslo, bør ein vurdere å lokalisere verksemda i Groruddalen eller indre Oslo aust. Det er likevel viktig at målet om lokalisering i Groruddalen ikkje skal svekkje hovudregelen om at nye statlege verksemder skal lokaliserast utanfor Oslo-området.

Ved val av lokaliseringsstad vil det verte lagt vekt på at den nye verksemda kan medverke til å styrkje alt etablerte regionale nærings-, kompetanse- og forvaltningsmiljø eller medverke til å byggje opp nye. Omsyn knytt til om verksemda har staduavhengige funksjonar eller særskilde krav til rekruttering av kompetanse må også vurderast. Det er også aktuelt å nytte lokalisering av statlege arbeidsplassar som verkemiddel for å skape vekst og ny optimisme i omstillingsområde der det er naturleg i lys av den lokale arbeidsmarknaden. Ved den konkrete lokaliseringa av ei statleg verksemd på ein stad, er det viktig at den byggjer opp under utviklinga av attraktive byar og stader, ikkje påverkar miljøet negativt og medverkar til å redusere miljøutslepp, jf. rikspolitiske retningsliner for areal- og transportplanlegging.

Regjeringa har dei siste åra også vedteke å utlokalisere 270 arbeidsplassar frå Oslo. Desse er knytte til Forsvaret og til Veterinærinstituttet.

Det er fagdepartementa som i første rekkje har ansvaret for å følgje opp og setje i verk den statlege lokaliseringspolitikken. Kommunal- og regionaldepartementet har eit særskilt samordningsansvar for arbeidet med den regionale fordelinga av statlege tenester og arbeidsplassar, medan Fornyings- og administrasjonsdepartementet har eit særskilt ansvar for organiseringa av den regionale staten. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har også det overordna ansvaret for den statlege personalpolitikken og for at endringsprosessar skjer på ein slik måte at dei tek omsyn både til kravet staten har til effektivisering og til behovet arbeidstakarane har for tryggleik.

Gode lokale og regionale offentlege tenestetilbod er ein vesentleg føresetnad for å halde oppe eit desentralisert busetjingsmønster. Statlege verksemder er også viktige som grunnlag for tilbod om arbeidsplassar i den lokale arbeidsmarknaden, og for å sikre varierte arbeidsplassar. Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal derfor informerast om planlagde og pågåande endringsprosessar i den regionale statsforvaltninga, slik at ein kan få ei brei vurdering av aktuelle lokaliseringsspørsmål i lys av distrikts- og regionalpolitiske mål og utfordringar.

Kommunal- og regionaldepartementet vil ta initiativ til å kartleggje utviklinga i og erfaringane med lokalisering av kompetansearbeidsplassar både i privat og offentleg sektor i småbyar og mindre senter i Noreg. Det kan vere nyttig for å auke kunnskapen om vilkåra for lokalisering av kompetansearbeidsplassar i mindre senter og arbeidsmarknadsregionar.

Evaluering av gjennomførte utflyttingar av statlege verksemder

Utflyttinga av åtte tilsyn med nærare 900 arbeidsplassar frå Oslo er den klart største utflyttinga av statlege arbeidsplassar frå Oslo dei seinare åra. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har derfor sett i gang breie evalueringar av desse utlokaliseringane for å synleggjere både kostnader og nytteeffektar av utflyttingane. Ein vil sjå på både dei regionaløkonomiske effektane og dei organisatoriske og faglege effektane av utflyttinga. Evalueringane vil liggje føre våren 2009.

Utgreiinga frå Sweco Eurofutures syner generelt at statsinstitusjonar kan arbeide like godt frå dei fleste adressene utanfor hovudstaden. Både flyttekostnader og driftskostnader etter ei omlokalisering varierer mykje mellom institusjonane. Ringverknadene vert større dersom det er få som vert rekrutterte lokalt, og mange kjem flyttande til. Samstundes er sjansane for å oppnå meir dynamiske utviklingseffektar mindre dersom det er få kontaktpunkt mellom verksemda og lokaliseringsstaden.

5.9.1.1 Organiseringa av politiet

Den norske politimodellen er kjenneteikna ved eit breitt oppgåvespenn. Lokal forankring sikrar nærleik til publikum og gode føresetnader for oppgåveløysing og samhandling i lokalsamfunnet. Politi- og lensmannsetaten tek hand om fyrstelinetenesta både ved å oppretthalde ro og orden, i strafferettspleia, ved redningstilfelle og andre former for krisehandtering, og ved ulike forvaltningssaker og sivil rettspleie.

Eit trygt samfunn føreset eit nært og sterkt politi som er tilgjengeleg ved behov for bistand og service. Den viktigaste føresetnaden for eit nært og sterkt politi er at det er nok politiutdanna personell. Regjeringa har i tråd med Soria Moria-erklæringa prioritert høge studentopptak til Politihøgskolen.

For å sikre eit nært og sterkt politi er det i tillegg til auka bemanning viktig å ha ei lokal organisering som gjev eit godt lokalt tenestetilbod, medverkar til rekruttering og legg til rette for kompetanseutvikling. Sluttevalueringa av Politireform 2000 tilrår å vurdere endring i dagens inndeling i lensmannsdistrikt.

Sluttevalueringa peikte vidare på det potensialet som ligg i eit utvida samarbeid med og engasjement frå kommunale styresmakter og andre lokale aktørar. For å forsterke samarbeidet lokalt har regjeringa, i tråd med Soria Moria-erklæringa, teke initiativ til eit meir formalisert samarbeid lokalt i form av politiråd. Det var per 1. april 2008 etablert 199 politiråd, som omfattar 232 kommunar. Ordninga er frivillig for kommunane.

Dersom det er semje på lokalt nivå om grensereguleringar som har som formål å effektivisere kampen mot kriminalitet og betre publikumstenesta, kan saka sendast til departementet for vidare handsaming. Det er ein føresetnad at forslaga har vore lagt fram for kommunane.

For å vidareutvikle organiseringa lokalt er det sett i gang eit prøveprosjekt i to politidistrikt der det er mogleg å få prøvd ut offentlege servicekontor, politiråd og grensereguleringar. Prøveprosjektet skal evaluerast breitt.

Det avgrensa og skrittvise arbeidet som er sett i gang, er i tråd med måla i politirollemeldinga om eit lokalt forankra politi, og i tråd med tilrådingane frå sluttevalueringa av Politireform 2000.

5.9.1.2 Forsvarsstrukturen

Rammene for den vidare utviklinga av forsvarssektoren er lagde gjennom Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 48 (2007-2008) Et Forsvar til vern om Norges sikkerhet, interesser og verdier , jf. Innst. S. nr. 318 (2007–2008). Regjeringa vil ha eit moderne forsvar med evne til å møte nye tryggingsutfordringar, og som samstundes er forankra i samfunnet, som eit grunnlag for å bevare forsvarsviljen og forsvarsevna.

Operative omsyn og behova til Forsvaret må vere styrande for den konkrete innretninga på forsvarsstrukturen. Regjeringa ønskjer samstundes å sikre at den vidare moderniseringa av Forsvaret byggjer opp under dei distrikts- og regionalpolitiske måla. Med si tradisjonelt landsomfattande verksemd har Forsvaret vore viktig for busetnad og sysselsetjing i mange lokalsamfunn over heile landet. Forsvarsanlegg og forsvarsaktivitetar i eit område gjev også ein signaleffekt og stabilitet som er viktig i høve til beredskap.

Regjeringa vil halde oppe basar for alle forsvarsgreinene og Heimevernet både i Sør-Noreg og Nord-Noreg. Forsvaret si verksemd vert likevel litt meir konsentrert enn i dag, både for å redusere driftskostnadene og for å skape meir robuste fagmiljø. Dette skal samstundes medverke til ei betre geografisk fordeling av statleg verksemd og utvikling av sterke fagmiljø utanfor dei største pressområda, i tråd med Soria Moria-erklæringa. Vidareføringa av Forsvaret sitt fagmiljø innan kommunikasjons- og leiingssystem på Jørstadmoen utanfor Lillehammer er eit døme på det.

Organiseringa utanfor Forsvarsstaben av generalinspektørane og deira stabsfunksjonar i forsvarsgreinene inneber ei desentraliserting av funksjonar som i dag ligg i Oslo. Etableringa av eitt operativt hovudkvarter lokalisert til Reitan ved Bodø, er viktig i denne samanhengen.

Lokaliseringa av hovudkvarteret i Bodø er ikkje minst ein konsekvens av at regjeringa legg sterk vekt på omsynet til nordområda. Regjeringa styrkjer også nærværet i nord ved å samle helikopterverksemda til Bardufoss og byggje opp Hæren i Troms. I den vidare moderniseringa av Forsvaret vert det òg lagt stor vekt på nasjonal og alliert trening og øving i nord, mellom anna ved etableringa av eit nytt treningssenter med hovudsete i Porsangermoen og med infrastruktur både på Åsegarden og Evenes. Regjeringa vil også halde fram med å styrkje funksjonane og den operative innsatsen til Forsvaret i nordområda. Forsvaret utgjer eit viktig element i den framtidstru og samfunnsdynamikk regjeringa ønskjer skal prege vår nordlege landsdel.

5.9.2 Organiseringa av regional statleg forvaltning

Regional statsforvaltning har ei sentral rolle i dialogen og i læringssystemet mellom staten og kommunesektoren. Regional stat er ein viktig reiskap i utforminga og iverksetjinga av statleg politikk på område der nasjonale omsyn veg tungt, men der det samstundes er viktig å ta omsyn til lokal variasjon.

Det er i dag om lag 40 verksemder innafor ein slik definisjon av regional stat. Dei aller fleste verksemdene har ei regional inndeling som er større enn fylka. Kommunane og fylkeskommunane opplever den regionale staten som kompleks og lite samordna. Ei undersøking av NIBR i 2006 (Rapport 2006:9) syner likevel at ulik geografisk inndeling av dei statlege verksemdene på regionalt nivå ikkje er den viktigaste årsaka til samordningsproblem. Ulik organisasjonsform og ulik etatskultur er vel så viktig i følgje undersøkinga. Ulik lokalisering av regionkontora gjer i tillegg samordning vanskelegare.

Regional stat må vere organisert slik at interessene til staten så vel som innbyggjarane, næringslivet og kommunesektoren vert tekne vare på. I St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn – regional framtid la regjeringa til grunn at inndelinga av den regionale statsforvaltninga ikkje skaper så store problem at det er grunn til å gjere om på den inndelinga som alt finst.

Ved framtidige omorganiseringar som får konsekvensar for den regionale inndelinga, legg regjeringa vekt på at fleire omsyn skal telle med:

  • Den enkelte sektoren har ansvar for å gjere ei brei vurdering av dei samla konsekvensane av endringar i den regionale inndelinga, mellom anna regionalpolitiske konsekvensar og konsekvensar for kommunane det gjeld, næringslivet, innbyggjarane og andre statlege verksemder.

  • Dei statlege regionane skal ikkje gå på tvers av fylka slik at ein del av fylket tilhøyrer ein region, medan ein annan del av fylket tilhøyrer ein annan. Statlege oppgåver som er særleg retta mot kommunane bør organisatorisk vere knytte til fylkesmannsembeta.

Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet har eit særleg samordningsansvar når det gjeld å vurdere framtidige omstruktureringar i den regionale statsforvaltninga, og å syte for at det er gjort ei slik brei vurdering.

Regjeringa ønskjer ei regional statsforvaltning som er samordna, effektiv og tydeleg. For å få til betre og meir samordna informasjon om regional stat og måten denne er organisert på, skal det iverksetjast fleire tiltak. Direktoratet for forvaltning og IKT har utvikla ein samla elektronisk oversikt over den regionale staten, med opplysningar om kvar lokal- og regionkontora er plasserte og korleis ein kjem i kontakt med verksemdene. Oversikten vil vere ferdig utvikla og lagt som ei teneste på Norge.no i 2009.

5.10 Natur- og kulturlandskap

Utfordringar:

  • Nytte natur- og kulturlandskap til å skape aktivitet og verdiskaping utan at det går utover natur- og verneverdiar

Innsats:

  • Styrkje arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda

  • Vidareutvikle konseptet med nasjonalparkkommunar og –landsbyar

  • Setje i verk verdiskapingsprogram for naturarven

  • Peike ut og sikre forvaltning av 20 utvalde kulturlandskap i jordbruket

Noreg har flotte natur- og kulturlandskap som vi kan nytte på ein betre måte som grunnlag for næringsutvikling og rekreasjon. Både verneområda våre og andre natur- og kulturlandskap utgjer store potensial for vidareutvikling av reiselivsnæringa, jf. også den samla reiselivsstrategien til regjeringa. Natur- og kulturlandskap omfattar også utmarksområde som er viktige grunnlag for næringsutøving i landbruket. Utvikling av fritidsbustader, som er viktig for nærings- og arbeidslivet i mange område, er også knytt til den varierte naturen vi har.

Eit vellykka arbeid er avhengig av at mange aktørar dreg saman, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er særleg viktig å utvikle godt samarbeid mellom ulike næringsaktørar, miljø- og landbruksforvaltninga og kommunar og fylkeskommunar om korleis ein kan utnytte moglegheitene som ligg i natur- og kulturlandskap, utan å svekkje verneverdiane.

5.10.1 Naturvernområde som ressurs

Regjeringa har i Soria Moria-erklæringa gjort det tydeleg at arbeidet med å utvikle nasjonalparkane som ressurs for lokalsamfunna og for lokal verdiskaping skal halde fram. Ei hindring for at verneområda skal vere ei slik positiv kraft, er manglande ressursar i forvaltninga av områda. Regjeringa satsar på ei vesentleg kvalitetsheving i forvaltninga av verneområda, og har derfor i statsbudsjettet for 2009 lagt inn ei kraftig styrking av forvaltningsbudsjettet. Dette syner at regjeringa legg stor vekt på betre oppfølging av områda frå forvaltninga, gjennom midlar til skjøtsel, forvaltning og aktive tiltak. Etableringa av eit eige verdiskapingsprogram for naturarven høyrer med her (sjå avsnitt 5.10.2 under). Spørsmålet om erstatningsordningar for områdevern vert handsama i odelstingsproposisjonen om lov om forvaltning av mangfaldet i naturen (naturmangfaldslova).

Forvaltningsplanar vert utarbeidde for alle dei store verneområda og fleire av dei mindre. Slike planar skal gje forvaltningsstyresmaktene og alle partane i dei aktuelle områda klare og føreseielege retningsliner å halde seg til. Forvaltningsplanane vert utarbeidde innanfor ramma av verneforskriftene og skal konkretisere desse forskriftene. Dei er òg viktige for å stimulere til og setje rammer for berekraftig friluftsliv og næringsretta aktivitetar. Miljøverndepartementet har gjeve arbeidet med forvaltningsplanar høg prioritet dei siste åra. Målet er at alle nasjonalparkar og andre store verneområde skal ha ein forvaltningsplan ferdig innan utgangen av 2009, og at forvaltningsplanar skal liggje føre så snart som mogleg og innan eit år etter framtidige vernevedtak. Det er ein føresetnad at lokalsamfunn og eigarar vert godt involverte i arbeidet med forvaltningsplanane. Det er svært viktig for å oppnå forståing for og oppslutnad om vernet. Forvaltningsplanar legg grunnlaget for konkrete skjøtselstiltak, eventuelt vert det laga detaljerte skjøtselsplanar i tillegg ved særskilde behov.

Forsøket med lokal forvaltning av nokre store verneområde vart avslutta våren 2008. Regjeringa vil våren 2009 leggje fram for Stortinget ei tilråding om kva forvaltningsmodellar ein bør ha i framtida, basert på ei vurdering av ulike typar modellar for forvaltning. Modellane som vert valde, må både sikre at ein tek vare på verneverdiane på ein god måte, og medverke til god lokal forankring av verneområda.

Fleire departement vil samarbeide om å vidareføre arbeidet med å utvikle kunnskap om tilhøvet mellom bruk og vern, mellom anna når det gjeld auke i næringsverksemd i og rundt verneområda. Eit døme på dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet for å prøve ut målstyrt forvaltning. Målet er å skaffe fram kunnskap og metodar for å vurdere korleis ulike aktivitetar påverkar fastsette forvaltningsmål. Dette skal gje betre grunnlag for å vurdere om tiltak eller aktivitetar kan halde fram eller bør endrast eller avviklast heilt. Resultata kan verte eit supplement til dagens forvaltning. Ulike aktivitetar skal prøvast ut mellom anna gjennom fire pilotprosjekt. Til dømes vil Skjåk allmenning prøve ut tilrettelegging for bruk ved ein av inngangsportane til Reinheimen nasjonalpark. Eit anna døme er Mørkrisdalen naturoppleving som utviklar tilbod knytte til mellom anna kajakkpadling og camp i det føreslåtte Mørkrisdalen landskapsvernområde / Breheimen nasjonalpark.

Nasjonalparkkommunar og nasjonalparklandsbyar

I 2008 gav Miljøverndepartementet 31 kommunar status som nasjonalparkkommune og 5 tettstader status som nasjonalparklandsby. Målet med ordninga er å styrkje verdiskapinga i kommunar og lokalsamfunn med utgangspunkt i verdien nasjonalparkane har som kvalitetsstempel på villmarksnatur. Desse kommunane får nytte ein varemerkebeskytta logo i marknadsføringa si som bevis på statusen deira. Miljøverndepartementet tek sikte på at tildelinga skal gjelde i inntil 10 år.

Dei fem nasjonalparklandsbyane har organisert seg mellom anna for å auke eigen kompetanse. Dei får støtte til oppfølging av prosjektet frå Innovasjon Noreg og Miljøverndepartementet. Arbeidet med nasjonalparklandsbyane er mellom anna ei oppfølging av reiselivsstrategien til regjeringa og vert sett i samanheng med arbeidet med stadutvikling og verdiskapingsprogrammet for naturarven.

Nærings- og handelsdepartementet har i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet dessutan undersøkt utvalde kommunar for å sjå på moglegheitene for å nytte nasjonalparkar med randområde og eventuelt andre større verneområde i reiselivssamanheng. Arbeidsgruppa har levert ein rapport med forslag til tiltak for å fremje auka bruk av nasjonalparkar og andre verneområde etter naturvernlova i samanheng med reiseliv.

Kunnskapsutvikling

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet gjennomførte Noregs forskingsråd i januar 2009 eit forskingsseminar om bruk og vern. Formålet var å summere opp kunnskapsstatusen og få synspunkt på mellom anna framtidig kunnskapsbehov og organisering av forskinga på området. Regjeringa vil vidareføre forsking av høg kvalitet og relevans på forvaltning og berekraftig bruk av verna område, og legg vekt på at kunnskapen vert teken i bruk av forvaltninga. Det er til dømes behov for meir kunnskap om naturmangfaldet i verneområda og om effektar av auka bruk av desse områda. Det er også behov for kunnskap om tolegrenser i ulike område, og om erfaringar med å leggje til rette for verdiskaping i og i tilknyting til verneområda.

Verdsarven

Noreg har seks stader på UNESCO si verdsarvliste, World Heritage List, jf. boks 5.4. Denne lista inneheld område eller objekt som er av uerstatteleg kultur- eller naturverdi. Den internasjonale konvensjonen The World Heritage Convention, som er grunnlaget for utpeikinga, vart vedteken av UNESCO i 1972. Miljøverndepartementet har i januar 2009 også nominert ei utviding av verdsarvstaden Røros bergstad for verdsarvlista.

Regjeringa er ansvarleg for at Noreg oppfyller pliktene etter konvensjonen. Alle verdsarvområda skal ha særskilt juridisk vern i medhald av plan- og bygningslova, naturvernlova eller kulturminnelova.

Utfordringa for verdsarvstadene er at kulturell, økonomisk og sosial verdiskaping ikkje må gå ut over verdiane i verdsarven. For alle verdsarvstader skal det lagast forvaltningsplanar med strategiar for forvaltninga av områda og klarlegging av ansvar. For enkelte område er det også laga tiltaksplanar for å møte dei utfordringane og utnytte moglegheitene som verdsarven gjev. Det er også viktig at dette vert integrert i den kommunale planlegginga.

Boks 5.4 Seks stader på verdsarvlista til UNESCO

Dei seks stadene er helleristingane i Alta, bergstaden Røros, Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Vegaøyan verdsarv og Vestnorsk fjordlandskap.

Utpeikinga som verdsarv gjev mellom anna internasjonal og nasjonal merksemd og styrking av lokal identitet. Dette kan medverke sterkt til kulturell, økonomisk og sosial verdiskaping. Erfaringstal frå Vegaøyan verdsarv syner at talet på besøkjande til Vega auka sterkt åra etter at området fekk verdsarvstatus.

Det er oppretta ei interdepartemental arbeidsgruppe for forvaltninga av Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan verdsarv. Gruppa skal sikre ei god fordeling av ansvar og oppgåver i tråd med sektoransvaret i den vidare oppfølginga av Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan verdsarv. Det er eit mål å sikre samordning og effektiv bruk av statlege verkemiddel. Erfaringane frå arbeidet i den interdepartementale arbeidsgruppa kan vere nyttige i eit framtidig samarbeid om eventuelle nye verdsarvstader i Noreg.

5.10.2 «Naturarven som verdiskapar» – verdiskapingsprogram for naturarven

Miljøverndepartementet har i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet i 2009 starta opp eit verdiskapingsprogram for naturarven. Programmet skal gå over fem år. Dette tiltaket er viktig for at naturvernet faktisk skal medverke til at distriktsområde får fleire bein å stå på. Fem regionale konferansar er haldne for å forankre programmet i kommunane og fylkeskommunane med tanke på å fremje gode søknader. Formålet med programmet er å auke verdien av verneområda og andre naturområde med særskilde kvalitetar. Programmet skal stø opp om idear og nyskaping for å få fram opplevingsprodukt som ikkje går utover miljø og verneformål. Det skal medverke til å profesjonalisere det å skape naturopplevingar.

Eit viktig poeng med programmet er å hjelpe til med tilrettelegging som mange reiselivsaktørar kan ha nytte av, som gode turutgangspunkt, betre stigar, informasjon, rasteplassar og utsiktspunkt. Programmet skal dessutan stimulere til skjøtsel for å ta vare på biologisk mangfald som del av verneverdiane, og som grunnlag for både arbeid og gode opplevingar.

Programmet skal medverke til at naturinformasjonssenter får utvikla si rolle og inngår i nettverk med kommunane, grunneigarane, næringsutøvarane og forvaltningsstyresmaktene. Målet er å ruste dei opp til kompetansesenter for guiding i verneområda. Kompetanseutvikling og erfaringsutveksling gjennom nettverk og nye arenaer for samhandling er naudsynt for å få eit godt resultat frå programmet. Dette skal også medverke til betre samarbeid om planlegging og forvaltning innanfor og utanfor verneområda.

Verdiskapingsprogrammet for naturarven skal verke saman med andre offentlege program og tilskotsordningar. Det er føresett eigenfinansiering i prosjekta. Budsjettet i 2009 er på 10 millionar kroner, og om lag ti hovudprosjekt vert valde ut innan sommaren 2009.

Programmet byggjer på erfaringane frå verdiskapingsprogrammet for kulturminneområdet og skal på same måte skje rundt eit avgrensa tal hovudprosjekt/pilotar. Desse to programma vil kunne gje gode moglegheiter for synergiar mellom natur og kultur. Kulturminneprogrammet er omtalt nærare i kapittel 7.6.

5.10.3 Kulturlandskap og natur- og kulturparkar

Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har saman peikt ut 20 utvalde kulturlandskap i jordbruket som skal sikrast ein særskild og langsiktig frivillig forvaltning. Det er eit område i kvart fylke som til saman skal sikre variasjonar knytte til geografi og landskap som til dømes kyst, fjord, fjell og innland. Områda omfattar kulturlandskap i jordbruket, og utpeikinga skal medverke til å ta vare på biologisk mangfald og kulturminne. Utvalet er basert på ein grundig prosess med deltaking frå mellom anna grunneigarar, kommune, fylke og statleg miljø- og landbruksforvaltning.

Kommunen har ei særleg viktig rolle som medansvarleg for forvaltninga saman med aktørar på regionalt og lokalt nivå gjennom forvaltningsplanarbeid. Dei utvalde områda må forankrast i tiltaksstrategiar, kommuneplanar og arealdelen til kommuneplanane. Kommunane kan også sikre området status og gjere det kjent. Eit utvalt kulturlandskap i jordbruket skal vere tilgjengeleg og synleg for innbyggjarane og utpeikinga kan utnyttast til lokal utvikling av kommunen og det lokale næringslivet.

Natur- og kulturparkar

Dei siste åra er det sett i gong fleire prosjekt som tek utgangspunkt i natur- og kulturparkar som plattform for lokalsamfunnsutvikling. Gjennom å utnytte lokale fortrinn og kvalitetar knytte til kulturlandskapet og natur- og kulturarven, utgjer parkane ei ramme for verdiskaping, næringsutvikling og bygging av merkevare og identitet i dei aktuelle områda. Fleire departement har i samarbeid medverka til etablering av eit erfarings- og kompetansenettverk for prosjekt som vil prøve ut og som alt har etablert natur- og kulturparkar. Formålet er at nettverket både skal vere eit verktøy for vidareutvikling av natur- og kulturparkar som modell for lokalsamfunnsutvikling, og eit forum for kunnskapsdeling og kunnskapsutvikling og dialog mellom lokale, regionale og sentrale styresmakter.

5.11 Politikk for å møte utfordringane frå den økonomiske situasjonen

Utfordringar:

  • Sikre tilbod på kapital som kan gjere bedrifter i stand til å realisere gode prosjekt uavhengig av finansuroa

  • Motverke verknadene av redusert etterspurnad og produksjon i marknaden

Innsats:

  • Særskilde låneordningar til bankane, utvida kreditt til eksportretta verksemd og auka rammer til Innovasjon Noreg

  • Auka rammer til offentlege investeringar i samferdsels- og kommunesektoren

  • Styrkje arbeidsmarknadstiltaka og forbetre permitteringsordningane

Dette kapitlet handlar om innsatsen regjeringa gjer for å møte konsekvensane av finansuroa. Det gjeld både dei som kjem av uro i kapitalmarknaden, og dei realøkonomiske konsekvensane av nedgangen i etterspurnad og sysselsetjing. Ein analyse av utviklinga i økonomien står i kapittel 2.1. Sjå også til omtale av omstillingsarbeid i kapittel 7.3.

5.11.1 Tiltak for å auke kapitaltilgangen under finansuroa

Den internasjonale finansuroa har endra tilgangen på risikokapital i Noreg. Det er no mange lønnsame små og mellomstore bedrifter som slit med å få tak i tilstrekkeleg kapital. Ein fungerande bankmarknad er heilt avgjerande for å sikre god tilgang til nye investeringar og finansiering av nye prosjekt i næringslivet. Derfor har regjeringa sett i verk fleire tiltak for å stimulere bankmarknaden under finansuroa.

Noregs Bank har tilført banksystemet meir likviditet enn normalt, ved å utvide tilgangen på lån og auke løpetida på F-lånet sitt. I oktober 2008 vedtok Stortinget forslaget frå regjeringa om ei byteordning der bankane får låne statspapir i byte mot obligasjonar med forrett. Ordninga, som har ei samla ramme på 350 milliardar kroner for 2008 og 2009, har letta innlånsmoglegheitene til bankane. Risikopåslaga på pengemarknadsrentene har gått ned, men dei er framleis høgare enn før finansuroa tok til. Finansmarknadene er framleis prega av stor uvisse.

Bankane er meir restriktive med å gje nye lån på grunn av større uvisse for den framtidige økonomiske utviklinga. For å sikre lån til kommunane har Stortinget vedteke å auke eigenkapitalen til Kommunalbanken.

Stortinget har vedteke å gje regjeringa høve til å auke rammene til Innovasjon Noreg for lågrisikolån frå 1,5 milliardar kroner til 2,5 milliardar kroner i 2008 og 2009. Lågrisikolåneordninga vert nytta til delfinansiering av investeringar i bygningar, driftsutstyr og fiskefartøy, og til investeringar i landbruket. I tillegg kjem auka rammer for lån og garantiar og auka tilskot, som mellom anna kan nyttast til tapsavsetningar under Innovasjon Noreg.

Hausten 2008 vart ramma for den vanlege garantiordninga til Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) utvida frå 50 til inntil 110 milliardar kroner. Tiltaket medverkar til at norske eksportbedrifter får nye kontraktar og auka investeringar. Garantiane er spesielt viktige for små og mellomstore bedrifter. I tillegg vart ramma for byggjelånsgarantiordninga hos GIEK auka frå fem til åtte milliardar kroner. Ordninga sikrar byggjelånsbankane tilbakebetaling av lån som er gjevne til norske verft i samband med finansiering av nye skip under bygging. Ramma for u-landsordninga til GIEK vart i januar 2009 utvida frå 2,1 til 3,15 milliardar kroner. Utvidinga av ramma for u-landsordninga gjev norske bedrifter auka moglegheiter til å drive verksemd i utviklingsland.

For å bøte på situasjonen for eksportretta næringsliv, har regjeringa inngått ein avtale om statlege lån til Eksportfinans. Avtalen er vurdert til 50 milliardar kroner over åra 2009 og 2010.

Regjeringa har auka garanti- og lånerammene til Innovasjon Noreg sine generelle ordningar. Innovasjonslåneordninga er styrkt frå 300 millionar kroner til 900 millionar kroner og ramma for garantiar har auka frå 40 millionar kroner til 170 millionar kroner.

I samband med handsaminga av regjeringa si tiltakspakke i Stortinget, er det oppretta ei eiga garantiordning for fyrstehandsomsetninga av fisk. Ordninga inneber at den garantiordninga som Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag har hos Innovasjon Noreg i dag, vert utvida ved at staten medverkar med inntil 525 millonar kroner i garantiar for å sikre fyrstehandsomsetninga av fisk. Tiltaket er avgjerande for mellom anna å gjere det mogleg å utvide kredittida mellom salslag og kjøpar frå 14 til 28 dagar.

Regjeringa tilfører 2 milliardar kroner i eigenkapital til det statlege forvaltningsselskapet Argentum. Pengane skal via aktive eigarfond investerast i små og mellomstore selskap. Tiltaket inneber rask og målretta tilføring av kapital til ein del av næringslivet som står for mykje nyskaping, men som i dag har vanskar med å få finansiering.

Det vil vere svært uheldig for norsk økonomi om lønnsame bedrifter vert lagt ned på grunn av kortvarige problem til dømes knytte til mangel på likviditet. Samstundes bør ein ikkje hindre naudsynte omstillingar og oppretthalde bedrifter som ikkje er levedyktige. Derfor vil bedrifter, som eit mellombels tiltak, få høve til å tilbakeføre selskapsunderskot i 2008 og 2009 mot skattlagt overskot dei to føregåande åra. Mange selskap som har fått redusert lønnsemd, får dermed tilført likviditet. I tillegg vert det innført skattemessige startavskrivingar på 10 prosent for saldogruppe d, noko som mellom anna omfattar maskiner, personbilar og inventar. Dette vert gjennomført som eit mellombels tiltak i 2009. Startsavskrivingane kjem i tillegg til dei ordinære avskrivingssatsane på 20 prosent.

Stortinget har vedteke å styrkje Skattefunnordninga gjennom å heve grensa for frådragsgrunnlaget frå 4 til 5,5 millionar kroner for eigenutført FoU og frå 8 til 11 millionar kroner for innkjøpt FoU. Høgare grenser kan medverke til at nokre fleire prosjekt vert gjennomførte, og til at FoU-prosjekt vert gjennomførde raskare enn elles planlagt.

5.11.2 Finansielle verkemiddel for å møte redusert økonomisk aktivitet

For å hjelpe til med å redusere utslaga i sysselsetjinga og arbeidsløysa, vedtok Stortinget å gjennomføre nye tiltak på utgiftssida i budsjettet tilsvarande 16,75 milliardar kroner. Regjeringa har særleg prioritert meir vedlikehald og rehabilitering av bygg og annan infrastruktur, til dømes utbetring av riksvegane og jernbanen og utbygging av gang- og sykkelvegar. Statlege tilskot til utbygging av miljøvennleg energi og energisparetiltak vert kraftig auka.

Kommunane får tilført til saman 6,4 milliardar kroner i nye midlar. 4 millardar kroner av desse er eit eingongstilskot til vedlikehald og rehabilitering av kommunal infrastruktur med full statleg finansiering. Dei frie inntektene vert auka med 2,0 milliardar kroner. I tillegg har kommunane fått ekstraordinær dekning av tapte skatteinntekter tilsvarande 1,2 milliardar kroner.

Løyvingane til samferdselsformål vert auka med 3,8 milliardar kroner. Av dette går 2,3 milliardar kroner til vegformål og 1,3 milliardar kroner til jernbaneformål. Regjeringa har i hovudsak valt å tilgodesjå strekningar utanom dei store byane med desse investeringsmidlane. Ekstraløyvingar på 60 millionar kroner til rassikring kjem også distriktsområde til gode. Utgiftene til Kystverket vert auka med 150 millionar kroner til mellom anna utbygging av hamner og farleier. Dei ekstraordinære hamnepengane er fordelte på dei tre nordlegaste fylka. Samferdselstiltaka hjelper ikkje berre til å auke sysselsetjinga, dei gjer også Noreg meir framkomeleg og aukar tryggleiken i trafikken.

Utgiftene til andre bygningsrelaterte prosjekt vert auka med 2,8 milliardar kroner. Det gjeld særleg helseføretak, universitet og høgskular, festningsverk, museum og kulturbygg og prosjekt under Statsbygg. Vidare vert tilskotet til utleigebustader auka med 250 millionar kroner, og tilskotet til studentbustader vert auka med 75 millionar kroner. Det vert også innført eit ekstraordinært eingongstilskot på 250 millionar kroner til statleg medfinansiering av utvalde idrettsanlegg som vert påbegynte og ferdigstilte i 2009. Vidare vert utlånsramma i Husbanken auka frå 12 milliardar kroner til 14 milliardar kroner.

5.11.3 Arbeidsmarknadstiltak, kompetanse og omstilling

Regjeringa har innført ei rekkje målretta tiltak for å setje arbeidstakarar og bedrifter betre i stand til å møte naudsynte omstillingar og stimulere til innovasjon og nyskaping.

Situasjonen på arbeidsmarknaden endra seg i 2008, og prognosar tyder på at konjunkturarbeidsløysa vil stige i 2009–2010. Regjeringa vil føre ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk for å møte dei nye utfordringane på arbeidsmarknaden som følgjer av finansuroa. Regjeringa vil spesielt motverke at høgare arbeidsløyse fører til lengre arbeidsløyseperiodar. I tillegg til å auke tiltaksnivået, legg regjeringa vekt på høg overgang til nytt arbeid for personar som vert ledige, ved å sikre god formidlingsaktivitet i arbeidsmarknadsetaten. Informasjon om arbeidsmarknaden og rettleiing i jobbsøking er sentralt for å leggje til rette for nytt arbeid.

I St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endring i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid la regjeringa fram forslag om å styrkje arbeidsmarknadstiltaka med 6000 nye tiltaksplassar i gjennomsnitt for 2009. Satsinga inneber ein auke i det samla tiltaksnivået frå om lag 68 000 til om lag 74 000 plassar i gjennomsnitt for heile året.

Arbeidsmarknadstiltaka skal mellom anna medverke til høgare kompetanse og nye ferdigheiter for personar på veg til nytt arbeid, og gje aktivitet for den enkelte. For å møte ein svekka arbeidsmarknad med auka tilstrøyming av arbeidslause til NAV-kontora, er dessutan arbeids- og velferdsetaten styrkt med administrative ressursar.

Regjeringa vil følgje utviklinga på arbeidsmarknaden nøye framover, og kome tilbake med ei ny vurdering av nivået på arbeidsmarknadstiltaka i Revidert nasjonalbudsjett for 2009, som vert lagt fram i mai. Det er også teke initiativ til å vurdere samansetjing og eventuelt behov for nye arbeidsmarknadstiltak, for å sikre at Arbeids- og velferdsetaten har dei naudsynte verkemidla. Målet er å tilpasse tiltaksbruken med omsyn til behovet for arbeidskraft, kvalifikasjonane til den enkelte og behovet for kvalifisering og kompetanseheving.

Regjeringa innfører også ei rekkje andre tiltak for meir kompetanse og innovasjon. For å stimulere fleire til å starte eigne bedrifter har Stortinget løyvd 150 millionar kroner ekstra til Innovasjon Noreg til ei ny etablerarstipendordning. Løyvinga til FoU-kontraktar aukar med 65 millionar kroner, og tilskotet til «Marint verdiskapingsprogram» under Innovasjon Noreg er auka med 20 millionar kroner. Midlane skal mellom anna gå til ekstraordinær marknadsføringsinnsats for torsk og auka tilskot for mottaksstasjonar langs kysten. Tilskotet til programmet «Brukerstyrt innovasjonsarena» under Noregs forskingsråd aukar med 75 millionar kroner, og det er vedteke å løyve 48 millionar kroner til nye stipendiatstillingar, medrekna ordninga med nærings-ph.d. Tilskota til lærlingar vert auka med til saman 195 millionar kroner, medan utgiftene til kvalifiseringsprogrammet «Ny sjanse» aukar med 15 millionar kroner. Utgiftene til programmet for basiskompetanse i arbeidslivet vert auka med 20 millionar kroner. Det vert også løyvd 75 millionar kroner til forsking på fornybar energi og 100 millionar kroner til ulike IKT-tiltak. Innanfor landbruket aukar tilskotet til «Trebasert innovasjonsprogram» med 20 millionar kroner.

5.11.4 Reglar for permittering

Høvet til å permittere tilsette er ikkje lovregulert, men regulert i tariffavtale mellom partane. Staten har gjennom kapittel 4 i folketrygdlova om dagpengar under arbeidsløyse og lønnspliktslova teke ansvar for ein del av dei økonomiske konsekvensane ved permittering.

Regjeringa tek omsyn til at den økonomiske situasjonen tilseier endringar i dei gjeldande permitteringsreglane. For å betre konkurransevilkåra til norske konjunkturutsette bedrifter la regjeringa fram forslag om å redusere talet på dagar der arbeidsgjevaren har lønnsplikt under permittering, frå 10 til 5 dagar for permitterte med minst 40 % reduksjon i arbeidstida, med verknad frå 1. april 2009, jf. St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endring i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid og Ot.prp. nr. 31 (2008-2009) Om lov om endring i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering .

For å skape ein meir føreseieleg situasjon, og medverke til at bedriftene i større grad kan halde på kompetansen i ein periode med låg aktivitet i økonomien, er vidare maksimal periode med dagpengar under permittering auka frå 30 til 52 veker, med verknad frå 1. februar 2009. Å auke permitteringsperioden vil fyrst og fremst medverke til at permitterte kan få ei lengre inntektssikring gjennom dagpengane der det er naudsynt av omsyn til situasjonen i dei enkelte bedriftene.

Fotnotar

1.

Desse tala inkluderer òg mobilt breiband. Mobilt breiband gjev per i dag ikkje garantert breibandskapasitet etter Teleplan sin definisjon, men som for andre breibandsteknologiar skjer det ei kontinuerleg teknologiutvikling som ifølgje Teleplan vil gje betre kapasitet over tid.

Til forsida av dokumentet