Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Gjennomføringsforordning om forordning om grensekryssande pakkeleveringstenester

Kommisjonens gjennomføringsforordning (EU) 2018/1263 av 20. september 2018 om forordning om grensekryssande pakkeleveringstenester

COMMISSION IMPLEMENTING REGULATION (EU) 2018/1263 of 20 September 2018 establishing the forms for the submission of information by parcel delivery service providers pursuant to Regulation (EU) 2018/644 of the European Parliament and of the Council

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 22.05.2019

Spesialutvalg: Kommunikasjoner

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 29.05.2019

Hovedansvarlig(e) departement(er): Samferdselsdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg XI. Elektronisk kommunikasjon, audiovisuelle tjenester og informasjonssamfunnstjenester

Kapittel i EØS-avtalen:

Status

Gjennomføringsforordninga vart vedteken av Kommisjonen 20. september 2018 og tredde i kraft 10. oktober 2018. Forordninga er under vurdering i EØS/EFTA-statane.

Sammendrag av innhold

Forordninga set fast utforminga av skjema for å hente inn informasjon frå verksemder som er omfatta av pliktene i forordning om grensekryssande pakkeleverings­tenester ((EU) 2018/644). Utforminga er laga i samarbeid med den europeiske regulatørgruppa, jf. Postdirektivet sin artikkel 21.

Gjennomføringsforordninga innehelder to skjema. Anneks 1 er utforma for å kunne innhente grunnleggande info om tilbydarane etter forordninga artikkel 4 (1), medan anneks 2 er meint for innsamling av årleg informasjon til regulatørane etter artikkel 4 (3).

Merknader
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har delteke i Kommisjonen sitt arbeid med forordninga om grensekryssande pakkeleveringstenester, har delteke på arbeidsgruppemøter, gitt innspel til ERGP- arbeidsgruppa og elles følgt prosessen.

Økonomiske og administrative konksekvenser

Gjennomføringsforordninga har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar

Sakkyndige instansers merknader

Forordninga er vurdert av spesialutvalget for kommunikasjonar der Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet er representert, som fann forordninga EØS-relevant og akseptabel for innlemming i EØS-avtalen utan behov for tilpasningstekst.

Vurdering

Forordninga er EØS-relevant og akseptabel, og departementet anbefaler at forordninga blir tatt inn i EØS-avtalen sitt vedlegg XI utan at dette medfører behov for norsk tilpassingstekst. 

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2018/1263
Basis rettsaktnr.:
Celexnr.: 32018R1263

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 24.09.2018
Frist returnering standardskjema: 14.01.2019
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Ja

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:
Til toppen