Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Utfyllande føresegner til SFTR om åtgang til opplysingar om verdipapirfinansieringstransaksjonar som oppbevarast i transaktionsregister

Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/357 av 13. desember 2018 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 med omsyn til tekniske reguleringsstandardar for tilgang til opplysingar om verdipapirfinansieringstransaksjonar i transaktionsregister

Commission Delegated Regulation (EU) 2019/357 of 13 December 2018 supplementing Regulation (EU) 2015/2365 of the European Parliament and of the Council with regard to regulatory technical standards on access to details of securities financing transactions (SFTs) held in trade repositories

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 30.04.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er til vurdering av EØS/EFTA-statane for å bli innlemma i EØS-avtalen.

Samandrag av innhald

Forordninga er utfyllande føresegner til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 om gjennomsiktighet ved verdipapirfinansieringstransaksjoner (SFTR), om åtgang til opplysingar om verdipapirfinansieringstransaksjonar som oppbevarast i transaktionsregister. Forordninga innfører forenklingar og avklaringar for korleis systemene for tilgang til opplysingar i transaksjonsregister relatert til verdipapirfinansieringstransaksjonar skal tilgjengeleggjerast for relevante styresmakter nasjonalt og i EØS. Føremålet med forordninga er å hindre at transaksjonsregister kontinuerleg må sjekke under kva for mandat ei eining søker tilgang til opplysingar og for kva behov eininga søker tilgang. Forordninga innfører difor ein enkel adgangsnøkkel for kvar eining som dekker den enkelte eininga sine ansvarsområder.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Forordninga vil takast inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett ved inkorporering. Dette inneber at det i forskrift vil takast inn ei føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2019/357
Basis rettsaktnr.: (EU) 2015/2365
Celexnr.: 32019R0357

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 22.03.2019
Frist returnering standardskjema: 07.05.2019
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Ja
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker

Til toppen