Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om opninga av Campo Algodonero-saka om drap på kvinner i Ciudad Juárez i den interamerikanske menneskerettsdomstolen (27.04.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EU seier seg glad for at Campo Algodonero-saka vert teken opp i den interamerikanske menneskerettsdomstolen under den 39. ekstraordinære sesjonen frå 27. til 30. april 2009.

EU seier seg glad for at Campo Algodonero-saka vert teken opp i den interamerikanske menneskerettsdomstolen under den 39. ekstraordinære sesjonen frå 27. til 30. april 2009. Denne saka er ein viktig milestolpe i kampen mot alle typar vald mot kvinner, sidan det er det første tilfellet der ein skal analysere kvinnedrapa i Ciudad Juárez i Chihuahua, Mexico. Retten skal sjå på sakene til tre kvinner som truleg er offer i denne saka, nemleg Esmeralda Herrera Monreal, Claudia Ivette González og Laura Berenice Ramos Monárrez, som forsvann og vart drepne i 2001. 

EU kjempar aktivt mot alle former for vald og diskriminering mot kvinner og jenter, slik det går fram av EU-retningslinjene om vald mot kvinner og jenter og kamp mot alle former for kvinnediskriminering, som vart vedtekne 8. desember 2008. EU oppmodar dei meksikanske styresmaktene om å sikre eit godt samarbeid  med den interamerikanske menneskerettsdomstolen. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.