St.meld. nr. 25 (2008-2009)

Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

6 Områdeinnsats

Kapittel 6.1 handlar om særskilde tiltak frå sentrale styresmakter som er viktige for utviklinga i Nord-Noreg, medan kapittel 6.2 handlar om politikk som er viktig for fjellområda i ulike delar av landet. Tiltaka skal medverke til betre utnytting av ressursane i desse områda for å styrkje verdiskapinga og vekstkrafta.

6.1 Særskild innsats i Nord-Noreg

Utfordringar:

  • Auke landbasert verdiskaping og vekstkraft i Nord-Noreg og utnytte moglegheitene som ligg i dei store ressursane i landsdelen

Innsats:

  • Styrkje kunnskapsmiljø i Nord-Noreg på tema der landsdelen har fortrinn

  • Leggje til rette for å auke verdiskapinga på land i Nord-Noreg

  • Styrkje internasjonalt samarbeid i nordområda

6.1.1 Store utfordringar og moglegheiter – sterk offentleg innsats

Nord-Noreg har eit senter- og busetnadsmønster som er prega av at ein relativt stor del av innbyggjarane er busett i regionar med lågt folketal og små senter. Byregionane i landsdelen har relativt lågt folketal samanlikna med andre delar av landet. Landsdelen har mange små og sårbare samfunn, særleg langs kysten. Dei har store utfordringar når det gjeld både busetjing, næringsutvikling og kapasitet og kompetanse til lokalt utviklingsarbeid. Samstundes er avstandane i landsdelen store. Regionforstørring med stor effekt er derfor berre aktuelt i nokre få område. Samla utvikling i folketalet i landsdelen har lenge balansert rundt nullvekst, med relativt stor grad av intern sentralisering og flytting ut av landsdelen. Dette svekkjer tilgangen på arbeidskraft, særleg på mindre stader.

Næringslivet er prega av ein stor del små og spreidde verksemder, med unntak av ein del prosessindustri. Mange av verksemdene er eksportretta og har hatt stor aktivitet i vekstperioden vi har bak oss. Særleg Nordland er eit stort industrifylke. Samstundes er innovasjons- og nyskapingsevna i landsdelen låg samanlikna med landsgjennomsnittet. Næringslivet i Nord-Noreg har også låg forskingsinnsats.

Den høgare utdanninga i landsdelen er prega av relativt små institusjonar, særleg på høgskulesida. Det gjer at rekrutteringa til høgskulane er sårbar på lengre sikt. Eit stort fråfall frå vidaregåande opplæring i heile Nord-Noreg, særleg i Finnmark, gjer også at rekrutteringa til høgare utdanning og til arbeidslivet vert svekt.

Samstundes har Nord-Noreg mange naturgjevne fortrinn og ein geopolitisk plassering som utgjer store potensial for vekst og utvikling både for landsdelen og for nasjonen.

Regjeringa vil vidareutvikle nordområdestrategien for å medverke til dette, jf. avsnitt 6.1.2. Fleire av dei aktuelle tiltaka i vidareutviklinga av ­nordområdestrategien kan medverke til å styrkje vekstkrafta i Nord-Noreg og dermed distrikts- og regionalpolitiske mål i landsdelen. Avsnitta 6.1.3–6.1.5 inneheld omtale av delar av denne ekstrainnsatsen i Nord-Noreg, og andre initiativ som er særleg viktige for regional utvikling i landsdelen. Her vert også den tidsavgrensa ekstrainnsatsen over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet knytt til nordområdesatsinga omtalt. I 2009 er denne på 100 millionar kroner.

Kommunal- og regionaldepartementet vil i denne samanhengen også peike på at Nord-Noreg kvart år er sterkt prioritert gjennom ulike distrikts- og regionalpolitiske tiltak. Departementet fordelte i 2008 om lag 900 millionar kroner av dei distrikts- og regionalpolitiske midlane til regional utvikling til dei tre fylkeskommunane i Nord-Noreg, av ein samla sum på to milliardar kroner. Dette inkluderer også kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Departementet vil understreke at desse midlane skal nyttast til å utløyse potensial for vekstkraft i Nord-Noreg, i tillegg til innsats for lokal samfunnsutvikling. Fylkeskommunane har eit stort ansvar for å samarbeide med regionale, lokale og nasjonale aktørar om planar for bruk av midlane som gjer at ekstrainnsatsen gjennom den særskilde nordområdepolitikken får varig verdi. Departementet vil også syne til at om lag 60 millionar kroner av dei nasjonale midlane til regional utvikling, mellom anna i dei landsdekkjande programma under verkemiddelaktørane, vert nytta i Nord-Noreg.

Heile landsdelen ligg innanfor området som har redusert arbeidsgjevaravgift. Finnmark og Nord-Troms har fritak for arbeidsgjevaravgifta. Resten av landsdelen har 5,1 % arbeidsgjevaravgift, utanom Bodø og Tromsø, som har 7,9 %. I tillegg har Nord-Noreg 0-sats for moms ved forbruk av elektrisk kraft og energi frå andre fornybare energikjelder, som i 2009 utgjer ein verdi på om lag 700 millionar kroner. I tillegg utgjer eigne rammetilskot til kommunane og fylkeskommunane i Nord-Noreg om lag 1,9 milliardar kroner i 2009.

I Finnmark og Nord-Troms er det også etablert fleire særskilde statlege ordningar som er grunna i negative utviklingstrekk i folketal og næringsliv, jf. boks 6.1. Ordningane skal medverke til å gjere området attraktivt for busetjing og næringsverksemd.

Boks 6.1 Tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark

Tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark vart oppretta våren 1990, på bakgrunn av dei negative utviklingstrekka i folketal og næringsliv på slutten av 1980-talet. Grunnlaget for tiltakssona vart vurdert på nytt i 2003–2004 i og med St.meld. nr. 8 (2003–2004) Rikt mangfold i nord . Stortingsmeldinga slo fast at utfordringane i området framleis var store. Eit stort fleirtal i Stortinget gjekk derfor inn for å vidareføre ordningane i tiltakssona. Dei viktigaste elementa i ordninga er:

  • fritak for arbeidsgjevaravgift

  • lågare skatt og frådrag

  • inga eller låg el-avgift på forbruk

  • ettergjeving av studielån

  • særskilt tillegg i barnetrygda

Ordningane utgjorde til saman om lag 2,5 milliardar kroner i 2008. Av dette utgjorde fritak for arbeidsgjevaravgift om lag 1,5 milliardar kroner. Området for tiltakssona dekkjer heile Finnmark fylke og sju kommunar i Nord-Troms (Karlsøy, Lyngen, Storfjord, Gaivuotna-Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen).

6.1.2 Vidareutvikling av nordområdestrategien til regjeringa – Nye byggesteiner i nord

Regjeringa slo i Soria Moria-erklæringa fast at nordområda er eit av dei viktigaste strategiske satsingsområda i Noreg. Regjeringa la fram ein eigen nordområdestrategi i desember 2006, med 22 konkrete tiltak. Dei fleste tiltaka er no anten gjennomførte eller sette i gang, jf. vedlegg til statsbudsjettet 2009 for Utanriksdepartementet.

Regjeringa la i mars i år fram strategidokumentet Nye byggesteiner i nord. Neste trinn i regjeringens nordområdestrategi , som ei vidareutvikling av nordområdesatsinga til regjeringa. Strategien skal medverke til å ruste oss betre til å møte dei store utfordringane som endringar i klima og miljø gjev, og til å utnytte dei moglegheitene som ligg i nord. Den vidare nordområdesatsinga til regjeringa skal medverke til å hevde norsk suverenitet og leggje til rette for berekraftig forvaltning av fornybare og ikkje-fornybare ressursar. Økonomisk aktivitet basert på forvaltning av ressursane i regionen er avgjerande for å sikre velferd og sysselsetjing i regionen. Næringsutvikling, forsking og all annan aktivitet i nord vil også medverke til å fremje norsk hevding av suverenitet i regionen. Nordområdestrategien skal vidare sikre at den strategiske plasseringa til området vert utnytta til beste for fellesskapet. Strategien skal òg sikre at dei naturgjevne fortrinna i Nord-Noreg vert utnytta for å styrkje vekstkrafta og verdiskapinga i landsdelen og landet som heilskap.

Nordområdestrategien understrekar Svalbard si viktige rolle som plattform for internasjonal klima- og mijøforsking. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei ny stortingmelding om Svalbard våren 2009.

Nordområdesatsinga til regjeringa kjem i tillegg til den generelle distrikts- og regionalpolitikken og sektorpolitikken på ulike område. Dette vil til saman medverke til å styrkje grunnlaget for reell fridom til busetjing i Nord-Noreg, og for ei utvikling som styrkjer samarbeidet med andre nasjonar og tek omsyn til rettane til urfolk.

Nye byggesteiner i nord. Neste trinn i regjeringens nordområdestrategi inneheld ei rekkje konkrete satsingar innanfor sju område. Satsingane er innretta i eit 10–15 års perspektiv. Prioriteringar, rekkefølgje og tempo i framdrift vil framgå av dei ordinære budsjettprosessane i arbeidet til regjeringa. Dei sju tiltaksområda er:

  1. Utvikle kunnskap om klima og miljø i nordområda

  2. Styrkje overvakinga, beredskapen og sjøtryggleiken i dei nordlege havområda

  3. Stimulere til berekraftig utnytting av petroleumsressursane og fornybare ressursar til havs

  4. Fremje landbasert næringsutvikling i nord

  5. Vidareutvikle infrastrukturen i nord

  6. Oppretthalde ei fast hevding av suverenitet og styrkje samarbeidet over grensene i nord

  7. Sikre kulturen og livsgrunnlaget til urfolk

6.1.3 Auka verdiskaping på land i nord

I vidareutviklinga av nordområdestrategien til regjeringa vert det peikt på ei rekkje område der Nord-Noreg har fortrinn når det gjeld utvikling av kompetansebasert, framtidsretta og berekraftig næringsliv. Det gjeld mellom anna innanfor reiseliv, energi, marin bioprospektering, torskeoppdrett, romverksemd, opning av nye transportkorridorar i nord, mineralressursar, overvaking, beredskap og tryggleik til sjøs og miljøteknologi.

Marin bioprospektering er døme på eit område der FoU-miljø og bedrifter i Nord-Noreg kan verte internasjonale spydspissar. Landsdelen har ein kombinasjon av unike arktiske ressursar, lange tradisjonar innan marine næringar, velutvikla forskingsmiljø og ein ny generasjon bioteknologibedrifter. Ei særskild satsing på marin bioprospektering er nærare omtalt i kapittel 7.6.

Ut frå regionale og nasjonale analysar, mellom anna rapporten Innovasjonsløft Nord (2006), treng Nord-Noreg auka industrialisering, kommersialisering og internasjonalisering av nye produkt og næringar. Mange verksemder bør også auke marknadsorienteringa si. Kommunal- og regionaldepartementet legg til grunn at dette er utgangspunktet for arbeidet med innovasjon og næringsutvikling i Nord-Noreg, både i verksemdene og hos verkemiddelapparatet. Dette er også i tråd med St.meld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og berekraftig Norge .

Departementet har i 2009 sett av midlar til særskilde fylkesovergripande, næringsretta satsingar i Nord-Noreg som skal medverke til å møte utfordringane for næringsutvikling i landsdelen. Dette er ein del av neste trinn i nordområdestrategien til regjeringa, og gjeld følgjande tiltak:

  • Utvikling av reiselivet: Departementet har øyremerkt 50 millionar kroner i 2009 til profilering og marknadsføring av landsdelen i utlandet gjennom eit nytt fylkesovergripande nordnorsk reiselivsselskap. Selskapet skal etter planen etablerast våren 2009. Midlane kjem i tillegg til annan innsats for reiselivet, mellom anna under Nærings- og handelsdepartementet. Sjå elles omtale av reiselivsstrategien til regjeringa i kapittel 7.6.

  • Næringsretta satsingar: Departementet har øyremerkt 15 millionar kroner til felles fylkesovergripande næringsretta satsingar innan reiseliv og arktisk teknologi i regi av Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA. Midlane skal mellom anna stø opp under deltaking frå næringslivet i ei strategisk satsing for å styrkje forskings-, universitets- og høgskulemiljøa (jf. avsnitt 6.1.4 under).

Tiltak for å auke ringverknadene av petroleumsverksemda i Nord-Noreg

Ringverkandene av petroleumsaktiviteten er store. Sysselsetjinga i norsk petroleumsrelatert leverandøindustri var på om lag 100 000 personar sommaren 2007. Det er derfor stort potensial for ringverknader i nordområda etter kvart som petroleumsaktivitetane aukar.

Regjeringa la våren 2006 fram ein forvaltningsplan for havområda i nord. Forvaltningsplanen legg til rette for høgare aktivitet gjennom berekraftig bruk av ressursar i Barentshavet og utanfor Lofoten. Denne planen skal oppdaterast i 2010. Då vil regjeringa vurdere spørsmålet om petroleumsverksemd i Nordland IV og Troms II. Regjeringa vil våren 2009 leggje fram ein forvaltningsplan for Norskehavet. Når det gjeld den 20. konsesjonsrunden er det utlyst 28 nye blokker i Barentshavet i umogne område. Dette vil vere eit viktig steg i å utvikle området som petroleumsprovins. Det vil vere viktig å fremje ringverknader for næringslivet i Nord-Noreg og industri- og kompetanseutvikling knytt til petroleumsverksemda i regionen.

Regjeringa vil tydeleggjere krav og forventningar til oljeselskapa og dei lokale styresmaktene om å leggje til rette for å auke ringverknadene, innanfor dagens system for handsaming av utbyggingssaker. Ei formalisering av kontakten mellom selskap og styresmakter i tida før konsekvensutgreiingsprosessen, som leier fram mot ein plan for utbygging og drift, er viktig. Det gjer systemet meir tydeleg, og sikrar at styresmaktene er i inngrep når viktige avgjerder vert tekne.

Ein oppdatert rettleiar til oljeselskapa i arbeidet med konsekvensutgreiingar og plan for utbygging og drift vert derfor lagt fram i 2009. Her vil fasen før konsekvensutgreiingsprosessen tek til, stå meir i fokus. Denne oppdaterte rettleiaren vil ha større fokus på fasen før konsekensutgreiingsprosessen tek til. Rettleiaren vil i sterkare grad gjere klart kva som er forventa av selskapa og lokale styresmakter. Det gjeld mellom anna informasjon om kontraktsstrategiar, arbeidskraftbehov og tiltak for å sikre arbeidskraft med relevant kompetanse, til dømes gjennom samarbeid med utdanningsinstitusjonar. Det gjeld også samarbeid med lokale styresmakter om lokal arbeidskraft, og deira oppgåver når det gjeld arealdisponering og kommunal tilrettelegging. Eit mål med rettleiaren er å sikre at selskapa fokuserer på ringverknader og samstundes tek omsyn til vurderingar av økonomi og lønnsemd, lovverket og EØS-regelverket om konkurranse. Oljeselskapa må leggje til rette for at bedrifter i Nord-Noreg deltek i konkurransen om underleveransar på like vilkår som andre bedrifter, mellom anna gjennom samarbeid med lokale og regionale næringsforeiningar. Utbyggingane av Snøhvit og Ormen Lange gav gode erfaringar med leverandørnettverk som ei hjelp for lokale bedrifter til å få kontraktar både i utbyggings- og driftsfasen. Desse leverandørnettverka er samarbeid mellom operatørselskap og lokal industri, der lokale styresmakter er med som tilretteleggjarar og pådrivarar. Samstundes er det viktig at industrien posisjonerer seg. Dette er først og fremst spørsmål om å opparbeide tilstrekkeleg kompetanse og marknadsnettverk for å kunne konkurrere med etablert sørnorsk næringsliv. Erfaringar frå andre stader i landet syner at det tek noko tid å byggje opp ein kompetent industri knytt til petroleumsverksemda. Dette gjeld også for Nord-Noreg.

Utfordringar ved store industriutbyggingar

Store industriutbyggingar inneber utfordringar når det gjeld samordning av oppgåver på offentleg side. Både kommunar, fylkeskommunar og staten har ansvar for ulike samfunnsoppgåver og infrastrukturutvikling i samband med slike utbyggingar. Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere om det er behov for å sjå nærare på samordning av kommunale, fylkeskommunale og statlege tiltak. Denne vurderinga vil vere skild frå handsaminga av dei konkrete utbyggingsplanane for industriutbygginar. Departementet vil også peike på at avgjerder om ulike sektortiltak som kan vere ønskjelege i ein bestemt region for å utnytte moglege potensial av industriutbygginga må følgje dei ordinære kanalane for planlegging og budsjettprioritering.

Boks 6.2 Om utbygginga av Skarv og Snøhvit

Utbyggingsplanen for Skarv vart godkjent i Stortinget 18. desember 2007. Helikopterbasen skal leggjast til Brønnøysund og ei driftsstøtteeining og ein forsyningsbase til Sandnessjøen. Dette styrkjer basemiljøet på Helgeland og vil gje viktige ringverknader i åra som kjem. Operatøren BP nyttar leverandørnettverket LOG Nord aktivt og har alt tildelt fleire kontraktar til lokale leverandørar. Dette gjev grobotn for nye arbeidsplassar og vidareutvikling av oljeindustrien på Helgeland.

Utbygginga av Snøhvit vart ferdigstilt hausten 2007 og har skapt store ringverknader. StatoilHydro har på Snøhvit hatt eit nært samarbeid med lokale aktørar. Etableringa av Snøhvit Næringsforening, seinare Petro Arctic, har vore viktig i denne samanhengen. I følgje forskingsanalysar har utbygginga av Snøhvit snudd ei negativ utvikling i folketal og sysselsetjing i Hammerfest. Det er gjort omfattande investeringar i opprusting av skulebygg, infrastruktur og utbygging av kulturtilbod. Utbygginga har skapt kompetanseoppbygging i regionen som gjev positive verknader også for andre næringar.

6.1.4 Strategisk styrking av kunnskapsinstitusjonane og kunnskapsmiljøa

Regjeringa vil satse tungt på strategisk kunnskapsoppbygging i Nord-Noreg gjennom å auke støtta til næringslivsrelevante forskingstema på områda reiseliv og arktisk teknologi. Historisk har Noreg klart å skape høg verdiskaping ut frå naturressursane våre. Det gjeld til dømes energi, petroleum og fiskeoppdrett. Samhandling mellom næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og det offentlege er viktig for å få til dette.

I dialogen mellom regionale og nasjonale aktørar om utfordringar i Nord-Noreg dei siste åra har ein særleg fokusert på behovet for å utvikle konkurransedyktige kunnskapsinstitusjonar i landsdelen. Slike institusjonar kan gje næringslivet spisskompetanse basert på dei særlege fortrinna i Nord-Noreg, og tiltrekkje folk med spesiell kompetanse.

I denne samanhengen er det ei utfordring at kunnskapsmiljøa og dei høgare utdanningsinstitusjonane i landsdelen er relativt små og unge. Dei har også i varierande grad relevans for nærings­livet i landsdelen. Dei lange avstandane i Nord-Noreg er også med på å svekkje grunnlaget for samarbeid mellom institusjonar og forskarar.

Kommunal- og regionaldepartementet har i samråd med Kunnskapsdepartementet teke eit særskilt initiativ for å møte desse utfordringane. Departementet har frå 2009 sett av midlar til ei strategisk, fylkesovergripande satsing for å styrkje den kunnskapsretta infrastrukturen. Noregs forskingsråd har ansvaret for satsinga, som er kalla «Forskingsløft i Nord» og er på 35 millionar kroner. Satsinga skal styrkje det strategiske samarbeidet mellom universitets-, høgskule- og forskingsmiljøa i Nord-Noreg, på tvers av fylkesgrensene og på område der landsdelen har naturgjevne fortrinn. Målet er å byggje felles kunnskap mellom universitets-, høgskule- og forskingsmiljø innan reiseliv og arktisk teknologi, auke relevansen av forskinga for næringslivet og gjere noko med avstandsulempene mellom kunnskapsmiljøa. Satsinga er ein del av neste steg i regjeringa sin nordområdestrategi.

Denne satsinga kjem i tillegg til dei ordinære løyvingane til sektoren og eigeninnsatsen frå institusjonane. Dei regionale forskingsfonda som vert oppretta frå 2010 vil også vere viktige for å styrkje forsking som er relevant for nærings- og samfunnslivet i landsdelen.

Søkinga til fleire av høgskulane i landsdelen er låg. Tiltak for å stimulere fagmiljøa i nord er viktig for å rekruttere og halde på både gode fagfolk og studentar. Kunnskapsdepartementet følgjer dette opp, mellom anna gjennom dialog om ulike prosessar for samarbeid og samordning mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Nord-Noreg. Slike prosessar har som mål å styrkje fagmiljøa og fremje ei dynamisk utvikling av kunnskapsmiljøa i nord. Sjå elles nærare omtale av kvalitet og tilgang på utdanning i kapittel 5.7.

For å styrkje den høgare utdanninga, relevansen av utdanninga for næringslivet og koplinga mellom forsking, utdanning og nærings- og samfunnslivet ønskjer Kunnskapsdepartementet å etablere ein prosess for sterkare samordning og samarbeid mellom dei høgare utdanningsinstitusjonane i landsdelen. Målet for dette er mellom anna

  • utvikling av forskarskular

  • stipendiatstillingar innan prioriterte fagområde

  • etablering av felles gradar på ulike nivå

  • utvikling av nye studietilbod i relevante fag

  • utvikling av spisskompetanse og doktorgradsstudium

Det er stort fråfall frå vidaregåande opplæring i Nord-Noreg, særleg på yrkesfaglege studieretningar. Dette kan skape vanskar for kvar enkelt i arbeidslivet, men det svekkjer i tillegg tilgangen på relevant arbeidskraft og kompetanse i landsdelen. Fylkeskommunane har eit stort ansvar for å finne tiltak som motverkar fråfall. Fråfall i vidaregåande opplæring er elles tema i ei eiga kompetansemelding frå regjeringa, sjå nærare omtale i kapittel 5.7.

6.1.5 Internasjonalt samarbeid i nord

Folk-til-folk-samarbeidet i nord er viktig for å styrkje grunnlaget for økonomisk og sosial utvikling i Nord-Noreg, og ein viktig del av nordområdepolitikken til regjeringa. Ei rekkje departement deltek i Barentssamarbeidet, som er koordinert av Utanriksdepartementet på nasjonalt nivå og av dei tre nord-norske fylkeskommunane på regionalt nivå. Fylkeskommunane eig også Barentssekretariatet. Drifta av Barentssekretariatet er finansiert av Utanriksdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Utanriksdepartementet finansierer også prosjektmidlane som Barentssekretariatet nyttar. Barentssekretariatet har aktive kontaktar med aktørane i Nordvest-Russland. Staben har utvikla god kompetanse på aktuelle tema, og har eit stort nettverk i regionen. Barentssekretariatet har i løpet av 15 år støtta om lag 3000 prosjekt mellom Noreg og Nordvest-Russland.

Regjeringa vil medverke til å vidareutvikle Barentssekretariatet og Barentsinstituttet som ein del av vidareføringa av Barentssamarbeidet, jf. Nye byggesteiner i nord . Også regionale statsetatar kan stø det grenseregionale samarbeidet på ein god måte gjennom utveksling av erfaringar og kompetanse med styresmakter i Nordvest-Russland.

Fylkeskommunane i Nord-Noreg deltek også i EU sitt Interregprogram og Naboskapsprogrammet ENPI mot Russland.

Gjennom arbeidet med Nordlige Maritime Korridor (NMK) er det etablert nettverk mellom representantar for regionale styresmakter og næringsliv i Nord-Noreg og i Nordvest-Russland. Målet med samarbeidet er å styrkje sjøtransporten og leggje til rette for næringsutvikling knytt til hamnene langs kysten. NMK har direkte kontakt med prosjektet Den nordlige sjørute gjennom medlemskap i The Non-Commersial Partnership for Northern Sea Route.

Den auka skipstrafikken i området kan gje positive ringverknader på norsk side gjennom behov for hamne- og servicetenester. Det er viktig at kommunar og ansvarlege for hamner og hamneutbygging på norsk side legg til rette for dette, både gjennom samarbeid seg imellom og ved sikring av areal for vidare utvikling av hamnene.

Særskilde reglar for arbeidsinnvandring frå Russland

I Finnmark og andre delar av Nord-Noreg har det vore eit ønske om lettare flyt av arbeidskraft over landegrensene mot Russland, mellom anna på grunn av mangel på arbeidskraft i delar av næringslivet på norsk side.

I St.meld. nr. 18 (2007–2008) Om arbeidsinnvandring har regjeringa som eit sentralt mål å leggje til rette for god mobilitet av arbeidskraft i nordområda. Sidan alle nabolanda våre med unntak av Russland er omfatta av den nordiske arbeidsmarknaden og EØS/EFTA-arbeidsmarknaden, er det særleg aktuelt å vurdere tiltak som kan stimulere mobiliteten mellom Nord-Noreg og Nordvest-Russland.

Fleire tiltak er viktige i denne samanhengen. Det gjeld mellom anna tidsavgrensa arbeidsløyve til russarar frå Barentsregionen, utan krav til kompetanse og med løyve til å kunne arbeide i alle næringar i dei tre nordlege fylka. Dette vart innført i desember 2008. Det gjeld også forslaget om løyve til deltidsarbeid for grensependlarar frå Russland. Dette er sendt ut på høyring med høyringsfrist 1. april 2009. Vidare er det gjort tiltak for å lette reiseverksemda og grensepasseringa gjennom endringar i visumpraksisen for søkjarar som er busette i Murmansk og Arkangehlsk. Vidare arbeider ein med tiltak for forenkla grensepassering i form av ei bilateral avtale med Russland om grensebuarbevis.

6.2 Politikk for fjellområda

Utfordringar:

  • Utnytte ressursane i fjellområda til verdiskaping og næringsutvikling på ein måte som sikrar at dei store naturverdiane og kulturminna i fjellområda vert tekne vare på

Innsats:

  • Skape samarbeid mellom lokale, regionale og statlege styresmakter som byggjer opp under ei heilskapleg utvikling i fjellområda

  • Leggje til rette for ein lokalt og regionalt tilpassa politikk for å kunne utnytte fortrinn og moglegheiter i fjellområda

6.2.1 Utfordringar og moglegheiter

Norske fjellområde har både særskilde utfordringar og store moglegheiter. Eit særpreg ved fjellområda er at ein relativt stor del av arbeidskrafta er og har vore sysselsett i landbruket og landbruksrelatert verksemd, samstundes som vekstvilkåra for landbruk er svakare enn i låglandet. Eit anna særpreg i fjellområda er at dei har store og særskilde verdiar knytte til natur- og kulturlandskap. Derfor er store område verna eller bandlagde på andre måtar ut frå nasjonale og internasjonale naturvernomsyn. Eit tredje særpreg i mange fjellområde er bruken av områda til rekreasjon, ofte med eit stort innslag av hytter.

Som andre distriktsområde er fjellkommunar i tillegg prega av lange avstandar til større senter, få kompetansearbeidsplassar i nye vekstnæringar, utfordringar i å sikre lokale tenestetilbod og nedgang i folketalet som følgje av aldrande folkesetnad og netto utflytting. Storleiken på og endringar i folketalet varierer ein god del mellom ulike kommunar og arbeidsmarknadsregionar i fjellområda. Nokre er svært små og har store utfordringar med nedgang i folketalet, medan andre stader inngår fleire kommunar i større arbeidsmarknadsregionar. Dette er variasjonar vi finn i andre delar av Distrikts-Noreg også.

Ressursane i fjellområda har vore utnytta gjennom generasjonar. Særprega for mange av fjellområda er småskala landbruk og store naturområde med spesielle ressursar, verdiar og kultur som er viktige for landet. Koplinga mellom tilgang på store og unike naturområde, utnytting av lokale ressursar og tradisjonar og særprega kulturlandskap gjev også store moglegheiter for framtidig aktivitet og næringsutvikling. Det er store marknader både nasjonalt og internasjonalt på desse områda. Moglegheitene for og presset på å utnytte desse ressursane er størst i område med rimeleg nærleik til storbykonsentrasjonar, noko som særleg kjem til syne på delar av det indre Austlandet.

Utnyttinga av ressursane i fjellområda må skje på ein måte som sikrar at dei store naturverdiane og kulturminna i fjellområda vert tekne vare på, både ut frå nasjonale interesser og fordi dei nettopp utgjer viktige delar av dei særlege fortrinna i fjellområda.

Fortrinna til fjellområda gjer dei også attraktive som buområde for folk som ønskjer eit alternativ til bylivet. Arbeidsmarknadane i desse områda vil alltid vere smalare enn i større byområde, men kvaliteten som buområde vil vere ein «konkurransefordel», som i andre distriktsområde. Dette gjeld både for folk som tek med seg sitt eige arbeid, og for folk med arbeidskraft det er mangel på lokalt. I tillegg gjev auken i unge pensjonistar eit potensial for tilflytting til desse områda, særleg mellom dei som har tilknyting gjennom fritidsbustad eller familie.

Lokal innsats for å gjere stadene og lokalsamfunna attraktive vert derfor særleg viktig. Det gjeld til dømes tilgang på attraktive tomter, opprusting av sentrumsområde og møtestader, opning for alternative buformer, bruk av landbrukseigedommar til bustad og gode lokale tenestetilbod. Sjå også boks 6.3.

Fjellregionsamarbeidet har vore aktivt i å synleggjere utfordringar og moglegheiter i fjellområda, jf. boks 6.4. Representantar frå samarbeidet gav eit innspel til distrikts- og regionalmeldinga i slutten av januar 2009, med ei rekkje forslag og utfordringar til lokale, regionale og nasjonale styresmakter. Dei fleste er omtalte nedanfor eller andre stader i denne meldinga. Departementet vil i samarbeid med andre departementet kome tilbake til Fjellregionsamarbeidet med ei vurdering av handsaming av dei andre delane av innspelet.

Boks 6.3 Moderne buløysingar på bygda

Blilyst, eit utviklingsprogram for 10 kommunar i Midt- Noreg, har arrangert arkitektkonkurransen «Moderne boløsninger på bygda». Vinnaren vart Lerche arkitekter med forslaget «Knekke koden». Forslaget byggjer på studiar av tradisjonell trøndersk busetjingskultur og trønderske gardsanlegg, både når det gjeld plassering av bygningar, terreng, klima og type verksemd. Eit av hovudgrepa er å regulere på andre måtar enn det som har vore vanleg i norske bygdekommunar dei siste 60 åra. Med inspirasjon frå bygdetunet har arkitektane sett på løysingar der ulike formål som heilårsbustader, fritidsbustader og småskala næring er blanda og ikkje sektordelt. Konseptet har stor grad av fleksibilitet i høve til ønske som dukkar opp etter at bustadområdet er etablert. I forslaget er det lagt vekt på minst mogleg terrenginngrep. Natur og god plass til ulike aktivitetar er viktig. Det er også lagt opp til felles sosiale soner som kan fremje eit tett fellesskap.

Bliyst har vidareført dette prosjektet på tre ulike stader i Blilyst-området: Røros, Selbu og Rennebu. Dei sju andre kommunane i Blilyst-området er Os, Tydal, Holtålen, Midtre- Gauldal, Oppdal, Rindal og Meldal. Ambisjonane med Blilyst-programmet er å vitalisere regionen slik at fleire vil og kan arbeide og bu i kommunane.

6.2.2 Offentlege tiltak og politikk som er viktig for fjellområda

Lokale og regionale styresmakter har eit særleg ansvar for å fremje lokal samfunnsutvikling i samarbeid med lokale næringsaktørar og entreprenørar, eldsjeler og frivillige lag og organisasjonar. Det gjeld både for næringsutvikling basert på lokale ressursar og utvikling av ulike sider ved lokalsamfunna som gjer dei attraktive for busetjing. Det er viktig å vidareutvikle kunnskap og gode modellar for samarbeid og lokal utvikling ut frå dei særlege føresetnadene i fjellområda.

Regionale og nasjonale styresmakter har ei rekkje verkemiddel, tiltak og verktøy som skal stø opp under lokale initiativ. I kapittel 3 i denne meldinga vert behovet for utvikling av attraktive lokalsamfunn for tilflytting og lokalisering av verksemder understreka. Kapitlet tek opp korleis regionale og nasjonale styresmakter kan stø opp om dette. Kompetansesenteret for distriktsutvikling vil også etter kvart få ei viktig rolle i å formidle gode erfaringar med lokalt utviklingsarbeid. I kapittel 7 vert utviklinga av den næringsretta distrikts- og regionalpolitiske innsatsen drøfta, med vekt på entreprenørskap og nyskaping.

Fylkeskommunane har eit særleg ansvar for å sikre eit godt regionalt samarbeid om regional utvikling. Fylkeskommunane får kvart år tildelt midlar til regional utvikling som mellom anna skal gå til lokal næringsutvikling og utvikling av lokalsamfunn i distriktsområda, basert på lokale behov og ønske. I fjellområda er det særleg viktig med eit godt samarbeid mellom kommunane, fylkeskommunen og fylkesmannen. Fylkesmannen forvaltar bygdeutviklingsmidlane og har ansvar innanfor både naturvern og landbruk. Både fylkeskommunen og fylkesmannen gjev midlar til Innovasjon Noreg for innovasjonsretta bedriftsutvikling i fylka.

Dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane og dei kommunale og regionale miljøverkemidla på landbruksområdet gjev godt handlingsrom for utforming av lokale og regionale strategiar og tiltak som er tilpassa utfordringane og moglegheitene lokalt. Sidan 2003 har to regionråd, i Valdres og i Nord-Gudbrandsdalen, vore med i ei forsøksordning der dei har hatt ansvaret for å forvalte BU-midlane i sine område. Det gjeld både dei midlane som går til utgreiings- og tilretteleggingstiltak og dei midlane som går til bedriftsretta utviklingstiltak. Dei to forsøka vart hausten 2007 forlengde med to år, slik forsøkslova gjev heimel til. Med heimel i forskrifta for BU-midla er det opna for at ordninga kan fortsette i eit år til frå 2010.

Boks 6.4 Fjellregionsamarbeidet

Fjellregionsamarbeidet er sett saman av fylkeskommunane Oppland, Hedmark, Buskerud, Telemark og Sogn og Fjordane, regionråda for Hallingdal, Valdres, Nord-Gudbrandsdal og Fjellregionen i Hedmark/Sør-Trøndelag, og dessutan kommunane Tinn, Vinje og Rollag. Samarbeidet presenterer seg som «Fjellbygdenes talerør» som skal medverke til ein heilskapleg politikk for fjellregionane med utgangspunkt i moglegheiter og fortrinn. Fjellregionsamarbeidet har vore aktivt i fleire år, og stod mellom anna bak ein fjellkonferanse på Lillehammer i desember 2008 med stort oppmøte frå fjellområda og frå nasjonale styresmakter.

I innspelet til arbeidet med distrikts- og regionalmeldinga peiker Fjellregionsamarbeidet på at dei har ei offensiv haldning til å skape ei positiv utvikling på grunnlag av lokale fortrinn. Dei legg vekt på at dette kan utløysast om regionane i større grad får ta ansvar for eiga utvikling. Dei peiker på behovet for ein meir differensiert verkemiddelpolitikk for å møte utfordringar i fjellbygdene. Det gjeld mellom anna utfordringar knytte til utvikling av fleirfunksjonelt landbruk og spørsmål om forvaltning og utvikling av dei store naturområda i fjellregionane.

Satsingar som er viktige for fjellområda

Regjeringa er oppteken av korleis ressursane i fjellbygdene best mogleg kan gje grunnlag for vekst og utvikling. Mange nasjonale verdiskapingsprogram, strategiar og handlingsplanar treffer dei særskilde fortrinna i fjellområda godt. Den nasjonale reiselivsstrategien og Handlingsplan for kultur og næring inneheld til dømes satsingar som er sentrale for fjellområda.

Det nye verdiskapingsprogrammet for naturarven treffer særleg fjellområda godt. For 2009 er det sett av til saman 10 millionar kroner til programmet over budsjetta til Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Midlane skal gå til lokale og regionale utviklingsprosjekt som skal stimulere til verdiskaping knytt til viktige naturområde rundt om i landet. Programmet skal også gje grunnlag for eit betre samarbeid om planlegging og forvaltning innanfor og utanfor verneområda, og for at naturarven vert teken vare på. Sjå nærare omtale i kapittel 5.10. Der er også rammene for utpeikinga av nasjonalparkkommunar og nasjonalparklandsbyar omtalte. Dette skal gje grunnlag for ei betre og berekraftig utnytting av ressursane knytte til verneområde.

Andre nasjonale verdiskapingsprogram og satsingar som er relevante for fjellområda, er knytte til grønt reiseliv, innlandsfisk, matspesialitetar, verna nemningar, utmarksbaserte næringar som jakt, vilt og fisketurisme, reindrift, bioenergi, småkraft, satsinga på økologisk landbruk og verdiskapingsprogrammet for kulturminne. Dei er omtalt i kapittel 7.6. Eit anna døme på initiativ som er viktige for fjellområda, er utvikling av samarbeid mellom eigarar av fiske- og jaktrettar for å profesjonalisere drifta av utmarka både miljøfagleg og i næringssamanheng. Det finst også døme på initiativ for bruk av ressursane i fjellområda på andre måtar, som ideen om klimapark ved Juvasshytta i Lom kommune, jf. boks 6.5.

Boks 6.5 Forprosjekt om klimapark ved Juvasshytta

Fylkeskommunen i Oppland har løyvd 300 000 kroner til eit forprosjekt som skal vurdere om det er mogleg å nytte området ved Juvasshytta og Galdhøpiggen til å formidle kunnskap om klimaendringar og globale klimautfordringar. Dette er eit av få område i Sør-Noreg som har arktisk preg. I området rundt Juvasshytta finst det spor etter forfedrane våre for perioden år 400 til år 700. Desse spora kjem fram igjen når breane smeltar og trekkjer seg tilbake.

Særleg i koplinga mellom mat, kultur og reiseliv er det mange interessante moglegheiter. Det finst fleire døme på dette, frå restaurant- og overnattingstilbod basert på lokale råvarer til gardsutsal av heimelaga nisjemat. Seterlandet Sunndal er eitt av desse, jf. boks 6.6. Prosjektet inngår i Landbruks- og matdepartementet si satsing for å oppretthalde setermiljøa i fjellområda. Seterdrift er ein viktig del av kulturarven, og seterlandskapet har mange unike miljøeigenskapar. I forslaget til endringar i forskrifta om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane der Statskog er grunneigar, er det òg lagt til rette for variert landbruksbasert aktivitet og utnytting av utmarksressursane i dei fjellområda som er statsallmenningar. Forskrifta vert fastsett i 2009 med heimel i fjellova. I kapittel 7.5 er òg forprosjektet for inkubator relatert til mat, natur og reiseliv i Nord-Gudbrandsdalen omtalt.

Forsking og auka kunnskap er sentralt både for næringsutvikling og for forvaltning av naturressursane i fjellregionane i Noreg. Forskingsinstituttet Bioforsk skal vere ein aktiv aktør i dette, ved å vidareutvikle kompetansen i avdelinga ved Løken i Valdres i tråd med dei behov som gjer seg gjeldande i fjellbygdene og i forvaltninga av desse. Som eit ledd i dette vil Bioforsk nytte midlar til strategisk posisjoneringsarbeid og kompetanseutvikling i Løken.

Prosjektet «Nasjonale turistvegar» under Samferdselsdepartementet er også innretta på ein måte som treffer fleire fjellområde godt. Dei nasjonale turistvegane skal vere strekningar der det gode samspelet mellom vegen og det unike landskapet gjev ei ekstra oppleving for dei reisande. Av dei seks strekningane som per i dag har fått status som nasjonal turistveg, ligg tre i fjellområde. Sjå nærare omtale i kapittel 5.6.

Boks 6.6 Seterlandet Sunndal – døme på ei vellykka setersatsing

Landbruks- og matdepartementet har etablert eit seterprosjekt i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal over ein 5-årsperiode fram til 2011. Prosjektet skal fremje seterdrift som kulturberar, reiselivsprodukt og merkevare for å styrkje næringsgrunnlaget, sysselsetjinga og bumiljøet i dei aktuelle områda.

Seterlandet Sunndal er eit samarbeidsprosjekt mellom tre setrar i Sunndal kommune som får støtte til næringsutvikling med setra som utgangspunkt. Målet er å oppnå auka verdiskaping og inntening i tilknyting til seterbruka. Gjennom samarbeid skal dei utvikle produkt innanfor både mat og opplevingar. Dei har mellom anna utvikla eit felles designprogram, ei felles nettside og matsuvenirar av produkta som er laga på setra, og dei jobbar med opplevingstilbod. Dei vil også samhandle med anna næringsliv lokalt.

Nasjonal politikk på viktige område

Den nasjonale politikken for forvaltning av verneområda legg særleg viktige rammer for utviklinga i fjellområda. I åra framover er den sterke satsinga på utvikling av forvaltningsplanar og gjennomføring av skjøtselstiltak i verneområda viktige i den sammanhengen, jf. nærare omtale i kapittel 5.10.

Innretninga av den generelle landbruks- og matpolitikken og dei føringane som vert lagde gjennom dei årlege jordbruksoppgjera, har mykje å seie for utviklinga i fjellområda. Dei tre siste åra har regjeringa lagt meir vekt på distrikts- og strukturomsyn i jordbruksavtalen. Her har styrkinga av dei grovfôrkrevjande produksjonane med storfe og sau og prioriteringa av mjølkeproduksjonen vore særleg viktig for utviklinga av fjellandbruket. Frå 2009 har Landbruks- og matdepartementet etablert eit utviklingsprogram leia av Regionrådet for Fjellregionen på 2,3 millionar kroner årleg over 5 år. Hovudvekta i programmet er utvikling av småfenæringa, men og andre regionale produksjonar med potensial og særtrekk, og aktuelle forskings- og utviklingstiltak. I det komande jordbruksoppgjeret skal ytterlegare distrikts- og strukturomsyn vurderast nærare. Jordbruksavtalen påverkar også kulturlandskapet gjennom eit breitt spekter av verkemiddel som samstundes medverkar til næringsutvikling. Gjennom den vidare konkretiseringa av arbeidet med taktskifte for etablering av nye næringar i landbruket vil Landbruks- og matdepartementet også sjå nærare på korleis potensiala i fjellområda kan utnyttast betre, i samspel med andre næringar. Sjå også omtale av landbrukspolitikken i kapittel 5.4.

Fjellregionsamarbeidet peiker på behovet for finansiering av fellesgode for reiselivet. I reiselivsstrategien frå desember 2007 vart det peikt på at regjeringa ikkje ønskjer å etablere ein eigen lovheimel for kommunane om å krevje inn ein særskild skatt for finansiering av slike fellesgode. Det er mange prinsipielle og økonomiske motførestellingar mot slike ordningar. Men kommunane kan etablere frivillige ordningar eller også nytte eigedomsskatt for å finansiere fellesgode for reiselivet. Innovsjon Noreg har plukka ut fem 3-årige pilotprosjekt for å prøve ut ulike typar av frivillig fellegodefinansiering.

Innsats innanfor samferdsel, breiband og mobildekning er viktig for fjellområda, som har store avstandar til større senter og marknader. Dette er drøfta nærare i kapittel 5.6.

Tilgang på både vidaregåande og høgare utdanningstilbod er ei utfordring for mange av fjellområda, på line med andre distriktsområde med store avstandar til større senter. Kunnskapsdepartementet legg derfor vekt på at det må leggjast til rette for desentraliserte utdanningstilbod. Dette er nærare omtalt i kapittel 5.7.

6.2.3 Samordning av lokale og nasjonale interesser når det gjeld ressursar og verdiar i fjellområda

Fjell- og utmarksområda er og har i generasjonar vore ein stor ressurs for nyskaping og næringsverksemd for lokalsamfunna i fjellområda. Fjellet er dessutan viktig for rekreasjon og friluftsliv. Samstundes har fjellområda miljøverdiar som er heilt spesielle, ikkje minst fordi økosystema er sårbare og det tek lang tid å gjenopprette eventuelle skadar på dei. Dette gjev nokre særlege utfordringar for dei som bur i fjellregionane. Samstundes gjev fjella store moglegheiter for ei berekraftig verdiskaping ut frå dei naturgjevne fortrinna og ressursane.

Meir næringsbruk gjev behov for langsiktig og samordna arealplanlegging som trekkjer grenser for utbygging av fritidsbustader og reiseliv, vegar, ferdsel osv. Det er også naudsynt å sjå grensene for utbygging og ferdsel inn mot fjellet i ein større samanheng enn innanfor den enkelte kommunen. Det er vidare viktig å vurdere kva slags arealbruk og verksemd som bør skje i seterområde inn mot fjellet. Spørsmål knytte til vegar, brøyting, utfartsparkering, stigar og løyper krev også heilskapleg planlegging, ofte i eit interkommunalt og regionalt samarbeid. Regionale planar med sterk kommunal medverknad bør derfor avklare hovudtrekk i ressursutnyttinga og arealbruken. Plandelen i den nye plan- og bygningslova slår fast at lova skal fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar og gje grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar.

Regjeringa vil samstundes leggje til rette for betre samordning mellom verneområdeforvaltninga i fjellområda og forvaltning etter plan- og bygningslova, for å få ei heilskapleg arealforvaltning i fjellområda. Sjå elles boks 6.7 om samarbeid om vern og utvikling i Sogn og Fjordane.

Hytter og reiseliv er viktig for næringsutviklinga og byggjer på dei naturgjevne fortrinna som ligg i mange fjellkommunar. Rett plassering av tiltak som følgje av gode planprosessar kan gje rom for meir utbygging utan at konsekvensane for naturen/kulturverdiane og andre brukarinteresser aukar. Feil lokalisering vil gje negative ringverknader over større område enn naudsynt. Kommunal og regional planlegging er viktig for å løyse dei langsiktige utfordringane som er knytte til berekraftig bruk og utnytting av fjellområde til mellom anna hyttebygging. Samstundes er ofte grunneigarsamarbeid viktig for å få gode løysingar, jf. boks 6.8. Samvirkeløysingar kan vere aktuelle rammer for slikt samarbeid.

Det er eit nasjonalt mål at fritidsutbygging ikkje skal redusere store samanhengande naturområde og viktige naturverdiar, kulturmiljø og verdifulle landskap. Utbygging av fritidsbustader skal skje med vekt på omsynet til ressursbruk og estetikk. Prinsippa for berekraftig fritidsutbygging er konkretiserte i rettleiinga Planlegging av fritidsbebyggelse (Miljøverndepartementet 2005, T-1450). Miljøverndepartementet vil også leggje vekt på utvikling av gode plandøme i samband med iverksetjing av plandelen i plan- og bygningslova.

Villreinen – eit særleg ansvar for Noreg

Noreg er det einaste landet i Europa som har intakte høgfjellsøkosystem med villrein. Villreinen er derfor ein norsk ansvarsart. For å kunne ta vare på villreinen i framtida er det avgjerande at arten har leveområde av tilstrekkeleg storleik og kvalitet. Det å sikre leveområda til villreinen har derfor stått sentralt ved etableringa av fleire verneområde i fjellet. Planar etter plan- og bygningslova må supplere dette vernet for å få ei meir heilskapleg arealforvaltning, på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Miljøverndepartementet har bede fylkeskommunane om å utarbeide regionale planar for dei 10 viktigaste villreinområda. Planane skal sameine mål om lokal næringsutvikling med nasjonale mål og det internasjonale ansvaret Noreg har for å sikre villreinen.

Villreinen er ei forvaltningsutfordring, men òg ein ressurs og ei kjelde til glede for lokalsamfunn og besøkjande. I 2007 vart Norsk Villreinsenter etablert på Hjerkinn i Dovre og på Skinnarbu i Tinn. Dette er informasjons- og kompetansesentra som skal formidle kunnskap om villreinen. Dei vil òg kunne fungere som besøksattraksjonar i seg sjølve og ha verdi for reiselivet. På Skinnarbu legg ein no opp til ei villreinutstilling som kan verte eit attraktivt reisemål.

Boks 6.7 Vern og utvikling gjennom dialog

Verneplanprosessen for Breheimen/Mørkridsdalen starta opp rundt årsskiftet 2005/2006, og skal etter planen vere avslutta tidleg på hausten 2009. I Sogn og Fjordane vil planen påverke areal og arealbruk i indre del av Luster kommune, spesielt bygdene Jostedal, Luster og Skjolden/Fortun. Mykje areal er høgareliggjande areal over 1000 m.o.h., men planen vil også omfatte lågareliggjande beiteareal, seterområde m.m.

Arbeidet med verneprosessar og næringsutvikling kan skje side om side. Det krev positiv vilje og god kommunikasjon mellom alle partar. Planprosessane må involvere lokalsamfunnet, og deltakarane må kunne påverke retning og innhald. Hittil har næringsutviklingsprosessen resultert i ti nærings- og lokalsamfunnsprosjekt. Dei fleste er naturbaserte aktivitetstiltak som utnyttar naturen og lokalmiljøet til kommersiell aktivitet.

Boks 6.8 Grunneigarar saman om gigantområde

Åtte grunneigarar i Oppdal har gått saman og danna Kinnpiken Utvikling BA, som eit resultat av godt samarbeid mellom grunneigarar, Oppdal kommune og fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Samarbeidet omfattar heile 2700 dekar nord for Oppdal sentrum, frå E6 i dalbotnen og til fjellet. Grunneigarane starta med mål om å etablere grunneigarsamarbeid i utmarksteigane under gardane. For å sikre framtidig god arealforvaltning og gode miljøløysingar vart samarbeidet utvida til også å omfatte innmark, inkludert dyrka jord og gardshusa.

Grunneigarsamarbeid gjev mellom anna grunnlag for betre arealutnytting ved at ein kan arbeide på tvers av eigedomsgrensene. Det gjev dessutan reduserte kostnader og auka inntening til den enkelte ved at ein samarbeider om infrastruktur. Ein får også større økonomiske «musklar» til å gjere større investeringar. Arealet som inngår i selskapet, skal nyttast til utbyggings- og forretningsformål for ferie- og fritidsmarknaden og til bustadformål.

Til forsida av dokumentet