Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Utfyllande føresegner til SFTR som gjeld gebyr som Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA) pålegg transaksjonsregister

Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/360 av 13. desember 2018 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 med omsyn til avgifter som Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta pålegg transaksjonsregister

Commission Delegated Regulation (EU) 2019/360 of 13 December 2018 supplementing Regulation (EU) 2015/2365 of the European Parliament and of the Council with regard to fees charged by the European Securities and Markets Authority to trade repositories

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 30.04.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er til vurdering av EØS/EFTA-statane for å bli innlemma i EØS-avtalen.

Samandrag av innhald

Forordninga fastset supplerande reglar for europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 om gjennomsiktighet ved verdipapirfinansieringstransaksjoner (SFTR). Rettsakta fastset nærmare reglar for fastsetjing av gebyr til Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA) for transaksjonsregister. Føremålet med forordninga er å syte for at gebyret finansierer kostnadane i forbindelse med registreringa av transaksjonsregister.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Forordninga vil takast inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett ved inkorporering. Dette inneber at det i forskrift vil takast inn ei føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold. Forordninga inneber i seg sjølve ingen gebyrforplikting, kun ein nærmare klargjering av korleis gebyret til ESMA skal fastsetjast. Sjølve gebyret innførast gjenom SFTR art. 11.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.

Finanstilsynet antar at det vil være behov tekniske tilpasningstekster når det gjeld tilvisinga til rådsdirektiv (EU) Nr. 1024/2013, då direktivet ikkje er sett som EØS-relevant, og difor ikkje vil bli innlemma i EØS-avtalen.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2019/360
Basis rettsaktnr.: (EU) 2015/2365
Celexnr.: 32019R0360

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 02.04.2019
Frist returnering standardskjema: 23.07.2019
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Ja
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker

Til toppen