Erklæring frå EU om vald mot journalistar i Den russiske føderasjonen (161110)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Europaportalen
Dato: 18.11.2010
Norge slutta seg 17. november til ei erklæring frå EU om vald mot journalistar i Den russiske føderasjonen.
EU fordømmer det brutale åtaket på den russiske journalisten Oleg Kashin i Kommersant 6. november 2010, og på forkjemparen for bevaring av Khimki-skogen Konstantin Fetissov 4. november 2010.
EU ser positivt på at president Medvedev har reagert raskt på desse åtaka.
Åtaka mot Kashin og Fetissov er dei nyaste tilfella i ei svært urovekkjande utvikling med vald, truslar og utryggleik retta mot journalistar, bloggarar og aktivistar i Den russiske føderasjonen.
EU oppmodar dei russiske styresmaktene om å undersøkje desse åtaka og andre tilfelle av vald mot journalistar og menneskerettsforsvararar grundig og effektivt, om å gjere alt som står i deira makt for å verne om desse personane, og om å stille dei ansvarlege for retten. EU seier seg glad for at leiaren for undersøkingskommisjonen vil ta opp att saker som ikkje er løyste, til dømes åtaket på Mikhail Beketov i Khimkinskaja Pravda i november 2008.
Desse åtaka syner at det er heilt nødvendig med effektive garantiar for ytringsfridomen i Russland, i tråd med dei multilaterale forpliktingane til landet, særleg som part i den europeiske konvensjonen om menneskerettar og grunnleggjande fridomar og som medlem i OSSE.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.