Skjema for dokumentasjon av fartsskrivardata

Kommisjonsvedtak av 14 desember 2009 som endrar vedtak 2007/230/EF om eit skjema om social lovgiving relatert til vegtransport. ...

Commission Decision of 14 December 2009 amending decision 2007/230/EC on a form concerning social legislation relating to road transport. ...

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 18.12.2009

Spesialutvalg: Transport

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 22.03.2010

Hovedansvarlig(e) departement(er): Samferdselsdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg XIII. Transport

Kapittel i EØS-avtalen: II. Veitransport

Status

Rettsakta vart vedteke av Kommisjonen (etter komitologiprosedyre) 14. desember 2009 og er allereie i kraft i EU. EFTA-sekretariatet sende ut standardskjema 16. desember 2009. Frist for retur av standardskjema vart sett til 27. januar 2010.

Sammendrag av innhold

Ved Kommisjonsvedtak 2007/230/EF – føreskrive av direktiv 2006/22/EF  (”kontrolldirektivet”) artikkel 11 (3)  – utarbeidde Europakommisjonen eit skjema som førarane kan nytte til å registrere og attestere den tidsperioden dei har hatt sjukefråver, ferie eller har ført eit køyrety som ikkje er underlagt køyre- og kviletidsreglane. Dette vil vere periodar utan køyring som fell utanfor dei pausene og kvileperiodene som er regulert direkte av reglane i forordning (EF) nr. 561/2006. Skjemaet skal oppbevarast saman med dei originale fartsskrivarutskriftene. Kommisjonsvedtaket av 14. desember 2009 gjer endringar i dette skjemaet. I fylgje fortalen til kommisjonsvedtaket av 14. desember har attestasjonsskjemaet som vart innført ved kommisjonsvedtak 2007/230/EF synt seg som utilstrekkeleg, då det, i fylgje Kommisjonen, ikkje dekker alle situasjonar der registrering i fartsskrivaren av føraren sine aktivitetar ikkje er teknisk mogleg. I sjølve attestasjonsskjemaet inneber det at det er lagt til to nye alternativ, jf. pkt. 18 og 19 i attestasjonsskjemaet i vedlegget til kommisjonsvedtak av 14. desember 2010.  Det vert understreka i fortalen til kommisjonsvedtaket av 14. desember 2009, at attestasjonsskjema berre skal nyttast når det ut i frå objektive tekniske årsaker er umogleg å dokumentere aktuelle aktivitetar gjennom fartsskrivaren.    

Merknader

Vegdirektoratet er av den rettslege oppfatting at Kommisjonsvedtaket ikkje krev at Noreg må innføre og ta i bruk eit slikt skjema i Noreg - men at dersom det vert innført i eit medlemsland, må alle sjåførar i landet nytte skjemaet. Alle EU og EØS-statar må godta slike skjema dersom det er på eit av EU eller EØS-statane sitt språk. Skjema på alle EU-statane sine språk er å finne på Kommisjonen si heimeside. Der er også informasjon om kva land som har innført skjemaet som obligatorisk.

Vegdirektoratet syner til at forordning (EF) nr. 506/2006 artikkel 6 nr. 5 gir uttømande reglar om manuell registrering av anna arbeid, registrering av køyring med anna køyrety og registrering av tid til rådvelde. Direktoratet tolkar forordninga slik at det berre er registrering for hand på diagramskive, utskrift frå fartskrivaren eller manuel registrering på fartsskrivaren, som er påbode. Direktoratet forstår difor forordninga slik at EØS-reglane ikkje krev at førarane skal rapportere om alle dei aktivietane som skjemaet omfatter. Vidare har Vegdirektoratet fylgjande merknadar til spørsmålet om skjemaset skal takast i bruk i Noreg:

"Siden dette skjema (”leave letter”) ikke er obligatorisk for medlemslandene å innføre, er Norge av den oppfatning at det heller ikke bør innføres som et krav i Norge. I tillegg til at det er svakt juridisk grunnlag for å innføre det som et krav, vil et slikt skjema vil også kunne påføre ytterligere kontrollproblemer:

  1. sjåfører som følger forordning 561/2006 artikkel 6 nr 5 og derfor gjør det riktig, vil kunne oppleve kontrollører som likevel krever et ”leave letter” i tillegg, og de vil bli bøtelagt for ikke å bruke dette.
  2. sjåfører som bare bruker ”leave letter” vil kunne bli bøtelagt for ikke å registrere i fartsskriveren.Norge har også påpekt dette i CATP møte 26. oktober 2009. En innføring av skjema som frivillig innføring for medlemslandene, gjorde at de fleste landene stilte seg positive til forslaget. Norge er likevel av den oppfatning at skjema vil være en ekstra belastning for sjåfører, og at det ikke er juridisk grunnlag for å innføre det. Det som imidlertid er viktig er å påpeke overfor sjåfører og transportforetak at det er påbudt i enkelte andre land, vise til hvilke land det er, og hvordan man kan hente ut skjema på nettsiden til Statens vegvesen og EUs hjemmesider for transport slik at de ikke blir bøtelagt for ikke å bruke dette utenfor Norges grenser."

    Sakkyndige instansers merknader

Vurdering

Utover eventuelle byrder norske førarar på oppdrag i utlandet kan verte påførde som fyljge av moglege kontrollproblem (jf. merknadar frå Vegdirektoratet synt til over), vil ikkje rettsakta medføre særlege økonomiske og administrative konsekvensar, verken for det offentlege eller sjåførane. Det vil heller ikkje vere behov for lov- eller forskriftsendringar.

Samferdselsdepartementet reknar rettsakta for EØS-relevant. Det vert i den samanhengen synt til den lange og faste avtalepraksisen for at rettsakter om køyre- og kviletid innan vegtransporten vert teke inn i EØS-avtalen, jf. til dømes at forordning (EF) nr. 561/2006 - som dette Kommisjonsvedtaket har til formål å lette gjennomføringa av - er ein del av EØS-avtalen. Det kan heller ikkje vere tvilsamt at Kommisjonen har tilstrekkeleg kompetansegrunnlag til å fatte vedtaket, jf. direktiv 2006/22/EF artikkel 11 (3) og 13 - samt at medlemsstar kan velje å innføre skjemaet som eit dokumentasjonsverkty for sjåførane. Ei rettsleg fylgje av det vil vere at medlemsstatar, uavhengig av om dei sjølve har innført skjemaet, må godta skjema som er utferda i andre EU- eller EØS-statar (framlagde av utanlandske sjåførar).  

Rettsakta vert også vurdert som akseptabel. Etter Samferdselsdepartementet si oppfatting bør ikkje merknadane Vegdirektoratet har sett fram vere avgjerande for spørsmålet om akseptabilitet. Sjølv om vi må godta skjema nytta av sjåførar frå andre EU/EØS-land, er det i seg sjølv positivt at Kommisjonsvedtaket gir Noreg handlingsrom til å velje om vi vil innføre skjemaet i Noreg (dvs. at vi ikkje er forplikta til å stille krav om bruk av skjemaet i Noreg). Den handhevingsproblematikken norske førarar, i fylgje Vegdirektoratet, kan kome til å møte i utlandet vert uansett ikkje influert av om rettsakta vert teken inn i EØS-avtalen og norsk rett - det er ulike EU-statar si utforming, bruk og handheviing av reglane som er avgjerande i så måte. Norske styresmakter bør likevel medverke til at norske førarar får tilstrekkeleg informasjon om moglege ulike kontrollregime i utlandet. Noreg bør også vurdere å nytte EU-fora til å gjere andre EU/EØS-statar merksame på dei uheldige konsekvensane ulike kontrollregime vil kunne få for sjåførane, og på den måten søke å medverke til eit mest mogleg eins kontrollregime. Samferdselsdepartementet ser positivt på at Vegdirektoratet, i EU-fora, held fram med å argumentere i mot ordningar som ein ikkje finn tenlege, jf. omtale over.   

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: 2009/XXX/EF
Basis rettsaktnr.:
Celexnr.: 32009D0959

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 16.12.2009
Frist returnering standardskjema: 27.01.2010
Dato returnert standardskjema: 06.04.2010
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 11.06.2010
Nummer for EØS-komitebeslutning: 070/2010
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring: 12.06.2010
Dato for faktisk gjennomføring:
Dato varsling til ESA om gjennomføring: