Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Utfyllande føresegner til SFTR med omsyn til framgangsmåtane og skjema for utveksling av opplysningar om sanksjonar, tiltak og undersøkingar i samsvar med SFTR

Kommisjonens gjennomføringsforordning (EU) 2019/365 av 13. desember 2018 om fastsetjing av tekniske gjennomføringsstandardar med omsyn til framgangsmåtane og skjema for utveksling av opplysingar om sanksjonar, tiltak og undersøkingar i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365

Commission Implementing Regulation (EU) 2019/365 of 13 December 2018 laying down implementing technical standards with regard to the procedures and forms for exchange of information on sanctions, measures and investigations in accordance with Regulation (EU) 2015/2365 of the European Parliament and of the Council

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 30.04.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er til vurdering av EØS/EFTA-statane for å bli innlemma i EØS-avtalen.

Samandrag av innhald

Forordninga er utfyllande reglar fra Europakommisjonen til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 (SFTR) som handlar om framgangsmåtane og skjema for utveksling av opplysningar om sanksjonar, tiltak og undersøkingar i samsvar med SFTR, til Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA). Føremålet med forordninga er å sikre at ESMA mottek komplett og nøyaktig informasjon om administrative og strafferettslege sanskjonar som er idømnd eller etterforska med heimel i SFTR. For å ivareta føremålet vil vil forordninga innføre felles prosedyrer og skjema for rapportering av desse opplysingane til ESMA.

Forordninga pålegg ikkje i seg sjølve nokon rapporteringsplikter, men klargjer innhaldet av dei rapporteringspliktene som føl av SFTR art. 25.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Forordninga vil takast inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett ved inkorporering. Dette inneber at det i forskrift vil takast inn ei føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2019/365
Basis rettsaktnr.: (EU) 2015/2365
Celexnr.: 32019R0365

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 27.03.2019
Frist returnering standardskjema: 17.07.2019
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Ja
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker

Til toppen