BAT-konklusjonar for kloralkali

Kommisjonens gjennomføringsbeslutning 2013/732/EU av 9. desember 2013 som etablerer BAT-konklusjoner (beste tilgjengelig teknikker) i henhold til europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/75/EU om industrielle utslipp hva gjelder kloralkali-industri

Commission Implementing Decision 2013/732/EU of 9 December 2013 establishing the best available techniques (BAT) conclusions, under Directive 2010/75/EU of the European Parliament and of the Council on industrial emissions, for the production of chlor-alkali

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 28.01.2014

Spesialutvalg: Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 06.02.2014

Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg XX. Miljø

Kapittel i EØS-avtalen: I. Generelt

Status

Kommisjonen gjorde vedtak om å etablere BAT-konklusjonar 9. desember 2013.

Direktiv 2010/75/EU (industriutslippsdirektivet) vurderast av EFTA-landa, og er enno ikkje teken inn i EØS-avtalen.  

Bakgrunn
Direktiv 2010/75/EU (industriutsleppsdirektivet) erstattar det noverande direktiv 2008/1/EF om integrert førebygging og kamp mot forureining (IPPC-direktivet). Industriutsleppdirektivet kom i kraft i EU 6. januar 2013. Eit grunnleggjande prinsipp i industriutsleppsdirektivet er bruk av best tilgjengelege teknikkar (Best Available Techniques - BAT) til å førebygge og avgrense forureining. Direktivet bestemmer at BAT-konklusjonar skal vere referanse når vilkår skal setjast for løyve som omfattast av direktivet. EU utarbeidar BAT-referansedokument (BAT-Reference Documents - BREF) for dei aktuelle typane industriverksemd. BREF fastslår kva som reknast som best tilgjengelege teknikk. BREF for dei aktuelle industriane vert til gjennom informasjonsutveksling, organisert i samsvar med industriutsleppsdirektivet artikkel 13.

BAT-konklusjonane utgjer eit eige dokument (Commission Implementing Decision). Dette dokumentet inneheld dei delar av eit BREF der skildrar og vedtek konklusjonar om BAT for ein sektor.

Frå det tidspunkt ein ny BAT-konklusjon publiserast og erstattar ein gammal konklusjon, må løyve som fell under den gamle konklusjonen vurderast og oppdaterast innan fire år, jf. IED art. 21 pkt. 3. Ramma i direktivet er at referansedokumenta skal reviderast innan åtte år.

Samandrag av innhald:
Vedtaket inneheld BAT-konklusjonar for produksjon av kloralkali kjemikalier (klor, hydrogen, kaliumhydroksid og natriumhydroksid) som spesifisert i Annex I punkt 4.2 (a) og 4.2 (c) til direktivet.

BAT-konklusjonen skildrar BAT produksjonsteknikkar for kloralkali. Kvikksølv-teknologi er ikkje under nokon omstender BAT. Bruk av asbest diafragma er heller ikkje BAT. Vidare skildrast nedlegging eller omlegging av kvikksølvproduksjonsanlegg, teknikkar for å redusere mengde avløpsvatn, for å bruke energi effektivt, teknikkar for å måle utsleppa, teknikkar for å redusere utslepp til luft og vatn, og for å redusere avfallsmengder. Det er også vilkår om ein saneringsplan for å unngå forureining av jord, grunn og grunnvatn frå produksjonslokalitetane. Planen implementerast etter nedlegging av produksjonen.

Merknadar
Rettsakta er gjeven med heimel i artikkel 192 TEUF.

Direktivet er foreløpig ikkje gjennomført i norsk rett. Det vurderast å gjennomføre industriutslippsdirektivet ved eit nytt kapittel i forureiningsforskrifta og at BAT-konklusjonar vert teke inn som vedlegg til dette kapittelet.

Gjennomføring av Kommisjonen sitt vedtak vil ikkje medføre endring i norsk lovgjeving utover endringar som vil gjennomførast ved innføringa av industriutsleppsdirektivet.

Noreg har tre anlegg for produksjon av kloralkalier som omfattast av BAT-konklusjonen. Anlegga nyttar membranteknologi, som er BAT produksjonsteknologi.

Dei aktuelle anlegga er vurdert opp mot BAT av forureiningsstyresmaktene ved tidlegare gjennomgangar av løyva. Ein ny BAT-konklusjon kan i nokre høve likevel medføre ei innstramming av krav som stillast til det enkelte anlegg.

Kvikksølvbasert produksjon vart lagt ned i 1987 ved Hydro på Herøya og i 1998 hos Borregaard i Sarpsborg. Kvikksølvhaldig avfall frå denne industrien er lagra miljømessig forsvarlig i sarkofagar på industrideponi som kontinuerleg overvakast. Alt prosessutstyr vart rengjort og tømt for metallisk Hg (kvikksølv) før deponering. Hydro la ned sin produksjon, medan Borregaard har byttet til kvikksølvfri membranbasert teknologi. Ineos har produksjon basert på membranteknologi i samband med sin VCM-produksjon på Rafnes. Vidare har Elkem Bremanger produksjon basert på membranteknologi.

Rettsakta skal grupperast i gruppe 3. Ved gjennomføringa av industriutsleppsdirektivet vil forureiningsforskrifta endrast slik at BAT-konklusjonar som er tekne inn i EØS-avtalen skal leggjast til grunn ved fastsetjing av vilkår i utsleppsløyve. BAT-konklusjonane vil også verte publisert på heimesidene til Miljødirektoratet.

Økonomiske og administrative konsekvensar
På noverande tidspunkt kan ikkje kostnadane knytt til ei tilpassing til krava i dei vedtekne BAT-konklusjonane fastslåast, ettersom myndigheitene ikkje har oversikt over dei tilpassingar den einskilde bedrift eventuelt må gjere. Det er likevel ikkje grunn til å tru føresegnene i denne BREFen vil medføre store kostnadar for den aktuelle bransjen.

Merknadar frå sakkyndige instansar
Vedtaket frå Kommisjonen har ikkje vore på nasjonal høyring, men Miljødirektoratet har kontakta verksemder som berørast av BAT-konklusjonen. Dei har informert om den, og etterspurt umiddelbar respons på om krava vil medføre betydningsfulle kostnadar for deira verksemd. I hovudsak er vurderinga at BAT-konklusjonen følgjast allerie, og at det ikkje er behov for omfattande endringar.

Industriutsleppsdirektivet var på nasjonal høyring med frist 27. september 2013. Petroleumstilsynet har stilt spørsmål om forholdet mellom direktivet og anna regelverksarbeid knytt til fangst og komprimering av karbondioksid.

Rettsakten vart handsama i Spesialutvalget for miljø 6. februar 2014 kor Olje- og energidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet er representert. Spesialutvalget fann rettsakten EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Innholder informasjon unntatt offentlighet, jf. offl. § 13

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.: KOM(2013)732
Rettsaktnr.: 2013/732/EU
Basis rettsaktnr.: 2010/75/EU
Celexnr.: 32013D0732

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 11.12.2013
Frist returnering standardskjema: 05.02.2014
Dato returnert standardskjema: 12.02.2014
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker