St.meld. nr. 25 (2008-2009)

Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

7 Styrkje entreprenørskap og nyskaping

Dette kapitlet handlar om næringsretta innsats i distrikts- og regionalpolitikken og næringsretta innsats på sektorar som er særleg viktige for å fremje distrikts- og regionalpolitiske mål. Kapittel 7.1 og 7.2 inneheld omtale av mål, prinsipp og utfordringar for den næringsretta distrikts- og regionalpolitikken. Kapittel 7.3, 7.4 og 7.5 handlar om konkret næringsretta innsats for å stimulere til klyngje- og nettverkssamarbeid, utvikling av og nyskaping i bedrifter og entreprenørskap i distrikts- og regionalpolitikken. Kapittel 7.6 omtaler innsats spesielt retta mot enkelte bransjar med særskild verdi for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål.

7.1 Behov for regionalt differensiert nærings- og innovasjonspolitikk

Regjeringa vil halde fram med den næringsretta innsatsen for å leggje til rette for auka verdiskaping og nye arbeidsplassar der folk bur. Regjeringa vil leggje til rette for ein differensiert politikk som møter dei ulike lokale og regionale utfordringane og utnyttar lokale og regionale fortrinn som ligg i næringsmiljø, naturressursar og hos menneska. Det inneber at innsatsen og verkemidla må vere tilpassa behova i ulike område, anten det er små arbeidsmarknader med nedgang i folketalet og einsidig næringsstruktur eller modne næringsklyngjer med høg aktivitet der mangel på kvalifisert arbeidskraft er den viktigaste utfordringa.

Regjeringa legg vekt på behovet for ein aktiv innsats retta mot område der føresetnadene for næringsutvikling og etablering av nye arbeidsplassar er svake. Denne innsatsen må stimulere og byggje opp under vekstkraft nedanfrå, for å medverke til ny varig næringsverksemd eller vidareutvikling av den eksisterande verksemda. Dette er naudsynt også for å møte auka internasjonal konkurranse. Det er òg viktig at norske bedrifter vert merksame på og stimulerte til å etablere seg i internasjonale marknader.

Distrikts- og regionalpolitikken heng nøye saman med innovasjonspolitikken. Regjeringa la i St.mld. nr. 7 (2008-2009), Et nyskapende og bærekraftig Norge fram sin visjon om eit nyskapande og berekraftig Noreg, der gode rammevilkår for innovasjon vert prioritert. Den økonomiske politikken til regjeringa har medverka til gode rammevilkår og gjort det trygt for næringslivet å innovere. Regjeringa vil leggje til rette for auka innovasjon ved å stimulere skapande bedrifter som utviklar lønnsame innovasjonar. Innovasjon er ein viktig del av den daglege innsatsen i bedriftene for å skape betre produkt for kundane og større verdiar for eigarane. Ingen bedrifter er i dag skjerma for krava om stadig å forbetre seg. Styresmaktene skal lage rammer som gjer det enklare for verksemdene å innovere, og skal medverke med støtte og reguleringar der marknaden ikkje strekk til.

Innovasjonspolitikken har som mål å styrkje den nasjonale og regionale evna til innovasjon slik at innsatsen medverkar til størst mogleg samla verdiskaping for norsk økonomi. Regjeringa legg i distrikts- og regionalpolitikken til grunn at innsatsen skal stimulere til innovasjon og verdiskaping i heile landet, men at busetjingsmålet og målet om likeverdige levekår i heile landet gjer at andre omsyn også vert lagt til grunn i den distrikts- og regionalpolitiske innsatsen.

Den næringsretta innsatsen i distrikts- og regionalpolitikken skal medverke til å skape lokal og regional verdiskaping og sikre livskraftige by- og lokalsamfunn. Næringsliv og stader er gjensidig avhengige av kvarandre. Lokalt næringsliv er avhengig av at stadene er attraktive som buområde for å halde på og tiltrekkje seg kompetent arbeidskraft, og stadene er igjen avhengige av attraktive arbeidsplassar for å tiltrekkje seg tilflyttarar. Livskraftige by- og lokalsamfunn og norsk næringsliv forsterkar derfor kvarandre gjensidig.

Verksemder i ulike delar av landet har ulike moglegheiter og føresetnader for å kunne innovere og vekse for å møte utfordringane frå auka global konkurranse. Nærleik til kundar, leverandørar, investorar og FoU-miljø og storleiken på arbeidsmarknaden påverkar evna til nyskaping i alle bedrifter. Bedrifter som ønskjer å vekse og innovere, opplever større barrierar om dei er lokaliserte på ein mindre plass enn i eit større næringsmiljø. Distrikts- og regionalpolitikken må vere innretta slik at han medverkar til å redusere desse barrierane, slik at bedrifter i alle delar av landet kan få realisert potensiala sine. Samstundes legg departementet også vekt på at dei sterke innovasjons- og næringsmiljøa som allereie eksisterer på større stader, må stimulerast gjennom målretta innsats for styrkt samarbeid mellom bedrifter og/eller FoU-institusjonar.

Fleire nasjonale, regionale og lokale aktørar er sentrale i arbeidet med næringsutvikling og nyskaping. Dei nasjonale verkemiddelaktørane Inn­ovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet, og fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar, har særleg viktige roller i å vidareføre og forsterke den aktive næringsretta distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane har gjennom forvaltningsreforma fått ei sterkare rolle både i den nasjonale og i den regionale FoU- og næringspolitikken. Det gjer at dei betre kan tilpasse verkemiddelbruken og den samla offentlege innsatsen til å møte dei regionale utfordringane. Dette er nærare skildra i kapittel 4.

Det er store moglegheiter i å utnytte naturressursane i landet ved kommersialisering av forsking for ny bruk av naturressursane. Det er viktig med god kopling mellom ulike verkemiddel som stimulerer til samarbeid mellom FoU-miljø og næringsliv og andre næringspolitiske verkemiddel. Den næringsretta distrikts- og regionalpolitiske innsatsen omfattar ei rekkje ulike verkemiddel for utvikling av næringsmiljø og nettverk mellom bedrifter og kompetansemiljø, tilgang på kapital og stimulering til kommersialisering og entreprenørskap. Det er viktig at dei nasjonale verkemiddelaktørane, regional stat og fylkeskommunane samarbeider seg imellom og med kommunane for å best mogleg tilpasse innsatsen mot regionale og lokale verdiskapingsutfordringar, mellom anna ved å vurdere fleire verkemiddel i samanheng.

7.2 Nærare vurdering av utfordringar i næringslivet

Næringslivet i Noreg står overfor stadig tøffare internasjonal konkurranse, kamp om kompetent ­arbeidskraft og nye krav om berekraftig utvikling. Dette må næringslivet møte gjennom stadig nyskaping og utvikling av innovative løysingar. Å ta i bruk nye teknologiar, produksjonsprosessar og forretningsmodellar og skape nye varer og tenester opnar også for nye kommersielle moglegheiter.

I arbeidet med utforminga av regjeringa sin innovasjonspolitikk, vart OECD oppmoda til å gjennomgå det norske innovasjonssystemet. I rapporten frå OECD kjem det mellom anna fram at den norske økonomien har vore ein av dei raskast veksande i OECD-landa dei siste tretti åra. Målt i gjennomsnittleg realinntekt finn vi Noreg høgt oppe på verdsstatistikken. Samstundes kjem Noreg under gjennomsnittet på samleindeksen frå EUs Innovation Scoreboard, EU25 2007. Vi investerer relativt lite i FoU og kjem dårleg ut samanlikna med andre land når det gjeld sjølvinitiert innovasjon og entreprenørskap, sysselsetjing i høgteknologiske tenestesektorar og patentering. Økonomisk vekst kombinert med låg utteljing på internasjonale innovasjonsindikatorar er òg bakgrunnen for at OECD har uttalt at «There is a puzzle about Norway» (OECD, 2007). Som svar på denne gåta er det viktig å vere klar over at den sosiale kontrakten mellom styresmaktene, arbeidskrafta og kapitalen medverkar til å fremje innovasjon og økonomisk vekst. Denne kontrakten kan fremje sosial velferd og ein høg grad av aksept for teknologiske endringar i arbeidslivet. Når det gjeld den låge forskingsinnsatsen i næringslivet, kan dette mellom anna forklarast med eit lågare omfang av FoU-intensive næringar i Noreg samanlikna med OECD-gjennomsnittet.

Årsakene bak suksesshistoria Noreg er mange. Sjølv om Noreg har ein næringsstruktur som i omfattande grad er basert på utvinning og industriell foredling av naturressursar, er denne i aller høgaste grad basert på utvikling og bruk av ny kompetanse. Dette skjer gjerne på andre måtar enn gjennom FoU, og ikkje berre gjennom høgteknologi. Det er mogleg på grunn av eit høgt utdanningsnivå, omfattande fellesfinansierte velferdsordningar og eit næringsliv med tradisjon for samarbeid mellom leiing og tilsette, mellom ulike bedrifter og kundane deira og partssamarbeidet i norsk næringsliv. Desse tilhøva er kjende som den «den nordiske modellen».

Noreg har ein liten, open og internasjonalt orientert økonomi med stor omstillingsevne i alle sektorar. Ein aktiv konkurransepolitikk har medverka til å skape effektive marknader som over tid har gjeve eit sunt innovasjonspress. Noreg har utvikla eit næringsliv som evnar å vere i kontinuerleg endring, med eit høgt produktivitetsnivå. Desse sterke sidene ved det norske innovasjonssystemet gjev gode føresetnader for å vidareutvikle og forsterke innovasjonsevna i næringslivet i ein global konkurransesituasjon.

7.2.1 Geografiske skilnader i korleis næringslivet vurderer utfordringane sine

På oppdrag for Innovasjon Noreg gjennomførte Perduco AS september 2008 ei undersøking i norske bedrifter om utfordringar for utvikling og vekst. Undersøkinga skilde mellom bedrifter lok­aliserte innanfor og utanfor det distriktspolitiske virkeområdet.

Generelt rapporterer distriktsbedriftene noko høgare hindringar for vekst og innovasjon enn bedrifter i sentrale strok. Mangel på tid og kompetent arbeidskraft er dei viktigaste hindringane begge stader. Svara reflekterer nok at undersøkinga er teke opp før verknadene av finansuroa var tydelege. Tilgongen på arbeidskraft kan betre seg mange stader grunna lågare aktivitet i økonomien. For innovasjonevna til bedrifta er det likevel viktig at både ny og eksisterande arbeidskraft er kompetent. Derfor seier også bedriftene at kompetanseheving er det området der bedriftene i størst grad har ambisjonar om å gjennomføre monalege tiltak dei neste to åra.

Den største skilnaden mellom bedriftsgruppene finn vi i tilgangen til offentleg finansiering. Fleire bedrifter i distrikta enn i sentrale strok nemner manglande offentleg finansiering som ei viktig hindring for vekst og innovasjon. Skilnaden speglar til ein viss grad at offentleg finansiering i større grad vert oppfatta som eit relevant tilbod i distriktsområde enn i sentrale strok. Men skildnaden kan også kome av manglande tilgang til kapital generelt i distriktsområde. I bedrifter som rapporterer om vekstambisjonar, er det klart fleire distriktsbedrifter som seier at mangel på investorkapital hindrar vekst og innovasjon enn bedrifter i sentrale område. Bedrifter i distriktsområdet rapporterer også om klart mindre kontakt med eksterne kompetansemiljø.

Undersøkinga syner vidare ein skilnad mellom distriktsbedriftene og dei meir sentrale bedriftene i delen som har ein nasjonal hovudmarknad. Av bedriftene i sentrale strok seier 42 % at den nasjonale marknaden er ein hovudmarknad, mot 32 % av distriktsbedriftene. Dette synleggjer ei ­nasjonal arbeidsdeling der bedrifter med nasjonal marknad gjerne er lokaliserte i byområda. Derimot er det mindre skilnader mellom områda i delen bedrifter som svarer at dei har den nordiske eller internasjonale marknaden som heimemarknaden sin (25 % i sentrale strok samanlikna med 21 % i distriktsområde). Det er heller ingen skilnader mellom delen bedrifter i distriktsområde og sentrale strok som rapporterer om vekstambisjonar mot ein større marknad. Dette gjeld for 31 % av bedriftene i begge områda.

7.2.2 Utfordringar og moglegheiter i ulike typar bu- og arbeidsmarknadsregionar for å ta heile landet i bruk i verdiskapinga

Kommunal- og regionaldepartementet har i samarbeid med Forskingsrådet og SSB gjennomført ei utvida innovasjonsundersøking i næringslivet for året 2006. Utvidinga innebar at undersøkinga inkluderte føretak med mellom 5 og 10 tilsette, og at fleire føretak med over 10 tilsette vart spurde. Utvidinga gjer det mogleg å gjere betre samanlikningar av innovasjonsaktivitet mellom ulike regionar. Den utvida statistikken syner at det er små regionale skilnader i innovasjonsaktiviteten etter ein sentrum–periferidimensjon, jf. tabell 7.1. Skilnadene er noko større mellom landsdelane, med Aust-Viken som mest innovativ. Dette står i motsetnad til FoU-aktiviteten, som er mykje meir konsentrert i nokre sentrale fylke (sjå kapittel 5.7).

Tabell 7.1 Del bedrifter med innovasjon etter sentralitet. 2006. Prosent

LandsdelMinst ­sentralMindre ­sentralNoko sentralSentral – noko avstand frå landsdels­senteretSentral – ­liten avstand frå landsdels­senteretSentral – landsdelssenterTotalt
Aust-Viken16 %18 %22 %20 %
Innlandet13 %23 %19 %19 %
Vest-Viken17 %17 %20 %17 %18 %
Sørlandet7 %29 %16 %5 %15 %15 %
Vestlandet16 %14 %15 %12 %23 %16 %16 %
Trøndelag19 %22 %8 %14 %17 %17 %
Nord-Noreg17 %15 %11 %  18 %14 %
Totalt16 %15 %16 %17 %18 %18 %17 %

Utrekningar: Kommunal- og regionaldepartementet. Sjå inndeling av landsdelar i vedlegg 1. Blanke felt tyder at det ikkje er regionar med gjeldande sentralitet innafor landsdelen. Sentralitetsinndelinga her er noko annleis enn elles i meldinga. Denne er basert på økonomiske regionar. Det er aukande sentralitet frå venstre til høgre i tabellen. Innovasjon er målt som del føretak med innovasjon i høve til alle føretaka i populasjonen. Statistikken omfattar føretak med meir enn fem tilsette.

Kjelde: SSB/Innovasjonsundersøkinga 2006.

Telemarksforsking har på oppdrag frå Innovasjon Noreg undersøkt samanhengen mellom innovasjon og vekst for føretak i ulike regionar, ved å kople data frå den utvida FoU- og innovasjonsstatistikken for næringslivet frå 2006 med rekneskapsdata for 2007 (Telemarksforskning 2009). Undersøkinga syner at det på føretaksnivå ser ut til å vere ein klar samanheng mellom innovasjon og vekst. Særleg føretak som er retta mot eksport er tilbøyelege til å introdusere innovasjonar.

Når ein ser på dei enkelte regionane, ser ein at regionar med høg innovasjonsgrad har ein tendens til å ha ein høgare del vekstføretak. Det kan tyde på at mange innovative føretak i ein region skaper positive ringverknader som også kjem andre føretak i regionen til gode. Innovative næringsmiljø er positivt for å skape vekstkraftige føretak.

Entreprenørskap og etablering av nye bedrifter er svært viktig for kontinuerleg omstilling og fornying av næringslivet, og for etablering av nye arbeidsplassar. Ein måte å måle entreprenørskapstakten i næringslivet på er å sjå på nyetableringar i høve til føretakspopulasjonen, jf. tabell 7.2. Her er skilnadene relativt store mellom storbyregionane og dei andre regiontypane. I storbyregionane er dynamikken i næringslivet høg, med både fleire nyetableringar og fleire nedleggingar av føretak. Etablerartakten er relativt låg i Innlandet. Det er knytt til fråværet av storbyregionar, men også ein tendens til lågare dynamikk i næringslivet generelt.

Tabell 7.2 Gjennomsnittleg årleg etablering av nye føretak i prosent av føretakspopulasjonen 2003 – 2007

  Storby­regionarMellomstore ­byregionarSmåby­regionarSmåsenter­regionarOmråde med spreidd ­busetjingTotalt
Aust-Viken17,4 %14,5 %12,4 %17,2 %
Innlandet12,9 %11,8 %9,7 %9,1 %11,8 %
Vest-Viken14,6 %14,3 %13,4 %10,5 %9,9 %13,9 %
Sørlandet16,6 %13,6 %14,1 %13,4 %11,8 %14,9 %
Vestlandet17,1 %12,9 %12,3 %10,4 %11,4 %14,7 %
Trøndelag17,9 %12,9 %10,5 %11,7 %15,5 %
Nord-Noreg15,8 %14,1 %13,0 %11,5 %11,2 %13,0 %
Totalt17,0 %13,6 %12,7 %10,8 %11,1 %15,2 %

Utrekningar: Kommunal- og regionaldepartementet. Sjå inndeling av lansdelar og av regionar i vedlegg 1.

Kjelde: SSB/statistikkbanken.

I forskingsprosjektet Sentraliseringas pris vert det peikt på at rammevilkåra for bedrifter og typar bedrifter har endra seg over tid. Det har vore ein auke i talet på bedrifter som er knytte til enkeltpersonar, samanlikna med tidlegare. For ein del av dei frie yrka er bumiljø og bustadpreferansar viktige for valet av etablering av bedrifter. Kunnskap og kompetanse utgjer ein stadig større del av produkta og tenestene i kunnskapsøkonomien. Nye kommunikasjonsformer kan i mange tilfelle innebere at bedrifter kan lokalisere seg nesten kvar som helst. Det har likevel synt seg at nærleiken til kundar er viktig for den kunnskapsoverføringa som skal skje.

Finansuroa har på kort tid endra i det minste dei kortsiktige utfordringane for næringslivet kraftig. Kor lenge finansuroa varer, vil i stor grad påverke kor alvorlege verknadene på den økonomiske utviklinga vert framover, men også tiltaka til styresmaktene er viktige for å betre tilhøva. Sjå nærare omtale av finansuroa og tiltak mot uroa i kapittel 5.11.

7.3 Utvikle næringsmiljø, verdikjeder og innovasjonssystem

Utfordringar:

  • Sikre nyskaping og omstilling i næringslivet ved å auke innovasjonstakten i næringslivet i alle delar av landet

Innsats:

  • Vidareutvikle eksisterande klyngje- og nettverksprogram og offentleg innovasjonsinfrastruktur for å betre samarbeidet mellom bedrifter og mellom bedrifter og FoU-institusjonar

  • Medverke til å møte omstillingsutfordringar i område med einsidig næringsstruktur som er råka av større nedleggingar

Eit godt utvikla samarbeid både i bedrifter, mellom bedrifter og mellom bedrifter og kunnskapsaktørar er ei viktig forklaring på at norsk næringsliv har høg innovasjonsevne og god produktivitetsutvikling. Gode innovasjonsmiljø som stør opp under og forsterkar samspelet og samarbeidet, vil vere endå viktigare i framtida. Eit viktig utgangspunkt er at innovasjon i ein kunnskapsøkonomi er eit resultat av samspelet mellom bedriftene og omgjevnadene deira.

Innovasjonsevne føreset at bedrifta maktar å trekkje aktivt på idear, impulsar og spesifikke kompetansar frå mellom anna kundar, leverandørar, profesjonelle kunnskapstilbydarar og finansieringsmiljø. Dette er kompetanse som berre kan verte identifisert og tilgjengeleg gjennom aktiv og kontinuerleg interaksjon med desse aktørane. I den globale konkurransen står mange bedrifter sterkare om dei står saman eller samarbeider med FoU-institusjonar. Konkurranseevna til bedriftene og strategiar for å forsterke konkurranseevna vert i denne samanhengen mykje eit spørsmål om å utvikle dette samspelet.

Kunnskapsøkonomien inneber at mykje kunnskap er globalt tilgjengeleg. Men læringsprosessar med sikte på effektiv bruk av ny kunnskap handlar i stor grad også om utveksling av taus, ikkje formalisert kunnskap, som i stor grad er lokal. Geografisk og kulturell nærleik, og ikkje minst tillit mellom aktørane, er viktig for effektiv flyt av kunnskap.

Noreg har fleire innovasjonsmiljø som er verdsleiande på sine spesifikke område. Det gjeld særleg innanfor energi, maritim verksemd og marin sektor, men også innanfor andre sektorar der norske miljø har klart å etablere posisjonar innanfor svært krevjande marknader. Norske klyngjer og innovasjonsmiljø er gjennomgåande små samanlikna med konkurrerande miljø. På mange område kan dette utgjere ei ulempe. Samstundes har norske miljø nokre fordelar som nettopp har gjort det mogleg å utvikle konkurranseevna: godt utvikla kunnskapsinfrastruktur, velutdanna og kompetent arbeidskraft og ikkje minst ein kultur for effektivt samarbeid både innanfor og mellom bedrifter.

For å møte aukande internasjonal konkurranse er norsk økonomi avhengig av å utvikle ytterlegare dei sterke næringsmiljøa som eksisterer i dag, og samstundes knyte større delar av næringslivet til sterke nasjonale og internasjonale klyngjer og nettverk. Det er viktig å sikre gode nettverk mellom bedrifter i og utanfor klyngjer og FoU-institusjonar, på tvers av regionale og nasjonale grensar, for å knyte kontaktar med dei beste miljøa nasjonalt og internasjonalt.

Regjeringa legg vekt på at det offentlege verkemiddelapparatet i aukande grad medverkar til å få til eit godt samspel om utviklingsarbeid mellom bedrifter og mellom bedrifter og kompetansemiljø og til å utvikle sterke næringsmiljø. I åra framover bør dette arbeidet i større grad også fokusere på internasjonalisering, involvering av bedrifter som er lokaliserte utanfor sentra i klyngjene, og på samspel mellom dei ulike næringsmiljøa i landet.

Klyngje- og nettverksprogramma til dei nasjonale verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, Selskapet for industrivekst (SIVA) og Forskingsrådet har alle som ambisjon å knyte næringslivet i større grad opp mot sterke internasjonale FoU- og næringsmiljø. Det skjer i samarbeid med utdannings- og forskingsmiljø, fylkeskommunar, regional stat og kommunar.

Fylkeskommunen får ei sterkare rolle i forskings- og innovasjonspolitikken etter implementeringa av forvaltningsreforma i 2010, mellom anna gjennom opprettinga av regionale forskingsfond og deleigarskap til Innovasjon Noreg (jf. kapittel 4.1 og 5.7). Ei styrking av det regionale nivået aukar også moglegheitene for kraftfull mobilisering av næringslivet til forskingsbasert innovasjon og utvikling. Samstundes aukar kravet til samhandling og samordning mellom ulike aktørar og verkemiddel. Det vil derfor vere behov for vurderingar og dialog om heilskapen og strukturen i verkemidla mellom dei nasjonale verkemiddelaktørane, fylkeskommunane og aktuelle departement. Det er viktig at potensialet for samarbeid regionalt og på tvers av fylke og regionar vert utvikla.

7.3.1 Utvikling av nettverk for forskingsbasert innovasjon

God kontakt og samarbeid mellom næringslivet og FoU-institusjonar medverkar til større tilfang av kunnskap og gode idear til næringslivet og gjev impulsar tilbake til kunnskapsutviklarane om nye problemstillingar. Ved å kople kunnskapsproduksjonen i utdannings- og forskingsmiljøa med forretningskompetansen til næringslivet legg ein eit grunnlag for nyskaping og meir verdiskaping.

Kunnskaps- og forskingsparkane utgjer ein viktig infrastruktur for å fremje dette samarbeidet. Desse institusjonane skal sørgje for gode utviklingsmiljø, særleg for nye forskings- eller kunnskapsbaserte bedrifter med stort vekstpotensial. Kunnskaps- og forskingsparkane er nært knytte til forskings- og utdanningsinstitusjonar, mellom anna mange av dei regionale høgskulane.

7.3.1.1 Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI)

Forskingsrådsprogrammet Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) stimulerer til konkrete forskingssamarbeid mellom bedrifter og forskingsmiljø. VRI-satsingane er samfinansierte mellom fleire departement (via Forskingsrådet) og fylkeskommunane. Det er VRI-satsingar i alle fylka, og det er regionale partnarskap som prioriterer innsatsområda og dei enkelte verkemidla i VRI. Dette har ført til ei meir målretta mobilisering av samarbeid mellom bedrifter og FoU-miljø og lagt grobotn for meir forskingsbasert innovasjon. FoU-strategiar er utvikla der dette ikkje alt var på plass, og VRI har gjeve verkemiddel til å gjennomføre strategiane.

Gjennom VRI-programmet har FoU-institusjonar i Noreg fått tilført 80 millionar kroner til næringsretta samarbeid. Dette har ikkje minst styrkt høgskulane og dei regionale institutta si evne til å samarbeide med næringslivet, men det har også styrkt samarbeidet mellom FoU-institusjonane når det gjeld innovasjonsfagleg forsking. Det er sett i gang 18 innovasjonsfaglege forskingsprosjekt. I 2009 vil fleire tverregionale forskingsprosjekt verte sette i gang.

VRI-satsingane omfattar både teknologisk kompetanse og bruk av samfunnsvitskaplege metodar og regionale dialogprosessar for å fremje organisatoriske og teknologiske innovasjonar i bedriftene i dei ulike regionane.Totalt 1153 bedrifter har vore involverte i prosjekt i VRI i 2008. Det inkluderer kompetansemeklingsprosjekt i 608 bedrifter og ca. 125 personmobilitetsprosjekt. Samarbeidet har ført til mobilisering av større forskingsprosjekt i bedriftene med søknader til både nasjonale og internasjonale program.

Regjeringa legg vekt på at det skal vere god koordinering mellom VRI-programmet og dei regionale forskingsfonda som vert tilgjengelege frå 2010. Dei regionale forskingsfonda er nærare omtalte i kapittel 5.7.

Boks 7.1 Utvikling av kongekrabbe som høgkvalitetsprodukt i Finnmark

Endringar i fangstregimet for kongekrabbe fører til at produkt av svært ulik kvalitet vert tilbodne i marknaden. Bugøynes Kongekrabbe tok konsekvensen av dette og ønskte å skape eit stabilt høgkvalitetsprodukt gjennom oppfôring av krabbane under kontrollerte tilhøve. Russisk kompetanse er leiande på dette området. VRI-programmet har medverka til å finansiere kontakt med russiske miljø og til å byggje opp eit FoU-laboratorium i Bugøynes. Russiske forskarar samarbeidde med norske NOFIMA om arbeidet. Kvinner er i sentrale posisjonar i samarbeidet.

7.3.2 Utvikling av klyngjer og nettverk i og mellom næringsmiljø

7.3.2.1 Utvikling av klyngjeeffektar i og mellom næringsmiljø

Ei klyngje er ein samling av verksemder eller næringar som er lokaliserte nær kvarandre. Verksemder lokaliserte i klyngjer kan lettare ta ut gevinstar ved å utnytte positive eksterne effektar frå aktiviteten til andre verksemder i klyngja. For å stimulere til klyngjedanning og betre utnytting av dei potensiala som ligg i spesialiserte næringsmiljø, har Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og SIVA utvikla programma Norwegian Centres of Expertice (NCE) og Arena. Arena-programmet medverkar til å initiere, utløyse og forsterke samarbeidsbaserte utviklingsprosessar i klyngjer eller i næringsmiljø som kan utvikle seg til klyngjesamarbeid. Arena stør utviklingsprosessane i 3 til 5 år, og har sidan oppstarten i 2002 medverka i utviklinga av 35 samarbeidsprosjekt. Det gjeld samarbeid i ei rekkje ulike sektorar som reiseliv, olje og gass, IKT, helse, energi og miljø. Vi finn næringsmiljøa i alle delar av landet, både i byregionar og i utkantregionar. Ein stor del av prosjekta har resultert i både eit nærare samspel mellom aktørane, iverksetjing av fleire innovasjonsprosjekt og ei sterkare internasjonal orientering. I Arena-prosjekta inngår eit sterkare og meir effektivt samspel mellom bedrifter, FoU-/kompetansemiljø og verkemiddelapparatet.

Meininga med NCE-programmet er å forsterke innovasjonsaktiviteten i dei mest vekstkraftige og internasjonalt orienterte næringsmiljøa i Noreg. Programmet tilbyr finansiell og fagleg støtte til utvalde regionale næringsmiljø med klare ambisjonar om langsiktig og forpliktande samarbeid. NCE-programmet skal satse på ei avgrensa mengd prosjekt. Det skal medverke til auka verdiskaping gjennom å utløyse og forsterke samarbeidsbaserte innovasjons- og internasjonaliseringsprosessar i næringsklyngjer med klare ambisjonar og stort potensial for vekst. Hittil har ni miljø fått status som NCE. Det vert lagt opp til ei vurdering og godkjenning av inntil fire nye NCE-prosjekt i 2009, med mellom anna øyremerkte midlar til reiselivsprosjekt. Det er etablert eit aktivt samspel mellom klyngjeprogramma Arena/NCE og VRI-programmet. Det medverkar til å styrkje FoU-dimensjonen i utviklinga av dynamiske klyngjer.

Boks 7.2 Kopling mellom regionale klyngjer og næringsmiljø

Innanfor dei nasjonale klyngjeprogramma Arena og NCE vert det lagt aukande vekt på å forsterke koplingane mellom regionale klyngjer. Eitt døme på dette er samarbeidet som er under utvikling mellom regionale klyngjer og næringsmiljø i olje- og gass-sektoren. Dette omfattar klyngjer som er spesialiserte innanfor særskilde segment av olje- og gassverksemda, eller som har leveransar til olje- og gassverksemder. Det er etablert eit forum mellom vel 10 regionale klyngjer og samarbeidsarenaer. Forumet fungerer som ein fagleg møteplass for deltakarane, og initierer aktivitetar som er av felles interesse. Sentrale samarbeidsområde er kompetansetilgang og rekruttering, internasjonaliseringsprosessar, profilering og omdømme og teknologiutvikling.

Satsinga på å utvikle regionale klyngjer har fått stor respons og merksemd i næringslivet. Den relativt langsiktige tidshorisonten til satsinga gjev aktørane høve til å utvikle eit meir strategisk og langsiktig perspektiv på arbeidet. Ein god del av miljøa har etablert samarbeidstiltak med dei respektive regionale utdanningsmiljøa. Det har gjeve konkrete resultat i form av nye eller meir relevante utdanningstilbod. Gjennom systematisk samarbeid mellom store og små bedrifter i miljøa har ein fått fram fleire konkrete innovasjonsprosjekt. Synleggjeringa av potensiala i klyngjene har også ført til fleire investeringar og meir interesse av å etablere næringsverksemd i klyngjene.

Sjølve samarbeidsorganisasjonen er ofte forankra i eit kunnskapsmiljø eller ein annan institusjon lokalisert i eit regionsenter, slik som i Alta, Bodø, Ålesund og Lillehammer. Dei fleste prosjekta har likevel deltakarar frå eit større område, i mange tilfelle også på tvers av fylkesgrenser. Bedrifter som er lokaliserte i perifere område av regionen, har også fått nytte av utviklingsprosessane i meir utvikla næringsmiljø.

7.3.2.2 Storbyprosjektet

Storbyane spelar gjennom regional arbeidsdeling og gjennom nærværet av store institusjonar og føretak, ei viktig rolle for næringslivet i alle delar av landet. Storbyprosjektet vart starta opp i 2004 med deltakarar frå byane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø. Målet med prosjektet var å synleggjere rolla til storbykommunane for auka innovasjon og næringsutvikling, og å styrkje rolla deira som motor for regional og nasjonal innovasjon. Prosjektet har ført til større fokusering på det å vidareutvikle samhandlinga i dei ulike innovasjonssystema og næringsklyngjene som storbyane er ein del av, og på korleis dei regionale effektane kan styrkjast.

Prosjektperioden for Storbyprosjektet går ut 2009. Kommunal- og regionaldepartementet vil i samarbeid med Innovasjon Noreg vurdere korleis erfaringane frå Storbyprosjektet kan utnyttast vidare etter prosjektperioden. Dette inneber mellom anna å sjå aktivitetane i samband med andre aktuelle verkemiddel for regional utvikling og fylkeskommunane sitt arbeid med regionale FoU-strategiar.

Boks 7.3 MareLife

MareLife vart etablert i 2007 som eit innovasjonsnettverk organisert med utgangspunkt i dei regionale innovasjonssystema i universitetsbyane, og med dei større industrielle aktørane i Noreg som viktigaste lokomotiv. Medlemsstrukturen vert definert av leiande biomarine kommersielle selskap, Noregs mest avanserte vitskapsmiljø, offentlege og private tilretteleggjarar, verkemiddelapparatet og selskap og foreiningar innan venturekapitalverksemd. Nettverket har initiert og drive fram fleire prosjekt:

  • MareLife Storby, som samlar næringsliv og FoU-miljø i og omkring storbyane med sikte på større regional innovasjonskraft og med ambisjon om å definere heile landet som ei samla biomarin klyngje

  • genetisk kartlegging av makrellstammer for å auke kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av ein av dei viktigaste pelagiske ressursane våre

  • mikroalgar som ny og mogleg kommersialiserbar kjelde for ernæring og medisin til fisk og folk

  • ChemBiolNetNorway, eit nytt prosjekt med nasjonalt nettverk og med innretning mot marin bioprospektering

  • idédugnad omkring dei store utfordringane i akvakulturen

7.3.2.3 Utvikling av nettverk i område med mindre næringsmiljø

Bedriftsnettverk

Mange livskraftige bedrifter i mindre sentrale område som ligg langt frå FoU-institusjonar eller andre bedrifter i same bransje, har òg behov for å knyte seg til andre bedrifter og ulike kompetansemiljø. Innovasjon Noreg har etablert tenesta Bedriftsnettverk. Den er eit tilbod til små og mellomstore bedrifter innanfor alle bransjar, sektorar og landsdelar som ønskjer å etablere forpliktande samarbeid med andre bedrifter, gjerne utanfor den regionen bedrifta er lokalisert i. Tenesta stør konkrete prosjekt som skal medverke til å auke verdiskapinga i bedriftene som er med. Gjennom bedriftsnettverk får bedriftene hjelp til å styrkje samarbeidet, skape tillit og identifisere konkrete problemstillingar og samarbeidsmoglegheiter.

Tenesta møter eit uttalt ønske hos bedrifter som har sett dei positive effektane av samarbeid som har kome gjennom Arena- og NCE-programma, og byggjer mellom anna på erfaringane frå marint verdiskapingsprogram. Tenesta vil vere i full drift frå 2009 med grunnfinansiering frå KRD og NHD. I tillegg ligg det til rette for at fylkeskommunane kan finansiere tenesta gjennom dei regionale utviklingsmidlane ut frå regionale behov.

7.3.2.4 Næringshagane

Dei 54 næringshagemiljøa som er etablerte gjennom satsinga i regi av SIVA, tilbyr ein felles infrastruktur og dynamiske utviklingsmiljø. Det noverande næringshageprogrammet varer ut 2010. Programmet er nyleg evaluert. Evalueringa syner at verksemdene oppfattar at det er positivt å vere lokalisert i ein næringshage, mellom anna på grunn av mangfaldet av bedrifter og det sosiale miljøet. Mange opplyser at lokaliseringa i ein næringshage har gjeve konkrete resultat i form av nye oppdrag, og vore viktig for utviklinga til verksemda. Evalueringa syner også at ein aukande del av verksemdene i næringshagane er nyetablerte, og at næringshagane har ein høg del kvinner i bedriftene (38 %).

Rundt halvparten av bedriftene i næringshagane er definerte som kunnskapsintensive. Bedriftene får gjennom koplinga til innovasjonsnettverket til SIVA tilgang til verdiskapande nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Det inneber kopling både til andre bedrifter, til kapitaltilbydarar og til FoU-miljø. Evalueringa syner at 40 % av næringshageselskapa har samarbeidsrelasjonar til FoU-miljø. Nesten like mange har samarbeidsrelasjonar til utdanningsinstitusjonar. Næringshagane er såleis mange stader ein viktig aktør for å skape kontakt mellom FoU-kompetanse og næringsliv på mindre stader.

Evalueringa syner òg at næringshagane i liten grad har bransjespissing, på grunn av lite tilfang av bedrifter. Det har redusert grunnlaget for å drive med spesialiserte former for kompetanseheving. Mellom anna for å sikre finansiering på lengre sikt utfører næringshagane i aukande grad lokale og regionale utviklingsoppgåver. Mange stader fungerer dei som lokal fyrstelineteneste for etablerarar og bedriftsleiarar, noko som krev samarbeid med kommunar og anna verkemiddelapparat.

Nytt næringshageprogram frå 2011

Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til å setje i gang eit nytt næringshageprogram frå 2011. Departementet legg vekt på at det nye programmet må rettast inn mot å stimulere til vidare utvikling av dei næringshagane som vert tekne opp i programmet, både som dynamiske næringsmiljø og som knutepunkt for kontakt mot FoU-institusjonar og anna næringsliv.

Departementet ønskjer på lengre sikt at fylkeskommunane i større grad får ansvaret for den vidare utviklinga av næringshagane. Departementet vil invitere fylkeskommunane og SIVA for å drøfte innretninga, organiseringa og finansieringa av det nye programmet, og spørsmål knytte til ansvar og organisering av næringshagearbeidet.

7.3.3 Omstillingsarbeid i område råka av nedleggingar

Område med einsidig næringsstruktur er særleg sårbare for raske endringar i nærings- og arbeidslivet. Dei er meir utsette dess mindre arbeidsmarknadene er. Eit langsiktig utviklings- og nyskapingsarbeid lokalt og regionalt kan leggje grunnlag for å redusere eller unngå kriser som kan følgje av raske endringar i arbeidsmarknaden. Det vil likevel oppstå spesielle situasjonar i kommunar og regionar som krev ekstra innsats for omstilling i nærings- og arbeidslivet. Sjansane for ei vellykka omstilling når ei krise oppstår, er også størst dersom ho kan byggje på eit slikt langsiktig utviklings- og nyskapingsarbeid.

Tidlegare erfaringar tilseier behov for ei brei lokal og regional mobilisering og forankring av omstillings- og nyskapingsarbeid, for å styrkje forståinga av situasjonen og ein forpliktande eigarskap til prosessen. Både private og offentlege aktørar på tvers av forvaltningsnivå bør delta i eit felles løft og skape felles oppfatning og analyse av situasjonen. Det er særleg viktig at næringslivet vert involvert og får eigarskap til arbeidet. Det gjer også at det i utgangspunktet må vere eit lokalt og regionalt ansvar å arbeide med omstilling for å motverke og møte akutte krisesituasjonar.

Staten bidreg i dag til lokalt omstillingsarbeid mellom anna med økonomiske midlar gjennom dei distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylka. Til grunn for fordelinga av desse midlane ligg det mellom anna ei skjønsvurdering som skal ta omsyn til omstillingsutfordringar i dei ulike fylka. I fordelinga av skjønsmidlane byggjer departementet på innspel frå fylkeskommunane om omstillingsbehov. Departementet legg til grunn at fylkeskommunane har oversikt over og identifiserer omstillingsbehov og medverkar aktivt til å møte desse. Fylkeskommunane har ansvaret for å fordele midlane vidare til kommunar med omstillingsutfordringar, og å samarbeide med kommunane og Innovasjon Noreg om innretninga på omstillingsarbeidet.

Frå tid til anna oppstår det kriser i lokalsamfunn som har eit slikt omfang at det er naudsynt med ein ekstrainnsats frå staten utover dei ordinære utviklingsmidlane. Også i desse tilfella legg Kommunal- og regionaldepartementet til grunn aktiv medverknad frå regionale og lokale styresmakter for å sikre brei lokal og regional forankring gjennom ein forpliktande eigarskap til prosessen. Regjeringa presenterte i St.meld. nr. 21 (2005–2006) Hjarte for heile landet eigne kriterium for når det kan vere aktuelt for staten å gå inn med ein ekstraordinær innsats.

Boks 7.4 Grunnlag for ekstraordinær omstillingsstøtte

  • Reduksjonen i den direkte sysselsetjinga i hjørnesteinsbedrifta/-næringa over ein treårsperiode skal som hovudregel utgjere minst 15 % av den totale sysselsetjinga i kommunen. I absolutte tal bør nedlegginga som eit minimum liggje på 150 personar. I heilt særskilde tilfelle bør det vurderast om krava kan vere noko lågare på små og isolerte stader.

  • I ei totalvurdering av situasjonen i området skal det også leggjast vekt på reduksjonen i den indirekte sysselsetjinga, den generelle arbeidsløysa og høve til pendling innanfor den aktuelle bu- og arbeidsmarknadsregionen. I tillegg kan det også vere aktuelt å vurdere storleiken på trygdebudsjettet, kor mange som er yrkesaktive i kommunen, og kommuneøkonomien for å få eit mest mogleg komplett bilete av tilstanden i lokalsamfunnet.

  • Det kan oppstå situasjonar i små og isolerte samfunn som kvar for seg er for små til at staten i utgangspunktet bør gå inn med ekstramidlar. Dersom slike situasjonar oppstår og råkar fleire små og sårbare samfunn i same området samstundes, og dersom det samla støttebehovet som dette skaper går ut over det som er rimeleg å vente at fylkeskommunen kan stille opp med av midlar til, bør det likevel vurderast om staten kan gå inn med ekstra ressursar.

I den økonomiske situasjonen i samband med finansuroa er det fare for større grad av nedleggingar og reduksjonar i sysselsetjinga i mindre arbeidsmarknader enn det ein har erfart dei seinare åra. Kommunal- og regionaldepartementet vil her syne til skjønet som ligg i kriteria. Departementet legg opp til å ha tett kontakt med fylkeskommunane og verkemiddelapparatet for å følgje situasjon i næringslivet.

Innovasjon Noreg har fått ansvaret som nasjonalt kompetansesenter for lokalt omstillingsarbeid. Organisasjonen si oppgåve er å kvalitetssikre dei lokale prosessane og dei enkelte prosjekta og å medverke til at den offentlege innsatsen i næringsutviklingsarbeidet er målretta og forretningsorientert.

NAV har ei viktig rolle ved nedbemanning eller nedleggingar som fører til at mange arbeidstakarar vert ledige på same tid. Tidleg kontakt mellom NAV og dei som er råka, er med på å gjere overgangen til ny jobb enklare.

Boks 7.5 Historia om REC og Scancell - fruktbart omstillingsarbeid

REC har utspring i det teknisk industrielle miljøet i Noreg med Elkem i spissen. Her vart den grunnleggjande kompetansen utvikla saman med dei teknisk industrielle forskingsmiljøa i Noreg og Noregs forskingsråd. Etableringa av ScanWafer AS (opphavleg selskap) kom på eit tidspunkt då Hydro i Glomfjord var inne i ei stor omstilling og rasjonalisering med mange ledige industriarbeidarar som resultat. I dag er wafer-produksjonen i Glomfjord bygd opp til ca. 300 arbeidsplassar og det er investert meir enn 2 milliardar kronar. Rundt denne basisproduksjonen av wafer er det også i utvikling ei mengd bedrifter som produserer ulike innsatsfaktorar.

Neste ledd i verdikjeda fram til produserande solceller finn vi i Scancell i Narvik. Her er det utvikla eit tett fagleg samarbeid mellom Scancell, Norut teknologi og Høgskolen i Narvik. REC sine investeringar i Nordland dei siste ti åra representerer den største industrielle satsinga i fylket på mange tiår.

Denne historia syner den langsiktige nytten av samarbeid mellom kreative gründerar, heile verkemiddelapparatet som Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, SIVA og ikkje minst kommunane og fylkeskommunane.

7.4 Sikre vekst og omstilling i eksisterande bedrifter og næringsliv

Utfordringar:

  • Sikre vekst i område der omstilling og nyskaping er viktige føresetnader for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål om busetjing og verdiskaping

Innsats:

  • Leggje til rette for tilgang på offentleg kapital og tilskot for bedrifter med gode prosjekt i mindre sentrale delar av landet

  • Leggje til rette for tiltak som hevar kompetansen i næringslivet

Ein meir effektiv bruk av dei tilgjengelege ressursane i landet vil medverke til økonomisk vekst. Det bidreg igjen til å nå måla om velferd og like moglegheiter der folk bur. Levedyktige bedrifter og sterke næringsmiljø lokalt er viktig for å sikre arbeidsplassar der folk bur. Samstundes er det viktig å stimulere til nyskaping og omstilling i bedrifter for å skape nye arbeidsplassar, både for å sikre og auke verdiskapinga og for å leggje til rette for attraktive arbeidsplassar. Omstilling og nyskaping er òg avgjerande for å finne fram til nye miljøvennlege og berekraftige løysingar i økonomien.

Kommunal- og regionaldepartementet meiner at særskilde offentlege verkemiddel er tenlege for å fremje vekst i område der omstilling og nyskaping er viktige føresetnader for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Dei distriktsretta offentlege verkemidla skal likevel ikkje kompensere for svak lønnsemd i enkeltbedrifter eller næringar, men vere supplerande og utløysande i høve til den private kapitalmarknaden. Innovasjon Noreg har ei svært viktig rolle i den distrikts- og regionalpolitiske innsatsen for å sikre finansieringa av innovasjon og investeringar i næringslivet utanfor dei største byområda.

Det er behov for å fokusere på omstilling og nyskaping i det distriktspolitiske virkeområdet, der mange bedrifter er i konkurranseutsett sektor. Målet med innsatsen er å skape betre grobotn for næringsmiljø med vekstkraft og varige arbeidsplassar på lengre sikt. Den viktigaste grobotnen ligg i dei mange bedrifts- og næringsmiljøa som alt finst.

7.4.1 Geografiske skilnader i kapitaltilgang

Ein kapitalmarknad som fungerer effektivt i alle delar av landet, er ein viktig føresetnad for å få fram gode prosjekt i næringslivet og sikre fleire nye vekstbedrifter. Ein slik kapitalmarknad skal sikre finansiering av dei gode prosjekta.

Samfunns- og næringslivsforsking AS (SNF) har gjennomført ei utgreiing om variasjonar i tilgang og tilbod på kapital til SMB i ulike delar av landet (SNF 2008). Rapporten har sett på tilbodet av både framand- og eigenkapital, men grunna datatilgangen er analysen mest fokusert på framandkapital. Rapporten gjev derfor ikkje svar på korleis nærleik til investorar påverkar tilgangen til eigenkapital i mindre sentrale strok. Utgreiinga og vurderinga til SNF er i stor grad basert på ein periode med svært gode tider for Noreg og norsk næringsliv og med god tilgang på kapital. Utviklinga på finanssida knytt til finansuroa syner tydeleg korleis utfordringane på kapitalsida varierer over tid, og tolkinga av funna må skje i lys av dette.

Funna i rapporten tilseier at det ikkje er svikt i kapitalmarknaden som er den viktigaste faktoren for å forklare skilnader i bedriftsutvikling mellom sentrale og mindre sentrale område. Andre viktige funn i rapporten er følgjande:

  • Det er geografiske skilnader i utviklinga i kapitalstrukturen over tid som gjer at det vert nytta mindre gjeldfinansiering utanfor sentrale område.

  • Mindre sentralt lokaliserte kommunar har færre bankar og finansieringsinstitusjonar å velje mellom enn meir sentrale kommunar, noko som gjev mindre konkurranse. Denne effekten er jamt aukande etter som ein flyttar seg ut frå sentra til mindre sentrale strok.

7.4.2 Tilskot og lån til bedrifter i det distriktspolitiske virkeområdet

Ein stor del av midlane fylkeskommunane disponerer til den distrikts- og regionalpolitiske ekstrainnsatsen vert overførte til Innovasjon Noreg. Innovasjon Noreg har fått i oppdrag å vere den aktøren som kan tilby offentleg finansiering til enkeltbedrifter gjennom tilskot og lån. Fylkeskommunane kan samstundes leggje føringar for prioriteringa av bruken av midlane.

Innanfor det distriktspolitiske virkeområdet gjer statsstøtteregelverket det mogleg for Innovasjon Noreg å gje meir støtte til enkeltføretak for å stimulere til vekst og nyskaping. Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på at midlane må nyttast til å fremje varig verdiskaping og sysselsetjing. Derfor er det viktig å nytte midlane på gode prosjekt med stort potensial for bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk meirverdi. Samstundes legg departementet vekt på at midlane skal nyttast i område der behovet for vekst og utvikling av arbeidsplassar er størst. Dette vil særleg vere mindre sentrale område prega av fråflytting, høg arbeidsløyse og svak sysselsetjingsutvikling, og mindre byar og senter med einsidig næringsstruktur og omstillingsutfordringar. Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på at dei distriktsretta låna og tilskota vert nytta fleksibelt i slike område, som også ofte har «tynne» næringsmiljø og lite tilgang til risikovillig kapital. Dette inneber å leggje større vekt på breiare samfunnseffektar enn berre på innovasjon i slike område.

Låg andrehandsverdi på fysiske investeringar gjer risikoen ved investeringar høgare i mindre sentrale strok enn i byområde. Offentleg bedriftsretta investeringsstøtte gjennom lån og tilskot kan kompensere for og vere med på å utløyse privat kapital i slike tilfelle, ved at det offentlege tek noko av risikoen i prosjekta. Det offentlege kan også vere med og leggje til rette for å redusere barrierar for realisering av prosjekt med stor samfunnseffekt, til dømes for sysselsetjing i område med små arbeidsmarknader, store avstandsulemper og svakt næringsmiljø.

Sidan slike område også kan vere prega av låg dynamikk i næringslivet og lite tilfang av gode prosjekt, er det samstundes viktig at Innovasjon Noreg saman med lokale og regionale aktørar arbeider aktivt for å stimulere fram nye initiativ og idear i dei enkelte lokalsamfunna. Tiltaksarbeid gjennom regionale og lokale styresmakter og satsing på entreprenørskap og entreprenørskapskultur er viktig for å dyrke fram gode lokale initiativ. Offentlege verkemiddel har størst effekt når dei vert nytta saman med lokale initiativ. Innsatsen for å styrkje kommunen som samfunnsutviklar og kommunen som fyrstelineteneste for småskala næringsutvikling er mellom anna meint for å stimulere fram gode prosjekt.

Særskilde utfordringar og ordningar for finansiering av nye bedrifter er omtalt i kapittel 7.5.

7.4.3 Innsats for å heve kompetansen i eksisterande næringsliv

Kompetente og deltakande medarbeidarar er ein særs viktig faktor for at bedrifter skal kunne vere innovative. Innovative bedrifter rapporterer at eigne tilsette er den viktigaste kjelda til nyskapande idear. I Perducos rapport om barrierar for innovasjon i bedriftene vert mangel på kompetent arbeidskraft lagt fram som den viktigaste enkeltfaktoren.

Eit velfungerande innovasjonssystem er avhengig av eit utdanningssystem som produserer kompetanse av høg kvalitet, og som er relevant for aktørane i næringslivet. Dette er nærare omtalt i kapittel 5.6 om utdanning. Innsats under dei ulike klyngje- nettverksprogramma som er omtalte i kapittel 7.3, medverkar til kunnskapsflyt og samarbeid om utdanningstilbod mellom bedrifter og utdanningsinstitusjonar.

Dei nasjonale verkemiddelaktørane og fylkeskommunane er også i seg sjølve viktige aktørar for å tilføre næringslivet kompetanse og leggje til rette for at barrierane for informasjonsflyt mellom bedrifter og forskings- og utdanningsmiljø vert minska. Dei nasjonale og regionale verkemiddelaktørane er rådgjevarar og kunnskapsformidlarar overfor bedrifter på sine ansvarsområde. Det er viktig at verkemiddelapparatet og fylkeskommunane oppsøkjer det lokale næringslivet for å få informasjon om utfordringar og moglegheiter og formidle kunnskap og kompetanse som kan stimulere til nyskaping og omstilling.

I kundeundersøkinga til Innovasjon Noreg framstår manglande marknadskompetanse i bedriftene som eit viktig hinder for å kunne vekse vidare og nå ut til nye marknader. Innovasjon Noreg har fleire skreddarsydde program for å heve kompetansen til styra og leiinga i bedriftene, mellom anna for å styrkje verksemda for satsing på nye internasjonale marknader.

Bedrifter med stort internasjonalt potensial bør utnytte moglegheitene som finst utanfor Noreg. Gjennom uteapparatet sitt er Innovasjon Noreg i ein nøkkelposisjon for å stimulere norsk næringsliv til å gå inn i nye internasjonale marknader. Regjeringa legg vekt på at Innovasjon Noreg skal halde fram med dette arbeidet.

Boks 7.6 Kvalifisert arbeidskraft frå utlandet

For arbeidslivet i mange regionar har reglane for å kunne tilsetje arbeidskraft frå utlandet vorte sett på som eit problem. Med utvidinga av EØS-området etter mai 2004 har tilgangen på arbeidskraft frå EØS-området auka sterkt. Over 90 % av arbeidsinnvandrarane til Noreg kjem frå dette området. Overgangsordninga for åtte av dei nye EØS-landa vert oppheva frå 1. mai 2009. I St.meld. nr. 18 (2007–2008) Arbeidsinnvandring har regjeringa lagt opp til forenklingar for verksemder som ønskjer å ta inn arbeidskraft frå område utanfor EØS-området. I nokre tilfelle kan verksemdene hente inn arbeidskrafta medan søknaden om løyve vert handsama. I andre høve vil styresmaktene setje strengare krav til tidsbruk for sakshandsaminga. Generelt legg meldinga opp til at høgt kvalifiserte spesialistar, nøkkelpersonell og faglærte (definerte som arbeidstakarar med minst yrkesutdanning på nivå med norsk vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse) kan få løyve som gjev grunnlag for familiesamanføring og høve til varig opphald.

I nordområda vil det verte opna for særskilde ordningar for å stimulere mobiliteten mellom Nord-Noreg og Nordvest-Russland, jf. omtale i kapittel 6.1.

Eigarskifte

Norsk verdiskaping er avhengig av at det vert etablert, vidareutvikla og drive lønnsame bedrifter, og at ulønnsame bedrifter vert omstilte eller avvikla. Utøving av godt eigarskap er viktig for å få til dette. Undersøkingar underbyggjer verdien av gode og naudsynte eigarskifte og indikerer at selskap med nye eigarar vert revitaliserte og veks meir enn andre.

Rapportar frå den europeiske kommisjonen og frå Noreg og Sverige tilseier at ei mengd bedrifter og arbeidsplassar står i fare for å verte nedlagde dersom det ikkje vert lagt til rette for å gjennomføre gode eigarskifte. Bakgrunnen for det er at innbyggjarane og dermed også eigarane i bedrifter vert eldre. På mindre stader der prosentdelen eldre veks, kan utfordringane med å få på plass eigarskifte vere større enn andre stader.

Nærings- og handelsdepartementet har sett i verk eit prosjekt som skal gje kunnskap om omfanget av, vilkåra for og resultata av eigarskifte i bedrifter i Noreg. Utgreiinga skal vere ferdig våren 2009. Målet er å få kunnskap som kan gje grunnlag for å utvikle politikk på området.

7.5 Styrkje arbeidet med entreprenørskap

Utfordringar:

  • Fremje fleire lønnsame etableringar i det distriktspolitiske virkeområdet

  • Sikre at initiativ og idear frå fleire grupper i samfunnet, som kvinner, unge og innvandrarar, vert tekne vare på gjennom moglegheita til å skipe eigne verksemder

Innsats:

  • Arbeide for ein heilskapleg innsats for entreprenørskap i distriktsområda

  • Styrkje målretta arbeid mot kvinner og unge, og redusere barrierane for innvandrarar i entreprenørskapsarbeidet

  • Medverke til betre samhandling og rolleavklaring mellom ulike offentlege aktørar for å lage eit oversiktleg støtteapparat for entreprenørar

Entreprenørskap er viktig for å utnytte ressursane til folk, for å skape attraktive arbeidsplassar der folk bur, og for å auke verdiskapinga. Å leggje til rette for at folk kan realisere ideane sine, er viktig for å styrkje vekstkrafta nedanfrå. Etablering av ny verksemd er særleg viktig i område med einsidig næringsmiljø for å sikre ein breiare og meir variert arbeidsmarknad og for å stimulere fram og støtte opp om gode og dynamiske næringsmiljø.

Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på å auke omfanget av lønnsame etableringar. Verkemiddel for entreprenørskap må leggje til rette for stimulering og realisering av nye idear i kommersiell verksemd, og leggje til rette for at fleire bedrifter overlever dei første åra. Departementet meiner at arbeidet med entreprenørskap bør skje gjennom innsats på fire hovudområde:

  • kultur for entreprenørskap

  • rettleiing og auka kompetanse

  • finansieringsordningar for bedrifter i tidleg fase

  • infrastruktur, tilrettelegging og nettverksarbeid

Mangfald bidreg til meir verdiskaping. Dei menneskelege ressursane er dei viktigaste ressursane landet har. For å sikre måla om busetjing og verdiskaping i distrikts- og regionalpolitikken er det viktig at alle får høve til å medverke med sine ressursar. I dag er kvinner underrepresenterte som deltakarar i næringslivet. Regjeringa har som mål at minst 40 % av entreprenørane skal vere kvinner innan 2013. Mange unge har gode og nyskapande idear som dei ønskjer å setje i verk, men dei manglar ofte kompetanse, gode nettverk og tilgjengeleg kapital. Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer å redusere barrierane for unge slik at dei får høve til å realisere ideane sine der dei bur. Regjeringa ønskjer også å vurdere korleis innvandrarar og eldre kan få nytta ressursane sine betre, gjennom å få betre kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for etableringsverksemd blant innvandrar, og korleis ein betre kan leggje til rette for grått entreprenørskap.

7.5.1 Byggje kultur for entreprenørskap

Kulturen for å drive entreprenørskap må vere god for at fleire skal sjå verdien av og moglegheitene for å realisere ideane sine. Haldningane i samfunnet til framtidige entreprenørar er viktige for å leggje til rette for entreprenørskap. Kommunal- og regionaldepartementet legg særleg vekt på å stimulere til entreprenørskap mellom unge, og ser på entreprenørskap i utdanninga som sin hovudstrategi for dette. Erfaringar har synt at barn og unge som får kjennskap til moglegheitene for å vere sjølvstendig næringsdrivande gjennom utdanninga, i større grad ser på dette som aktuelt når dei vert eldre, til dømes jf. boks 7.7.

Boks 7.7 Entreprenørskap mellom barn og unge i Ryfylke

Prosjektet « Entreprenørskap mellom barn og unge i Ryfylke» er eit samarbeid mellom dei fem kommunane i Ryfylke. Målet er å skape ressurssterk ungdom med tru på framtida som vil medverke til høgare bu- og sysselsetjing i Ryfylke gjennom kunnskap og ferdigheiter for arbeid og virke.

Eitt av tiltaka som har hatt suksess, er Etablerardagen. Her får ungdomsskuleelevar gjennom ein kreativ idédugnad utvikla forretningsideane sine med vekt på lokale ressursar som kan realiserast gjennom Elevbedrift. Etablerardagen har auka medvitet om og motivasjonen for entreprenørskap mellom både elevar og lærarar. Fleire lærarar har teke vidareutdanning og kurs i entreprenørskap. Det er også skapt stor interesse i lokalsamfunna for entreprenørskap.

Gjennom stiftinga Ungt Entreprenørskap får mange barn og unge prøvd seg på å starte eiga bedrift, jf. boks 7.8. Ein rapport frå Østlandsforskning frå 2008 syner at deltaking i prosjekt under Ungt Entreprenørskap har fleire andre positive effektar. Elevar som deltek i ungdomsbedrifter, har høgare trivsel på skulen. Det kan medverke til å hindre fråfall i vidaregåande opplæring. Meir innblikk i lokale og regionale ressursar og dei moglegheitene som finst for å skape si eiga verksemd, medverkar også til at fleire ønskjer å etablere seg nær heimplassen etter fullført utdanning. Prosjekta som Ungt Entreprenørskap gjennomfører, legg til rette for at elevane får betre kontakt med det lokale næringslivet ved å nytte representantar frå næringslivet i undervisninga. Til dømes er det eit eige prosjekt på matområdet der elevar etablerer, driftar og avviklar ei ungdomsbedrift på matområdet med produkt baserte på lokale råvarer og matkultur. Regjeringa meiner at arbeidet til Ungt Entreprenørskap er viktig for å styrkje entreprenørskapskulturen i heile landet.

Boks 7.8 Ungt Entreprenørskap

Ungt Entreprenørskap er ein fri og uavhengig organisasjon som ønskjer å medverke til å samordne den norske satsinga på entreprenørskapsopplæring i utdanninga. Organisasjonen får økonomisk støtte frå fleire departement, fylkeskommunar, arbeidslivsorganisasjonar, bedrifter og offentlege verksemder. Aktiviteten har vakse kraftig etter at organisasjonen vart etablert i 1997. Ungt Entreprenørskap har etablert organisasjonsledd i alle fylka, og dei tilbyr i dag aktivitetar for alle utdanningstrinn. Organisasjonen utviklar nettverk, materiell, metodar og støtteapparat for eit systematisk og varig samarbeid mellom lokalt arbeids- og næringsliv og utdanningsinstitusjonar i lokalmiljøet. Målet er å utvikle kreativiteten, skapargleda og trua på seg sjølv hos barn og ungdom. Kvart år deltek om lag 100 000 elevar og studentar i Noreg i ulike aktivitetar i regi av Ungt Entreprenørskap. Planen er å nå 200 000 elevar/studentar i 2010.

Kommunal- og regionaldepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet vidareføre strategiplanen for entreprenørskap i utdanninga frå 2006 i form av ein handlingsplan. Strategiplanen fokuserte i stor grad på grunnutdanninga. Den nye handlingsplanen vil vidareføre satsinga på grunnopplæringa og i tillegg særleg rette merksemda mot entreprenørskap i høgare utdanning.

Fylkeskommunane finansierer i dag ein stor del av aktivitetane til Ungt Entreprenørskap lokalt. Kommunal- og regionaldepartementet vil arbeide for at undervisning i entreprenørskap skal vere eit tilbod på alle skular i heile landet, og ser på fylkeskommunane som viktige samarbeidspartnarar i dette arbeidet.

Regjeringa meiner at det er viktig å få synleggjort etablerarar for å få ein god kultur for entreprenørskap. Innovasjon Noreg, SIVA, Noregs forskingsråd og fleire andre aktørar har viktige roller i å profilere gode døme på entreprenørar som får det til. Å styrkje entreprenørskapskulturen hos kvinner gjennom å synleggjere vellykka etableringsprosessar er òg eit viktig tiltak i Handlingsplanen for meir entreprenørskap blant kvinner.

7.5.2 Rettleiing og kompetanse

Alle som etablerer ei bedrift, har behov for informasjon, kunnskap og rettleiing i mange fasar av etableringsprosessen. Kva slags rettleiing og kompetanse etableraren treng, kjem an på type verksemd og fase. Mange har berre behov for rettleiing i dei formelle sidene ved å etablere verksemd, mens bedrifter med ambisjonar om å vekse og tilby varer og tenester i ein internasjonal marknad kan ha behov for meir avansert kunnskap og skreddarsydd rettleiing.

Utvida mentorordning

Kommunal- og regionaldepartementet har gjeve midlar til Innovasjon Noreg for å utvikle mentorordningar for unge etablerarar. Pilotfasen i fylka Troms, Hordaland og Sogn og Fjordane tok til i 2008 og vil vare fram til sommaren 2009. Fylka har innretta mentorarbeidet litt ulikt. Felles for alle er at deltakarane vert kopla mot ein mentor ­eller ein rådgjevar som skal kunne svare på spørsmål og rettleie deltakaren som ønskjer å etablere bedrift. Ordningane vert følgjeevaluerte. Departementet legg opp til å utvide mentortilbodet frå 2010 for å medverke til å gjere tenesta landsomfattande.

Behov for oppfølging av unge entreprenørar

Mange unge har gode idear, men små ressursar til å utvikle ideane til ein meir konkret plan for å etablere bedrift. Dette kan mellom anna gjelde unge som har erfaring gjennom studentbedrift i regi av Ungt Entreprenørskap eller anna erfaring med entreprenørskap i utdanninga. For å medverke til at unge lettare skal kunne vidareutvikle og realisere ideane sine vil Kommunal- og regionaldepartementet i samarbeid med relevante aktørar vurdere meir treffsikre ordningar mot denne gruppa av unge. Det kan til dømes gjelde å hjelpe unge i arbeid med forretningsplan, marknadsundersøkingar, kompetansetiltak, synleggjering av produkt eller tenester, nettverksbygging og til å medverke på relevante arrangement.

Boks 7.9 Etablerarsenteret i Vest-Agder

Etablerarsenteret i Vest-Agder (EVA-senteret) er eit tilbod retta mot personar som ønskjer å etablere ny verksemd. EVA-senteret tilbyr bedriftsrådgiving, spesialkompetanse og kursverksemd. I tillegg disponerer senteret kontorplassar, slik at etableraren kan verte ein del av eit fellesskap. Den låge terskelen og det at alt er å finne bak den same døra, er ein vesentleg del av forklaringa på kvifor konseptet er godt innarbeidd, har brei kontaktflate og er mykje nytta. Erfaringar frå senteret tilseier at mange nyetablerarar er usikre og manglar kunnskap om kva som trengst på vegen frå idé til firma. Kjernen i arbeidet er å hjelpe før, under og etter ei bedriftsetablering. EVA-senteret er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane i Vest-Agder, fylkeskommunen, Innovasjon Noreg, NAV, Fylkesmannens landbruksavdeling og Knutepunkt Sør.

Kjelde: Oxford 2009

Betre samordning av den regionale innsatsen for entreprenørskap

Det eksisterer i dag mange ulike aktørar med tilbod retta mot ulike nivå i ein etableringsprosess. Ei kartlegging av entreprenørskapstiltak i det distriktspolitiske virkeområdet (Nordlandsforsking 2008) konkluderer med at det generelt er eit breitt og variert tilbod til etablerarar, sjølv om det finst ein del regionale skilnader. I stadig fleire fylke vert det utvikla tettare samordning mellom ulike aktørar i arbeidet for å auke talet på nyetableringar. Eitt av desse fylka er Møre og Romsdal, der Innovasjon Noreg, fylkeskommunen, kommunar og andre aktørar har gått saman om Hoppid.no, ei omfattande satsing på entreprenørskap, jf. boks 7.10. Kommunal- og regionaldepartementet ser på dette som eit godt døme på regionalt samarbeid og tilpassa verkemiddelbruk.

Boks 7.10 Hoppid

Hoppid.no starta med eit felles ønske om eit tilgjengeleg hjelpeapparat for den som vil starte bedrift eller få sin forretningside vurdert. Ei partnarskapavtale mellom Møre og Romsdal, Innovasjon Noreg og kommunane har så langt resultert i 22 hoppid.no kontor og partnarskapsavtalar med 26 kommunar. Kontoret er det lokale kontaktpunktet for gründerar og andre som har spørsmål rundt det å starte eiga bedrift. Hoppid.no har fem satsingsområde; Topp-/vekstetablerarar, Idéfangst og knoppskyting, Småsamfunnssatsinga, Entreprenørskap i utdanning og Førstelinetenesta og etableraropplæring. Førstelinetenesta si rolle er behovsavklaring med utgangspunktet i personen, syne og kople til rett kompetanse, vere ein kontaktperson undervegs i etableringsløpet, tilretteleggje for mobiliseringstiltak og oppfølgingstiltak og gje enkel rettleiing.

Sjølv om det har skjedd ei positiv utvikling, er potensialet for tettare samordning mellom ulike aktørar og tiltak stort, både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Derfor peiker regjeringa i St.mld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge på behovet for å forsterke den positive utviklinga gjennom ei meir tydeleg arbeidsdeling og styrkt kommunikasjon mellom dei ulike aktørane. Dette vil føre til ei betre utnytting av ressursane og gjere det lettare for etablerarane å orientere seg mellom aktuelle tilbod og aktørar.

Eit sentralt initiativ i dette arbeidet er prosjektet «Kommunene som førstelinje for småskala næringsutvikling». Prosjektet er nærare omtalt i kapittel 3.2.

Å styrkje entreprenørskap er ei av oppgåvene i det regionale utviklingsarbeidet til fylkeskommunane. Rundt om i fylka er entreprenørskapsarbeidet organisert på ulike måtar, og innsatsområde og prioriteringar varierer. Departementet ønskjer å etablere ein arena for erfaringsutveksling og læring for dei som arbeider med entreprenørskap i fylkeskommunane og ved distriktskontora til Innovasjon Noreg, og for andre aktørar som er relevante i entreprenørskapsarbeidet i det enkelte fylket. Målet er å skape ein arena der aktørar i fylka deler erfaringar og drøftar tema som organisering av og roller i entreprenørskapsarbeidet, korleis jobbe med særskilde målgrupper, og samarbeid mellom ulike aktørar. Erfaringar frå ein slik arena kan også inngå i dialogen elles mellom nasjonalt og regionalt nivå.

7.5.3 Tilgang på kapital i tidleg fase

Nystarta bedrifter er ofte kjenneteikna av at dei ikkje har eit produkt eller ei teneste som er klar for sal. Dei har dermed større utgifter enn inntekter. For nokre bedrifter med store utviklingskostnader kan det gå fleire år før verksemda går med overskot. Private finansieringskjelder er ofte tilbakehaldne med å gje lån eller investere i slike nystarta prosjekt med stor risiko. Dette problemet kan verte forsterka i mange distriktsområde grunna låg andrehandsverdi på investeringar, noko som også gjeld meir ordinære etableringar.

Nyetableringar er naudsynte for å sikre ein meir variert arbeidsmarknad i næringssvake område og område med omstillingsutfordringar. Kommunal- og regionaldepartementet legg derfor vekt på at det må vere god tilgang på kapital i distriktsområda.

Innovasjon Noreg er den sentrale aktøren for finansiering av entreprenørskap. Fylkeskommunane tildeler Innovasjon Noreg distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel til finansieringsordningane. Innovasjon Noreg utløyser privat finansiering gjennom å redusere risiko ved risikospreiing og/eller ved at prosjekt med eit mogleg potensial kan få avklart usikkerheit og verte «finansieringsklare».

Midlane til fylkeskommunane dekkjer også etablerarstipendordninga som Innovasjon Noreg tilbyr til etablerarar i heile landet. Innanfor det distriktspolitiske virkeområdet dekkjer midlane også riskolån, investeringstilskot og bedriftsut­viklingstilskot. Alle desse er viktige verkemiddel for å sikre realisering og vidareutvikling av nyetableringar.

For å stimulere fleire til å starte eigne bedrifter under den rådande økonomiske situasjonen har Stortinget vedteke å løyve 150 millionar kroner ekstra til Innovasjon Noreg til ei ny etablerarstipendordning. Stipenda skal gjevast til dei prosjekta som har størst potensial, uavhengig av lokalisering. Ordninga vil medverke til fleire nyetableringar og dermed nye arbeidsplassar. Regjeringa legg vekt på at Innovasjon Noreg må sikre ei god koordinering mellom dei ulike stipendordningane.

Kommunane er også viktige finansieringskjelder for nyetablerte bedrifter i distriktsområde, gjennom kommunale næringsfond og kraftfond. Sjølv små tilskot kan medverke til at enkeltpersonar kan etablere sin eigen arbeidsplass på heimstaden, eller at bedrifter vert stimulerte til å etablere seg i kommunen. I budsjettet for 2009 er det lagt opp til at 145 millionar kroner skal gå til kommunale næringsfond i næringssvake kommunar innanfor det distriktspolitiske virkeområdet.

NyVekst

For å sikre etablering og overleving av fleire vekstføretak innanfor det distriktspolitiske virkeområdet oppretta Kommunal- og regionaldepartementet i 2008 i samarbeid med Innovasjon Noreg og fylkeskommunane ei ny finansieringsordning retta mot små nyetablerte vekstføretak (NyVekst). Ordninga er spesiell ved at ho opnar for å gje støtte over fleire år på grunnlag av viktige driftsutgifter for etablerarar. Det vart opna for å gje slik særskild støtte basert på driftsutgifter i regionalstøtteregelverket i EØS-området frå 2007. Regjeringa la vekt å utnytte dette handlingsrommet.

NyVekst er retta mot eit fåtal bedrifter med stort vekst- og verdiskapingspotensial der offentleg finansiering medverkar til å realisere vekstpotensialet. Verksemdene må vere under fem år gamle, ha under 50 tilsette og vere lokaliserte innanfor det distriktspolitiske virkeområdet. Ordninga vert forvalta av distriktskontora til Innovasjon Noreg og er i hovudsak finansiert av fylkeskommunane ved dei desentraliserte midlane til regional utvikling. I 2008 kom dei første 29 bedriftene inn i ordninga, og fleire saker er under handsaming. Allereie det første året er ambisjonane til departementet om at 40 % av midlane skal gå til vekstbedrifter som er åtte eller leidde av kvinner, oppfylt. Sjå boks 7.11 for døme på bedrift som har fått støtte.

Departementet har i budsjettet for 2009 lagt til grunn ei løyving på 70 millionar kroner til NyVekst, dels gjennom at fylkeskommunane løyver midlar til ordninga, og dels ved ein sentral pott direkte til Innovasjon Noreg. Innovasjon Noreg har det første året nytta tid på å få ordninga innarbeidd i organisasjonen. Departementet vil saman med Innovasjon Noreg vurdere innretninga av NyVekst etter kvart som erfaringane med ordninga aukar, for at ordninga skal fungere best mogleg.

Boks 7.11 NyVekst-midlar til Pixmed Medical Communication AS i Verdal

Innovasjon Noreg har medverka i finansieringa av Pixmed Medical Communication AS i Verdal med 1 160 000 kroner i 2008. Pixmed leverer digitale salsverktøy til farmasøytisk industri og andre helseaktørar ved å visualisere og kommunisere medisinske bodskapar. Dagleg leiar Inger S. Taraldsen er utdanna sjukepleiar og har brei erfaring frå helsesektoren. Fleire av dei tilsette har gründererfaring. Dei har fagbakgrunn frå både medisin, pedagogikk, IT og film- og tv-produksjon.Pixmed kombinerer medisinsk kompetanse, pedagogiske evner og kunnskap om å visualisere ein kompleks helsebodskap. Ved hjelp av fagleg ekspertise og teknisk avansert verktøy, mellom anna 3D-programmmeringsspråket Maya, utviklar Pixmed ei digital, audiovisuell kommunikasjonsløysing som er innovativ på bransjenivå og skil seg frå dagens salsverktøy. Pixmed satsar internasjonalt. Det er naudsynt dersom ein skal oppnå ein monaleg vekst innanfor det marknadssegmentet.

Såkornfonda og det nye statlege investeringsfondet Investinor

Dei siste 11 åra har styresmaktene medverka til å opprette i alt 15 såkornfond. Såkornfondordningane har som mål å stø etableringar av innovative, konkurransedyktige vekstføretak gjennom å auke tilgangen på kompetent kapital. Ordninga skal korrigere for marknadssvikt når små innovative vekstføretak har monalege finansieringsproblem som den private kapitalmarknaden ikkje er i stand til å løyse. Såkornfondordningane vert forvalta av Innovasjon Noreg.

Frå 2006 er det oppretta fem distriktsretta såkornfond med 700 millionar kroner i ansvarleg kapital, inkludert 175 millionar kroner i tapsfond frå staten. Fonda skal tilføre kunnskapsbedrifter med stort vekstpotensial i næringssvake område ein kombinasjon av tolmodig eigenkapital, kompetanse og nettverk som er utløysande for potensiala bedriftene har for vekst og lønnsemd. Ordningane med såkornfond under Innovasjon Noreg vert for tida evaluerte, og evalueringa vil liggje føre våren 2009.

I februar 2008 vart Investinor AS oppretta, under namnet Statens Investeringsselskap AS. Selskapet har ein eigenkapital på 2,2 milliardar kroner til eigenkapitalinvesteringar. Av desse er 500 millionar kroner er sette av til investeringar i marine næringar.

Formålet med det nye investeringsselskapet er å fremje meir verdiskaping gjennom å tilby risikovillig kapital til internasjonalt orienterte konkurransedyktige bedrifter, primært nyetableringar. I tillegg til risikokapital skal investeringsselskapet tilføre kompetent og aktiv eigarskap i porteføljebedriftene. Investeringane til selskapet skal skje på kommersielt grunnlag og på dei same vilkåra som private investorar har. Selskapet skal medverke til næringsutvikling over heile landet. Satsingsområda er miljø, energi, reiseliv, marin og maritim sektor, med særleg vekt på klima- og miljøprosjekt. Det er også opna for at fondet kan investere i lønnsame prosjekt i andre bransjar og sektorar. Selskapet er fullt operativt frå månadsskiftet januar/februar 2009.

Noreg har vore igjennom ein lang periode med gode konjunkturar. Fleire studiar indikerer at i tider med gode konjunkturar vert konkurransen om dei gode prosjekta relativt stor, og venturefonda søkjer utanfor nærområda sine for å finne gode investeringar. I den lågkonjunkturen vi no er inne i, kan vi oppleve at venturefonda trekkjer seg tilbake til nærområda sine, der dei har stort kontaktnett, og der det er enklare å følgje opp og overvake investeringa. Regjeringa vil overvake situasjonen på kapitalmarknaden tett og nøye og vurdere eventuelle tiltak for å sikre tilgang på kapital for gode prosjekt i alle delar av landet.

7.5.4 Tilrettelegging av og nettverk for entreprenørskap

Dynamiske innovasjons- og kunnskapsmiljø skaper grobotn for nye idear som kan gje grunnlag for etablering av nye bedrifter. Fysisk infrastruktur og tilrettelegging er viktig for å sikre gjennomføringa av nye idear. SIVA har i samarbeid med regionale og lokale miljø bygd opp ein omfattande infrastruktur av næringshagar, inkubatorar og forskings- og kunnskapsparkar. Dette er utviklingsmiljø der kompetanseetableringar kan knyttast til nasjonale og internasjonale nettverk og arbeide saman med andre liknande bedrifter i felles lokale og kontormiljø.

Inkubasjon

Ein inkubator er eit utviklingsmiljø for nye bedrifter med stort vekstpotensial. Inkubatoren tilbyr fagleg rettleiing i forretningsutvikling, finansiering, kompetanse- og kapitalnettverk og administrative tenester. Bedriftene vert sikra eit fysisk miljø som stør utviklinga av bedriftene og samarbeid, kundekontakt og nettverksbygging mellom bedriftene. SIVA har hatt ansvar for inkubatorprogrammet sidan 2000, med FoU-inkubatorar lokaliserte til kunnskaps- og forskingsparkar. Inkubatorane har utvikla seg forskjellig, tilpassa dei miljøa dei er ein del av.

For å kunne tilby profesjonell oppfølging også for gründerar utanfor sentra der inkubatorane er lokaliserte, starta SIVA eit program for FoU-inkubatorar med distribuerte løysingar. På denne måten vert gründerar i mindre næringsmiljø, gjerne i næringshagar, sikra gode inkubatortenester også utanfor inkubatoren. Det er etablert 22 FoU-inkubatorar med distribuert løysing, og store delar av landet er såleis dekte av eit inkubatortilbod. Ei følgjeevaluering av FoU-inkubatorprogrammet med distribuerte løysingar er i sluttfasen. Midtvegsrapporten frå følgjeevalueringa syner ein stor grad av addisjonalitet (75 %). Det vil seie at ein stor del av denne innsatsen, og dei nye bedriftene, ikkje ville ha kome utan arbeidet til inkubatorane.

Kommunal- og regionaldepartementet er oppteke av å styrkje samspelet mellom utdannings- og forskingsmiljøa og det regionale nærings- og arbeidslivet og få fram fleire etableringar av bedrifter frå universitets- og høgskulesektoren. Her spelar FoU-inkubatorane ei viktig rolle. Departementet legg vekt på at FoU-inkubatorane skal utviklast vidare i samarbeid med mellom anna kunnskaps- og forskingsparkane og høgskulane.

Naturbaserte næringar og næringsmiddelindustri opplever store endringar i rammevilkåra og marknadssituasjonen. I 2007 vart det etablert tre pilotinkubatorar innan mat og naturbasert næring. For å auke innsatsen for utvikling av nye bedrifter innan både blå og grøn sektor har Kommunal- og regionaldepartementet og Landbruks- og matdepartementet gjeve SIVA i oppdrag å utarbeide eit nasjonalt inkubatorprogram for mat og naturbasert næring med bakgrunn i erfaringane frå desse pilotane. Nye inkubatormiljø innanfor mat og natur vert valde ut etter gjennomføring av forprosjekt for å sjå på grunnlaget for framtidig etablering. Eit av desse forprosjekta vil gjennomførast i Nord-Gudbrandsdalen, relatert til mat, natur og reiseliv.

Industriinkubatorprogrammet vart etablert i 2004 i regi av SIVA med finansiering frå Kommunal- og regionaldepartementet. Ein industriinkubator er eit miljø der nye idear skal kunne vekse fram i tilknyting til ei større industribedrift eller ei samling av industribedrifter. Målet er å stimulere til knoppskyting og nyskaping med utgangspunkt i den eksisterande industrien og medverke til omstilling og utvikling av industrien. Programmet skal fremje vekst i område med einsidig næringsstruktur og fungere som nyskapingstiltak ved kriser i industribedrifter. Så langt er 16 industriinkubatorar starta opp. Programmet vart evaluert i 2008, sjå boks 7.12.

Boks 7.12 Industriinkubatorprogrammet

Ei resultat- og effektevaluering gjennomført av Nordlandsforskning i 2008 syner at inkubatorane har vurdert 560 idear som har ført til 71 nye bedrifter. I tillegg er det sett i gang 29 utviklingsprosjekt internt i morbedriftene.

Kvar krone som har kome frå SIVA, har utløyst to kroner i form av driftstilskot eller aksjekapital frå private aktørar og drygt 0,7 kroner frå andre offentlege aktørar. Evalueringa slår fast at ein stor del av denne innsatsen, og dei nye bedriftene, ikkje ville ha kome utan arbeidet til inkubatorane. Inkubatorane arbeider i stor grad med infrastrukturtiltak som til dømes nettverk mot lokale, regionale og nasjonale aktørar, og det vert sett på som viktig for ei positiv utvikling av prosjektideane. Morbedriftene legg sjølve vekt på regional utvikling og samfunnsansvar som viktige grunnar for engasjementet sitt i inkubatorane. Dei peiker også på at fleire av prosjekta har verdi ikkje berre for resultata i eiga bedrift, men vel så mykje for å auke breidda i det regionale næringslivet.

Kommersialisering av forskingsresultat

Kommersialisering av forskingsresultat medverkar til å auke verdiskapinga i Noreg. Forskingsrådet disponerer gjennom FORNY (Program for kommersialisering av FoU-resultat) midlar til mellom anna idéstimulering i forskingsmiljøa og til kommersialiseringsaktørar for å evaluere og realisere idear med stort forretningspotensial fram til selskapsetablering eller lisensiering. Kommunal- og regionaldepartementet har særleg vore oppteke av å utløyse potensialet for kommersialisering og verdiskaping i kunnskapsmiljø også utanfor dei største FoU-institusjonane. Høgskulesatsinga er ein viktig del av dette arbeidet. 2009 er det siste året i den inneverande programperioden for FORNY.

Forskingsrådet har sett i gang ei evaluering av programmet som skal vere ferdig i april 2009. Departementet vil vurdere eventuell deltaking i ein ny programperiode mellom anna på grunnlag av evalueringa. Departementet er oppteke av moglege tilpassingar av modellar og metodar for kommersialisering av FoU-resultat til ulike nærings- og kunnskapsmiljø i ulike delar av landet.

7.5.5 Auke entreprenørskapen og næringsdeltakinga til kvinner

Kvinner er underrepresenterte som entreprenørar og i næringslivet. Ressursane deira er viktige for å auke verdiskapinga i landet. Gjennom å fremje entreprenørskapen til kvinner over heile landet kan næringslivet verte meir likestilt og mangfaldig. Ein høgare del kvinnelege entreprenørar vil medverke til meir verdiskaping, større fleksibilitet, meir innovasjon og større omstillingsevne i økonomien. Dette er eit sentralt utgangspunkt for næringspolitikken til regjeringa.

Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner vart lagd fram i 2008 med deltaking frå sju departement. Gjennom dei tolv tiltaka i handlingsplanen skal entreprenørskapen til kvinner prioriterast, både i verkemiddelapparatet og utviklingsarbeidet i fylka og når det gjeld rammevilkår og utvikling av ny kunnskap. Det overordna målet i handlingsplanen er at fleire kvinner skal verte entreprenørar, og at minst 40 % av alle nye entreprenørar skal vere kvinner innan 2013.

Tiltaka i handlingsplanen skal medverke til å redusere barrierane som etablerarar kan møte i samband med oppstart av eiga verksemd. Det gjeld til dømes tilgang på kompetanse, nettverk, finansiell kapital og moglegheiter for å kombinere familieliv med eiga verksemd. Fleire av tiltaka er alt gjennomførte. Mellom anna vart rett til svangerskapspengar og foreldrepengar gyldig frå og med 1. juli 2008. Departementa vil setje ned ei referansegruppe som skal arbeide med ein opptrappingsplan knytt til handlingsplanen. I tillegg er det også lagt opp til ei midtvegsevaluering av handlingsplanen.

Boks 7.13 Tiltak i Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner

  1. Rett til svangerskapspengar og foreldrepengar med 100 % dekning inntil 6 G for sjølvstendig næringsdrivande

  2. Ny støtteordning for små, nyetablerte vekstbedrifter i det distriktspolitiske virkeområdet (NyVekst)

  3. Forsterka prioritering av kvinner i verkemiddelapparatet (Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og SIVA) – felles tekst i tildelingsbrev og mål for prosentdel kvinner

  4. Forsterka satsing på nettverkskreditt i regi av Innovasjon Noreg

  5. Forsterka kvinnesatsing i Innovasjon Noreg

  6. Ny kvinnesatsing i VRI-programmet (Verkemiddel for regional innovasjon) til Noregs forskingsråd

  7. Ny kvinnesatsing i Inkubatorprogrammet til SIVA

  8. Forsterka vekt på målgruppene kvinner og unge i forvaltninga av regionale utviklingsmidlar

  9. Ny mentorordning for unge etablerarar i regi av Innovasjon Noreg

  10. Forsterka satsing på fyrstelinetenesta for næringsutvikling i kommunane

  11. Satsing for å få fleire menn til å ta ut meir av fedrekvoten

  12. Nytt forskingsprogram om entreprenørskap og kvinner som entreprenørar

Kommunal- og regionaldepartementet har vidare eit mål om at 40 % av dei næringsretta verkemidla til regional utvikling under departementet skal treffe kvinner innan 2013. Arbeidet til departementet med å auke entreprenørskapsaktiviteten til kvinner skjer i stor grad gjennom verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og SIVA. Innovasjon Noreg har gjennom «Kvinner i fokus» eigne tiltak som fokuserer på kvinner. Det same har SIVA gjennom «Kvinnovasjon». I tråd med handlingsplanen er Forskingsrådet på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet i ferd med å utvikle eit forskingsprogram om entreprenørskap, der entreprenørskapen til kvinner vil vere eitt av fleire sentrale tema.

Alle dei tre verkemiddelaktørane har i 2008 starta arbeidet med å utvikle måltal for alle relevante program og tenester som kan medverke til å auke entreprenørskapen til kvinner. Dei tre verkemiddelaktørane har sett seg konkrete mål og laga opptrappingsplanar med tiltak for auking av kvinnedelen i kvart enkelt program eller teneste fram mot 2013. Departementet oppmodar også fylkeskommunane til i større grad å prioritere kvinner innanfor forvaltninga av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla. Vidare ønskjer departementet å styrkje samarbeidet mellom dei ulike aktørane som arbeider for å auke entreprenørskapen til kvinner, både nasjonalt, regionalt og lokalt.

Boks 7.14 Auke kvinnedelen i NCE Raufoss

I 2008 starta NCE Raufoss Kvinnenettverk opp. Målet er å auke delen kvinner i industriklyngja, få fleire kvinner til å gå inn i leiarjobbar og styrkje lønnsemda til NCE-verksemdene. Ei uformell kartlegging ved inngangen av 2008 synte at 15 % av dei rundt 3300 tilsette var kvinner. Av desse jobba 1,5 % på mellomleiarnivå og 0,3 % i toppleiinga.

Prosjektet er todelt: NCE Kvinnefokus arbeider for å få fram og styrkje kvinner med leiarambisjonar. Kvinnearena samlar alle kvinner i NCE Raufoss for å inspirere, skape fellesskap og auke fokuset på karriereutvikling. Konkrete mål for arbeidet er å auke kvinnedelen til 25 % innan 2016, motivere 20 kvinner til å ta styrekurs, motivere 20 kvinner til å ta høgare utdanning utover dagens nivå, få på plass ei mentorordning og leggje til rette for at fleire kvinner kan kombinere karriere og styreverv med familieliv. Rundt 150 personar har så langt teke del i nettverket. Prosjektet får støtte frå Innovasjon Noreg og er ein pilot innan arbeidet Innovasjon Noreg gjer for å styrkje kvinnedelen i fleirbedriftsprogram.

7.6 Bransjespesifikk innsats for næringsutvikling

Dette kapitlet tek opp den særskilde innsatsen som vert retta mot å auke verdiskapinga innan ulike næringar. Fleire målretta innsatsar retta mot ulike bransjar og næringar som utnyttar stadbundne ressursar eller er dominerande i lokale arbeidsmarknader, er viktige for å fremje dei distrikts- og regionalpolitiske måla. Regjeringa slo i Soria Moria-erklæringa fast at det skal utviklast strategiar på fem næringsområde der Noreg har særlege fortrinn: marin sektor, reiseliv, maritim sektor, energi og miljø. Alle desse næringane er viktige for verdiskapinga i mange distriktsområde. Ein gjennomgang av innsatsen til regjeringa på desse områda finst i St.mld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge . I tillegg er også landbruk og kulturnæringar særleg viktige næringar for å utnytte dei stadbundne ressursane i landet.

7.6.1 Reiseliv

Reiseliv er viktig for utnytting av lokale ressursar i alle delar av landet og medverkar i stor grad til sysselsetjing i distrikts-Noreg. Næringa har ein høg grad av kvinnearbeidsplassar og deltidsarbeidsplassar. I Nord-Noreg sysselsette til dømes reiselivsnæringa i 2007 om lag 21 500 innbyggjarar. Det er fleire enn fiskerinæringa og landbruket i landsdelen til saman (Konjunkturbarometer for Nord-Norge hausten 2008). I tillegg medverkar reiselivsprodukta til eit betre servicetilbod lokalt.

Regjeringa la i desember 2007 fram ein nasjonal reiselivsstrategi, med innsatsen retta inn mot visjonen om verdifulle opplevingar. Norsk reiselivsnæring skal vere verdifull for gjestene, men også for bedriftene, dei tilsette, lokalsamfunnet og miljøet. Strategien er bygd opp rundt tre hovudmål:

  1. Auka verdiskaping og produktivitet i reiselivsnæringa

  2. Levedyktige distrikt gjennom fleire heilårsarbeidsplassar innanfor reiselivsnæringa

  3. Noreg som eit berekraftig reisemål

I reiselivsstrategien er det lista opp til saman 72 tiltak. Desse tiltaka er fordelte på sju ulike innsatsområde: innovasjon, berekraftig reiseliv, kvalitet, kompetanse, områdeutvikling, marknadsføring og profilering og organisering. Den nasjonale strategien er utarbeidd i tett dialog med reiselivsnæringa.

Strategien dannar utgangspunkt for arbeidet Innovasjon Noreg gjer på reiselivsfeltet. Innovasjon Noreg følgjer opp strategien gjennom å

  • marknadsføre Noreg som reisemål

  • byggje opp kompetanse i næringa

  • initiere og stø opp om samarbeid mellom reiselivsaktørar

  • medverke til utvikling av opplevingar knytte til mellom anna natur og kultur

  • arbeide for å auke kvaliteten på reiselivsprodukta

  • formidle kunnskap om marknader

  • informere om Noreg som reisemål til utanlandske målgrupper

Reiselivsstrategien er følgd opp gjennom ei auka satsing på reiseliv. I statsbudsjettet for 2009 er det løyvd om lag 300 millionar kroner til reiselivsformål. Mesteparten av midlane vert løyvde gjennom Innovasjon Noreg, til mellom anna marknadsføring av Noreg som reisemål, eit eventuelt Norwegian Centre of Expertise (NCE) i reiselivet og særskild marknadsføring av Nord-Noreg. Som ein del av Nordområdestrategien har departementet øyremerkt 50 millionar kroner til profilering og marknadsføring av Nord-Norge i utlandet gjennom eit felles nordnorsk reiselivsselskap. Departementet vil avgjere bruken av midlane når selskapet er formelt etablert (sjå elles kapittel 6.1).

I tillegg er reiseliv eit viktig satsingsområde for fleire fylkeskommunar, som nyttar dei regionale utviklingsmidlane under Kommunal- og regionaldepartementet for å stimulere reiselivet i sin region, jf. boks 7.15.

Regjeringa har vidare formalisert samarbeidet mellom reiselivsnæringa og styresmaktene gjennom å opprette eit Strategisk råd for reiseliv. Formålet med rådet er å styrkje dialogen om reiselivsrelaterte spørsmål mellom reiselivsnæringa og styresmaktene, og å få innspel frå næringa om reiselivspolitikk og politikk på andre sektorområde som er viktige for reiselivet.

Boks 7.15 Satsing på reiseliv i Buskerud

I Buskerud er reiseliv ei hovudsatsing innanfor næringsutvikling, særleg i distriktsområda. Hallingdal er den regionen i Noreg med høgast del sysselsette i reiselivet. Buskerud fylkeskommune nyttar opp mot 10 millionar kroner i året på reiselivsprosjekt. Eit døme på dette er støtte til utviklinga av reiselivsnæringa i Hemsedal gjennom mange år.

Hemsedal har satsa tungt på å utvikle eit stort og variert aktivitetstilbod for individuelle gjester året rundt. Fylkeskommunen har medverka både til strategiprosessen Hemsedal 2010 og til utvikling av opplæringsprogram og konkrete produktutviklingsprosjekt. Eit ettertrakta verkemiddel er ordninga med bedriftsstipendiatar som er utvikla i samarbeid mellom fylkeskommunen og høgskulane i Lillehammer og Buskerud. Her kan nyutdanna arbeide i utviklingsorienterte prosjekt i verksemder i fylket under fagleg rettleiing. Bedriftsstipendiatar har mellom anna jobba med barneområdet i Hemsedal skisenter og med ei hyttebruksundersøking.

Hemsedal fekk nyskapingsprisen til Innovasjon Noreg i 2008, og har kvart år vakse målt både i talet på gjester og i verdiskapinga i reiselivsnæringa. I 2008 var veksten i gjestedøgn basert på kommersiell utleige på 2,7 % til totalt 664 054 (hotell, hyttar, camping og hytteformidling). I tillegg kjem mange private hytter i Hemsedalsområdet som også medverkar til verdiskapinga lokalt.

7.6.1.1 Grønt reiseliv

Utviklingsprogram for grønt reiseliv vart etablert i 2007. Programmet skal leggje til rette for auka verdiskaping basert på ressursane på gardane og i bygdene. Landbruket har store moglegheiter for å kople grøne opplevingar med lokal kulturhistorie, kulturlandskap og matkultur, jakt og fiske. Landbruks- og matdepartementet ønskjer å synleggjere desse verdiane og leggje til rette for samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar. Særleg prioriterte innsatsområde er berekraftig utvikling av næringa og utvikling av produkt som gjev høgare lønnsemd enn i dag. Marknadsføring av det grøne reiselivet i inn- og utland er ei prioritert oppgåve. Bygdebasert reiseliv utgjer rundt 2500 årsverk og ei omsetning på vel 1 milliard kroner.

Statskog

Dei store skog- og utmarksområda i landet er ein viktig ressurs for reiselivet. I mange område eig staten grunn som vert forvalta av Statskog. Statskog skal auke si eiga og andre si verdiskaping i tilknyting til eigedommane og stimulere og leggje til rette for tilgang til jakt, fiske og anna friluftsliv. Selskapet skal vere ein attraktiv samarbeidspartnar i lokal og regional næringsutvikling, vidareutvikle gode relasjonar til lokale og regionale styresmakter og interesseorganisasjonar og disponere ressursane i samråd med desse.

7.6.1.2 Kystbasert reiseliv

Kysten er ein hovudattraksjon for Noreg som reisemål. Fiskeri- og havbruksnæringa kan hjelpe til å gjere kystbasert reiseliv endå meir attraktivt, samstundes som fiskeri- og havbruksnæringa kan auke si eiga verdiskaping om interessa for kystbasert reiseliv veks. Ved å satse på lokale fortrinn og ressursar på ein berekraftig og miljøvennleg måte har både reiseliv og marin sektor gode moglegheiter til vidare utvikling. Tettare band mellom desse næringane kan gje nye arbeidsplassar og eit meir variert næringsgrunnlag i mange kystkommunar.

Fiskeri- og kystdepartementet har utarbeidd ein eigen strategi for utvikling av kystbasert reiseliv. Strategien inneheld ei rekkje tiltak for å fremje samarbeid mellom dei to næringane. I strategien vert det lagt vekt på at Innovasjon Noreg, og då særleg gjennom distriktskontora, tek initiativ overfor fylkeskommunane og lokalt næringsliv for etablering av lokalt/regionalt samarbeid innanfor dei to sektorane. Gjennom Det marine verdiskapingsprogrammet (MVP) er det sett i gang særskilde tiltak for dette formålet.

7.6.2 Kultur og næring

I Soria Moria-erklæringa slår regjeringa fast at Noreg skal verte ein av dei leiande innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda innanfor dei områda der vi har fortrinn. Kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling er gode døme på område i økonomien som kan medverke til meir kreativitet og innovasjon i heile samfunnet. Derfor ønskjer regjeringa å leggje til rette for vidare utvikling av dei store moglegheitene som ligg i skjeringsfeltet mellom kultur og næring.

Regjeringa la sommaren 2007 fram ein handlingsplan om kultur og næring. Tiltaka i handlingsplanen skal medverke til å gje gode rammevilkår for kulturnæringane og kulturbaserte næringar. Eit anna mål med handlingsplanen er å styrkje samarbeidet mellom kultur- og næringslivet for å auke verdiskapinga og medverke til meir kreativitet og omstillingsdugleik i næringslivet.

Ei utgreiing frå NIFU Step i 2007 synte at reiseliv er ei viktig næring innan kulturbasert næringsutvikling i distriktsområde. Reiselivsfokuset har vore ein fellesnemnar for dei ulike kultur- og næringssatsingane i fylka som i utgangspunktet har vore nokså forskjellige. Dette har gjeve seg utslag i at verkemiddelapparatet og særleg Innovasjon Noreg har retta merksemda mot reiselivsrelaterte opplevingar. Dei siste åra har nye typar verksemder søkt seg til verkemiddelapparatet. Dermed kjem også mangfaldet i kultur og næring som samleomgrep tydelegare fram. Under arbeidet med handlingsplanen kom det fram frå representantar for kunst- og kulturnæringane at dei noverande verkemidla ikkje er tilpassa dei utfordringane som desse næringane står overfor. Nærings- og handelsdepartementet vil i 2009 setje i gang med å vurdere korleis dei eksisterande verkemidla under Innovasjon Noreg og Norsk kulturråd fangar opp behova og utfordringane som kulturnæringane står overfor.

Erfaringar frå pilotar for kulturnæringane

Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og SIVA sette på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet i gang kvar sine pilotprosjekt retta mot forretningsverksemd som er direkte basert på kulturaktivitetar (kulturnæringar). Satsinga til Forskingsrådet har fokusert mest på kompetansemekling mellom FoU-institusjonar og kulturbedrifter gjennom VRI-programmet. Innovasjon Noreg har hatt pilotar innanfor kompetanseprogrammet FRAM. SIVA har etablert samarbeid mellom dei tre kulturinkubatorane som ligg på Lillehammer, i Verdal og i Vadsø.

Dei tre pilotane er førebels evaluerte av Devoteam daVinci i 2008. Evalueringa framhevar at pilotane representerer nye former for verkemiddel som rettar seg mot ei næring som både er mangslungen og ofte står fjernt frå den marknadslogikken som pregar meir ordinære forretningsverksemder. Ei felles erfaring frå alle dei tre satsingane er at verkemiddelapparatet treng læring om særprega ved kulturnæringane, særleg dei minste og mest kunstbaserte.

Kommunal- og regionaldepartementet vil arbeide vidare med å fokusere på kulturnæringane som ein del av distrikts- og regionalpolitikken. Departementet vil drøfte med verkemiddelaktørane om dette bør skje gjennom særskilde satsingar som dei tre pilotprosjekta representerer, eller innanfor det ordinære arbeidet til verkemiddelaktørane.

Forum for Kultur og Næringsliv er ein ikkje-kommersiell medlemsorganisasjon for bedrifter og kommunar. Organisasjonen arbeider mellom anna for å byggje bru mellom kultur- og næringslivet, og for å stimulere til ein gjensidig utveksling av kunnskap, kontakt, kompetanse, verdiar og haldningar. Forumet får støtte frå Nærings- og handelsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Kultur og kyrkjedepartementet. Kommunal- og regionaldepartementet har støtta etableringa av eit landsomfattande sett med nodar i organisasjonen som skal fremje samarbeid mellom næringsliv og kulturliv. Departementet ønskjer å vidareføre denne støtta og vil vurdere korleis det vidare samarbeidet kan innrettast.

7.6.3 Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet

Miljøverndepartementet etablerte i 2006 eit verdiskapingsprogram med grunnlag i kulturminne og kulturmiljø for å stimulere til meir aktiv bruk av potensialet i kulturarven. Alle lokalsamfunn har kulturminne og kulturmiljø som er verdifulle, og som kan gje grunnlag for opplevingar, kunnskap og verdiskaping. Riksantikvaren har ansvar for å gjennomføre programmet med Miljøverndepartementet som oppdragsgjevar. To forskingsmiljø evaluerer og gjev rettleiing i programmet i perioden 2007-2010.

Programmet skal leggje grunnlaget for at kulturminne og kulturmiljø vert tekne i bruk i utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv. Programmet har også som mål å spreie kunnskap om korleis ein berekraftig bruk av kulturminne og kulturmiljø kan medverke til næringsutvikling og styrkje lokalsamfunn og regionar. Programmet skal medverke til å klargjere føresetnader og flaskehalsar for verdiskaping. Det er sett i gang 11 pilotprosjekt som skal medverke til miljøvennleg, kulturell, sosial og økonomisk utvikling i lokalsamfunnet. Eit viktig satsingsområde i fleire prosjekt er reiseliv. Første fase av programmet varer ut 2010. Mellom anna på grunnlag av erfaringane frå denne fasen vil det bli vurdert ein andre fase. Erfaringane kan gje grunnlag for å endre arbeidsformene til fylkeskommunane på kulturminnefeltet.

I 2009 har programmet ei ramme på om lag 28 millionar kroner. Midlane går til å setje i stand kulturminne og til tiltak som legg til rette for å nytte kulturminna til verdiskaping. Midlane går også til kunnskapsoppbygging, formidling, prosjektleiing og nettverksbygging. Norsk kulturminnefond, som er ein viktig aktør i programmet, medverkar med midlar etter søknad, i hovudsak til å setje i stand kulturminne.

7.6.4 Maritime næringar

Verksemdene i dei maritime næringane er for ein stor del lokaliserte utanfor dei største byområda. Verft, maritime utstyrsleverandørar og fleire av reiarlaga i tilknyting til offshoreverksemda er hjørnesteinsverksemder i mange mindre distriktskommunar. I tillegg har ein stor del av norske sjøfolk heimeadresse og bustad i distriktskommunar. Sjøfarten er også svært viktig for transporttilbodet i distrikta, når det gjeld både gods og passasjertransport.

Regjeringa la i oktober 2007 fram ein strategi for dei maritime næringane der målet er miljøvennleg vekst. Strategien inneheld 54 konkrete tiltak som også er følgde opp med ekstra offentlege satsingar på 100 millionar kroner i statsbudsjetta for både 2008 og 2009. Strategien er bygd opp om fem hovudområde:

  • globalisering og rammevilkår

  • miljøvennlege maritime næringar

  • maritim kompetanse

  • maritim forsking og innovasjon

  • nærskipsfart

Ein sentral del av den maritime strategien har vore å få på plass stabile og konkurransedyktige rammevilkår for reiarlag og sjøfolk. Dette er gjort gjennom ei ny ordning med tonnasjeskatt for reiarlaga som samsvarar med ordningane i EU. Dette gjer at reiarverksemda er tilnærma skattefri. Regjeringa vil i tillegg gjennom internasjonale organ arbeide mot skattekonkurranse. Dessutan har regjeringa sikra vidareføring av ordninga med sysselsetjingstilskot for sjøfolk. Til denne ordninga er det også knytt vilkår om at reiarlaga skal finansiere opplæringsstillingar om bord på skip gjennom tilskot til stiftinga Norsk Maritim Kompetanse. Dette er eit svært viktig tiltak for rekruttering av nye sjøfolk.

Tiltaka og midlane i strategien er særleg retta inn mot å fremje maritim forsking og innovasjon som kan ha ein positiv miljøverknad. Denne satsinga skjer gjennom å auke løyvingane til Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd. Innovasjonsområda miljø og avansert transport og logistikk har her fått særleg høg prioritet. Den maritime klyngja på Møre har fått status som Norwegian Centre of Expertice (NCE).

Gjennom Innovasjon Noreg er det øyremerkt midlar til å utvikle nærskipsfartsflåten. Norsk deltaking i EU-programmet Marco Polo og løyvingar til Short Sea Promotion Centre – Norway er andre tiltak for å stimulere nærskipsfarten.

I arbeidet med å meisle ut og følgje opp den maritime strategien har styresmaktene samarbeidd nært med dei maritime næringane gjennom Strategisk råd for MARUT. Rådet er sett saman av leiarar frå maritime verksemder, forskingsmiljø og organisasjonar, og er eit godt verktøy for å skape samarbeid og dialog innanfor dei maritime næringane.

7.6.5 Utvikling av nye næringar i landbruket

Landbruks- og matdepartementet har store ambisjonar for utvikling av ny næringsverksemd og auka verdiskaping med utgangspunkt i ressursane i landbruket. Det er behov for eit taktskifte for etablering av ny næringsverksemd med utgangspunkt i mangfaldet av dei menneskelege og materielle ressursane i landbruket. Målet med eit slikt taktskifte er å skape fleire arbeidsplassar innan ny næringsverksemd for å kompensere for reduksjonen i arbeidsplassar i landbruket. I den samanhengen er det viktig å byggje på gode erfaringar og samarbeidsmodellar for entreprenørskap og innovasjon lokalt og regionalt.

Landbruks- og matdepartementet er dessutan oppteke av samspelet mellom næringsliv, forsking og forvaltning på regionalt nivå. På lokalt nivå har kommunane ei viktig rolle som tilretteleggjarar for lokal næringsutvikling og entreprenørskap, medan fylkesmannen og den regionale partnarskapen er viktige støttespelarar på regionalt nivå. Samstundes er verdikjedene innanfor landbruket prega av innovasjonsmiljø som har nasjonal kompetanse og kunnskap som det er viktig å nytte på ein god måte.

7.6.5.1 BU-midlane

BU-midlane skal leggje til rette for næringsutvikling som skaper grunnlag for langsiktig, lønnsam verdiskaping og desentralisert busetjing med utgangspunkt i ressursane i landbruket generelt og landbrukseigedommen spesielt.

Dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane har sidan tidleg på 1990-talet vore dei viktigaste økonomiske verkemidla for næringsutvikling innan og i tilknyting til landbruket. Bruken av midlane har alltid vore basert på eit todelt formål:

  • stø investeringar innanfor landbruket

  • medverke til å utvikle alternativ næring med grunnlag i ressursane i landbruket

Forvaltningsansvaret er fordelt mellom Innovasjon Noreg og Fylkesmannen på regionalt nivå. Innovasjon Noreg forvaltar dei bedriftsretta midlane, og Fylkesmannen forvaltar dei tilretteleggjande midlane. For 2007 fekk fylka til saman overført 371 millionar kroner i BU-midlar eksklusive rentestøtte. I Oppland har midlane i perioden 2004–2009 vore forvalta av regionråda i Valdres og Nord-Gudbrandsdal som ei prøveordning, jf. kapittel 6.2.

Mange av søknadene om investeringsmidlar gjeld oppgradering av eksisterande driftsapparat for å møte nye krav til driftsbygningar og dyrevelferd, men det er også stor interesse for midlar til utvidingar av driftsomfang og nye næringar.

I 2007 gjekk 72 % av BU-midlane til tiltak innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, ein auke på 6 prosentpoeng frå 2006. Av midlane til jord- og hagebruk er løyvinga til kommunar med distriktspolitisk status 73 %. Det er ein auke på 7 prosentpoeng frå 2006.

Om lag 30 % av investeringsmidla gjekk til nye næringar. Det er framleis ein monaleg høgare kvinnedel i tilskota som vert gjevne til ny næringsutvikling enn dei som vert gjevne til landbruk, sjølv om forskjellen har jamna seg noko ut i 2007.

7.6.5.2 Inn på tunet

Inn på tunet-tenester er ei vekstnæring i landbruket. Det er eit mål at Inn på tunet-tenester vert ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet i helse-, omsorgs- og utdanningssektoren i kommunane. Inn på tunet er ei viktig næring på mange gardsbruk. I dag driv om lag 800 gardar slik verksemd, og om lag 2/3 av tilbydarane er kvinner.

Det er behov for meir systematisk kartlegging av tilboda, omfanget, kvaliteten og typane tenester. Det er dessutan forska lite på effektar for brukarane av dei ulike tilboda. Det manglar grundige drifts- og samfunnsøkonomiske analysar av Inn på tunet-tenester. Forsking og dokumentasjon er derfor eit prioritert område i framtida.

7.6.5.3 Innlandsfisk

Utvikling av næringsverksemd knytt til fisketurisme i innlandet, oppdrett i ferskvatn og næringsfiske er viktige satsingsområde der Landbruks- og matdepartementet ser store moglegheiter. Eit viktig grunnlag for satsinga på desse områda er handlingsplanen for innlandsfiske. Som eit ledd i oppfølginga av planen er eit utviklingsprogram for innlandsfiske starta opp i 2008 og vidareført i 2009.

I handlingsplanen er det dokumentert gode moglegheiter for å ta ut eit relativt stort, uutnytta potensial i innlandsfiske som tilleggsnæring i landbruket. Det gjeld både som matressurs gjennom yrkesfiske og oppdrett, og som grunnlag for fiskeopplevingar knytte til landbruksbasert turisme og reiseliv. Målet er å utvikle 150 lønnsame bedrifter som tilbyr fiske til turistar, to til tre lønnsame oppdrettsanlegg og inntil 10 bedrifter som bruker innlandsfisk til å skape lønnsam drift. Programmet har ei lengd på fem år og ei økonomisk ramme på 4 millionar kroner årleg.

7.6.5.4 Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon (VSP mat) vart etablert for å medverke til å styrkje konkurranseevna til norske matprodusentar. Målet er å skape innovasjon og større mangfald på matområdet og auke verdiskapinga i jordbruket. Programmet rettar seg i hovudsak mot små og mellomstore matprodusentar som ønskjer å tilby marknaden nye og unike produkt baserte på norske landbruksråvarer. Nedslagsområdet til programmet er i hovudsak kommunar med mange sysselsette i jordbruk og matproduksjon. Fordelinga av midlar og prosjekt innanfor VSP-mat varierer mellom fylka frå år til år, men i levetida til programmet sett under eitt har Nord-Noreg og Agder-fylka nytta lite midlar frå programmet. I seinare tid har det i enkelte fylke vore jobba aktivt med mobilisering innanfor programmet.

Strategiane for programmet er nedfelte i Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling i landbruket, «Ta landet i bruk!», og i matstrategien «Smaken av Noreg». Dei mest sentrale handlingsområda har vore kompetanse, nyskapingsprosjekt og mobilisering. I perioden 2001 til 2008 har VSP mat løyvd om lag 680 millionar kroner til ulike prosjekt.

Produksjon av matspesialitetar har eit stort potensial for verdiskaping i Noreg. Regjeringa har som mål at 20 % av mat- og drikkeomsetnaden skal vere norske mat- og drikkespesialitetar innan 2020. På bakgrunn av dette vart det i 2008, som ein del av VSP mat, etablert ei eiga satsing på matbedrifter som ønskjer å vekse.

Den siste kundeeffektundersøkinga til Innovasjon Noreg syner at VSP mat har hatt mykje å seie for realisering av dei ulike prosjekta og medverka til auka overleving og lønnsemd i bedriftene. Programmet skårar også høgt på innovasjon og kompetanseeffekt. I programmet er det dessutan nytta mykje ressursar på å utvikle marknader og marknadskanalar. Ufullkomne marknader er ein flaskehals for bønder og næringsmiddelindustri som satsar på matspesialitetar.

7.6.5.5 Verna nemningar

Merkeordninga gjev rettsleg vern til produktnemningar på landbruksbaserte næringsmiddel, fisk og fiskevarer med spesielt geografisk opphav, tradisjon og særpreg. Ordninga er eit viktig verkemiddel for næringsutvikling og auka verdiskaping i norsk matproduksjon og for å sikre forbrukarane påliteleg informasjon. Per 1. juli 2008 hadde 15 norske produkt ei verna nemning. «Økologisk tjukkmjølk frå Røros», «Rakfisk frå Valdres» og «Ringerikspotet frå Ringerike» er døme på produkt som har fått verna geografisk nemning. Det er mogleg å finne meir informasjon om dette på www.beskyttedebetegnelser.no.

7.6.5.6 Utviklingsprogram for frukt og grønt

I 2008 sette Landbruks- og matdepartementet i gang eit femårig utviklingsprogram for å leggje til rette for at norsk frukt- og grøntproduksjon kan ta ein større del av veksten i marknaden for frukt og grønt. Eit element i satsinga er styrking av frukt- og bærproduksjonen på Vestlandet, for å oppretthalde profesjonelle produsentmiljø og eit kulturlandskap sterkt prega av fruktproduksjon.

7.6.5.7 Trebasert Innovasjonsprogram

Trebasert Innovasjonsprogram vart starta opp sommaren 2006, som ei vidareføring av Treprogrammet frå 2000 til 2005. Meir bruk av tre og betre lønnsemd i heile verdikjeda er ein viktig del av Landbruks- og matdepartementet sin heilskap­lege strategi for næringsutvikling i landbruket. Strategien skal mellom anna stø opp under målet til næringa om å auke verdiskapinga og bruken av tre.

Meir bruk av tre legg grunnlag for eit robust primærskogbruk og for verdiskaping i tremekanisk industri. Det gjev også mange positive miljø- og klimagevinstar. Bruk av varige treprodukt forlengjer karbonbindinga som skjer i skogen, og treprodukt erstattar andre produkt som har større klimagassutslepp i produksjon eller bruk. Satsinga på tre byggjer derfor opp under både næringspolitiske, klimapolitiske og distriktspolitiske mål. Marknadsføring av dei miljørelaterte eigenskapane til trevirke vil også vere ein viktig del av innhaldet i programmet.

Programmet har ein viktig funksjon når det gjeld å inspirere bedrifter til å satse på innovativ bruk av tre. Prosjekta under programmet er relativt jamt fordelte utover landet, men det har i 2007 vore ein større del prosjekt i Agder-fylka og Telemark enn i andre fylke. Det vert vurdert om programmet skal evaluerast i 2010. Det vil då vere aktuelt å sjå nærare på dei distriktspolitiske verknadene av programmet.

7.6.6 Verdiskapingsprogram for næringskombinasjonar i samiske område

I St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken la regjeringa fram forslag om å etablere eit verdiskapingsprogram for næringskombinasjonar. Dette vart følgt opp i budsjettet for 2008. Programmet skal også ta opp i seg mål i Soria Moria-erklæringa om å satse på samisk reiselivsutvikling som skal sikre og styrkje næringslivet i samiske område. Hovudmålet for verdiskapingsprogrammet er å fremje levedyktige bedrifter og medverke til ei berekraftig utvikling i samiske samfunn.

Innhaldet i og organiseringa av verdiskapingsprogrammet har vore tema for konsultasjonar med Sametinget. Sametinget vil stå for drifta av programmet, og har konkretisert innhaldet i programmet i samarbeid med andre institusjonar og etatar. Målet for programmet er å auke verdiskapinga gjennom satsing på og utvikling av innovative næringskombinasjonar og samisk reiseliv. Programmet består både av midlar som vert utlyste, og av prosjekt som vert initierte av Sametinget, eventuelt i samarbeid med andre institusjonar og etatar. Ei rekkje av satsingane i meldinga til Sametinget om utvikling av utmarksnæringar, som vart handsama i Sametinget i november 2007 (sak 65/07), er innarbeide i verdiskapingsprogrammet. Programmet skal evaluerast etter tre år.

Sametingsrådet fungerer som styre for programmet. Det er etablert eit Fagleg forum der offentlege aktørar vert inviterte til å delta saman med Sametinget. Forumet skal gje faglege innspel og tilbakemeldingar om gjennomføringa av programmet. Eit viktig mål med forumet er å utveksle informasjon om offentlege tiltak og prosjekt som kan ha relevans for verdiskapingsprogrammet. Forumet vil vere viktig for å sikre at programmet kan dra vekslar på og vere i harmoni med andre satsingar, og for å diskutere retninga på programmet. Det er også etablert eit utviklingsforum der samiske næringslivsorganisasjonar er inviterte, mellom anna for å verte høyrde ved utarbeidinga av budsjett og større endringar i programmet. Eit viktig mål med utviklingsforumet er å sikre den samiske dimensjonen og den samiske naturforståinga i utviklingsarbeidet. Verdiskapingsprogrammet må også sjåast i samanheng med reiselivsstrategien til regjeringa, og særleg arbeidet som skjer i regi av ReiselivsArena Finnmark.

Boks 7.16 Ei lærlingordning i duodji

Eit av tiltaka innan verdiskapingsprogrammet for næringskombinasjonar og reiseliv i samiske område er ei lærlingordning i samisk husflid og handverk (duodji).

Næringslivet i samiske område er prega av små verksemder, og nyskaping og produktutvikling er sentrale utfordringar. Samisk husflid og handverk (duodji) utgjer ein vesentleg del av samisk næringsliv og kulturgrunnlag. Det har vore eit stort behov for å auke rekrutteringa av utøvarar til næringa. Mindre verksemder og enkeltutøvarar som har hatt lærlingar i duodji har til no nytta mykje ressursar på opplæring, og mange har lidd tap i eiga inntening.

Ei fast lærlingordning gjennom verdiskapingsprogrammet styrkar rammevilkåra for duodji. Lærlingordninga vil gjere det lettare for ungdom å planleggje ei utdanning som omfattar duodji. Ordninga vil også sikre kulturell berekraft gjennom å vidareføre kompetanse og leggje til rette for produktutvikling og innovasjon.

Midlane skal dekkje tilskot til lærlinglønn for bedrifter som har lærlingar i duodji, og administrative utgifter ved eit opplæringskontor. Første halvdel av 2009 er brukt til å utvikle planar for opplæring og førebuing til opptak av lærlingar. Dei første lærlingkontraktane skal etter planen underskrivast hausten 2009.

Sidan reindriftsavtalen 2001/2002 er det også sette av midlar til eit eige verdiskapingsprogram for reindrift, med hovudmål å auke verdiskapinga i næringa slik at det kjem reineigarane til gode. Dei seinare åra har Landbruks- og matdepartementet løyvd om lag 7,7 millionar kroner årleg til programmet.

7.6.7 Det marine verdiskapingsprogrammet

Tradisjonelt har den norske sjømatnæringa vore meir produksjonsorientert enn marknadsorientert. Internasjonalt er det ei utvikling i retning av færre importørar og aukande konsentrasjon i matvarebransjen. Samanlikna med dei internasjonale matvarekjedene er majoriteten av dei norske sjømateksportørane små. Leverandørane møter omfattande krav til volum, regularitet i leveransar, kvalitet, standardiserte prisar og administrativ kompetanse og kapasitet.

For mange av sjømatprodusentane, særleg dei små og mellomstore selskapa, er det ei utfordring å byggje relasjonar og tilby logistikk og tilleggstenester som gjer dei til prioriterte leverandørar hos dei større marknadskjedene og likeins i godt betalande nisjemarknader. For prioriterte leverandørar, aukar forhandlingsmakta og høvet til å hente ut meirverdiar.

Dette er bakgrunnen for opprettinga av Det marine verdiskapingsprogrammet (MVP), som har som mål å hjelpe til og styrkje marknadsorienteringa i alle ledd i verdikjeda i sjømatnæringa. Programmet vert forvalta av Innovasjon Noreg på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet, og har dei seinare åra hatt ei årleg ramme på 75 millionar kroner.

Det marine verdiskapingsprogrammet byggjer på at tilgangen til marknadsinformasjon og kompetanse er utilstrekkeleg, og at fiskeri- og havbruksnæringa dermed ikkje får realisert verdiskapingspotensialet sitt. Tiltaka i MVP er retta inn mot å auke marknadskunnskapen og samarbeidet mellom bedrifter for å oppnå høgare verdi på sjømatprodukta i sluttmarknadene. Det konkrete tilbodet til interesserte sjømatbedrifter i heile landet består mellom anna av

  • støtte til sjømatbedrifter som ønskjer å gå inn i eit forpliktande samarbeid retta mot marknaden, mellom anna gjennom å kartleggje fordelar og ulemper med eit slikt samarbeid

  • kompetanseheving gjennom eit marknadsretta studium ved Norges Handelshøyskole

  • kompetanseheving ved at nøkkelpersonar i sjømatbedrifter kan opphalde seg i aktuelle marknader gjennom ei traineeordning

Erfaringa så langt syner at sjømatbedrifter frå heile landet deltek i Det marine verdiskapingsprogrammet. Det er også etablert fleire nettverk med bedriftssamarbeid på tvers av regionar.

Kystnæring mot marknad – særskild innsats i kystsamfunn med omstillingsbehov

I mange kystsamfunn har viktige fiskeribedrifter vorte nedlagde dei siste åra, med fråflytting som resultat. Samstundes er det klart at fleire av desse samfunna har lokale fortrinn som grunnlag for utvikling av lønnsam og meir varig forretningsdrift. Ein vesentleg del av MVP er derfor retta inn mot bedrifter i fiskerikommunar med omstillingsbehov. I samråd med fylkeskommunane har Innovasjon Noreg plukka ut sju område frå Finnmark til Sogn og Fjordane. I desse områda får sjømatbedrifter og bedrifter som ønskjer eit samarbeid med sjømatnæringa, tilbod om særskild hjelp for å utvikle dei marknadsorienterte ideane sine. Til dømes er samarbeid mellom fiskeribedrifter og reiselivsnæring eit aktuelt utviklingsområde.

7.6.8 Marin bioprospektering

Bioteknologi og bioprosepektering er viktige framtidsretta aktivitetar som kan gje opphav til ny verksemd langs kysten. Marin bioprospektering er leiting etter verdifulle, biologisk aktive komponentar frå organismar i havet. Marine organismar har andre strategiar for ernæring og overleving enn slektningane deira på land. Havet i nord inneheld interessante organismar med spesielle eigenskapar som kan vere viktige mellom anna for utvikling av nye medisinar. Fleire slike stoff er alt oppdaga og kartlagde, jf. døme i boks 7.17.

Funn og utnytting av genetisk materiale kan gje grunnlag for næringsutvikling i kystområda. Aktiviteten har potensial til å generere store gevinstar baserte på ressursar som tilhøyrer fellesskapet. Derfor har regjeringa i den nye havressursslova innført ein heimel for å kunne gje reglar om at staten kan sikre seg ei økonomisk godtgjersle ved utnytting av norsk marint genetisk materiale, eller få del i andre fordelar frå marin bioprospektering.

Etablere ein nasjonal strategi for marin bioprospektering

Regjeringa vil i 2009 leggje fram ein nasjonal strategi for marin bioprospektering, som eit ledd i innovasjonspolitikken. Ambisjonen til regjeringa er at marin bioprospektering skal verte eit viktig teknologisk satsingsområde innanfor bioteknologi. Regjeringa vil leggje opp til ein heilskapleg politikk som legg til rette for størst mogleg verdiskaping gjennom regionalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid.

Boks 7.17 PROBIO

PROBIO er eit døme på korleis forsking har gjeve bedriftsetableringar på mindre stader. PROBIO er eit resultat av forsking gjort ved Universitetet i Tromsø og Noregs fiskerihøgskule. Her var basiskompetanse i biologi og bioprospektering utgangspunktet til gründerane. Produkta i dag er «functional food» basert på fiskeolje og marint protein.

Bedrifta har gått vegen frå forskingsresultat via Forskingsparken i Tromsø og inkubatoren Norinova til realisering av produksjonskapasitet. På om lag 5 år er det bygd opp produksjonsanlegg i Båtsfjord og på Andenes, og eigarane har planar om å ekspandere ytterlegare. Dette er eit godt døme på korleis innovasjonar frå universitet kan leie til nyskapande bedriftsetableringar i distriktsområde basert på lokale fortrinn. Innovasjon Noreg har vore aktivt med og sett inn økonomiske verkemiddel.

7.6.9 Alternative energiformer

Utvikling av alternative energiformer som vindkraft, bioenergi og små vasskraftverk utgjer eit stort potensial for økonomisk aktivitet og verdiskaping. Dette er aktivitetar som vil treffe alle delar av landet, men som særleg er viktige for område med små arbeidsmarknader. Gjennom desse aktivitetane vert det utvikla økonomisk aktivitet og attraktive arbeidsplassar som er baserte på lokale ressursar.

Regjeringa legg opp til ei langsiktig og sterk satsing på fornybar energi og energiomlegging. I 2007 vart Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering skipa. Avkastninga frå Grunnfondet vert overført til Energifondet, som finansierer satsinga på fornybar energi og energieffektivisering. Som ein del av tiltakspakka, har regjeringa styrkt Energifondet gjennom ei ekstraordninær løyving på nær 1,2 milliarder kroner i 2009. Dei samla inntektene til Energifondet i 2009 vil vere på om lag 2,6 milliarder kroner.

Enova SF har fått ansvaret for å forvalte midlane frå Energifondet. Vindkraft og bioenergi er viktige arbeidsområde for Enova.

7.6.9.1 Vindkraft

Auka utbygging av vindkraft utgjer ein viktig del av satsinga på ny fornybar energiproduksjon. Noreg har naturgjevne føresetnader for å ta i bruk vindkraft. Landet har gode vindressursar og store areal. Det er i dag bygd ut 17 vindparkar på til saman 424 MW. Anlegga har ein forventa produksjon på om lag 1,3 TWh per år. Vindparkane ligg langs norskekysten frå lengst i sør til lengst i nord.

Det er sett eit nasjonalt produksjonsmål for vindkraft på 3 TWh per år innan 2010. Enova har ei avgjerande rolle for å nå dette målet. Enova vil gje investeringsstøtte til dei mest kostnadseffektive prosjekta.

Vindkraftanlegg er arealkrevjande og kan kome i konflikt med andre viktige miljø- og samfunnsomsyn. Regjeringa oppfordrar til å utarbeide regionale planar for vindkraftutbygging og har utarbeidd retningsliner for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg.

Det er også utarbeidd kriterium for å prioritere kva vindkraftprosjekt som vert konsesjonshandsama først innanfor kvar netteregion. Målet er å sikre at dei beste og minst konfliktfylkte prosjekta vert raskare handsama.

7.6.9.2 Bioenergi

Satsing på bioenergi gjev verdiauke og sysselsetjing over heile landet, samstundes som det vil auke tilgangen på fornybar og klimanøytral energi. Biomasse er ein ressurs som ofte vert produsert og nytta lokalt. Auka satsing på bioenergi vil derfor kunne gagne område med produksjon av bioenergi og lokale brukarar av denne ressursen.

I april 2008 la regjeringa fram ein strategi for å auke utbygginga av bioenergi i Noreg. Målet er å sikre ein retta og samordna bruk av verkemiddel for å auke utbygginga av bioenergi med 14 TWh per år innan 2020 .

Det er sett eit nasjonalt mål for utbygging av vassboren varme basert på fornybar energi, varmepumper og energiattvinning innan 2010. Målet er ein auke på 4 TWh samanlikna med 2001. Det er gjeve samtykke om etablering av fjernvarme på om lag 120 stader over heile landet. Enova har også eit program som støttar tiltak for å fase ut bruken av olje i lokale varmesentralar. Denne marknaden er stor, og kommunane er ei sentral målgruppe.

Det vert satsa mykje på energiplanlegging i kommunane. Kommunane er store grunneigarar og har innverknad på bygginga av infrastruktur for energi i nye område. Kommunane og fylkeskommunane er derfor viktige for å auke bruken av bioenergi og skape merksemd kring miljøvennleg energibruk. Det er eit mål at alle kommunar skal ha ein energi- og klimaplan. Enova gjev støtte for å hjelpe kommunane med å utarbeide slike planar.

Ny kunnskap er avgjerande for å auke konkurransekrafta til bioenergi. I 2009 gjev regjeringa 110 millionar kroner til etablering av regionale senter for forsking på miljøvennleg energi. Regjeringa løyvde 16 millionar kroner i 2008 til forsking på biodrivstoff, biovarme og biogass. I tiltaks­pakka er løyvingane til bioenergi i 2009 auka med 50 millionar kroner.

Landbruks- og matdepartementet starta opp bioenergiprogrammet i 2003, og i 2008 var løyvinga på 35 millionar kroner. Målet for denne satsinga er å vidareutvikle bioenergi som forretningsområde, å sikre at ressursane i landbruket vert nytta på ein effektiv måte, og å oppnå positive klima- og energigevinstar. Meir bruk av bioenergi er såleis eit viktig element i den samla satsinga til regjeringa på meir bruk av skog og trevirke. Kvar TWh bioenergi gjev eit sysselsetjingsbehov på 300–500 årsverk.

Med desse tiltaka har regjeringa etablert ei langsiktig satsing på fornybar energi. Det skaper eit godt grunnlag for å nå dei nasjonale måla innan vindkraft og bioenergi.

7.6.9.3 Småkraft

Regjeringa ønskjer ei auka utbygging av små vasskraftverk for å auke tilgangen på fornybar energi. I tillegg kan småkraft spele ei viktig rolle som tilleggsnæring til gardsdrift og slik medverke til å oppretthalde busetjinga. Om lag 3000 rettshavarar er anten i gang med ulike småkraftprosjekt eller planlegg å setje i gang slik verksemd.

For å sikre at utbygginga av småkraft tek omsyn til natur- og miljøinteresser, har regjeringa ved Olje- og energidepartementet utarbeidd retningsliner for små vasskraftverk. I retningslinene vert fylkeskommunane oppmoda til å utarbeide regionale planar for småkraft som sikrar desse omsyna.

Sakshandsamingskapasiteten til NVE når det gjeld småkraft er styrkt fleire gonger dei siste åra, som ledd i måla til regjeringa om å auke småkraftutbygginga.

For å effektivisere arbeidet med dei minste kraftverka har regjeringa bestemt at handsaminga av mini- og mikrokraftverk skal delegerast til fylkeskommunane. Endringa skal etter planen tre i kraft frå 2010. Regjeringa har vurdert det slik at mini- og mikrokraftverka i første rekkje råkar omsyn av lokal og regional interesse og derfor eignar seg for regional handsaming.

Til forsida av dokumentet