St.meld. nr. 3 (2004-2005)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004

Til innhaldsliste

2 Utval av inntekter og utgifter

2.1 Skattar og avgifter frå fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2004 syner at dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg auka frå 461,3 mrd. kroner i 2003 til 480,0 mrd. kroner i 2004, ein auke på 18,8 mrd. kroner eller 4,1 prosent.

Rekneskapstala syner at samla skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart 11,7 mrd. kroner lågare enn rekna i saldert budsjett for 2004. Nedjusteringa skuldast i stor grad at inntektene frå skattlegging av føretak vart lågare enn lagt til grunn. Føretak er etterskotspliktig skattytar, og det er skatt for inntektsåret 2003 som vart innbetalt i 2004. Trass i auka lønnsemd i næringslivet i 2003 vart likevel skatteinntektene frå føretak reduserte med om lag 10 prosent frå inntektsåret 2002 til 2003. Mange føretak, særleg i privat tenesteyting, hadde underskot i 2001 og 2002. Ein mogleg årsak til nedgangen i skatteinntekter frå inntektsåret 2003 kan difor vere at mange føretak har ført fram underskot frå tidlegare år. Nedjusteringa av skatteinntektene samanlikna med tala i saldert budsjett skuldast òg at auken i lønn har vorte lågare enn først lagt til grunn.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 480,0 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2004 utgjorde skatt på inntekt og formue 119,5 mrd. kroner, ein reduksjon på 0,7 prosent frå året før.

Skatt og avgifter til folketrygda, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift, utgjorde 149,9 mrd. kroner i 2004, og svarar til ein auke på 4,1 prosent frå året før.

Meirverdi m.v., jf. kap. 5521, som er blant dei viktigaste inntektskjeldene til staten, steig med 6,5 prosent til 137,3 mrd. kroner i 2004.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 73,3 mrd. kroner i 2004. Dette er 7,8 prosent meir enn i 2003. Auken i særavgifter er særleg knytt til auka omsetning av motorkjøretøy.

2.2 Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda i 2004, utan CO2-avgift, vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 114,0 mrd. kroner. Rekneskapstala for 2004 er 114,8 mrd. kroner, jf. kap. 5507.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 820 mill. kroner høgare enn ein venta i nysalderingsproposisjonen. Meirinntekta kjem frå innbetaling av terminskatt i desember 2004.

Betalt produksjonsavgift vart 17 mill. kroner høgare enn venta i nysalderingsproposisjonen, medan betalt arealavgift vart 4 mill. kroner lågare enn venta.

Inntekt frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 3 300 mill. kroner. Rekneskapstala for 2004 er 3 309 mill. kroner, jf. kap. 5508. Samla skatt og avgift på utvinning av petroleum vart rekna til 117,3 mrd. kroner i nysalderingsproposisjonen, medan rekneskapen synar 118,1 mrd. kroner, jf. tabell 2.1.

2.3 Inntekt frå Staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda

Netto inntekter frå petroleumsverksemda vart rekna til 85,8 mrd. kroner i nysalderinga, medan rekneskapen syner 80,0 mrd. kroner, jf. tabell 2.1 og 2.2. Inntekter frå Staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE) er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Inntektene frå SDØE vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 85 907 mill. kroner. Rekneskapstala for 2004 er 80 166 mill. kroner. Nedgangen i inntekt skuldast i hovudsak at realisert oljepris og produksjon vart lågare enn venta dei siste månadene av 2004.

2.4 Samla oversikt over Staten sine inntekter og utgifter

Tabell 2.1 Staten sine inntekter 2000 – 2004 (tal i mill. kroner)

  Rekneskap Saldert budsjett Nysaldert budsjett Rekneskap
  2000 2001 2002 2003 2004 2004 2004
Skattar på formue og inntekt 98 144 104 358 127 576 120 372 133 874 119 780 119 534
Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift 122 006 128 374 137 085 144 019 151 735 150 200 149 867
Tollinntekter 2 029 1 784 1 672 1 614 1 486 1 506 1 648
Meirverdiavgift 121 710 130 306 128 318 128 913 134 788 139 100 137 337
Avgifter på alkohol 8 711 8 491 8 230 8 510 9 254 9 148 9 027
Avgifter på tobakk 6 914 7 110 6 975 6 760 7 561 6 850 6 799
Avgifter på motorvogner 30 513 30 289 32 227 33 569 35 600 38 902 38 867
Andre avgifter 16 638 18 853 17 704 17 513 17 385 17 424 16 953
Sum skattar og avgifter 406 666 429 565 459 789 461 270 491 683 482 911 480 032
Renter av statens forretningsdrift 91 94 103 33 9 8 33
Avskrivingar, avsetjingar til investeringsformål og inntekter av statens forretningsdrift 3 550 2 772 2 472 1 786 1 956 1 721 1 791
Sum inntekter av statens forretningsdrift 3 641 2 865 2 576 1 818 1 965 1 729 1 824
Renter frå statsbankane 1) 10 258 11 579 11 963 12 197 9 377 8 210 8 165
Renter av kontantbehaldninga i statskassa og andre krav 1) 4 369 6 435 4 274 3 647 4 096 2 743 2 967
Utbyte ekskl. Statoil 3 603 4 560 7 479 6 130 8 061 8 478 8 488
Renteinntekter og utbyte ekskl. statens forretningsdrift og Statoil 18 230 22 574 23 717 21 974 21 533 19 431 19 619
Inntekter under departementa 19 623 19 499 19 602 23 905 18 420 19 331 22 866
Overføring frå Noregs Bank 10 685 10 685
Tilbakeføring av midlar frå Statens banksikringsfond 182 4 350 82
Sum andre inntekter 30 490 34 534 19 684 23 905 18 420 19 331 22 866
Sum inntekter ekskl. oljeskattar, petroleumsverksemd og tilbakebetalingar 459 027 489 538 505 766 508 967 533 600 523 401 524 341
Inntekter frå statleg petroleumsverksemd 121 466 151 049 90 562 84 713 75 100 106 220 98 703
Skatt og avgift på utvinning av petroleum 61 455 112 106 89 701 101 380 84 300 117 300 118 142
Aksjeutbyte frå Statoil 1 702 5 746 5 045 5 133 5 133 5 222 5 222
Sum petroleumsinntekter 184 623 268 902 185 308 191 227 164 533 228 742 222 068
Tilbakebetalingar 51 024 90 725 41 983 68 874 48 844 93 469 95 154
Overføring frå Statens petroleumsfond 9 468 409 53 406 62 844 67 752 80 727 80 727
Sum inntekter 704 141 849 574 786 463 831 913 814 729 926 339 922 290

1) Fordelinga er endra i forhold til St. meld. nr. 3 for 2002.

Tabell 2.2 Samla utgifter etter departement 2000-2004 (tal i mill. kroner)

Departement Rekneskap Saldert budsjett Nysaldert budsjett Rekneskap
  2000 2001 2002 2003 2004 2004 2004
Det kongelege hus og Slottsforvaltninga 129 138 99 118 130 134 134
Regjering m.m. 143 180 187 192 203 208 203
Stortinget og underliggjande institusjonar 759 848 938 1 057 1 280 1 295 1 223
Høgsterett 47 48 50 54 52 52 54
Utanriksdepartementet 13 367 14 847 16 495 17 301 17 779 17 479 17 657
Utdannings- og forskingsdepartementet 26 913 32 794 43 288 33 090 28 246 29 347 29 374
Kultur- og kyrkjedepartementet 3 574 3 907 5 238 5 560 5 611 5 707 5 851
Justis- og politidepartementet 11 381 11 791 13 058 13 886 13 585 13 954 14 604
Kommunal- og regionaldepartementet 63 459 65 197 86 009 66 433 59 508 62 205 61 505
Arbeids- og sosialdepartementet 29 877 33 219 3 667 4 091 5 514 11 493 11 630
Helse- og omsorgsdepartementet 57 866 63 375 68 802 73 713 74 062
Barne- og familiedepartementet 20 779 23 498 24 553 26 319 31 570 32 338 32 192
Nærings- og handelsdepartementet 4 541 5 675 5 204 12 211 4 765 15 161 15 461
Fiskeri- og kystdepartementet 2 208 2 377 2 766 2 738 2 541 2 757 2 891
Landbruks- og matdepartementet 16 487 14 019 14 758 14 068 14 002 14 234 14 481
Samferdselsdepartementet 24 764 20 848 21 622 30 741 21 161 21 226 21 416
Miljøverndepartementet 2 654 2 730 2 934 2 608 2 601 2 505 2 613
Moderniseringsdepartementet 21 082 21 487 20 154 12 030 19 418 7 146 7 321
Finansdepartementet 25 217 68 264 72 010 31 420 77 420 80 758 78 945
Forsvarsdepartementet 25 818 26 842 30 986 30 545 29 216 29 465 31 461
Olje- og energidepartementet 1 157 22 503 1 584 1 577 1 449 3 442 3 504
Ymse utgifter 25 29 18 17 6 355 40 10
Statsbankane 51 883 68 529 60 404 62 810 67 813 73 939 71 543
Statleg petroleumsverksemd 23 300 25 736 16 075 17 564 21 060 20 453 18 661
Statens forretningsdrift 2 014 1 634 1 703 254 1 205 903 908
Statens petroleumsfond 161 373 257 426 169 234 173 662 143 473 218 148 213 266
Sum statsbudsjettet 532 950 724 566 670 898 623 721 644 757 738 101 730 967
Folketrygda 175 357 187 642 205 271 224 527 228 256 232 501 230 392
Samla utgifter med lånetransaksjonar 708 307 912 208 876 169 848 248 873 013 970 602 961 359
Lånetransaksjonar 1) 56 715 152 128 122 702 81 904 107 128 137 732 135 704
Statens petroleumsfond 161 373 243 235 169 234 173 662 143 473 218 148 213 266
Samla utgifter utan lånetransaksjonar og statens petroleumsfond 490 219 516 845 584 233 592 681 622 412 614 722 612 390

1) I statsrekneskapen for 2001 og 2004 er hhv 14,191 mrd. kroner og 9,859 mrd. kroner i lånetransaksjonar knytt til Statens petroleumsfond i samband med sal av aksjar i Statoil ASA, aksjeteikning, utlån m.v.

Til forsida av dokumentet