St.meld. nr. 25 (2008-2009)

Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Iverksetjing og omfang av tiltak som er omtalte i meldinga, og dermed omfanget av løyvingar til distrikts- og regionalpolitikken, vert vurdert i budsjettframlegga i komande år.

Satsinga på å styrkje arbeidet i kommunane med lokal samfunnsutvikling skal mellom anna medverke til at verknadene av utviklingsprosjekt i kommunar og lokalsamfunn vert større. Ein del av satsinga skal vere å betre samordninga på regionalt nivå av støtte til lokalt utviklingsarbeid i kommunane. Dette vil medverke til ein meir effektiv bruk av utviklingsmidlane i høve til lokale utfordringar.

Til forsida av dokumentet