Harmonering av frekvensbandet 2010-2025 MHz til PMSE

Europakommisjonen si gjennomføringsavgjerd (EU) 2016/339 av 8. mars 2016 om harmonisering av frekvensband 2010-2025 MHz for portable eller mobile trådlause videolinker og trådlause kamera (PMSE)

Commission Implementing Decision (EU) 2016/339 of 8 March 2016 on the harmonisation of the 2010-2025 MHz frequency band for portable or mobile wireless video links and cordless cameras used for programme making and special events

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 09.05.2016

Spesialutvalg: Kommunikasjoner

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Samferdselsdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg XI. Elektronisk kommunikasjon, audiovisuelle tjenester og informasjonssamfunnstjenester

Kapittel i EØS-avtalen:

Status

Gjennomføringsavgjerda vart vedteke av Europakommisjonen 8. mars 2016 og er publisert i Official Journal og the European Union 10. mars 2016.
Gjennomføringsavgjerda følgjer hurtigprosedyren og handsamast ikkje i spesialutvalet for kommunikasjonar.
 

Sammendrag av innhold

Europakommisjonen si gjennomføringsavgjerd  har som mål å harmonisere dei tekniske vilkåra for bruk og effektiv tilgang på frekvensbandet 2010-2025 MHz for "Programme Making and Special Events" (PMSE) på ikkje-eksklusiv basis.
I Europa vart, mellom anna,  frekvensbandet 2010-2025 MHz harmonisert til trådlause elektroniske kommunikasjonstenester gjennom Europaparlamentet og Rådet si avgjerd 128/1999/EC, frekvensbandet vart likevel ikkje teke i bruk av mobiloperatørane og har i mange land stått ubrukt.

Video-PMSE er i artikkel 2 definert som trådlause videolinkar som kan vere portable eller mobile og som vert nytta i produksjon av nær-sanntidsvideo til for-eksempel idretts- og kulturarrangement eller til produksjon av tv-innhald.
I samsvar med artikkel 3 skal medlemsstatane så tidleg som mogleg, og ikkje meir enn seks månadar etter at gjennomføringsavgjerda er notifisert, setje av og gjere frekvensbandet 2010-2025 MHz tilgjengeleg for video-PMSE. Tilgangen  skal vere på ikkje-eksklusiv basis og i tråd med vilkåra gjevne i annekset til gjennomføringsavgjerda. Dersom andre lovlege brukarar av frekvensbandet 2010-2025 MHz opplever interferens kan medlemsstaten avgrense bruken av video-PMSE til relevante delar av frekvensbandet i spesifikke geografiske områder i samsvar med annekset.

Vidare vert det i artikkel 4 bestemt at medlemsstatane skal følgje med på bruken av frekvensbandet 2010-2025 MHz og rapportere til Europakommisjonen slik at gjennomføringsavgjerda kan reviderast  i tide om skulle verte naudsynt. Rapporteringa skal inkludere informasjon om eventuelle endringar i vilkår eller tilbaketrekking av løyver.
 

Merknader
Rettslige konsekvenser

Det rettslige grunnlaget for gjennomføringsavgjerda er artikkel 114 i "Treaty on the Functioning of the European Union" (TFEU), Europaparlamentet  og Rådet si avgjerd 2002/676/EF (radiospektrumsvedtaket) og då særleg artikkel  4(3). Harmoniseringa av frekvensbandet er med på å oppfylle målet om meir effektiv frekvensbruk i "Radio Spectrum Policy Programme" (RSPP). Særskilt vil denne gjennomføringsavgjerda betre tilgangen på spektrum for PMSE, jamfør RSPP artikkel 8(5).
Gjeldande norsk regelverk på området er gjeve i ekomloven §§ 6-2 og 6-1 og norsk frekvensplan. Når det gjeld handheving av føresegnene vert det teke omsyn til forpliktingar etter internasjonale overeinskomstar som Noreg har slutta seg til, medrekna forpliktingar etter EØS-avtalen.

Rettsakta er i tråd med norsk frekvensforvaltning der ein legg til rette for næringsutvikling, innovasjon og bidreg til å sikre brukarane tilgang på ekomtenester til rimelege prisar. Gjeldande norsk rett kan sjåast på som å vere i samsvar med den aktuelle gjennomføringsavgjerda.
 

Økonomiske og administrative konsekvenser

Gjennomføringsavgjerda vil få konsekvensar for det private selskapet Inquam  Norway AS (Inquam) som i dag har eit spektrumsløyve i frekvensbandet 2010-2025 MHz. Løyvet gjeld for fastlands-Noreg fram til 31. desember 2022. Vilkåra i løyvet må endrast.

Gjennomføringsavgjerda vil få mindre administrative konsekvensar som oppdatering av norsk frekvensplan og endringar i løyvet til Inquam. Kostnadane knytt til dette vil dekkast av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) sitt vanlege budsjett.
 

Sakkyndige instansers merknader

Gjennomføringsavgjerda følgjer EFTAs hurtigprosedyre og handsamast ikkje i spesialutvalet for kommunikasjonar. Samferdselsdepartementet og Nkom finn Europakommisjonen si gjennomføringsavgjerd EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Norske myndigheiter har følgt arbeidet knytt til harmoniseringa av frekvensbandet 2010-2025 MHz både gjennom det førebuande arbeidet som er gjort i "European Conference of Postal and Telecommunications Administrations" (CEPT) med CEPT-rapport 54 og gjennom ei observatørrolle i "Radio Spectrum Committee" (RSC) i EU.

Gjennomføringsavgjerda er viktig for å fremje tilgangen til spektrum for PMSE i EU/EØS og for å følgje opp RSPP sine mål.

Gjennomføringsavgjerda er i tråd med norsk frekvensforvaltning der ein legg til rette for næringsutvikling, innovasjon og bidreg til å sikre brukarane tilgang på ekomtenester til rimelege prisar. Gjeldande norsk rett kan sjåast på som å vere i samsvar med den aktuelle gjennomføringsavgjerda.

I Noreg er frekvensbandet 2010-2025 MHz allereie tildelt, men i løyvet er det klausul om at vilkåra i løyvet kan endrast, også til skade for innehavar, som følgje av internasjonal harmonisering eller internasjonale overeinskomstar som Noreg er ein del av.
Det vil ikkje vere naudsynt med norsk tilpassingstekst til gjennomføringsavgjerda.
 
Konklusjon
Europakommisjonen si gjennomføringsavgjerd er EØS-relevant og akseptabel, og vart teken i EØS-avtalen vedlegg XI utan at dette medførar behov for norsk tilpassingstekst.
 

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: 2016/339/EU
Basis rettsaktnr.:
Celexnr.: 32016D0339

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 14.03.2016
Frist returnering standardskjema: 25.04.2016
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker