St.meld. nr. 3 (2004-2005)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004

Til innhaldsliste

3 Omtale av utgifter under departementa

Nedanfor er det gjeve ein kort omtale av dei einskilde departementa og statsbankane, med sikte på å syne utviklinga under utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2002, 2003 og 2004 vist saman med nysaldert budsjett for 2004. Departementa og verksemder har budsjettfullmakter til mellom anna å overskride løyvingar mot meirinntekter og til å overføre unytta løyving til neste budsjettår. Utnyttinga av slike fullmakter kan føre til at rekneskapen vil syne avvik frå det nysalderte budsjettet.

3.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
00.10 Det kongelege hus 98,6 118,0 133,8 133,8
00.30 Statsrådet 187,2 192,4 207,8 202,7
Sum utgifter 1 224,0 1 367,0 1 637,0 1 559,0

Kategori 00.10 Det kongelige hus

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Det er ikkje avvik mellom budsjett og rekneskap.

Trenden i rekneskapen

Frå 2002 til 2004 har utgiftene på programkategori 00.10 Det kongelege hus auka med 36 pst. frå 98,6 mill. kroner til 133,8 mill. kroner.

Kategori 00.30 Statsrådet

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Under programkategori 00.30 vart det nytta 5,1 mill. kroner mindre enn tildelt budsjett. Når ein tek omsyn til refusjonar og endring i overførte løyvingar, aukar avviket med 0,5 mill. kroner til 5,6 mill. kroner. Avviket har si årsak i mellom anna lågare utgifter til reiser og faseforskyving i mellom anna utskifting av it-utstyr, mindre ombyggingsprosjekt og tilsetjingar.

Trenden i rekneskapen

Frå 2002 til 2004 har utgiftene under programkategori 00.30 auka med om lag 8 pst. Mellom anna fritak for auka tryggleik har ført til auka utgifter. I tillegg har enkelte administrative funksjonar ved Statsministerens kontor vorte styrkte.

Ved Regjeringsadvokatembetet er bemanninga styrkt, mellom anna på grunn av auka saksmengde og omorganisering med auka satsing på leiing.

00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på 72,9 mill. kroner.

Stortinget og Riksrevisjonen utgjer 97 pst. av programkategori 00.40. Mindreforbruket i 2004 har fleire årsaker. Løns- og prisveksten har vore lågare enn rekna med, samstundes som pensjonskostnadene til stortingsrepresentantane har vorte reduserte. I tillegg er nokre investeringsprosjekt skuva på i tid, og ein del driftsoppgåver har vorte utsette medan ombygging går føre seg. Vidare har det vore lågare reiseaktivitet enn planlagt og færre møte i utlandet.

Trenden i rekneskapen

Stortinget har for tida store utbetringar og ombyggingar i bygningsmassen. Dette arbeidet nådde ein topp i 2004.

3.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 02 Utanriksforvaltning (driftsutgifter for utanrikstenesta, ekskl. administrasjon av utviklingshjelpa, presse- og kulturtiltak og norske medlemskontingentar til internasjonale organisasjonar) og programområde 03 Internasjonal hjelp (den offisielle utviklingshjelpa (ODA), støtte til Sentral- og Aust-Europa og internasjonale miljøtiltak).

Utanriksføremål

Programområde 02 Utanriksføremål (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
02.00 Administrasjon av utanrikstenesta 1 440,5 1 383,5 1 317,4 1 381,6
02.10 Utanriksføremål 703,0 677,3 876,0 956,2
Sum utgifter 2 143,5 2 060,8 2 193,4 2 337,7

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 144,3 mill. kroner i 2004.

Tek ein omsyn til refusjonar og overførte løyvingar frå 2003 vert meirforbruket redusert til eit mindreforbruk på 17,3 mill. kroner.

Avvik mellom disponibel løyving og rekneskap i 2004 var i hovudsak mindreutgifter knytte til finansieringsordninga under EØS-avtala, samt til refusjonar og andre meirinntekter på til saman om lag 45 mill. kroner. Reduksjonen i overførte løyvingar var om lag 117 mill. kroner i høve til året før.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2002 til 2004 har det vore ei auke i utgiftene på om lag 9 prosent, frå 2 143,5 mill. kroner til 2 337,7 mill. kroner.

Internasjonal hjelp

Programområde 03 Internasjonal hjelp (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa 637,5 674,0 710,5 734,6
03.10 Bilateral hjelp 2 384,2 2 597,5 2 685,9 2 683,5
03.20 Globale ordningar 6 136,4 6 706,5 6 356,8 6 353,5
03.30 Multilateral hjelp 4 781,4 4 901,0 5 266,4 5 268,3
Sum Offisiell utviklingshjelp (ODA) 13 939,5 14 879,1 15 019,6 15 040,0
03.50 Anna hjelp 411,8 361,3 265,9 279,2
Sum utgifter 14 351,3 15 240,3 15 285,5 15 319,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 33,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med 34,0 mill. kroner, til eit mindreforbruk på 0,2 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I 2004 vart det betalt ut 15 040 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp. Den nominelle auken frå 2002 til 2004 var på 1 100,0 mill. kroner eller om lag 8 pst.

Auka internasjonal bistand

Den utbetalte ODA-godkjende utviklingshjelpa i 2004 utgjorde 0,89 pst. av bruttonasjonalinntekta (BNI). Vedteke budsjett for 2004 var basert på ei ramme tilsvarande 0,94 pst. av BNI, jf. Budsjett.innst. S. nr. 3 (2003-2004).

Viktige innsatsområde i 2004 var utdanning, helse, kampen mot hiv/aids, likestilling og rettar for kvinner, godt styresett, handel og næringsutvikling, inkl. primærnæringane, oppfølging av toppmøtet i Johannesburg, fredsbygging og humanitær hjelp.

Oversikta nedafor syner utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2002 - 2004, i pst. av BNI og ubrukt løyving overført til neste budsjettermin:

År Utbetalt mill. kroner Utbet. i pst. av BNI Ubrukt løyving overført til neste termin Overført i pst. av budsjett
2002 13 940 0,92 150 mill. kroner 1 pst.
2003 14 879 0,95 117 mill. kroner 0,8 pst.
2004 15 040 0,89 108 mill. kroner 0,7 pst.

Anna hjelp (ikkje-ODA-godkjent)

Programområdet omfattar tiltak i Sentral- og Aust-Europa (unnateke Balkan som inngår i utviklingshjelpa), internasjonale miljøtiltak og internasjonal strafferettargang. I 2004 vart det samla utbetalt 279,2 mill. kroner. Dette er ein nedgang på om lag 23 prosent i høve til 2003. Av dette var om lag 235 mill. kroner utbetalingar til atomtryggingstiltak, prosjektsamarbeid med Russland/SUS og handlingsplanen for søkjarlanda til EU. Vidare vart det i 2004 utbetalt om lag 40 mill. kroner til internasjonale tiltak på miljø- og klimaområdet.

3.3 Utdannings- og forskingsdepartementet

Programområde 07 Utdannings- og forskingsføremål (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
07.10 Administrasjon 405,6 438,2 341,4 348,5
07.20 Grunnopplæring 3 047,9 2 770,9 2 393,4 2 393,5
07.40 Anna tiltak i utdanninga 2 461,4 2 731,5 2 586,7 2 634,4
07.50 Vaksenopplæring 1 713,9 1 826,1 1 111,1 1 122,5
07.60 Høgare utdanning 16 636,9 17 998,7 18 746,1 18 704,6
07.70 Forsking 19 022,5 7 324,3 4 168,2 4 170,0
07.80 Utdanningsfinansiering 18 059,6 21 385,9 24 543,4 24 626,0
Sum utgifter 61 347,8 54 475,5 53 890,3 53 999,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 109,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i nivå på overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert til 76,2 mill. kroner.

Store delar av meirutgifta på departementet sitt område er på overslagsløyvingar under programkategori 07.80. Årsakene til dette er dels meirutgifter som følgje av at fleire kundar har fått lån og stipend. Meirutgiftene vart delvis kompenserte med ei mindreutgift til utdanningsstipend som følgje av at likningskontrollen for 2003 førte til at fleire stipend vart gjorde om til lån. Det var òg færre tildelingar av gebyrstipend og skolepengestipend til studentar i utlandet.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2002–2004 har dei nominelle utgiftene før lånetransaksjonar på departementet sitt område auka. Delar av auken i utgifter kjem av tekniske endringar. Dette gjer at rekneskapstala for dei ulike åra ikkje kan samanliknast direkte. Det har òg vorte løyvd ekstra midlar til universitets- og høgskolesektoren i samband med gjennomføring av Kvalitetsreforma. Vidare har det vorte løyvd ekstra midlar til satsingar på mellom anna forsking, kvalitetsutvikling i grunnskolen og studiefinansiering.

Styrking av utdanning og forsking

Grunnskolen og vidaregåande opplæring

Til kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring vart det løyvd om lag 430 mill. kroner i 2004. Prioriterte tiltak i satsinga var vidareutvikling av nasjonalt system for kvalitetsvurdering, betre opplæring i sentrale fag og utvikling av nye læreplanar for grunnskolen og gjennomgåande fag. Det vart òg satsa sterkt på kompetanseutvikling for lærarar, vidareføring av ordninga med demonstrasjonsskolar og tiltak mot uro og problemframferd i skolen.

Arbeidet med vedlikehald, opprusting og bygging av skoleanlegg vart prioritert med ei investeringsramme på 3 mrd. kroner. Løyvinga var over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.

Kvalitetsreforma i høgre utdanning

Utdannings- og forskingsdepartementet har i 2004 følgt opp Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 27 (2000–2001) ” Gjør din plikt – Krev din rett, Kvalitetsreform av høyere utdanning”, jf. Innst. S. nr. 337 (2000–2001). Stortinget bad ved innføringa av Kvalitetsreforma om ei uavhengig evaluering av omleggingane innafor høgre utdanning. Forskingsrådet har fått ansvaret for denne evalueringa, og fagmiljø frå NIFU STEP (Studier av innovasjon, forsking og utdanning) og Universitetet i Bergen står for gjennomføringa. Evalueringa skal være ferdig innan utgangen av 2006.

I 2003 vart 500 mill. kroner løyvde for å førebu innføringa av Kvalitetsreforma. I tillegg til dette vart det løyvd 127 mill. kroner til vitskapleg utstyr som ein må sjå i samanheng med gjennomføringa av reforma. I 2004 er i tillegg ei løyving på 517 mill. kroner nytta til tiltak som styrkjer undervisinga. Samla utgjer dette 1 144 mill. kroner til fullfinansiering av Kvalitetsreforma i 2004.

Midlane er nytta til å innføre nye og meir faste studielaup, ny justert og tilpassa gradstruktur, meir studentaktiv undervisning, nye studentaktive vurderingsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda.

Det var ein auke på om lag 2,1 pst. avlagde studiepoeng ved dei offentlege institusjonane frå 2003 til 2004. Studierapporteringa for 2003 syner òg ein auke i studiepoeng per student. Veksten er mellom anna resultat av redusert strykprosent og fråfall.

IKT i utdanninga

Til særskilde IKT-tiltak i utdanninga vart det i 2004 løyvd om lag 105 mill. kroner. Arbeidet har vore konsentrert om gjennomføringa av ei ny satsing på IKT i utdanning innanfor «Program for digital kompetanse 2004–2008».

Innan området for infrastruktur er det utvikla anbefalingar og ei rettleiingsteneste til bruk for skoleeigarar i deira arbeid for å skipa til gode løysingar for infrastruktur til skolane. FEIDE (Felles elektronisk identitet) er teke i bruk av om lag 150 000 studentar og tilsette ved universitet og høgskolar. FEIDE er òg møtt med interesse i grunnopplæringa, og fleire fylker har starta arbeidet med å innpasse FEIDE i deira elevadministrative system. Lærande Nettverk er regionale nettverk av skolar som saman arbeider med skole- og kompetanseutvikling. Det starta opp med om lag 260 skolar. Lærande nettverk er basert på erfaringane frå PILOT (Prosjektet Innovasjon, Organisering og Teknologi) og PLUTO (Program for LærerUtdanning, Teknologi og Omstilling). Det er utvikla forslag til ei strategi for digitale læringsressursar i heile utdanningssektoren. Det vert òg arbeidd innanfor områda læreplanar og arbeidsformar og forsking og utvikling.

Styrking av forskingsinnsatsen

Dei samla løyvingane frå alle departementa til forsking auka med om lag 1,1 mrd. kroner eller 9,1 pst. frå 2003 til 2004. I perioden 2001–2004 er løyvingane auka med 2,7 mrd. kroner. Det syner at Regjeringa langt på veg har følgt opp måla for offentleg styrking av forskingsinnsatsen, slik dei vart talfesta i den siste opptrappingsplanen for forsking. Opptrappingsplanen, som er frå 2001, la opp til ein årleg vekst i dei offentlege løyvingane til forsking på 1 mrd. kroner i perioden 2001–2005.

Ordninga med skattefrådrag for FoU-investeringar (SkatteFUNN), som trådde i kraft i 2002, skal medverke til at næringslivet investerer meir i forsking og utvikling. Til saman fekk verksemdene frådrag og utbetaling for om lag 670 mill. kroner det første året. For 2003 har Noregs forskingsråd godkjent prosjekt som gjev rett til skattefrådrag for om lag 1,6 mrd. kroner. I 2004 var det nær 6 000 prosjekt med rett til ei samla forventa skattelette på nær 1,8 mrd. kroner dersom prosjekta vart gjennomførde i samsvar med søknadane.

Dei auka forskingsløyvingane har særleg gått til å styrkje kvaliteten i langsiktig, grunnleggjande forsking. I 2004 vart vitskapleg utstyr høgt prioritert. Petroleumsforsking vart òg prioritert i 2004, mellom anna gjennom ei særskild styrking av Fondet for forsking og nyskaping med 1 mrd. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2004. Vidare vart det løyvd nær 50 mill. kroner for å styrkje deltakinga til norske forskingsinstitutt i EUs 6. rammeprogram, som er den største internasjonale forskingssatsinga som Noreg tek del i.

3.4 Kultur- og kyrkjedepartementet

Programområde 08 Kultur- og kyrkjeføremål (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
08.10 Administrasjon 263,3 275,2 265,7 272,0
08.20 Kulturføremål 3 291,0 3 448,6 3 596,3 3 688,2
08.30 Film- og medieføremål 703,5 726,7 761,4 761,7
08.40 Den norske kyrkja 980,2 1 109,0 1 083,4 1 129,0
Sum utgifter 5 237,9 5 559,6 5 706,8 5 850,8

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap, syner eit meirforbruk på 144 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, meirinntekter og endring i overføringane, vert det korrigerte meirforbruket på 12,2 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2002 - 2004 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 11,7 pst., frå 5 237,9 mill. kroner i 2002 til 5 850,8 mill. kroner i 2004.

Utgiftene til kulturformål under programkategori 08.20 var 3 688,2 mill. kroner i 2004. Dette er ein auke på 239,6 mill. kroner eller 7 pst. frå året før. Utgiftene til film- og medieformål under programkategori 08.30 auka med 35 mill. kroner til 761,7 mill. kroner. 26 mill. kroner av denne auken skuldast ny løyving til audiovisuelle produksjonar som vert dekte av konsesjonsvederlag frå TV2.

Utgiftene over statsbudsjettet under kategori 08.40 Den norske kyrkja var i 2004 på 1 129 mill. kroner. Dette er ein auke på 20 mill. kroner eller 1,8 pst. frå året før. Utgiftsauken i 2004 er noko mindre enn auken i løyvingane frå 2003 til 2004. Dette skuldast at delar av løyvingane til trusopplæring og byggjeprosjekt ved Nidaros domkyrkje/Erkebispegården, ikkje vart nytta fullt ut i 2004 som følgje av at framdrifta for prosjekta vart noko endra.

Auka innsats til kultur

På kulturområdet var museums- og bibliotekområdet ei hovudsatsing i 2004. Det vart gjeve auka tilskot til 11 museum fordelt på sju fylke som ledd i stimulering til konsolidering og nettverksbygging musea imellom. Nasjonalmuseet for kunst, som vart etablert som stifting 1. juli 2003, fekk auka løyving til vidare opptrapping i samsvar med føresetnader og målsetting. Auke i overføringane til Nasjonalbiblioteket gjekk til full drift av nytt depotbibliotek i Mo i Rana og til arbeidet med oppgradering av avdelinga i Oslo. Arkivverket fekk óg auke i løyvinga i 2004 for betre å kunne møte utfordringane med bevaring av elektronisk lagra arkivinformasjon. Vidare fekk Den Norske Opera tilskot slik at arbeidet med nødvendig omstilling og utvikling av verksemda fram mot innflytting i nytt operahus kunne vidareførast.

Kultur- og kyrkjedepartementet prioriterte elles å halde oppe løyvingsnivået til viktige kulturføremål som musea, orkestra og andre kulturinstitusjonar og faste tiltak. Driftssituasjonen for desse er svært sårbar med ein dominerande del av driftsbudsjetta knytt til faste utgifter. Det vart derfor naudsynt å redusere enkelte andre løyvingar på statsbudsjettet, mellom anna tilskotet til Frifond. Dette føremålet vart saman med lokale og regionale kulturbygg og Den kulturelle skulesekken sikra ein god vekst frå 2003 til 2004 som følgje av auka tildeling frå Norsk Tipping AS sitt speleoverskot. Den kulturelle skulesekken vart ført vidare i statsbudsjettet ved at midlane vart overførte til ABM-utvikling og til formidlingsverksemd ved ein del av musea. Ved handsaminga av kommuneøkonomiproposisjonen vedtok Stortinget å avvikle tilskotsordninga over statsbudsjettet til lokale og regionale kulturbygg frå 2004, jf. St.prp. nr. 66 (2002-2003) og Innst. S. nr. 259 (2002-2003). Kulturføremål fekk i 2004 tilført 300 mill. kroner frå speleoverskotet fordelt med 90 mill. kroner til Frifond (av desse vart 55,8 mill. kroner forvalta av Barne- og familiedepartementet), 90 mill. kroner til kulturbygg og 120 mill. kroner til Den kulturelle skulesekken.

På kunstnarområdet vart omprioriteringa frå garantiinntekter til arbeidsstipend ført vidare i 2004. Det vart oppretta 10 nye arbeidsstipend for kunstnarar i 2004.

3.5 Justisdepartementet

Programområde 06 Justissektoren (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
06.10 Administrasjon 215,0 207,8 208,7 218,1
06.20 Rettsvesen 1 366,1 1 497,3 1 444,6 1 492,7
06.30 Kriminalomsorg 1 783,6 1 925,5 1 997,3 2 079,4
06.40 Politi og påtalemakt 7 603,6 8 012,1 7 576,5 8 086,9
06.50 Redningstenesta o.a. 731,3 747,7 1 156,0 1 175,6
06.60 Andre verksemder 502,3 567,8 585,9 604,8
06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd o.a. 805,5 911,3 917,8 909,5
06.80 Svalbardbudsjettet 100,1 70,4 119,2 90,7
Sum utgifter 13 107,5 13 939,9 14 006,0 14 657,8

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 652 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i nivå på overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med 664,5 mill. kroner, slik at ein i staden får eit mindreforbruk på 12,7 mill. kroner.

Avviket mellom budsjett og rekneskap synte til samanlikning eit meirforbruk på om lag 525 mill. kroner i 2002 og 835 mill. kroner i 2003.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2002 – 2004 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 11,2 pst., frå 13 107,5 mill. kroner i 2002 til 14 657,8 mill. kroner i 2004.

Om lag 80 pst. av utgiftene på programområde 06 i 2004 er gått til straffesakskjeda, dvs. til politiet, påtalemakta, rettsvesenet og kriminalomsorga. Hovudmåla i justissektoren for 2003-2004 har vore redusert kriminalitet, god og effektiv konfliktløysing og -førebygging, rettstryggleik for enkeltpersonar og grupper ,eit godt og tilgjengeleg regelverk, redusert sårbarheit i samfunnet og ein open og kvalitetsbevisst justisforvaltning.

I 2004 stod òg reorganisering og fornying av justissektoren sentralt. Endringane gjeld i første rekkje samanslåing av domstolar i førsteinstans, arbeidet med politireforma si andre fase (reorganisering av strukturen for driftseiningane), overføring av ansvaret for tinglysing i fast eigedom frå domstolane til Statens kartverk og overføring av budsjettansvaret for redningshelikoptertenesta frå Forsvarsdepartementet til Justisdepartementet.

I 2004 vart det i løpet av året gitt ekstra løyvingar til politiet. Dei ekstra løyvingane vart nytta til nye stillingar for å sikre nyutdanna politihøgskulestudentar jobb i etaten, til auka aktivitetsnivå pga. tryggleikssituasjonen og etterforsking av ranet av Norsk Kontantservice i Stavanger.

3.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 13 Innvandring, nasjonale minoritetar, distriktsutbygging oa. og programområde 14 Bustad, bustadmiljø og bygningssaker.

Innvandring, nasjonale minoritetar og distriktsutbygging

Programområde 13 Innvandring, nasjonale minoritetar, distriktsutbygging oa (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
13.10 Administrasjon 209,7 234,0 205,8 216,4
13.20 Innvandring 4 728,4 5 185,0 6 080,8 6 084,4
13.21 Nasjonale minoritetar 2,7 2,8 77,9 77,9
13.40 Samiske formål 137,8 142,1 143,7 144,6
13.50 Regional- og distriktspolitikk 1 575,5 1 344,5 1 920,3 1 866,5
13.70 Overføringar gjennom inntektssystemet 74 708,9 53 433,2 47 617,6 47 766,9
Sum Område 13 81 363,0 60 341,6 56 046,1 56 156,7

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Rekneskapen for 2004 syner på programområde 13 eit meirforbruk på 110,6 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket auka til 151,7 mill. kroner.

Styrking av kommuneøkonomien

Inntektene for kommunesektoren auka med knapt 7 mrd. kroner, tilsvarande knapt 3 ½ prosent. Frie inntekter til kommunesektoren voks med knapt 5 mrd. kroner, tilsvarande om lag 3,4 prosent. Inntektsveksten innebar mellom anna auka satsing i samband med innføring av ny toppfinansieringsordning for ressurskrevjande brukarar, oppfølging av barnehageforliket i Stortinget, driftstilskot til psykisk helsearbeid, samt vekst i dei frie inntektene i kommunesektoren.

I Nasjonalbudsjettet 2005 vart det forventa ein vekst i aktiviteten i kommunesektoren frå 2003 til 2004 på 0,7 prosent, noko som hadde samanheng med forventningar om moderat sysselsettingsvekst på 1 prosent og nedgang i investeringane på 3 prosent.

Innvandring

Programkategori 13.20 Innvandring dekker mellom anna integreringstilskot, drift av statlege mottak og drift av Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. Det er eit meirforbruk på området på om lag 3,6 mill. kroner før korrigeringar. Korrigert for refusjonar, meirinntekter og overføringane frå 2003 er det eit meirforbruk på om lag 216 mill. kroner. Utgiftene på området er særleg avhengig av talet på asylsøkjarar. I 2002 kom 17 500 asylsøkjarar, i 2003 kom 15 600 asylsøkjarar medan det i 2004 kom knapt 8 000 asylsøkjarar. Regjeringa har i 2004 gjennomført fleire tiltak, mellom anna i saksbehandlinga av asylsøknader og gjennom internasjonalt arbeid, som har hatt som føremål at tilstrøyminga av personar som ikkje treng vern skal verte så låg som mogleg.

Det er ein auke i rekneskapen frå 2003 til 2004 for programkategori 13.20 Invandring på 899 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at ansvaret for forvaltninga av norskopplæringa for vaksne innvandrar er overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet. I 2004 var utgiftene til norskopplæring for vaksne innvandrar på 989 mill. kroner. Tek ein omsyn til dette, var det ein nedgang i utgiftene på om lag 90 mill. kroner frå 2003 til 2004. Årsaka til at utgiftene ikkje er reduserte meir, er at det tek tid frå nedgangen i talet på asylsøkjarar får konsekvensar for mellom anna utgiftene til integreringstilskot og utgifter til drift av statlege mottak.

Nasjonale minoritetar

På programkategori 13.21 Nasjonale minoritetar er budsjett og rekneskap i 2004 langt høgare enn i 2003. Dette kjem av ei løyving på 75 mill. kroner til oppretting av ”Romanifolkets fond”. Fondet skal medverke til auka kunnskap om romanifolket/taterane og til å ta vare på og utvikle kulturen og språket deira.

Samiske formål

Programkategori 13.40 Samiske formål dekker løyvinga til Sametinget, Kompetansesenter for rettane til urfolk og tilskot til samiske formål, samisk språk og informasjon. Rekneskapen for 2004 syner eit meirforbruk på 0,8 mill. kroner, medan korrigert rekneskap syner eit mindreforbruk på 0,1 mill. kroner.

I 2004 vart det innafor skjønnsramma til kommunane, sett av ytterlegare 7 mill. kroner til arbeidet med å nytte to språk i kommunar og fylkeskommunar. Sametinget fordeler tilskot til tospråklige kommunar og fylkeskommunar i forvaltningsområdet for samisk språk. Tilskotet skal sikre, styrkje og fremme bruken av samisk språk i offentleg forvaltning.

Regional- og distriktspolitikk

På programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk syner rekneskapen eit mindreforbruk på om lag 54 mill. kroner samanlikna med budsjettet. Korrigert for overføringar frå 2003 er det eit mindreforbruk på om lag 87 mill. kroner. Heile mindreforbruket er overført til 2005. Dette er ein auke i overføringane på 54 mill. kroner samanlikna med overført beløp frå 2003 til 2004.

Årsaka til mindreforbruket kjem i hovudsak av at Stortinget i handsaminga av nysaldert budsjett, jf. Innst. S. nr. 75 (2004-2005), løyvde 75 mill. kroner til arbeidet med å skape nye arbeidsplassar i Vardø og andre lokalsamfunn i Finnmark som er i ein tilsvarande situasjon. Resten av mindreforbruket kjem av at prosjekt har vorte sett ut i tid.

Auken på området frå 2003 til 2004 kjem i hovudsak av ei løyving til tapsfonda til Innovasjon Noreg på 151 mill. kroner og eit nytt tilskot til næringsretta utviklingstiltak som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift på 292 mill. kroner.

Overføringar gjennom inntektssystemet

På programkategori 13.70 Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar er det ei meirutgift på 149 mill. kroner. Meirutgifta kjem av utbetalingar av forskot på rammetilskot for 2005 til kommunar. Departementet har fullmakt til forskotsutbetalinga jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Kommunal- og regionaldepartementet, romartallsvedtak III.

Under programkategori 13.70 har det sidan 2002 vore ein reduksjon i overføringane gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar. Nedgangen frå 2002 til 2003 kan i hovudsak forklarast med bortfall av gjeldslette som vart gitt i samband med at staten tok over sjukehusa. Nedgangen frå 2003 til 2004 har i hovudsak samanheng med trekket i kommunane sine rammetilskot i samband med innføring av ein ny ordning med momskompensasjon.

Bustad og bygningssaker

Programområde 14 Bustad, bustadmiljø og bygningssaker (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
14.10 Bustad- og bustadmiljø 18 608,3 17 196,8 18 580,4 15 245,4
14.20 Bygningssaker 32,7 36,3 37,5 39,4
Sum utgifter 18 640,9 17 233,1 18 617,9 15 284,8

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Rekneskapen for 2004 syner eit mindreforbruk på 3 333,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert mindreforbruket redusert til 2 808,4 mill. kroner. Mindreforbruket kjem særleg av avvik på bustad- og bumiljøområdet.

Bustader og bumiljø

På programkategori 14.10 Bustader og bumiljø er det i 2004 ei mindreutgift på 3 335 mill. kroner i høve til budsjett. Med tillegg av refusjonar, meirinntekter og overføringane frå 2003 er det eit mindreforbruk på om lag 5 039 mill. kroner. 2 231 mill. kroner vert overført til 2005. Dette er ein auke i overføringane på 532 mill. kroner samanlikna med overføringa frå 2003 til 2004.

Hovuddelen av mindreutgifta er knytt til lågare utbetalingar av låne enn budsjettert. Årsaka er at gitte lånetilsegn vert betalte ut seinare enn forventa og at fleire tilsegn enn forventa vart kansellerte. Dette kjem mellom anna av at marknadsrenta på bustadlån var låg i 2004 og at andre kredittinstitusjonar kunne tilby gunstigare låneavtalar enn Husbanken. Vidare er ein stor del av mindreforbruket knytt til tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. På grunn av det store talet bueiningar har det teke lengre tid å planleggje og gjere ferdige byggjeprosjekta enn det som vart lagt til grunn i budsjetteringa. Mange tilsegn om tilskot til oppstart er difor ikkje utbetalte enno. Dette har òg ført lågare utbetaling på tilskotet til kompensasjon for utgifter til renter og avdrag på lån til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Handlingsplanen for eldreomsorga vart avslutta i 2003, og det står berre att midlar til utbetalingar av tilsegn som er gitt tidlegare. Dei siste tilsegnene under opptrappingsplanen for psykisk helse vart gitt i 2004. For å få betre grunnlag for budsjettoverslag på bustad- og byggsektoren, arbeider Kommunal- og regionaldepartementet med vidareutvikling av prognosesystema.

3.7 Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: Programområde 09 Fellesadministrasjon, programområde 29 Sosiale formål og programområde 33 Arbeidsliv.

Fellesadministrasjon

Programområde 09 Fellesadministrasjon (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
09.00 Administrasjon 71,7 70,5 98,9 99,5
09.10 Førebygging 280,5
09.20 Eldre, funksjonshemma, rusmisbrukarar o.a. 1 904,3 694,6 707,7
09.30 Arbeidsmarknad 6 100,2 6 876,4 7 637,4 7 816,7
09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik 583,2 596,6 788,1 768,9
Sum utgifter 10 350,9 11 564,4 11 493,0 11 630,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 137,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i nivå på overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert til eit mindreforbruk på 21,2 mill. kroner.

Meirforbruket under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad, har samanheng med forskyving av tidspunktet for utbetalingar som har medført at det er nytta meir av løyvinga til ordinære arbeidsmarknadstiltak i 2004 og mindre av tilsegnsfullmakta for å dekke rekneskapsmessig etterslep til tiltaksplassar som vart gjennomført i 2004 med utbetaling i 2005.

Trenden i rekneskapen

Skilnaden mellom rekneskapen på kategorinivå for 2002 og 2003 har samanheng med at det vart gjennomført endringar i kontoplanen under Sosialdepartementet frå 2003.

Skilnaden mellom rekneskapen på programkategorinivå for 2003 og 2004 under programkategori 09.00 Administrasjon og 09.20 Eldre, funksjonshemma, rusmisbrukarar o.a. har samanheng med at det vart gjennomført endringar i departementsstrukturen med verknad frå 1. oktober 2004. Då vart deler av det tidlegare Sosialdepartementet overført til Helse- og omsorgsdepartementet og deler av det tidlegare Arbeids- og administrasjonsdepartementet vart ein del av det nye Arbeids- og sosialdepartementet.

Dei samla utgiftene under programområde 09.30 Arbeidsmarknad har auka, frå 6,1 mrd. kroner i 2002 til 7,8 mrd. kroner i 2004. Auken har samanheng med at i alt 8 300 fleire personar deltok på arbeidsmarknadstiltak i 2004 samanlikna med 2002. Utgiftsauken skuldast òg styrking av personressursar i Aetat i den nemnde perioden.

Frå 2002 har utgiftene på programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik auka med 32 prosent, frå 583,2 mill. kroner til 768,9 mill. kroner. Den største delen av auken er knytt til løyvinga til Pionerdykkarane i Nordsjøen (kap. 646), jf. St.prp. nr. 63 og Innst.S.nr. 250 (2003-2004), samt St.prp. 20 og Innst.S. nr. 77 (2004-2005). Frå 1. januar 2004 vart Petroleumstilsynet oppretta, noko som òg førte til auke i løyvingane under denne kategorien.

Folketrygda for 2004

Sosiale formål

Programområde 29 Sosiale formål (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
29.10 Administrasjon 4 813,1 5 110,0 5 003,1 5 174,2
29.50 Inntektssikring ved sjukdom, uførleik og rehabilitering 26 133,1 76 987,5 80 512,7 78 113,6
29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved redusert funksjonsevne m.v. 49 531,4 7 237,0 7 536,5 7 415,3
29.70 Alderdom 72 685,4 77 338,9 81 593,0 81 655,3
29.80 Forsørgjartap m.v. 7 076,6 6 817,1 6 505,5 6 498,7
29.90 Diverse utgifter 198,5 154,3 186,0 156,9
Sum utgifter 160 438,1 173 644,8 181 336,8 179 014,1

Programkategoriane vart endra frå 2002 til 2003. I 2002 omfatta programområdet programkategori 29.50 berre stønad under sjukdom, medan programkategoriområde 29.60 omfatta uførleik og medisinsk rehabilitering.

Dei samla utgiftene under folketrygda i 2004, programområde 29 Sosiale formål, var på 179 014 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2003 var 173 645 mill. kroner. Det gjev ein nominell vekst i utgiftene på programområde 29 på om lag 3 prosent.

Sjukepengar

Etter ti år med vekst i folketrygda sine utgifter til sjukepengar, gjekk utgiftene for første gong ned frå 2003 til 2004. Det var ein nominell reduksjon på 7,7 prosent samanlikna med 2003. Folketrygda sine totale utgifter til sjukepengar var på 26 867 mill. kroner i 2004.

Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for, har òg auka dei siste åra, medan det frå 2003 til 2004 var ein reduksjon. I 2004 betalte folketrygda for 12,9 dagar per sysselsett arbeidstakar, medan den betalte 14,2 sjukepengedagar i 2003. Det var ein reduksjon i det trygdefinansierte fråværet frå 2003 til 2004 på om lag 9 prosent. Nedgangen har samanheng med ein reduksjon i talet på sjukepengetilfelle, nedgang i lengda på sjukepengetilfella og auka bruk av gradert yting. At sjukefråværet no går ned har truleg fleire årsaker.

Endringar i regelverket for sjukemelding frå 1. juli 2004 er ei vesentleg årsak. Endringa har mellom anna ført til at gradert sjukemelding alltid skal vurderast, både som alternativ til aktiv sjukemelding og til 100 prosent sjukemelding. Dei nye reglane inneheld òg krav om arbeidsrelatert aktivitet seinast innan åtte veker for å få rett til sjukepengar, unntatt når medisinske grunnar er til hinder for slik aktivitet.

Den delen av erstatta sjukepengetilfelle som mottok gradert yting auka frå 20,2 prosent i 2003 til 25,5 prosent i 2004. Det var i siste halvdel av 2004 den største endringa fann stad. For aktiv sjukemelding er det førebels ikkje høve til å få fullt oversyn over bruken i 2004, fordi bruken først vert registrert når sjukepengetilfellet er avslutta. Tal så langt syner ein nedgang. Dette tyder på at dei nye sjukemeldingsreglane har gjeve effekt som venta - ein nedgang i bruken av aktiv sjukemelding og ein auke i bruken av gradert yting.

Vidare har truleg auka fokus på legane sin sjukemeldingspraksis, samt at trygdeetaten til no har gjennomført kurs for om lag halvparten av legane i landet, medverka til nedgangen i sjukefråværet.

Rehabiliteringspengar

Folketrygda sine totale utgifter til rehabiliteringspengar (kap. 2652 post 70) var i 2004 på 8 713 mill. kroner. Utgiftstala for 2004 og 2003 kan ikkje direkte jamførast som følgje av at minsteytinga i 2004 auka frå 1,6G til 1,8G, og at det vart gjort tekniske omposteringar i 2003 mellom rehabiliteringspengar og andre trygdeytingar. Korrigert for desse forholda syner utgiftsutviklinga frå 2003 til 2004 ein nominell nedgang på 0,4 prosent.

Utviklinga skuldast i hovudsak ei rekkje tiltak som vart sette i verk i 2004 (mellom anna innstramming i unntaksreglane for å motteke rehabiliteringspengar), men òg ei etter kvart noko mindre tilstrøyming frå sjukepengar til rehabiliteringspengeordninga. Dette har ført til ein vesentleg nedgang i talet på stønadsmottakarar under rehabiliteringspengeordninga i løpet av 2004. Talet på mottakarar av rehabiliteringspengar vart redusert frå om lag 61 200 personar i desember 2003 til om lag 50 600 i desember 2004. Dette er ein reduksjon på 17,3 prosent. Av dei 50 600 personane mottok om lag 38 prosent rehabiliteringspengar etter unntaksreglar der rehabiliteringspengeperioden går utover eit år.

Iverksetjing av tiltak i 2004 resulterte i ein sterk auke i avgangen frå rehabiliteringspengeordninga dette året. Såleis auka talet på tilfelle med avgang frå om lag 51 600 i 2003 til om lag 66 800 tilfelle i 2004. Auken på om lag 15 200 tilfelle utgjorde såleis 29,5 prosent i forhold til 2003. Ein stor del av dei som avsluttar ein periode med rehabiliteringspengar har hatt overgang til tilgrensande stønadsområde som attføringspengar, tidsavgrensa uførestønad eller varig uførepensjon.

Uføreytingar

Frå 2003 til 2004 gjekk utgiftene til uføreytingar opp med 6,9 prosent, frå 39 582 mill. kroner til 42 301 mill. kroner. Viktige årsaker til auken er at det har vorte fleire uførepensjonistar og at grunnbeløpet i folketrygda har auka. Per 31.12.04 var det 310 884 mottakarar av uføreytingar. Av desse mottok 302 369 varig uførepensjon og 8 515 tidsavgrensa uførestønad. Samla sett utgjorde uførepensjonistane 10,7 prosent av befolkninga mellom 18 og 67 år. Det er ein auke på 3,2 prosent frå 31.12.03.

Talet på søknader om uførepensjon gjekk opp frå 37 970 i 2003 til 41 970 i 2004. Frekvensen i avslag ved søknad om uførepensjon var 24,8 prosent i 2004 mot 22,1 prosent i 2003.

Frå 1.1.2004 vart uførepensjonen delt i ein tidsavgrensa stønad og ein varig uførepensjon. Tilgangen til tidsavgrensa uførestønad stod for 28 prosent av samla tilgang til uføreområdet.

Tidsavgrensa uførestønad skal ytast når det er utsikt til at stønadsmottakaren kan kome heilt eller delvis attende i arbeid. Målsetjinga med tidsavgrensa uførestønad er å hindre varig utstøyting frå arbeidslivet, og såleis førebyggje varig uførleik. Gjennom god, individuell oppfølging i stønadsperioden, samt initiering og tilrettelegging av ulike tiltak, er målet at flest mogeleg skal kome attende i arbeid på heiltid eller deltid.

Alderspensjon

Det var 625 668 alderspensjonistar ved utgangen av 2004, om lag 2 000 fleire enn i 2003. Det er venta ein svak auke dei næraste åra, og ein sterk auke frå 2008. Utgiftene for 2004 var 81 655 mill. kroner, ein auke på 4 316 mill. kroner eller 5,6 prosent.

Ved utgangen av 2004 mottok 31,9 prosent av alderspensjonistane særtillegg (minstepensjon). Det var ein nedgang med 1,4 prosenteiningar frå 2003. Tilsvarande hadde 68,1 prosent ein pensjon høgare enn minstepensjon.

Gjennomsnittleg alderspensjon aukar. Hovudårsaka er at dei nye pensjonistane har fleire oppteningsår enn dei som døyr, mellom anna fordi dei nye kvinnelege alderspensjonistane har stadig høgare yrkesdeltaking. Dei to siste åra har den gjennomsnittlege pensjonen òg auka på grunn av auka grunnpensjon for pensjonistektepar. Dei nye alderspensjonistane i 2007 er dei fyrste som vil kunne ha full opptening (40 år.)

Einsleg mor eller far

Frå 2003 til 2004 auka utgiftene til overgangsstønad med 6,0 prosent, frå 2 126 mill. kroner til 2 253 mill. kroner. Talet på einslege forsørgjarar med overgangsstønad var 27 012 ved utgangen av 2004. Ved utgangen av 2003 var talet 25 647. Hovudårsaka til auken i utgiftene siste året er gjennomføring av tiltak i 2003 knytta til overgangsstønad ut skuleåret og forlenga stønadsperiode for einslege med mange born og unge einslege forsørgjarar. Utgiftene til stønad til barnetilsyn gjekk ned med 9,5 prosent i same tidsrom, frå 666 mill. kroner i 2003 til 603 mill. kroner i 2004. Nedgangen skuldast senka dekningsgrad og bortfall av stønad til einslege forsørgjarar med ei inntekt mellom 6 og 8 G som vart gjennomført i 2004. Talet på mottakarar av stønad til barnetilsyn var 29 659 i 2004, mot 32 314 i 2003.

Hjelpemiddel

Frå 2003 til 2004 var det ein nominell auke i utgiftene til hjelpemiddel til betring av funksjonsevna på 4,8 prosent, frå 2 407 mill. kroner til 2 523 mill. kroner. For enkelte grupper hjelpemiddel var det likevel ein sterkare auke frå 2003 til 2004 og utgifter til elektrisk rullestol auka med 18,4 prosent og utgifter til forflyttingshjelpemiddel unnateke rullestol auka med 8,3 prosent. Andre hjelpemiddelgrupper var stabile eller gjekk litt ned. Utgifter til manuell rullestol auka med 2,5 prosent, utgifter til hjelpemiddel til tilpassing av bustad, inkludert heis og løfteplattformar, auka med 1,3 prosent, medan utgifter til datautstyr gjekk ned med 2,8 prosent.

Underhaldsbidrag til barn og ektefelle

Den samla uteståande bidragsgjelda utgjorde 3 275 mill. kroner ved utgangen av 2004. Inkludert i talet er òg saker der dei bidragspliktige er busette i utlandet (586 mill. kroner) og uteståande i gamle gjeldssaker ved Statens Innkrevjingssentral (SI) (147 mill. kroner). Tilsvarande tal ved utgangen av 2003 var 3 299 mill. kroner, der bidragspliktige busette i utlandet skulda 559 mill. kroner og gamle gjeldssaker ved SI var 165 mill. kroner.

Samla vart det kravd inn 2 530 mill. kroner i 2004. Dette er ein reduksjon på 845 mill. kroner nominelt eller 25,0 prosent frå 2003. Reduksjonen skuldast at mange har valt å gå over til private avtalar med privat oppgjer etter innføringa av nye bidragsregler frå oktober 2003. Prosentdelen av bidragspliktige som betaler det bidraget dei er pålagd å betale er 88,5 prosent i 2004 og 89,5 prosent i 2003.

Statens forskotering av bidrag utgjorde brutto 1 119 mill. kroner i 2004. I dei tilfella der det fastsette bidraget er mindre enn forskotsbeløpet, skal ikkje differansen krevjast inn. Beløpet skal førast som utgift. Denne differansen vert nemnd som »løyvd forskot». Løyvd forskot utgjorde 546 mill. kroner. Det vil seie at forskotsbeløpet som kan krevjast inn for 2004 var 573 mill. kroner. 601 mill. kroner vart dekt av innbetalingane frå dei bidragspliktige, dvs. at gammal forskotsgjeld vart redusert.

Heimel til å gjere avskriving av bidragskrav i rekneskapen, vart gjeve av Sosial- og helsedepartementet 9. januar 2001. Forskrifta er nytta frå og med rekneskapsåret 2001. Ved utgangen av 2004 er 377 mill. kroner avskrive etter denne forskrifta. Samla uteståande krav innanlands ekskl. uerholdelege krav er 2 165 mill. kroner. Av dette vert 955 mill. kroner (44,1 prosent) klassifisert som gode fordringar, 790 mill. kroner (36,5 prosent) som usikre og 410 mill. kroner (18,9 prosent) som forventa tap.

Det er styresmaktene i kvart einskild land som krev inn når bidragspliktig bur i utlandet. Trygdeetaten er såleis avhengig av dei avtalene som er inngått, og av samarbeid frå kvart einskild land. Samla uteståande fordringar var 586 mill. kroner. Av dette gjeld 207 mill. kroner bidragspliktige i Norden. Sverige åleine står for 125 mill. kroner. Det vart til saman innbetalt 63 mill. kroner. I Norden vart det innbetalt 38 mill. kroner. I høve til 2003 er dekningsprosenten samla gått opp frå 65,0 prosent til 69,2 prosent, og for Norden sin del er dekningsprosenten auka frå 83,2 prosent til 92,2 prosent.

Arbeidsliv

Programområde 33 Arbeidsliv Folketrygda (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
33.10 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn 37,5 39,7 40,0 44,0
33.30 Arbeidsliv under folketrygda 16 502,9 20 677,4 22 035,0 22 381,1
Sum utgifter 16 540,4 20 717,1 22 075,0 22 425,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 350,1 mill. kroner.

Noko av meirutgifta skuldast at utbetalingane til dagpengar dei siste månadene i 2004 vart større enn forventa. Meirutgifta til attføringspengar skuldast i hovudsak ei noko større auke i utgifta per mottakar enn det som vart lagt til grunn. Dette har mellom anna samanheng med ei større tilgang av nye attføringspengemottakarar i 2004 med eit høgare inntektsgrunnlag enn dei som avslutta attføringslaupet i 2004. Meirutgifta til attføringsstønad skuldast mellom anna noko fleire deltakarar på skuletiltak mot slutten av året enn det som vart lagt til grunn.

Trenden i rekneskapen

Dei samla utgiftene under programkategori 33.30 Arbeidsliv under folketrygda har auka jamt i perioden 2002 – 2004, frå 16 502,9 mill. kroner i 2002 til 22 381,1 mill. kroner i 2004. Av denne auken var om lag 2 800 mill. kroner auke i utgifter til dagpengar. Dette har samanheng med fleire arbeidslause i perioden. Omlag 3 200 mill. kroner av auken er knytt til attføringsytingane. Det er attføringspengane som har auka. Dette skuldast dels veksten i talet på mottakarar, men òg auke i grunnbeløpet i folketrygda, at minsteytinga har auka og at nye attføringsmottakarar har hatt eit gjennomsnittleg høgare inntektsgrunnlag enn attføringspengemottakarar som var inne på ordninga. For attføringsstønad har det vore ei nedgang på 7,1 pst. frå 2003 til 2004. Dette skuldast mellom anna endringar i reglane for stønad til skulegang.

Etter fleire år med oppgang i nye saker, gjekk talet på konkursbu med lønnsgarantikrav ned med 17 prosent i 2004 samanlikna med 2003. Opna konkurs på landsbasis gjekk ned med 18 prosent frå 2003 til 2004.

3.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helsedepartementet har anvaret for to budsjettområde: Programområde 10 og 30.

Programområde 10 Helsevern (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
10.00 Helse- og omsorgsdepartementet osb. 358,6 265,3 290,4 328,7
10.10 Folkehelse 804,6 813,6 701,7 826,0
10.20 Helseteneste 1 620,7 1 764,4 1588,0 1 641,8
10.30 Regionale helseføretak 52 373,1 57 484,2 64 532,4 64 737,7
10.40 Psykisk helse 2 506,1 2 985,9 3 449,5 3 389,2
10.50 Legemidlar 203,2 181,4 202,9 208,1
10.60 Omsorgstenester 2 947,8 2 930,5
Sum utgifter 57 866,3 63 494,81) 73 712,7 74 061,9

1) Rekneskapskolonna for 2003 avviker noko frå same tabell i forrige St.meld nr 3. Dette skuldast at departementet har rekna om i forhold til ny departementsstruktur.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap 2004 syner eit meirforbruk på nærare 350 mill. kroner.

Tek ein omsyn til endringar i nivået på overføringane, refusjonar og andre meirinntekter vert det eit netto meirforbruk på 39,9 mill. kroner. Det største meirforbruket finn ein under sjuketransport med nærare 95 mill. kroner. Det er og fleire andre postar med meir- og mindreforbruk.

Programområde 30 Helsevern, folketrygda (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
30.10 Diverse tiltak i spesialisthelsetenesta m.v. 2 928,7 3 149,6 3 047,6 3 114,5
30.50 Legehjelp, legemiddel m.v. 15 880,5 17 101,6 15 804,6 15 660,2
30.90 Andre helsetiltak 971,8 791,7 445,0 464,6
Sum utgifter 19 780,9 21 043,0 19 297,2 19 239,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap 2004 syner eit netto mindreforbruk på om lag 58 mill. kroner.

Det største mindreforbruket finn ein under legemiddel med 65 mill. kroner. Det er og fleire andre postar med meir- og mindreforbruk.

Trenden i rekneskapen

Frå 2003 til 2004 har det for programområde 10 vore ei nominell utgiftsvekst på 16,6 prosent frå 63 494,8 til 74 061,9. Den store auken i utgifter har si årsak i sjukehusreforma. For programområde 30 har tilbakegangen i utgifter frå 2003 til 2004 vore på 8,6 prosent.

Auka innsats i helsesektoren

Somatisk pasientbehandling ved sjukehusa

St.prp. nr. 1 (2003-2004) la til grunn om lag uendra aktivitetsnivå frå 2003 til 2004.

Basert på tal frå 2. tertial 2004 indikerte prognosar om lag same aktivitet i 2004 som lagt til grunn i gjeldande budsjett for 2004 under ordninga innsatsstyrt finansiering (ISF), jf. St.prp. nr. 22 (2004-2005). I St. prp. nr. 22 (2004-2005), jf. Innst. S. nr. 82 (2004-2005), løyvde Stortinget 193 mill. kroner til auka aktivitet knytt til ISF. 13 mill. kroner gjaldt etterbetaling for 2003 og 180 mill. kroner skulle dekkje ein reell høgare aktivitetsvekst i 2003 enn lagt til grunn i budsjettet for 2004.

Når det gjeld poliklinisk aktivitet ved offentlige sjukehus, har det vore ein auke i aktiviteten i 2004. Det vart difor løyvd 278 mill. kroner til dette formålet under handsaminga av St.prp. nr. 22 (2004-2005), jf. Innst. S. nr. 82 (2004-2005).

Det er oppretta kompetansesenter innafor genterapi, lindrande behandling og arveleg kreft ved alle landets regionsjukehus. Løyvingane til vidare drift er frå 2004 overført til basisramma til dei regionale helseføretaka.

Utdanningskapasiteten for stråleterapeutar er auka ved fleire høgskular. I tillegg er det auka kapasitet for utdanning av radiografar og andre yrkesgrupper.

Nye Ahus, fase 2 i utbygginga av ny universitetsklinikk i Trondheim og nytt forskingsbygg ved Radiumhospitalet

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2003-2004) jf. Budsjett-innst. nr. 11 (2003-2004) vart det vedteke at det skulle ytes særskilt investeringstilskot til gjennomføring av utbyggingsprosjekta Nye Ahus, fase 2 i utbygginga av ny universitetsklinikk i Trondheim og nytt forskingsbygg ved Radiumhospitalet.

Det særskilte investeringstilskotet skal utbetalast over byggeperioden i takt med framdrifta i prosjekta og utgjer til saman om lag 4,5 mrd. kroner.

For 2004 vart det løyvd 297 mill. kroner i investeringstilskot til dei tre nemnte investeringsprosjekta.

Opptrappingsplanen for psykisk helse

Ved handsaminga av St.prp.nr.63 (1997-98) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2006 vedtok Stortinget ein åtteårig handlingsplan for psykisk helse. Planperioden er utvida til 2008. Målet for satsinga er å styrkje tilbodet til personar med psykiske lidingar. Til saman er planen kostnadsrekna til om lag 5,7 mrd. kroner (2005-kroner) i auka driftsutgifter i løpet av planperioden og om lag 8 mrd. kroner (2005 - kroner) i investeringar.

I 2004 løyvde Stortinget reelt 701 mill. kroner meir til opptrappingsplan for psykisk helse samanlikna med saldert budsjett for 2003.

Regjeringa prioriterer styrking av psykisk helsevern og det er ei klar målsetting at ventetid og ventelister særskilt for barn og unge, skal reduserast i opptrappingsperioden. Utviklinga hittil er positiv. Aktiviteten innafor psykisk helsevern har auka og fleire har fått tilbod om behandling.

3.9 Barne- og familiedepartementet

Barne- og familiedepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Fødselspengar.

Familie- og forbrukarpolitikk

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
11.00 Administrasjon 88,6 89,9 86,9 92,6
11.10 Tiltak for familie og likestilling 18 027,1 17 826,2 17 781,8 17 768,9
11.20 Tiltak for barn og ungdom 6 300,1 8 278,3 14 336,4 14 196,2
11.30 Forbrukarpolitikk 136,9 124,9 132,5 134,0
Sum utgifter 24 552,8 26 319,4 32 337,5 32 191,8

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap 2004 syner eit netto mindreforbruk på om lag 146 mill. kroner.

Tek ein omsyn til endring i nivået på overføringane, refusjonar og andre meirinntekter, vert mindreforbruket på 281 mill. kroner.

Trend i rekneskapen

I perioden 2002 – 2004 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 31 prosent, frå 24 552,8 mill. kroner i 2002 til 32 191,8 mill. kroner i 2004. Utviklinga skuldast i hovudsak satsinga på barnehagar og at staten overtok fylkeskommunane sitt ansvar for barnevernet og familievernet frå 1. januar 2004.

Tilskot til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Løyvinga dekker det særskilte tilskotet som vert betalt ut til kommunane når ein einsleg mindreårig asylsøkjar eller flyktning vert busett. I tillegg omfattar løyvinga statsrefusjon for kommunale utgifter til barnevernstiltak. Posten er ei overslagsløyving og ordninga er regelstyrt. Rekneskapen for 2004 syner eit mindreforbruk på om lag 13 mill. kroner. Mindreutgifta skuldast i hovudsak at prognosane departementet fekk frå kommunane og UDI før nysalderinga, ikkje var i samsvar med dei reelle krava som kom til utbetaling i desember.

Det statlege barnevernet

Rekneskapen for 2004 syner meirutgifter på om lag 40 mill. kroner. Vidare syner rekneskapen for 2004 at dei kommunale eigedelane er om lag 32 mill. kroner lågare enn forventa. Mindreinntekta skuldast at kommunane sine innbetalingar av refusjonar har vore lågare enn det som tidlegare vart lagt til grunn.

Fleire plassar og lågare foreldrebetaling i barnehagane

Frå 2003 til 2004 auka utbetalingane til det statlege driftstilskotet til barnehagar med i overkant av 1,2 mrd. kroner, frå 7,33 mrd. kroner i 2003 til 8,56 mrd. kroner i 2004. Vidare vart det utbetalt 495 mill. kroner i skjønsmidlar til barnehagar. Denne posten var ny i budsjettet for 2004. Utbetalingane til investeringstilskot gjekk ned frå 284 mill. kroner i 2003 til 258 mill. kroner i 2004. Årsaka til nedgangen er at utbetalt investeringstilskot per barn gjekk ned etter innføringa av den nye ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon. Ordninga fører til at delar av det statlege tilskotet til investeringar i nye barnehageplassar no vert ytt over kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift.

Dei auka statlege utbetalingane til barnehagar har medverka til å nå måla om fleire plassar og lågare foreldrebetaling. Trinn 1 i maksimalprisreforma vart innført frå 1. mai 2004. Foreldrebetalinga vart da satt til maksimalt 2 750 kroner per månad og maksimalt 30 250 kroner per år. Kostnadane til kommunane vart kompensert ved maksimalprisreforma gjennom skjønsmidlar og auka statleg driftstilskot.

Frå 1. mai 2004 fikk og kommunane plikt til å gi private og offentlege barnehagar ei likeverdig behandling med omsyn til offentlege tilskot. Prinsippa for likebehandlinga er fastsett i forskrift. Gjennom skjønstilskotet er kommunane kostnadane til kommunane kompenserte ved gjennomføringa av forskrifta.

Tabellen under syner auken i talet på barn med tilbod i ordinær barnehage og familiebarnehage, samt kapasitetsvekst målt i aukinga i talet på heiltidsplassar frå 2000 til 2004. Tabellen syner at både kapasitetsveksten og auken i talet på barn i barnehage har vore høg dei siste åra. Mange nye barn har kome inn, samtidig som mange barn har fått ei opphaldstid som er betre tilpassa foreldra sin etterspørsel.

År Auke i talet på barn i barnehage i forhold til året før Kapasitetsvekst i forhold til året før målt i talet på heiltidsplassar (45 t/uke)
2000 2 225 2 377
2001 2 812 3 386
2002 5 613 7 365
2003 6 910 8 779
2004 7 873 11 274

Kilde: Statistisk Sentralbyrå

Dekningsgraden, det vil si talet på barn med tilbod i ordinær barnehage eller familiebarnehage som del av totalt tal på barn i alderen 1-5 år, auka frå 62 prosent ved utgangen av 2000, til 72,1 prosent ved utgangen av 2004.

Fødselspengar

Programområde 28 Fødselspengar (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon 8 511,4 9 122,3 9 792,0 9 713,4
Sum utgifter 8 511,4 9 122,3 9 792,0 9 713,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Rekneskapen for 2004 syner eit mindreforbruk på 79 mill. kroner.

Mindreutgifta skuldast i hovudsak at føresetnadene som vart lagt til grunn i samband med nysalderinga ga noko for høgt overslag.

Trend i rekneskapen

Utgiftene under kapittel 2530 var om lag 590 mill. kroner høgare i 2004 enn i 2003. Auken skuldast i hovudsak fleire kvinner med rett til fødselspengar og høgare utbetaling per barn.

3.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
17.00 Administrasjon 185,2 202,1 188,1 191,0
17.10 Informasjonsteknologi, infrastruktur o.a. 1 256,2 1 677,0 1 975,3 1 937,6
17.20 Forsking, nyskaping o.a. 32 014,3 32 614,6 38 206,4 38 234,3
17.30 Statleg eigarskap 63,6 7 921,3 11 716,3 12 058,5
Sum utgifter 33 519,3 42 415,0 52 086,8 52 421,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 335 mill. kroner.

Når ein tek omsyn til meirinntekter, refusjonar og reduksjon i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med 153 mill. kroner, til 182 mill. kroner.

Programområdet omfattar forvalting og tilrettelegging av tiltak for nærings-, handels- og skipsfartspolitikk. For 2004 vart det til saman løyvd om lag 52,1 mrd. kroner til desse føremåla (medrekna lånetransaksjonar og aksjekjøp på 90-postar). Rekneskapførte utgifter utgjer om lag 52,4 mrd. kroner. Hovudårsaka til meirutgiftene er at det vart utgiftsført 350 mill. kroner meir enn løyvd til kjøp av aksjar i DnB NOR ASA med heimel i fullmakt frå Stortinget gitt ved handsaminga av St.prp. nr. 59 (2002-2003). Elles var det eit mindreforbruk på 390 mill. kroner under Innovasjon Noreg på grunn av utsett utbetaling av lån til distriktsretta ordning til næringsutvikling (restmidla er overførte til 2005). Vidare vart tilsegn om tilskot på 110 mill. kroner til statlege forskings- og utviklingskontraktar ikkje utbetalt. Utbetalingane av tilskot til refusjons/nettolønsordningane for sjøfolk vart totalt 65 mill. kroner mindre enn budsjettert.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapstala for programområde 17 har svinga mykje i perioden 2001-2004, frå 45,7 mrd. kroner i 2001 til 33,5 mrd. kroner i 2002 som lågast opp til 52,4 mrd. kroner i 2004. Ein vesentleg del av endringane gjeld finansiering av innlånsordningane under Innovasjon Noreg (tidlegare Statens nærings- og distriktsutviklingsfond), med skifte mellom opptak av kort- og langsiktige innlån frå statskassa avhengig av rente- og avdragsvilkåra. Svingingane i låneopptaka påverkar tilsvarande innbetalingane av avdrag og renter på inntektsbudsjettet. Vidare har det vore betydelege årlege endringar i utgiftene til kjøp av aksjar og tilføring av eigenkapital og fondskapital til statlege selskap som departementet forvalta i perioden.

Når ein held lånetransaksjonar og andre kapitalpostar (90-postar) utanom, er Nærings- og handelsdepartementet sine utgifter redusert frå om lag 5 mrd. kroner i 2002, til om lag 4,8 mrd. kroner i 2003 og til om lag 4,43 mrd. kroner i 2004. 81 mill. kroner av reduksjonen frå 2003 til 2004 har samanheng med overføring av oppgåver og løyvingar/budsjettmidlar til Moderniseringsdepartementet, jf. St. prp. nr. 83 (2004-2005). Elles har endringane frå 2003 til 2004 samanheng med at EUs rammeprogram for forsking og teknologi vart overført til Utdannings- og forskningsdepartementet 1. januar 2004.

3.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Programområde 16 Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
16.10 Administrasjon 80,6 84,7 83,2 85,6
16.20 Forsking og utvikling 1 121,7 985,3 968,7 1 040,8
16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning 448,4 497,0 384,8 430,4
16.60 Kystforvaltning 1 137,8 1 186,3 1 330,8 1 353,6
Sum utgifter 2 788,5 2 753,3 2 767,4 2 910,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 143 mill. kroner

Refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar utgjer til saman 147,3 mill. kroner. Tek ein omsyn til dette, er det eit mindreforbruk på 4,3 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2002 – 2004 har det vore ein nominell vekst i forbruket på 3,7 pst. frå 2 788,5 mill. kroner i 2002 til 2 910,4 mill. kroner i 2004. Forbruket til administrasjon har auka dei siste åra. Dette heng først og fremst saman med ny tilskotsordning til kystkultur frå 2003 og at departementet overtok ansvaret for helse og velferd hjå akvatiske organismar frå 2004.

Marin forsking er eit prioritert område, og løyvingane til forsking og utvikling har auka over fleire år, dersom ein korrigerar for løyvingane til bygging av nytt havforskingsfartøy. Forbruket på programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning auka frå 2002 til 2003, noko som først og fremst har samanheng med etablering av strukturfondet for kapasitetstilpassing av fiskeflåten. Reduksjonen frå 2003 til 2004 heng saman med overføring av Sjømattilsynet til det nye Mattilsynet. Forbruket til Kystadministrasjon har vore relativt stabilt dei siste åra. Auken i 2004 har først og fremst samanheng med kostnader til aksjonane knytt til ”Gudrun Gisladottir” og ”Rocknes”.

Hovudprioriteringane i budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet er ei lønsam og berekraftig fiskeri- og havbruksnæring, ein enklare kvardag for brukarane, styrkt sjøtryggleik og satsing på marin bioteknologi.

Det er dei siste åra gjennomført fleire store omorganiseringar under Fiskeri- og kystdepartementet sitt ansvarsområde. Fiskeridirektoratet sitt tilsyn med tryggleik og kvalitet ved sjømat vart overført til Mattilsynet frå 1. januar 2004. Frå same tidspunkt overtok Fiskeridepartementet ansvaret for helse og velferd hjå akvatiske organismar og budsjettansvar for Veterinærinstitutet si forvaltningsstøtte på dette området. I samband med dette vart det gjort ei netto rammeoverføring frå Landbruksdepartementet på 21,5 mill. kroner.

3.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
15.00 Mat- og landbruksforvaltning m.m. 113,6 120,2 128,7 133,6
15.10 Matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse. 814,4 918,9 1 364,7 1 398,7
15.20 Forsking og utvikling 279,7 273,1 305,1 305,2
15.30 Ressursforvaltning, næringsutvikling og verdiskaping 13 547,6 12 756,9 12 435,3 12 643,7
15.40 Forretningsdrift 2,6
Sum utgifter 14 757,8 14 069,1 14 233,8 14 481,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 247 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med om lag 207 mill. kroner til eit meirforbruk på om lag 40 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen syner at dei nominelle utgiftene i 2004 ligg om lag 1,9 pst. lågare enn i 2002. Sett i forhold til rekneskapen i 2003 har utgiftene under programområde 15 Landbruk og mat auka med om lag 2,9 pst. i 2004.

Løyvinga over programkategori 15.10 Matvarekvalitet, dyrehelse o.a. syner ein auke frå 919 mill. kroner i 2003 til 1 399 mill. kroner i 2004. Auken i løyving skuldast i hovudsak overføring av 190,5 mill. kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet knytt til statleggjering av kommunale oppgåver i Mattilsynet. I tillegg er auken knytt til dei store utfordringane på matområdet dei siste åra, samt arbeidet med omorganiseringa av matforvaltninga og opprettinga av Mattilsynet frå 1.1.2004.

Rekneskapen under programkategori 15.20 Forsking og utvikling syner ein auke på 32 mill. kroner frå 2003 til 2004, medan det var ein liten reduksjon frå 2002 til 2003. Landbruks- og matdepartementet har i 2004 prioritert forsking på de tematiske satsingane i Forskingsmeldinga.

Innanfor programkategori 15.30 Ressursforvaltning, næringsutvikling og verdiskaping utgjer løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen hovuddelen. Løyvinga til dette føremålet er redusert med om lag 10 pst. frå 2002 til 2004. Det er òg gjennomført endringar i landbrukspolitikken gjennom strukturelle tilpassingar som skal stimulere til auka effektivitet og konkurransekraft. God utnytting av det moglege i marknaden, ny teknologi, auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar og fornuftige kostnadstilpassingar vil i aukande grad avgjere om måla for inntektsutviklinga kan nåast. Regjeringa legg vekt på at yrkesutøvarane er sjølvstendig næringsdrivande og at ein må ta større omsyn til bruk kor jordbruksproduksjonen utgjer eit viktig bidrag til inntekta.

3.13 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post- og telekommunikasjon.

Innanlands transport

Programområde 21 Innanlands transport (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
21.10 Administrasjon 213,4 922,1 262,5 266,9
21.20 Luftfartsføremål 1 252,2 8 203,3 887,5 860,2
21.30 Vegføremål 11 995,2 13 560,6 12 927,7 13 047,9
21.40 Særskilde transporttiltak 212,2 244,2 344,7 356,2
21.50 Jernbaneføremål 6 229,4 6 664,6 6 235,5 6 317,5
21.60 Samferdselsberedskap 44,1 70,4 59,2 61,3
Sum utgifter 19 946,6 29 665,2 20 717,1 20 910,1

Post- og telekommunikasjon

Programområde 22 Post- og telekommunikasjon (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
22.10 Post og telekommunikasjonar 2 210,4 1 075,7 508,8 505,7
Sum utgifter 2 210,4 1 075,7 508,8 505,7

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner for programområde 21 eit meirforbruk på 193 mill. kroner. For programområde 22 er det eit lite mindreforbruk

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i nivået på overførte løyvingar, vert meirforbruket under programområde 21 eit mindreforbruk på 6,3 mill. kroner. For programområde 22 vart mindreforbruket til eit meirforbruk på 2,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden har det for programområde 21 vore ein nominell auke i utgiftene på om lag 5 pst., frå 19 947 mill. kroner i 2002 til 20 910 mill. kroner i 2004. Utgiftene i 2003 var om lag 9 mrd. kroner høgare enn i 2002 og 2004. På programområde 22 har det vore ein stor nedgang i utgiftene både frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004.

Det var ein kraftig reduksjon i løyvingane på programområde 21 frå 2003 til 2004. Hovudårsaka var endra organisering av verksemder i 2003 som t.d. omdanninga av forvaltningsverksemda Luftfartsverket til aksjeselskap (Avinor AS) og omdanninga av produksjonsverksemda i Statens vegvesen til aksjeselskap (Mesta AS). Slike organisasjonsmessige endringar har store konsekvensar for statsbudsjettet og statsrekneskapen ved etableringa av selskapa. Vidare vart eigenkapitalen i fleire selskap auka i 2003 med til saman 1,1 mrd. kroner. Det vart ikkje gitt slike løyvingar i 2004.

På Samferdselsdepartementets område går den største delen av løyvingane til veg, jernbane og kjøp av ulike samferdselstenester. Som i 2003 synte rekneskapen for Statens vegvesen i 2004 eit mindreforbruk samanlikna med budsjettet. Både i 2003 og 2004 synte rekneskapen for Jernbaneverket ikkje store avvik samanlikna med løyvingane.

Inntektssida på samferdsleområdet er påverka av betaling av renter og lån til selskap som Samferdselsdepartementet forvaltar, og utbyte frå selskap. Jernbaneverket og Statens vegvesen har inntekter mellom anna frå sal av utstyr og ulike tenester som er vanskelege å budsjettere nøyaktig. Den einaste av etatane som er sjølvfinansiert, er Post- og teletilsynet. Post- og teletilsynet har eit reguleringsfond som handterer avvik mellom budsjett og rekneskap. Luftfartstilsynet finansierer òg ein del av verksemdene sine med gebyr.

Styrking av kollektivtransporten

Regjeringa har i budsjettet for 2004 ført vidare arbeidet med å styrke kollektivtransporten. Det er mellom anna starta forsøk med alternativ organisering av forvaltninga av transportsektoren i dei største byområda (byforsøka). Bergen-, Trondheim-, Stavanger- og Kristiansandsregionen er med i byforsøka. Målet er å sjå planlegging og drift av kollektivtransport og planlegging, drift og investering i transportinfrastruktur og arealbruk i størst mogleg samanheng.

Arbeidet i samordningsorganet for det sentrale Austlandet (SKØ) heldt fram i 2004. Det greidde ut fleire viktige spørsmål for betre samordning av kollektivtransporten, mellom anna billetteringssystem, informasjonssystem og styrings- og organiseringsmodellar for SKØ.

Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand fekk i 2004 tildelt midlar frå den statlege tilskotsordninga for betre kollektivtransport.

Satsinga på infrastruktur for kollektivtransporten er vidareført med særleg innsats på jernbanen rundt Oslo og T-baneringen. Vidare vart det investert i sikker togkommunikasjon (GSM-R), opprusting av haldeplassar, kollektivfelt og terminalar.

Innføringa av meirverdiavgift på persontransport i 2004, med låg sats, er venta å forbetre tilhøva for kollektivtransporten på kort og lang sikt.

3.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging  (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging o.a 722,4 704,6 629,5 658,0
12.20 Biomangfold og friluftsliv 579,6 586,9 576,6 622,2
12.30 Kulturminnar og kulturmiljø 422,0 242,6 238,7 240,2
12.40 Forureining 756,7 666,3 604,5 613,4
12.50 Kart og geodata 384,2 362,2 354,1 363,2
12.60 Nord- og polarområdar 109,0 114,8 114,2 123,5
Sum utgifter 2 973,9 2 677,3 2 517,7 2 620,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 102,9 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med 95 mill. kroner til eit mindreforbruk på 7,9 mill. kroner.

Meirforbruket under programkategori 12.10 i 2004 skuldast i all hovudsak at det ikkje vart løyvd midlar til modernisering av nikkelverket på Kola i 2004. Utbetalinga vart dekt av overføringar frå 2003-budsjettet. Det er i tillegg innfridd garantiansvar for miljøverninvesteringar der løyving finn stad i 2005.

Meirforbruket under programkategori 12.40 skuldast mellom anna fleire innsamla bilvrak enn venta i 2004. Skrapjernprisen som ligg til grunn for utbetaling av jernverdi til biloppsamlarane, har auka monaleg. Målsettinga for bilvraksystemet er at inntekter og utgifter skal balansere over tid, men det kan vere store årlege svingingar.

Meirforbruket under programkategori 12.60 skuldast ekstraordinære investeringskostnader ved bygging av heilårsstasjonen Troll i Antarktis. Desse er forskoterte, og vil verte spart inn dei komande tre åra.

Trenden i rekneskapen

Programområde 12.10 syner ein nedgang i perioden 2002-2004. Ordninga med tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk syner ein jamn nedgang dei seinaste åra. Midlane nyttast i hovudsak til driftsstøtte. Det vart i 2003 løyvd vel 100 mill. kroner til miljøtiltak ved nikkelverka på Kola. Arbeidet er førebels stoppa opp medan ein tek stilling til endeleg renseteknologi.

Under programkategori 12.20 syner utbetalingane ein jamn utvikling frå 2002 til 2003 med ein tydeleg auke til 2004. Auken skuldast fyrst og fremst auke i utbetalingane til skogvernet og erstatningar for rovviltskade på bufe og tamrein. Auken for rovviltskade skuldast ei endring i dei landbrukspolitiske tilskotsordningane frå hausten 2003. Auken under programkategori 12.20 er òg knytt til satsing på etablering av nye nasjonalparkar, auka oppsyn i verneområde og fleire internasjonale bistandsoppdrag for Direktoratet for naturforvaltning.

I 2002 vart Norsk kulturminnefond oppretta med ei eingongsløyving. Aktiviteten på programområde 12.30 har i perioden elles ikkje vore endra.

Programkategori 12.40 syner i perioden ein nedgang i løyvingane. Mellom anna er arbeidet med tilskot til kommunale avløpstiltak avslutta, dei siste tilskota vart utbetalt i 2003. Miljøfondet er ikkje vidareført. Siste utbetaling vart gjort i 2003. Tilskotsordninga ”Aksjon jærvassdrag” vart frå 2003 innlemma i rammetilskota til kommunane.

Reduksjonen under programområde 12.50 har særleg samanhang med omstilling av Statens Kartverk.

Trenden syner ein auke under programområde 12.60. Dette skuldast særleg investeringar i heilårsstasjonen Troll og flyplassen DROMLAN i Antarktis.

3.15 Moderniseringsdepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
01.00 Administrasjon m.v. 446,9 469,4 496,6 542,4
01.10 Fylkesmannsembeta 1 016,6 1 163,4 1 019,0 1 269,2
01.20 Forvaltningspolitikk og statlege fellestenester 537,7 511,4 416,5 512,4
01.30 Partistøtte 255,2 260,1 261,8 261,2
01.40 Pensjonar m.m. 10 079,8 1 017,3 3 855,4 3 549,0
01.50 Konkurranse- og prispolitikk 109,9 65,1 89,1 87,5
01.60 Statsbygg 2 157,0 1 305,5 1 893,8 1 994,6
Sum utgifter 14 603,0 4 792,2 8 032,2 8 216,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 184,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert det eit mindreforbruk på om lag 300,6 mill. kroner. Dette mindreforbruket er hovudsakleg knytt til programkategori 01.40 Pensjoner m.m., og er ei følgje av auka innbetaling av bustadlån for medlem av Statens Pensjonskasse og nedgang i netto utbetalte pensjonar.

Trenden i rekneskapen

Frå 2002 har utgiftene på programområdet minka med 44 pst., frå 14 603,0 mill. kroner til 8 216,3 mill. kroner. Dette skuldast i særleg grad dei reduserte utbetalingane på programkategori 01.40 Pensjoner m.m., der det er ein nedgang på om lag 6 530,8 mill. kroner.

Nedgangen skuldast særleg to forhold. For bustadlån til statstilsette har det vore ei endring på om lag 4,8 mrd. kroner, frå netto utbetaling på om lag 3,7 mrd. kroner i 2002 til netto innbetaling på om lag 1,2 mrd. kroner i 2004, grunna minka etterspørsel etter nye lån. Tilskot til Statens Pensjonskasse er minka med om lag 1,7 mrd. kroner frå 2002 til 2004, grunna i hovudsak auka premieinnbetalingar frå dei premiebetalande verksemdene, i tillegg til ordinær heving av premiane.

For programkategori 01.00 Administrasjon m.v. er utgiftene auka med 21 pst. frå 2002 til 2004. Auken kjem i hovudsak av endringar i departementsstrukturen i 2004, då Moderniseringsdepartementet fekk eit samla ansvar for IT-politikken, mellom anna forvaltinga av tilskot til breibandskommunikasjon og andre IT-tiltak (kap. 1508).

For programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta er utgiftene auka med 25 pst. frå 2002 til 2004. Auken skuldast i hovudsak integrering av statens utdanningskontor og fylkeslegeembeta i fylkesmannsembeta. Programkategori 01.50 Konkurranse- og prispolitikk har minka utgiftene med 20 pst. frå 2002 til 2004. Dette skuldast i hovudsak at pristilskotet vart avvikla i 2002. På den andre sida har flyttekostnadene for Konkurransetilsynet auka utgiftene på programkategorien med om lag 19 mill. kroner i 2004. Programkategori 01.60 har minka med om lag 8 pst. frå 2002 til 2004. Denne nedgangen kjem i hovudsak av auka driftsresultat i Statsbygg (kap. 2445, post 24).

3.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
23.10 Finansadministrasjon 444,9 486,1 398,3 410,5
23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon 4 752,5 4 828,4 4 420,5 4 670,7
23.30 Offisiell statistikk 509,2 520,3 475,6 508,4
23.40 Andre føremål 1 498,9 2 146,7 9 951,5 9 002,7
Sum utgifter 7 205,5 7 981,5 15 246,0 14 592,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på om lag 654 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar under området, aukar mindreforbruket med om lag 282 mill. kroner til nærare 937 mill. kroner. Det store mindreforbruket heng serleg saman med at det vart betalt 949,8 mill. kroner mindre i meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og ymse private verksemder enn budsjettert.

Trenden i rekneskapen

Frå 2002 til 2004 er utgiftene under programområde 23 meir enn dobla. Hovudårsaka er at utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon under programkategori 23.40 Andre føremål auka frå om lag 1 312 mill. kroner i 2002 til om lag 8 607 mill. kroner i 2004.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon var det i 2002 og 2003 eingongsløyvingar på 90 og 111,1 mill. kroner i samband med Finansmarknadsfondet. Held ein desse utanfor, er det serleg den jamne veksten i Kredittilsynets verksemd som gir ein auke under kategorien.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon fører ein del større IT-prosjekt til utgiftsmessige variasjonar frå år til anna. Ei viktig forklaring på reduksjonen frå 2003 til 2004 er elles at økonomitenesta ved skattefutkontora frå 2004 vart flytta til den nye etaten Senter for statleg økonomistyring, der løyvingane ligg under programkategori 23.40 Andre føremål.

Programområde 24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag o.a., er omtalt under kap. 4 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar. Inntektene frå skattar og avgifter er kommenterte i kap. 2.

3.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
04.10 Militært forsvar 30 985,5 30 545,2 29 465,3 31 460,6
Sum utgifter 30 985,5 30 545,2 29 465,3 31 460,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og overførte løyvingar frå 2003, vert det uheimla meirforbruket på 1 156,3 mill. kroner i 2004. Det uheimla meirforbruket kjem fram ved at alle meirinntekter, 635 mill. kroner, er trekt frå brutto meirforbruk til delvis dekning av dette, jf. romartalsvedtak I Meirinntektsfullmakt i saldert budsjett for 2004.

Trenden i rekneskapen

Frå 2002 til 2004 har utgiftene under programområde 04 auka nominelt med om lag 1,5 pst., frå 30 985 mill. kroner til 31 460 mill. kroner. Rekneskapen for Forsvaret syner for 2004 eit meirforbruk på ca. 3 pst. av samla disponibel løyving til Forsvaret, medrekna overføringar frå 2003. Det oppstod i 2004 et stort uheimla meirforbruk innanfor driftsbudsjetta til Hæren og Forsvaret sin logistikkorganisasjon (FLO). Årsaka var mangelfull oversikt over forpliktingar og forbruk gjennom året. Prognosane for årsresultatet var feil, og tiltak for å halde verksemda innanfor tilgjengelege økonomiske rammer vart difor ikkje i tilstrekkeleg grad sette i verk, jf. St.meld. nr. 29 (2004–2005) Om merforbruket på forsvarsbudsjettet 2004.

I 2004 var òg omstilling av Forsvaret ei viktig oppgåve. Hovudmålet med moderniseringa og omstillinga er å auke Forsvaret si operative evne. Det moderne forsvaret må kunne settast inn der behovet oppstår, anten oppgåvene skal løysast heime eller ute, åleine eller saman med andre. Målet er å etablere eit forsvar som er betre i stand til å reagere raskt med relevante kapasitetar, for å handtere det uføresette innanfor eit breitt oppgåvespekter, både nasjonalt og internasjonalt.

Forsvaret er i all hovudsak i rute i forhold til å kunne nå alle dei sentrale omstillingsmåla. Omstillingsmåla i Forsvaret for perioden 2002-2005 ligg fast. Realiseringa av desse måla er avgjerande for den kvalitetshevinga som Forsvaret no er inne i.

3.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål (tal i mill. kroner) Rekneskap 2002 Rekneskap 2003 Budsjett 2004 Rekneskap 2004
18.00 Olje- og energidepartementet 227,3 186,7 210,0 217,2
18.10 Petroleumsforvaltning 351,7 346,2 433,0 434,9
18.20 Energi- og vassdragsforvaltning 746,6 796,6 2 490,0 2 540,4
18.30 Forskingsformål 264,8 258,3 314,4 316,7
18.70 Petroleumsverksemda 16 074,7 17 564,1 20 453,0 18 660,6
Sum utgifter 17 665,1 19 151,9 23 900,4 22 169,8

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på 1 731 mill. kroner.

Tek ein omsyn til endring i nivå på overføringane, refusjonar og andre meirinntekter, vert mindreforbruket på 1 836 mill. kroner.

Under programkategori 18.00, 18.10 og 18.30 syner rekneskapen for 2004 samla, relativt små avvik i forhold til budsjettet. Under programkategori 18.20 er det eit meirforbruk, som i hovudsak heng saman med at det under kap. 1825, post 70 Tilskot til elektrisitetssparing i private husholdningar, er utbetalt store tilskot til søkjarar som mottok tilsegn i 2003, dekt av midlar overført frå 2003. Overførte beløp er ikkje inkludert i budsjettala. På kap. 1825, post 74 Naturgass var det òg eit meirforbruk grunna overførte beløp. Mindreutgiften under programkategori 18.70 er i all hovudsak knytt til lågare investeringar under SDØE for Gassled, Snøhvit, Heidrun, Oseberg, Troll olje og Oseberg Sør.

Trenden i rekneskapen

Programkategori 18.10, 18.20 og 18.30 skil seg ut i 2004 i høve til dei tidlegare åra. Når det gjeld 18.10 skuldast det at post 70 Petoro AS vart flytta frå programkategori 18.70 til kategori 18.10. Vidare vart Petroleumstilsynet skilt ut frå Oljedirektoratet og lagt under Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Avviket under programkategori 18.20 skuldast at det i 2004 vart oppretta eit fond for miljøvenleg gasskraftteknologi på 2 mrd. kroner. Samtidig vart løyvinga til Energifondet redusert med om lag 200 mill. kroner, medan påslaget på nettariffen vart auka. Auken under programområde 18.30 skuldast i hovudsak ei satsing på forsking under Forskingsrådet.

3.19 Statsbankane

Statens lånekasse for utdanning

Samla uteståande fordringar for Statens lånekasse for utdanning var per 31. januar 2004 82,4 mrd. kroner, ein auke på om lag 6 mrd. kroner frå 31. januar 2003. Det samla beløpet gjeld lån til utdanning, renter og gebyr.

Av lån til utdanning er i overkant av 23 mrd. kroner ikkje renteberande. Av andre ikkje renteberande fordringar utgjer opptente, ikkje betalte renter om lag 600 mill. kroner og ikkje betalte gebyr om lag 73 mill. kroner.

Det er ved utgangen av 2004 om lag 2 mrd. kroner utestående i renteberande renter, ein nedgang på om lag 300 mill. kronr frå 2003. Om lag 56 mrd. kroner er til renteberande lån.

Husbanken

Samla var uteståande fordringar i Husbanken på 94,3 mrd. kroner ved utgangen av 2004, fordelt på om lag 100 800 lån, ein nedgang på om lag 6,5 mrd. kroner frå 2003. Av dei uteståande fordringane utgjer 65,9 mrd. kroner oppføringslån, 20,0 mrd. kroner etableringslån/startlån og kjøpslån, og 8,2 mrd. kroner utbetringslån. Husbanken har òg uteståande lån til rentedekking, restkrav o.a. for om lag 0,3 mrd. kroner. Uteståande fordringar har i sum gått ned med 6,8 mrd. kroner frå 2003 til 2004.

Husbanken hadde i 2004 eit tap på 36,0 mill. kroner. Med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar/inngåtte avtaler som utgjorde 7,1 mill. kroner, var netto tap på utlån 28,9 mill. kroner. Av samla brutto tap er 22,0 mill. kroner knytt til personlege låntakarar.

Til forsida av dokumentet