Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen i høve den sjuande internasjonale dagen og den tredje europeiske dagen mot dødsstraff (09.10.09)

Den 10. oktober markerer EU den sjuande internasjonale dagen og den tredje europeiske dagen mot dødsstraff. EU understrekar på nytt sin absolutte motstand mot all bruk av dødsstraff.

Den 10. oktober markerer EU den sjuande internasjonale dagen og den tredje europeiske dagen mot dødsstraff. EU understrekar på nytt sin absolutte motstand mot all bruk av dødsstraff.

EU er overtydd om at avskaffing av dødsstraffa er ein integrert del av respekten for menneskerettane og vernet om menneskeverdet. Dødsstraff rører ved den universelle retten til liv. Staten har eit særleg ansvar for å tryggje menneskerettane til alle personar og kan ikkje ta frå nokon sjølve livet. EU støttar difor alle tiltak som tek sikte på å avskaffe dødsstraffa.

EU applauderer vedtaka som er fatta av Burundi og Togo i 2009 om å avskaffe dødsstraffa fullstendig. Vidare ser unionen positivt på at alle dødsstraffer i Kenya og Ghana er omgjorde. Når det gjeld tiltak internt i ulike statar for å redusere bruken av dødsstraff, seier EU seg glad for at dødsstraffa er avskaffa i delstaten New Mexico i USA.

EU oppmodar på nytt Kviterussland, som er det einaste landet i Europa som framleis bruker dødsstraff, om å avskaffe dødsstraffa.

EU seier seg lei for at det framleis vert utført svært mange avrettingar i somme land, blant anna Kina, Iran, Saudi-Arabia, Pakistan, USA og Irak.

Svært mange avrettingar er eit resultat av uopprettelege rettslege mistak. Dessverre vert det ofte avsagt dødsdom i rettssaker som ikkje oppfyller internasjonalt godtekne standardar for rettferd. EU seier seg lei for at mindreårige og psykisk funksjonshemma personar framleis altfor ofte vert dømde til døden, noko som utgjer eit alvorleg brot på folkeretten. Unionen seier seg òg lei for praksisen med å avrette dødsdømde offentleg og på umenneskeleg vis. I nokre land vert dødsstraffa dessverre brukt i løyndom.

Stadig fleire statar, no meir enn 140, har teke avstand frå dødsstraffa. I desember 2007 gav FNs generalforsamling for første gong eit klart signal til støtte for avskaffing av denne straffemetoden, då forsamlinga vedtok ein resolusjon som oppmoda om innføring av eit moratorium på bruk av dødsstraff. Denne resolusjonen var resultatet av ein målretta innsats i samarbeid med partnarar frå alle delar av verda.

EU applauderer vedtakinga av resolusjonen, som markerer eit vendepunkt på vegen mot avskaffing av dødsstraffa over heile verda. EU vil arbeide for å samle endå breiare støtte for at dødsstraff igjen skal stå på dagsordenen på FN-generalforsamlinga i 2010. Temaet dødsstraff vil bli teke opp når det høver seg i dialogane og konsultasjonane om menneskerettar som EU fører med tredjeland. Med omsyn til enkeltsaker vil EU følgje situasjonen og reagere slik det har vore praksis fram til no.

EU vil også halde fram med å støtte initiativ frå sivile organisasjonar som støttar opp om den internasjonale rørsla mot dødsstraff. Unionen helsar alle menneskerettsforkjemparar som med mot og viljestyrke kjempar i felten og samlar initiativ for å skape ei verdsomspennande samvitsrørsle mot dødsstraff.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.