St.meld. nr. 3 (2004-2005)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004.

Denne meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap, som syner staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital, rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter og oppgåve over aksjar.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførde tal. Det vert òg lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. Avvik mellom hovudtala i budsjett og rekneskap vert nærare kommentert i avsnitt 1.4. I kapittel 2 er det eit oversyn over inntektene og utgiftene. I kapittel 3 er det gjeve nærare omtale av departementa sine område. I kapittel 4 er staten sin balanse og finanspostar omtala, medan det i kapittel 5 vert gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2004 er 746,4 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, medan utgiftene er 622,2 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var 203,4 mrd. kroner fordelt med 222,1 mrd. kroner i inntekter og 18,7 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene vart overførte til Statens petroleumsfond. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar var på 524,3 mrd. kroner, medan utgiftene var på 603,6 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 79,2 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2004 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 80,7 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen for 2004 vert dermed gjort opp med eit overskot på 1,5 mrd. kroner. Overskotet på 1,5 mrd. kroner kjem av reduserte utgifter på 0,5 mrd. kroner og auka inntekter på 0,9 mrd. kroner i samanlikna med nysaldert budsjett 2004.

I denne meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen, syner rekneskapen for Petroleumsfondet 33,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens petroleumsfond vart dermed 155,9 mrd. kroner i 2004. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 157,4 mrd. kroner i 2004. Ved utgangen av 2004 var den bokførte verdien av Statens petroleumsfond 1 011,5 mrd. kroner.

1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens petroleumsfond. Budsjettpolitikken må medverke til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene er å sørgje for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gir, kan brukast til å stimulere produksjon og sysselsetting i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det være naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter kan målast ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Ved utrekning av det strukturelle underskotet vert det teke omsyn til at delar av statsinntektene og -utgiftene endrar seg med konjunkturane, og til endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein gradvis og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi om lag i takt med venta avkastning på Statens petroleumsfond. For å unngå ein budsjettpolitikk som medverkar til å gjere den økonomiske utviklinga ustabil, er bruken av petroleumsinntekter knytt til utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje til utviklinga i det (faktiske) oljekorrigerte budsjettunderskotet.

Det oljekorrigerte budsjettunderskotet avheng ikkje berre av budsjettpolitikken, men òg av konjunktursituasjonen. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke ved eit konjunkturtilbakeslag, medan det vil falle i ein konjunkturoppgang. Dersom ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i avkastninga av Petroleumsfondet, måtte ein stramme til politikken i ei nedgangstid, medan ein kunne senke skattane eller auke utgiftene ekstra i ei oppgangstid. Ein slik politikk ville vere etterspørselsstimulerande i gode tider og etterspørselsdempande i dårlege. Når ein bruker budsjettpolitikken til å styre utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk politikk.

For å kome frå det oljekorrigerte til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein følgjande korreksjonar:

  • For å reinse den oljekorrigerte budsjettbalansen for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, reknar ein budsjettverknadene av at skattegrunnlaga ikkje er like med trendnivåa sine. Vidare tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause avheng av konjunktursituasjonen.

  • Overføringane frå Noregs Bank og staten sine netto renteinntekter kan variere mykje frå eitt år til eit anna utan at dette har noko motstykke i svingingar i aktivitetsnivået i Noreg. Ved utrekning av den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen korrigerer ein derfor for skilnaden mellom normalnivåa for desse storleikane og dei verkelege overførings- og rentestraumane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar aktiviteten i økonomien.

Mange andre land nyttar òg utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for vurderingar av budsjettpolitikken. I tråd med dette kunngjer OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane er meir summariske enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta. Det metodiske grunnlaget er likevel svært likt det ein nyttar ved dei norske utrekningane.

I statsbudsjettet for 2004, som vart vedteke av Stortinget hausten 2003, var det strukturelle, oljekorrigerte underskotet rekna til 50,7 mrd. kroner. Det oljekorrigerte underskotet var knapt 67,8 mrd. kroner.

Endringane i statsbudsjettet som det vart gjort framlegg om i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004, innebar at overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka med 0,3 mrd. kroner, til 68 mrd. kroner. Samstundes vart tala for dei strukturelle nivåa på skattar, avgifter, dagpengar og renter samla sett justerte ned med om lag 4½ mrd. kroner. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart etter dette rekna til 55,2 mrd. kroner.

I nysaldert budsjett for 2004, som vart lagt fram 26. november 2004, vart det oljekorrigerte budsjettunderskotet rekna til 80,7 mrd. kroner. Samanlikna med revidert budsjett, vart utgiftene utanom oljeverksemda auka med 2,2 mrd. kroner, medan inntektene vart sette ned med 10,4 mrd. kroner. Tala for skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart reduserte med 9,5 mrd. kroner, mykje som følgje av uventa låge etterskotsskattar.

Rekneskapstala for 2004 syner at det oljekorrigerte underskotet vart 79,2 mrd. kroner, dvs. om lag 1,5 mrd. kroner lågare enn overslaget i nysaldert budsjett. Nye utrekningar basert på rekneskapstala for 2004 syner nå eit strukturelt underskot i 2004 på om lag 58,8 mrd. kroner, jf. tabell 1.1. Forventa avkastning av Statens petroleumsfond for 2004 er rekna til 33,9 mrd. kroner.

Samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett 2004 er det strukturelle underskotet auka med om lag 4 mrd. kroner, i stor grad som følgje av at inntektene frå skattar og avgifter vart lågare enn tidlegare lagt til grunn. I Gul bok 2004 var overslaget for den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet 2 prosent, medan overslaget i Revidert nasjonalbudsjett 2004 var 2 ¼ prosent og 2 ¾ prosent i Nysalderingsproposisjonen.

Tabell 1.1 Den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen (tal i mill. kroner)

  2004
Oljekorrigert overskot på statsbudsjettet -79 246
- Overføringar frå Noregs Bank ut over utrekna trendnivå - 4 878
- Netto renteinntekter frå Noregs Bank og utlandet utover utrekna trendnivå - 5 490
- Særskilte rekneskapstilhøve - 654
- Aktivitetskorreksjonar -9 471
= Strukturelt budsjettoverskot - 58 753

Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet frå 2003 til 2004 er i rekneskapen rekna til 2 prosent. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten var 5,2 prosent.

Budsjettutviklinga gjennom 2004 er omtalt i St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004, St.meld. nr. 2 (2003-2004) Revidert nasjonalbudsjett 2004, St.prp. nr. 1 (2004-2005) Statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, St.meld. nr. 1 (2004-2005) Nasjonalbudsjettet 2005 og St.prp. nr. 31 (2004-2005) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004.

Tabell 1.2 og 1.3 syner hovudtala i dei formelle rekneskapa for 2003 og 2004.

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond auka med 24,1 mrd. kroner frå 133,3 mrd. kroner i 2003 til 157,4 mrd. kroner i 2004. Endringa i overskotet kjem fram slik:

  • Underskotet i statsbudsjettet utan petroleum auka med 13,0 mrd. kroner, frå 66,2 mrd. kroner til 79,2 mrd. kroner som følgje av 15,4 mrd. kroner i auka inntekter og 28,5 mrd. kroner i auka utgifter.

  • Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda auka med 29,7 mrd. kroner, frå 173,7 mrd. kroner til 203,4 mrd. kroner.

  • Statens petroleumsfond sine renteinntekter og utbyte auka med 7,5 mrd. kroner.

Tabell 1.2 Inntekter og utgifter utan lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond (tal i mill. kroner)

  Rekneskap 2003 Rekneskap 2004
1. Statsbudsjettet
A Inntekter i alt 700 194 746 408
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd 191 227 222 068
A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter 508 968 524 341
B Utgifter i alt 592 681 622 247
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd 17 564 18 661
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemd 575 117 603 587
Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot (A.2-B.2) -66 150 -79 246
+ Overført frå Statens petroleumsfond 62 844 80 727
= Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar -3 306 1 481
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, vert overført til Statens petroleumsfond (A.1-B.1) 173 663 203 407
- Overført til statsbudsjettet 62 844 80 727
+ Renteinntekter og utbyte i fondet 25 768 33 255
= Overskot i Statens petroleumsfond 136 586 155 935
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla
Overskot 133 280 157 417

Lånebehovet auka med 22,7 mrd. kroner, frå 16,3 mrd. kroner i 2003 til 39,1 mrd. kroner i 2004. Auka i lånebehovet har samanheng med at gjeldsavdraga frå 2003 til 2004 auka med 42,7 mrd. kroner. Endringa i gjeldsavdrag er knytt til forfallsstrukturen på innanlandske statslån.

Tabell 1.3 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov (tal i mill. kroner)

  Rekneskap 2003 Rekneskap 2004
Lånetransaksjonar utan petroleumsverksemda
Utlån, aksjeteikning m.v. 77 100 78 304
- Tilbakebetalingar 68 874 85 296
- Statsbudsjettet sitt overskot -3 306 1 481
= Netto finansieringsbehov 11 531 -8 472
+ Gjeldsavdrag 4 804 47 541
= Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov 16 336 39 069
Nettofinanstransaksjonar knytta til petroleumsverksemda
Sal av aksjar i Statoil ASA 0 9 859
- Utlån, aksjeteikning m.v. 0 0
= Netto finanstransaksjonar knytta til petroleumsverksemda vert overført til Statens petroleumsfond 0 9 859

1.3 Endringar i løyvingane fram til nysaldert budsjett

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjennom 2004, medan tabell 1.5 syner utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.

I 2004 er inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar auka med 54,0 mrd. kroner, frå 698,1 mrd. kroner i saldert budsjett til 752,1 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar auka med 2,2 mrd. kroner, frå 622,4 mrd. kroner i saldert budsjett til 624,6 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.

Nysaldert budsjett synte eit oljekorrigert underskot på 80,7 mrd. kroner, som var 13,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Inntektene, utan inntekter frå petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 523,3 mrd. kroner, som er 10,2 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Dette kan forklarast med at skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 8,8 mrd. kroner, og renteinntektene vart redusert med 2,6 mrd. kroner. Andre inntekter auka med 1,1 mrd. kroner netto. Utgiftene, utan utgifter til petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 604,1 mrd. kroner i nysaldert budsjett, som er ein auke på 2,8 mrd. kroner frå saldert budsjett. Bak dette talet ligg mange auka utgiftsløyvingar og reduserte utgiftsløyvingar av ulik storleik. Mellom anna auka rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane med 2,2 mrd. kroner frå saldert til nysaldert budsjett.

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett auka inntektene frå petroleumsverksemda med 64,2 mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda vart redusert med 0,6 mrd. kroner. Netto inntekter frå petroleumsverksemda auka dermed med 64,8 mrd. kroner, frå 143,5 mrd. kroner til 208,3 mrd. kroner. Overskotet i Statens petroleumsfond vart isolert sett redusert med 13,0 mrd. kroner sidan overføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet auka med 13,0 mrd. kroner, frå 67,8 mrd. kroner i saldert budsjett til 80,7 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond auka med 4,5 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring av balansen for Petroleumsfondet på 56,3 mrd. kroner.

Eit samla oversyn over dei endra løyvingane gjennom 2004 er gjeve i St.prp. nr. 31 (2004-2005) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004 og Inst. S. nr. 75 (2004-2005) Innstilling fra finanskomiteen om ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utan lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond 2004 (tal i mill. kroner)

       
  Saldert budsjett Nysaldert budsjett Rekneskap
1. Statsbudsjettet
A Inntekter i alt 698 133 752 143 746 408
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd 164 533 228 742 222 068
A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter 533 600 523 401 524 341
B Utgifter i alt 622 412 624 581 622 247
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd 21 060 20 453 18 661
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemd 601 352 604 128 603 587
Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot (A.2-B.2) -67 752 -80 727 -79 246
+ Overført frå Statens petroleumsfond 67 752 80 727 80 727
= Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar 0 0 1 481
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, vert overført til Statens petroleumsfond (A.1-B.1) 143 473 208 289 203 407
- Overført til statsbudsjettet 67 752 80 727 80 727
+ Renteinntekter og utbyte i fondet 30 200 34 700 33 255
= Overskot i Statens petroleumsfond 105 921 162 262 155 935
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla
Overskot 105 921 162 262 157 417

Tabell 1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2004 (tal i mill. kroner)

  Saldert budsjett Nysaldert budsjett Rekneskap
Lånetransaksjonar utan petroleumsverksemda
Utlån, aksjeteikning m.v. 64 135 80 335 78 304
- Tilbakebetalingar 48 844 83 611 85 296
- Statsbudsjettet sitt overskot 0 0 1 481
= Netto finansieringsbehov 15 291 -3 276 -8 473
+ Gjeldsavdrag 42 993 47 539 47 541
= Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov 58 284 44 263 39 069
Nettofinanstransaksjonar knytta til petroleumsverksemda
Sal av aksjar i Statoil ASA 0 9 859 9 859
- Utlån, aksjeteikning m.v. 0 0 0
= Netto finanstransaksjonar knytta til petroleumsverksemda overført til Statens petroleumsfond 0 9 859 9 859

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen for 2004 samanlikna med nysalderinga av budsjettet

I statsrekneskapen for 2004 er det oljekorrigerte underskotet 1,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga, jfr. tabell 1.4. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett slik at det skulle dekkje det oljekorrigerte underskotet som ein då la til grunn. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2004 gjort opp med eit overskot på 1,5 mrd. kroner. Endringa på 1,5 mrd. kroner i forhold til nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Inntektene utan petroleumsinntekter auka med 0,9 mrd. kroner, frå 523,4 mrd. kroner til 524,3 mrd. kroner.

  • Utgiftene utan petroleumsinntekter vart reduserte med 0,5 mrd. kroner, frå 604,1 mrd. kroner til 603,6 mrd. kroner.

Med i desse tala er auka inntekter og utgifter på 1,6 mrd. kroner frå standard refusjonar som ikkje vert budsjetterte med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeidsmarknadsetaten og folketrygda for statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom.

Under følgjer ei nærare omtale av endringane i inntekter og utgifter.

Endra inntekter

Tabellen syner endringar i inntekt utan lånetransaksjonar og petroleumsinntekter i forhold til nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg -2 879
+ Renter og aksjeutbyte 188
+ Andre inntekter 2 036
= Meirinntekter før standard refusjonar -655
+ Meirinntekter frå standard refusjonar 1 595
= Samla meirinntekter 940

Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar for sjukepengar o.a., vart samla sett 0,7 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 2,9 mrd. kroner, medan renteinntekter og aksjeutbyte auka med 0,2 mrd. kroner. Andre inntekter auka med 2,0 mrd. kroner. Rekneskapen syner meirinntekter for departementa, noko som har samanheng med vedtekne meirinntektsfullmaktar på fleire budsjettpostar. Mellom anna vart inntektene til politi- og lensmannsetaten høgare enn budsjettert med for 2004. Nokre departement har òg høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Utover dette omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for ei rekkje gebyr, sals- og leigeinntekter o.a. Standard refusjonar som gjev meirinntekter vart 1,6 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett. Samla meirinntekter vart dermed 0,9 mrd. kroner.

Endra utgifter

Tabellen syner endringar i utgiftene utan lånetransaksjonar og petroleumsutgifter i forhold til nysaldert budsjett. Hovudkomponentane er (tal i mill. kroner):

Renteutgifter -1 161
+ Stønader under folketrygda -2 292
+ Kompensasjon for meirverdiavgift til kommunane, ny ordning -1 065
+ Netto overføring i 2004 - 63
+ Andre utgifter 2445
= Meirutgifter utan standard refusjonar -2 136
+ Standard refusjonar 1 595
= Samla meirutgifter -541

Når ein ser bort frå auka utgifter som følgje av auka inntekter frå standard refusjonar, syner rekneskapen knapt 2,1 mrd. kroner lågare utgifter enn lagt til grunn i overslag på rekneskapen ved nysaldert budsjett. Fleire forhold medverkar til lågare utgifter enn budsjettert. Utgiftene til stønader under folketrygda vart 2,3 mrd. kroner lågare, mellom anna til sjukepengar, medisinsk rehabilitering og uførskap. Vidare vart renteutgiftene 1,2 mrd. kroner lågare.

Utbetalt kompensasjon for meirverdiavgift til kommunane i 2004 vart 1,1 mrd. kroner mindre enn budsjettert. Refusjonskrava for meirverdiavgift i statsrekneskapet for 2004 er for 5 av i alt 6 terminar. Momsrefusjonen for siste termin i 2004, som vert utbetalt i 2005, auka kraftig, noko som inneber at dei samla refusjonskrava for aktiviteten i 2004 vart om lag det same som trekket i kommunane sitt rammetilskot.

På nokre områder auka utgiftene i forhold til nysaldert budsjett. Mellom anna vart netto meirutgifter til Hæren og Forsvaret sin logistikkorganisasjon knapt 1,0 mrd. kroner høgare. Nokre auka utgifter må òg sjåast i samanheng med departementa og forvaltninga sin bruk av meirinntektsfullmakter. Når ein reknar med utgifter som vert dekte av standard refusjonar på 1,6 mrd. kroner, syner rekneskapen mindreutgifter i forhold til nysaldert budsjett på netto 0,5 mrd. kroner.

Overført beløp til 2005, unytta løyving

Auken i overført beløp utan lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, vart samla på 0,1 mrd. kroner. Overført beløp for kommunal og regionaldepartementet auka med 0,6 mrd. kroner. Mellom anna auka overført beløp til stønad til omsorgsboliger og sjukeheimsplassar med 0,5 mrd. kroner. Dei fleste departementa har ein nedgang i overført beløp. På både Utanriksdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Forsvarsdepartementet sitt område vart overført beløp redusert med meir enn 0,1 mrd. kroner.

Dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (utan lånetransaksjonar) vore (tal i mill. kroner):

  Overført løyving Auke/ Nedgang (-) frå førre år
2000-2001 8 425 1 374
2001-2002 9 131 832
2002-2003 7 038 -2 093
2003-2004 6 484 -554
2004-2005 6 547 63

Endra finansieringsbehov

Utgiftene til utlån vart 2,0 mrd. kroner lågare enn rekna ved nysalderinga, jf. tabell 1.5. Endringa i utlån kjem fram slik (tal i mill. kroner):

Forvaltning av statleg eigarskap 351
Bustadlån til statstilsette -171
Den Norske Stats Husbank -2 520
Andre utlån 310
Samla endring i utlåna -2 030

I 2004 vart inntektene frå tilbakebetalingar 1,7 mrd. kroner høgare enn rekna ved nysalderinga. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå:

Oslo lufthavn AS 194
Statens lånekasse for utdanning -227
Avslutning av forvaltningsbedrifta Luftfartsverket 113
Den Norske Stats Husbank 1 511
Andre låntakarar 93
Samla endring i tilbakebetalingane 1 685

Ved at netto utlån vart 3,7 mrd. kroner lågare enn budsjettert og at rekneskapen syner eit overskot på 1,5 mrd. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 5,2 mrd. kroner lågare enn rekna ved nysalderinga av budsjettet.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld vart om lag som budsjettert i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov vart dermed redusert med til saman 5,2 mrd. kroner i høve til det nysalderte budsjettet, jfr. tabell 1.4.

1.5 Statens petroleumsfond

Netto inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Petroleumsskattar og CO2-avgift 842
+ Inntekter frå statleg petroleumsverksemd -7 517
- Investeringar i statleg petroleumsverksemd m.m. -1 792
= Netto petroleumsinntekter i alt -4 882

Netto inntekter og kontantstraumen frå statleg petroleumsverksemd vart 4,9 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett og gjekk ned frå 208,3 mrd. kroner til 203,4 mrd. kroner, jf. tabell 1.4. Inntektene i statleg petroleumsverksemd, petroleumsskattar og CO2-avgift vart 6,6 mrd. kroner lågare, medan investeringsutgiftene vart 1,8 mrd. kroner lågare.

Overføringa frå Statens petroleumfond til statskassa over kap. 5800 vart ikkje endra etter nysaldert budsjett, medan overføring frå statskassa til fondet over kap. 2800 vert tilpassa kontantstraumen. Dette inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 4,9 mrd. kroner lågare i rekneskapen enn rekna med i det nysalderte budsjettet.

Til forsida av dokumentet