Godkjenning av sertifiseringsordninga Scottish Quality Farm Assured Combinable Crops Limited

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2015/887 av 9. juni 2015 om fastslåing av at «Scottish Quality Farm Assured Combinable Crops Limited» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 98/70/EF og 2009/28/EF, og oppheving av Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/427/EU

Commission Implementing Decision (EU) 2015/887 of 9 June 2015 on recognition of the ‘Scottish Quality Farm Assured Combinable Crops Limited’ scheme for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council and repealing Commission Implementing Decision 2012/427/EU

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 13.08.2015

Spesialutvalg: Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 31.08.2015

Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg II. Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering

Kapittel i EØS-avtalen: XVII. Miljøvern

Status

Rettsakta har vore i kraft i EU frå 30. juni 2015.

Rettsakta vart på EØS-komiteens møte 5. februar 2016 vedteken innlemma i EØS-avtala vedlegg II kap. XVII nr. 6af gjennom EØS-komitéavgjerd nr. 26/2016, i kraft 6. februar 2016.

Gjennomføring i norsk rett vart gjort ved forskrift 8. februar 2016 nr. 117 om endring i produktforskriften (godkjenning av frivillige sertifiseringsordninger for biodrivstoff), som la til EØS-tilvising i produktforskrifta frå 8. februar 2016. Dette vart notifisert for ESA i brev 25. februar 2016.

Bakgrunn

Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.

Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.

Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.

Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstala for 2014 viser at frivillige sertifiseringsordningar vart nytta for heile 99,7 % av omsett mengde biodrivstoff.

Samandrag av innhald

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2015/887 inneber at den frivillige sertifiseringsordninga "Scottish Quality Farm Assured Combinable Crops Limited" er godkjend i ein periode på fem år frå 30. juni 2015, dvs. til juni 2020. Sertifiseringsordninga dekkjer alle typar korn og oljevekster produserte i nordre Storbritannia fram til første leveringspunkt for avlingane. (Samtidig blir ei tidlegare rettsakt om same ordninga frå 2012 oppheva, men denne har ikkje vore teken inn i EØS-avtala.)

Merknader
Rettslege konsekvensar

Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.

Gjeldande praksis er imidlertid allereie at dei sertifiseringsordningane som er godkjende i EU, også blir rekna som godkjend dokumentasjon i Noreg på at berekraftskriteria er oppfylte. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.

Sakkunnige instansar sine merknader

Rettsakta er behandla på skriftleg prosedyre i spesialutvalet for miljøsaker, der dei departementa saka rører ved er representerte. Spesialutvalet konkluderte 31. august 2015 med at rettsakta var EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Rettsakta er vurdert som EØS-relevant og akseptabel.

Andre opplysninger

Innholder informasjon unntatt offentlighet, jf. offl. § 13

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: 2015/887/EU
Basis rettsaktnr.: 98/70/EF, 2009/28/EF, 2012/427/EU
Celexnr.: 32015D0887

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 02.07.2015
Frist returnering standardskjema: 13.08.2015
Dato returnert standardskjema: 13.08.2015
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 06.02.2016
Nummer for EØS-komitebeslutning: 26/2016
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring: 06.02.2016
Dato for faktisk gjennomføring: 08.02.2016
Dato varsling til ESA om gjennomføring: 25.02.2016

Lenker