Godkjenning av sertifiseringsordninga Red Tractor Farm Assurance

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/2317 av 13. desember 2017 om fastslåing av at «Red Tractor Farm Assurance Combinable Crops & Sugar Beet Scheme» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 98/70/EF og 2009/28/EF

Commission Implementing Decision (EU) 2017/2317 of 13 December 2017 on recognition of the "Red Tractor Farm Assurance Combinable Crops & Sugar Beet" voluntary scheme for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 30.11.2017

Spesialutvalg: Miljø og Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen:

Kapittel i EØS-avtalen:

Status

Sertifiseringsordninga har vore godkjent før, men den femårige godkjenninga er utløpt. Ordninga er no godkjent for ein ny periode i EU.

Sammendrag av innhold

Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.

Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.

Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.

Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstal for 2016 viser at alt biodrivstoff som blei brukt til å oppfylle omsetningskravet i 2016, var sertifisert eller verifisert i henhold til bærekraftskriteria, og av dette er det aller meste dokumentert gjennom sertifiseringsordningane.

Merknader
Rettslige konsekvenser

Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.

Økonomiske og administrative konsekvenser

Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.

Denne sertifiseringsordninga har vore godkjent i Norge frå 2011. Ei eventuell ny godkjenning vil vere ei vidareføring av gjeldande praksis. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.

Sakkyndige instansers merknader

Notatet er ikkje førelagt spesialutvalg for miljø for behandling fordi eventuelle endringar i norsk regelverk er ansett som minimale, og det er difor ikkje ansett som naudsynt å førelegge for spesialutvalget for klarering.

Vurdering

Rettsakta er vurdert som EØS-relevant og akseptabel.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2017/2317
Basis rettsaktnr.:
Celexnr.: 32017D2317

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 28.11.2017
Frist returnering standardskjema:
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker

Til toppen