BAT-konklusjonar for raffinering av olje og gass

Kommisjonsgjennomføringsavgjersle 2014/738/EU av 9. oktober 2014 som etablerar best tilgjengelege teknikkar (BAT)-konklusjonar, under Europaparlaments- og Rådsdirektiv 2010/75/EU om industriutslepp, for raffinering av mineralolje og gass

Commission Implementing Decision of 9 October 2014 establishing best available techniques (BAT) conclusions, under Directive 2010/75/EU of the European Parliament and of the Council on industrial emissions, for the refining of mineral oil and gas

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 07.01.2014

Spesialutvalg: Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 11.02.2014

Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg XX. Miljø

Kapittel i EØS-avtalen: I. Generelt

Status

Kommisjonsgjennomføringsavgjersle 2014/738/EU er til vurdering i EFTA-landa.

Bakgrunn

Rettsakta inneheld BAT-konklusjonar for verksemder som driv raffinering av mineralolje og naturgass, herunder gasshandsamingsanlegg og LNG-anlegg.

Direktiv 2010/75/EU (industriutsleppsdirektivet) erstattar det noverande direktiv 2008/1/EF om integrert førebygging og bekjempelse av forureining (IPPC-direktivet). Industriutsleppdirektivet kom i kraft i EU 6. januar 2013. Eit grunnleggjande prinsipp i industriutsleppsdirektivet er bruk av best tilgjengelege teknikkar (Best Available Techniques – BAT) til å førebygge og avgrense forureining. Direktivet bestemmer at BAT-konklusjonar skal vere referanse når vilkår skal setjast for løyve som omfattast av direktivet. EU utarbeidar BAT-referansedokument (BAT-Reference Documents - BREF) for dei aktuelle typane industriverksemd.

BAT-konklusjonane er ei eiga rettsakt (Commission Implementing Decision). Rettsakta er juridisk bindande. Rettsakta skildrar dei teknikkane som er vedtekne for å vere best tilgjengelege teknikkar.

Frå det tidspunkt ein ny BAT-konklusjon publiserast og erstattar ein gammal konklusjon, må løyve som fell under den gamle BAT-konklusjonen vurderast og oppdaterast innan fire år, jf. IED art. 21 pkt. 3. Ramma i direktivet er at referansedokumenta skal reviderast innan åtte år.

Samandrag av innhald

Kommisjonen vedtok 9. oktober BAT-konklusjonar for raffinering av mineralolje og gass.

Revidert BREF for raffineri inneheld BAT-konklusjonar for verksemder som driv raffinering av mineralolje og naturgass, inklusiv gasshandsamingsanlegg og LNG-anlegg. BAT-konklusjonane skildrar teknikkar for å redusere utslepp og assosierte BAT-utsleppsnivå for ulike stoff til vatn og luft, såkalla BAT-AEL. Dokumentet inneheld også generelle BAT-konklusjonar knytt til mellom anna miljøstyringssystem, energieffektivisering, metodar og frekvensar for fastsetjing av utslepp til luft og vatn, lagring og handtering av råolje og petroleumsprodukt, avfallshandtering og støyreduserande tiltak.

BREF-dokumentet gjev høve til å nytte "bobleprinsippet", men det er ikkje ein BAT-konklusjon. Prinsippet inneber at korttids- eller langtidsgrenser (BAT-AEL) til luft for anlegget som heilskap, delar av eller grupper av utstyrseiningar på anlegget vert fastsett samla. Prinsippet er alt i bruk, og er vurdert til å vere BAT-AEL i Noreg og mange av EU-landa. Ein legg til grunn at den miljømessige verknaden som ein når ved bruk av bobleprinsippet vert minst like god eller betre enn om BAT-AEL fastsetjast for kvar enkelt eining (t.d. oljekjel eller prosessovn). Prinsippet gjev høve til å gjennomføre tiltak der kor det er mest kostnadseffektivt, sidan ein kan gjennomføre tiltak der det gjev størst utsleppsreduksjonar.

Rettsakta medfører ikkje plikt til rapportering utover den plikta som følgjer av IED-direktivet.
 

Merknadar

Rettsakta vert gjeven med heimel i artikkel 192 TEUF.

Industriutsleppsdirektivet er foreløpig ikkje gjennomført i norsk rett. Direktiv 2010/75/EU (industriutslippsdirektivet) vurderast av EFTA-landa, og er enno ikkje teken inn i EØS-avtalen.

I Noreg omfattast åtte verksemder av denne BAT-konklusjonen.

Rettsakta skal grupperast i gruppe 3. Ved gjennomføringa av industriutsleppsdirektivet vil forureiningsforskrifta endrast slik at BAT-konklusjonar som er tekne inn i EØS-avtalen skal leggjast til grunn ved fastsetjing av vilkår i utsleppsløyve. BAT-konklusjonane vil også verte publisert på heimesidene til Miljødirektoratet.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei nye krava vil kunne medføre auka kostnadar for nokre verksemder, særleg gjeld dette krav til oppgradering av målesystem og krav til attvinning av VOC ved lasting av råolje og petroleumsprodukt. Miljødirektoratet vil undersøke korleis relevante verksemder ligg an samanlikna med utsleppskrava i denne rettsakta.

Merknadar frå sakkyndige instansar

Rettsakta har vorte handsama ved skriftleg prosedyre i Spesialutvalget for miljø, kor Olje- og energidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Landsbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet er representert.


 

Vurdering


 

Innholder informasjon unntatt offentlighet, jf. offl. § 14

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: 2014/738/EU
Basis rettsaktnr.: 2010/75/EU
Celexnr.: 32014D0738

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 29.10.2014
Frist returnering standardskjema: 18.02.2015
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker