Godkjenning av sertifiseringsordninga REDcert

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1462 av 10. august 2017 om fastslåing av at sertifiseringsordninga «REDcert» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 98/70/EF og 2009/28/EF

Commission Implementing Decision (EU) 2017/1462 of 210 August 2017 on recognition of the ‘REDcert’ scheme for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 05.09.2017

Spesialutvalg: Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg II. Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering

Kapittel i EØS-avtalen: XVII. Miljøvern

Status

Rettsakta har vore i kraft i EU frå 12. august 2017, og er til vurdering for innlemming i EØS-avtala.

Rettsakta har vore godkjent før, men den femårige godkjenninga er utløpt, og den er no godkjent for ein ny periode i EU.

Sammendrag av innhold

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU)2017/1462 inneber at den frivillige sertifiseringsordninga "REDcert" er godkjend i ein periode på fem år frå 12. august 2017 til 12. august 2022. Sertifiseringsordninga kan dekkje eit vidt spektrum av biodrivstoff og flytande biobrensel.

Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.

Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.

Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.

Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstal for 2015 viser at alt biodrivstoff som blei brukt til å oppfylle omsetningskravet i 2015, var sertifisert eller verifisert i henhold til bærekraftskriteria, og av dette er det aller meste dokumentert gjennom sertifiseringsordningane.

Merknader
Rettslige konsekvenser

Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.

Økonomiske og administrative konsekvenser

Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet.

Denne sertifiseringsordninga har vore godkjent i Norge frå 2011. Ei eventuell ny godkjenning vil vere ei vidareføring av gjeldande praksis. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.

Sakkyndige instansers merknader

Rettsakta er behandla etter hurtigprosedyra.

Vurdering

Rettsakten er vurdert til å være EØS-relevant og akseptabel.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2017/1462
Basis rettsaktnr.: 98/70/EF, 2009/28/EF
Celexnr.: 32017D1462

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 24.08.2017
Frist returnering standardskjema:
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker