Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om arrestasjonen av Aung San Suu Kyi (15.05.09)

EU beklagar sterkt at Aung San Suu Kyi, leiaren av Den nasjonale demokratiligaen (NLD), og medlemer av husstanden hennar er arresterte og skulda for å bryte vilkåra for husarresten, som ifølgje FN er i strid med folkeretten og nasjonal lovgjeving. Det er særleg slåande at desse hendingane finn stad omtrent samstundes med at husarresten skal ta slutt.

EU rettar ei innstendig oppmoding til styresmaktene i Burma/Myanmar om å setje Aung San Suu Kyi fri og gå inn i ein omfattande nasjonal forsoningsprosess. Dette er avgjerande for å få Burma/Myanmar inn på vegen mot reell stabilitet og framgang og innleie ein ny fase i utviklinga av landet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).