Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Niger-deltaet (16.10.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EU seier seg glad for at tilbodet om amnesti frå presidenten i Nigeria, Umaru Musa Yar’Adua, til opprørarane i Niger-deltaet så langt har vore vellykka. EU håpar at dette vert eit viktig steg i retning av å gjenopprette fred og skape utvikling i regionen.

EU seier seg glad for at tilbodet om amnesti frå presidenten i Nigeria, Umaru Musa Yar’Adua, til opprørarane i Niger-deltaet så langt har vore vellykka. EU håpar at dette vert eit viktig steg i retning av å gjenopprette fred og skape utvikling i regionen.

I denne samanhengen ser EU òg positivt på at Nigeria vil gå inn i ein avvæpnings-, demobiliserings- og reintegreringsprosess. EU oppmodar den nigerianske regjeringa om å halde fram med å arbeide for varig rehabilitering og reintegrering av dei tidlegare opprørarane.

EU oppmodar òg den nigerianske regjeringa om å nytte høvet til å engasjere alle relevante deltakarar vidare i ein dialog og gjennomføre ein omfattande utviklingsstrategi for Niger-deltaet som tek fatt i dei grunnleggjande årsakene til konflikten i regionen.

EU understrekar at unionen er innstilt på å støtte den nigerianske regjeringa vidare i prosessen med å gjenopprette fred og skape utvikling i regionen på grunnlag av strategien «Nigeria-EU Joint Way Forward».

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.