Kommisjonsforordning 733/2014 som endrar avfallstransportforordninga

Kommisjonsforordning (EU) Nr. 733/2014 av 24. juni 2014 som endrar forordning (EC) Nr. 1418/2007 om eksport av visse typar avfall til gjenvinning i visse ikkje-OECD-land

Commission Regulation (EU) No 733/2014 of 24 June 2014 amending Regulation (EC) No 1418/2007 concerning the export for recovery of certain waste to certain non-OECD countries

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 11.09.2014

Spesialutvalg: Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 24.09.2014

Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg XX. Miljø

Kapittel i EØS-avtalen: V. Avfall

Status

Rettsakta er vart innlemma i EØS-avtalen 12. desember 2014.

Sammendrag av innhold

Forordning (EU) nr. 1417/2007 er gjeven med grunnlag i forordning (EU) nr. 1013/2006 om eksport av avfall (avfallstransportforordninga). Forordning (EU) nr. 733/2014 endrar forordning (EU) nr. 1418/2007. Avfallstransportforordninga har mellom anna føresegner om eksport av avfall til land der OECDs vedtak om kontroll med grensekryssande transport av avfall ikkje kjem i bruk ("ikkje-OECD-land"). I hovudsak vidarefører forordninga føresegnene i den gamle eksportforordninga (EØF) nr. 259/93, som no er oppheva. I samsvar med forordning (EU) nr. 1013/2006 art. 37 har Kommisjonen teke kontakt med alle ikkje-OECD-land og bede om tilbakemelding på om dei godtek import til gjenvinning av ikkje-farleg avfall frå EU til sitt land. Kommisjonen har også undersøkt kva kontrollprosedyrer landa eventuelt vil nytte. Bakgrunnen for føresegnene er å respektere ikkje-OECD-landa sine ynskjer. Fleire land ynskjer av ulike grunnar slike avgrensingar. For eksport til land som ikkje har svart må skriftleg samtykke innhentast før eksport kan skje.

Bakgrunnen for endringa i vedlegget til forordning (EU) nr. 1418/2007 er at 50 statar har oppdatert sine lister, og 24 statar har komme med nye lister med avgrensingar på import av ikkje-farleg avfall til gjennvinning frå EU til sitt land.

Merknader

Forordninge er gjeven med heimel i TEUF art. 175.


Rettslige konsekvenser

Det er gjort ei endring i avfallsforskrifta kapittel 13.

Økonomiske og administrative konsekvenser

Forordninga antas ikkje å ha konsekvensar av betydning for Noreg.

Sakkyndige instansers merknader

Saka vart handsama i Spesialutvalet for miljøsaker 24. september 2014, der Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Olje- og energidepartementet og Klima- og miljødepartementet er representert.

Vurdering

Rettsakta vurderast til å vere relevant og akseptabel.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: 2014/733/EU
Basis rettsaktnr.:
Celexnr.: 32014R0733

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 08.07.2014
Frist returnering standardskjema: 19.08.2014
Dato returnert standardskjema: 09.10.2014
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 12.12.2014
Nummer for EØS-komitebeslutning: 296/2014
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:
Dato for faktisk gjennomføring: 05.01.2015
Dato varsling til ESA om gjennomføring: 16.01.2015

Lenker