St.meld. nr. 3 (2004-2005)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004

Til innhaldsliste

4 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar

I kap. 4.1 er staten sin balanse gjeve ein omtale med noter til vesentlige endringar. I kap 4.2 er det gjeve eit oversyn over statens finansinntekter og finansutgifter. I kap. 4.3 er garantiar omtala. I kap. 4.4 er hovudprinsippa som ligg til grunn for føring av statsrekneskapen, stilt opp.

4.1 Staten sin balanse med noter

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av staten sin balanse med hovudvekt på staten sine finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Dei viktigaste eigedelane er i spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir og kapital i staten sine sjølvstendige føretak. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel del av balansen, jf. vedlegg 5 der balansar er presentert for forretningsverksemdene.

Staten sine eigedelar gjekk opp med 162,0 mrd. kroner i 2004, frå 1 470,0 mrd. kroner til 1 632,0 mrd. kroner. Auken må i hovudsak tilskrivast auken i verdien på Statens petroleumsfond. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)

Tekst Note 31.12.03 31.12.04 Endring
Eigedelar
60. Kontantbehaldningar 1 108 587 88 817 -19 770
61. Spesielle fond og forsikringar 2 884 506 1 038 574 154 067
62. Verdipapir inkl. kapital i statens sjølvstendige verksemder 3 84 769 94 440 9 672
63. Utlån og uteståande fordringar 4 217 050 216 013 -1 037
64. Ordinære fond 5 40 653 45 930 5 278
65. Forskot 6 808 741 -68
66. Kapital i statsbankane 7 2 149 2 082 -67
68. Fast kapital i statsverksemdene 8 135 576 138 980 3 403
69. Eigenbehaldning statspapir 9 0 14 047 14 047
70-73. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar 10 -5 767 -7 375 -1608
77. Statspapir. Overkurs/underkurs 11 1 618 -219 -1 837
1 469 949 1 632 030 162 080
Gjeld og eigenkapital
80. Statsgjelda 12 339 841 320 758 -19 082
81. Kontolån frå ordinære fond 13 44 920 51 140 6 220
82. Verksemder med særskilde fullmakter 14 5 768 6 897 1 129
84. Deposita og avsettingar 15 16 389 10 918 -5 471
87. Overførte unytta løyvingar 16 6 998 7 012 13
99. Avslutningskonto (eigenkapital) 17 1 056 034 1 235 305 179 271
1 469 949 1 632 030 162 080

Noter:

Note 1.

Staten sin kontantbehaldning var 19,8 mrd. kroner lågare ved utgangen av 2004. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank.

Note 2.

Auken i spesielle fond og forsikringar var på 154,1 mrd. kroner og kjem i hovudsak av auken i bokført verdi i Statens petroleumsfond på 164,5 mrd. kroner jf. kap. 5 i denne meldinga. Statens varekrigsforsikring er redusert med 0,17 mrd. kroner medan andre fond i kontogruppa og syner ein reduksjon på 10,3 mrd. kroner. Dette kjem i hovudsak av at Statens Bankinvesteringsfond vart avslutta i 2004.

Note 3.

Auken i verdipapir mm. er netto 9,7 mrd. kroner og kjem i hovudsak frå 9,6 mrd. kroner i netto auka behaldning av aksjar. Auka verdi av aksjar kjem mellom anna av aktivering av aksjar under Nærings- og handelsdepartementet, fordelt med 10,8 mrd. kroner for DnB NOR og 1,2 mrd. kroner for Argentum fondsinvesteringar. Telenor ASA hadde ein netto reduksjon på 1,9 mrd. kroner. Aksjane i Yara International er aktivert med 414,8 mill. kroner samstundes som aksjane i Norsk Hydro er redusert med 414,8 mill. kroner. Sjå tabell 3.5 i vedlegg 3 for oversyn over statens aksjeinteresser.

Note 4.

Nedgangen i utlån og uteståande fordringar er netto 1,0 mrd. kroner. Av dette er om lag 6,5 mrd. kroner redusert utlån for Husbanken og 1,2 mrd. kroner redusert utlån til tilsette i staten gjennom Statens pensjonskasse. Innovasjon Noreg ordinære innlån vart redusert med netto 1,2 mrd. kroner. Lån til helseføretaka auka med 2,8 mrd. kroner. Av dette er utlån til Helse Midt-Noreg auka med 1,1, mrd. kroner. Utlån frå Lånekassa auka med om lag 6 mrd. kroner.

Note 5.

Auken for ordinære fond er på 5,3 mrd. kroner. Av dette utgjer 1,1 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping og 1,6 mrd. kroner konverteringsfondet i Statens lånekasse. Fond for miljøvennleg gassteknologi er etablert med 2,0 mrd. kroner. Fond under Kommunal- og regionaldepartementet vart redusert med 0,2 mrd. kroner, medan fond under Nærings- og handelsdepartementet samla vart redusert med 0,2 mrd. kroner. Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond. Midla som fonda har ståande på konto i Noregs Bank er òg ført opp som kontolån til staten, jf. kontogruppe 81.

Note 6.

Nedgangen i forskot er på 67,5 mill. kroner som i hovudsak gjeld forskot under Samferdselsdepartementet for Statens vegvesen og Jernbaneverket og forskot på rammetilskot til fylkeskommunar og kommunar under Kommunal- og regionaldepartementet.

Note 7.

Nedgangen i fast kapital i statsbankane på 67,2 mill. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen i Husbankens risikofond og Innovasjon Noreg er redusert med til saman 58,0 mill. kroner.

Note 8.

Auken i fast kapital i statsverksemdene på 3,4 mrd. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen i SDØE er auka med 2,6 mrd. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

Note 9.

Det vart i 2004 etablert ei ny kontogruppe, Eigenbehaldning statspapir, som vart aktivert med 14,0 mrd. kroner. Av dette var eigenbehaldning statsobligasjonar aktivert med 6,1 mrd. kroner og eigenbehaldning statskassevekslar aktivert med 7,9 mrd. kroner.

Note 10.

Statlege verksemder sitt mellomvære med statskassa gjekk ned med 1,6 mrd. kroner slik at verksemdene har 7,4 mrd. kroner til gode per 31.12.2004. Det er i 2004 postert netto om lag 0,15 mill. kroner til kredit mot konto for forskyving i balansen, jf. fullmakt frå Stortinget til å postere differansar og uoppklarte beløp mot konto for forskyving i balansen. Dette gjeld verksemder og inneber at dei samla fekk redusert beløp til gode i statskassa slik:

Statens forureinings tilsyn 0,017 mill. kroner
Agder Bispedømeråd -0,325 mill. kroner
Statens legemiddel kontroll 1,713 mill. kroner
Skattefuten i Finnmark -0,101 mill. kroner
Arkitekthøgskolen i Oslo -1,534 mill. kroner
SKF i Oslo og Akershus, avregning mva. 0,380 mill. kroner
Samla 0,150 mill. kroner

Luftfartsverket sitt mellomvære med Statskassa på 110,5 mill. kroner vart gjort opp i 2004 i samsvar med Stortingets vedtak, Innst. S. nr. 222 (2003-2004) og Samferdselsdepartementet sin St.prp. nr. 62 (2003-2004).

Under Samferdselsdepartementet er det sett av 1,661 mill. kroner som gjeld opptrekksrenter for lån til Svinesundforbindelsen AS og under Helse- og omsorgsdepartementet er det sett av 14,34 mill. kroner som gjeld opptrekksrenter for lån til Regionale helseføretak. Opptrekksrente for 2. halvår 2004 vart først belasta departementa sine konti og godskrevet Finansdepartementet sin konto i Noregs Bank i januar 2005. Dette har difor ingen verknad på statens samla kontantbehaldning i Noregs Bank per. 31.12.2004. Avsetjingane går fram av mellomvære mellom statskassa og Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Note 11.

Som følgje av over/underkurs på statspapir er bokført verdi redusert med 1,8 mrd. kroner.

Note 12.

Statsgjelda er redusert med 19,1 mrd. kroner i 2004. Dette skuldast i hovudsak Faste lån opptatt innanlands på 17,6 mrd. kroner og Statssertifikat, innanlands på 2,0 mrd. kroner. Sjå tabell 3.3 i vedlegg 3 for nærare spesifikasjon av endring i statsgjelda.

Note 13.

Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten òg eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktivert i kontogruppe 64 Ordinære fond. Auken for 2004 er på 6,2 mrd. kroner. Av dette utgjer 1,1 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping og Lånekassas konverteringsfond på 1,7 mrd. kroner. Fond for miljøvennleg gassteknologi som vart etablert i 2004 vart aktivert med 2,0 mrd. kroner. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

Note 14.

Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Verksemdene sine likvide midlar er plasserte i Noregs Bank. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

Note 15.

Deposita og avsetjingar syner ein nedgang på 5,5 mrd. kroner. Avsetjinga til Statens petroleumsfond syner -6,3 mrd. kroner. Avsetjinga til Statens petroleumsforsikringsfond auka med 0,5 mrd. kroner.

Note 16.

Unytta løyvingar som vert overført til neste budsjettår, vert registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane til 2005 er samla 7,012 mrd. kroner, noko som er 13,7 mill. kroner høgare enn overført løyving frå 2003. I talet er overførte løyvingar på 90-post (lånetransaksjonar) med. Overførte løyvingar utanom 90-postar er 6,547 mrd. kroner, jf. kapittel 1.

Note 17.

Avslutningskontoen med staten sin eigenkapital auka i 2004 med 179,3 mrd. kroner frå 1 056,0 mrd. kroner til 1 235,3 mrd. kroner, jf. note 1-17 ovanfor. Sjå òg tabell 1.11 i vedlegg 1.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2004 renteinntekter på om lag 11,2 mrd. kroner og renteutgifter på om lag 16,8 mrd. kroner. Netto renteutgifter vart dermed 5,6 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2003 til 2004 minka rentene av innanlandsk statsgjeld med om lag 1,6 mrd. kroner. Rentene av den utanlandske statsgjelda gjekk ned med om lag 187 mill. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

  2002 2003 2004
1. Renteinntekter i alt 15 578 15 628 11 183
Renter frå statsbankane 11 963 12 197 8 170
Renter av kapital i statens forretningsverksemd 104 33 33
Renter av innskot og andre krav 2 773 1 835 2 024
Renter av lån til statsføretak 85 268 182
Renter av lån til særlovselskap 17 0 0
Renter av lån til aksjeselskap 573 436 403
Renter frå folketrygda 64 42 19
SPK, lån til statstilsette 0 816 352
2. Renteutgifter i alt 17 231 18 611 16 787
Av innanlandsk statsgjeld 1) 16 908 18 421 16 784
Av utanlandsk statsgjeld 323 190 3
Netto renteinntekter/ renteutgifter -1 653 -2 983 -5 604

1) Renteutgifter for innanlandsk statsgjeld omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

4.3 Garantiar

Forvaltninga kan ikkje gi garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gitt ein garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterar for at låntakar oppfyller sine plikter overfor långivar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter det einskilde departement for 2003 og 2004. Per 31.12.2004 har forvaltninga gitt garantiar med eit samla garantiansvar på 47,1 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 6,0 mrd. kroner frå 2003. Auken skuldast i hovudsak den alminnelige garantiordninga under GIEK, der samla garantiansvar auka med 7,8 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2004 var på 161,9 mill. kroner. Den største delen er utbetalt under den alminnelege garantiordninga under GIEK. I vedlegg 4 finst meir informasjon om dei einskilde garantiordningane.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2004 (tal i mill. kroner)

  Garantiansvar per 31.12.2003 Utbetalt ved tap i 2004 Garantiansvar per 31.12.2004
Utanriksdepartementet 31,6 0,4 25,6
Kommunal- og regionaldepartementet 11 870,0 10 152,8
Helse- og omsorgsdepartementet 37,7 24,9
Barne- og familie- departementet 2,7
Nærings- og handelsdepartementet 18 310,9 149,4 26 455,6
Landbruks- og matdepartementet 4,1 2,6
Samferdsledepartementet 1 137,8 989,8
Miljøverndepartementet 46,3 12,1 27,1
Moderniseringsdepartementet 196,2 196,2
Finansdepartementet 9 437,0 9 230,8
Sum 41 071,5 161,9 47 108,1

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Følgjande hovudprinsipp ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Staten sin løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i tråd med Stortinget sitt løyvingsvedtak.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Oversikt over tilsegnsfullmakter og tingingsfullmakter utover 31. desember presenterast som informasjon i statsrekneskapen.

  • Løyvingsrekneskapen følgjer den inndeling som Stortinget har fastsett i vedtatt budsjett og vert sett opp fullstendig etter denne.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sett opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien vert sett til historisk nyskaffingsverdi på transaksjonstidspunktet med unntak for Statens petroleumsfond, som nyttar marknadsverdi.

  • Transaksjonar på post 90, lån, tilbakebetalingar m.v. i løyvingsrekneskapen vert ført i Statens kapitalrekneskap som auke/nedgang i staten sine eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen vert sett opp basert på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterar til statsrekneskapen, og rapportering frå det einskilde departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sitt mellomvære med statskassa er stadfesta av det einskilde departement.

  • Rapporterte betalingar over verksemda sin bankkonto er avstemt mot staten sitt konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Staten sin løyvingsrekneskap vert gjort opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3. Brutto finansieringsbehov sikrast ved låneopptak og ved trekk på kontantbehaldninga i Noregs Bank, jf. løyvingsrekneskapen sitt kapitel 5999. Finansieringsbehov vert ført mot staten sin eigenkapital, jf. avslutningskontoen i kapitalrekneskapen.

Til forsida av dokumentet