Domstolar, konfliktråd og forliksråd
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2026 | Justis- og beredskapsdepartementet
Domstolar, konfliktråd og forliksråd er hovudinstitusjonar i det norske rettssystemet. Både konfliktråd og forliksråd søkjer å løyse saker gjennom mekling, slik at det ikkje er naudsynt å fremje sakene for ein domstol.
Dei allmenne domstolane
Den dømmande makta i Noreg består av dei allmenne domstolane og enkelte særdomstolar, som jordskifteretten. Dei allmenne domstolane er Høgsterett, lagmannsrettane og tingrettane. Ansvaret for den sentrale administrasjonen av dei allmenne domstolane og jordskifteretten ligg til Domstoladministrasjonen, som er eit uavhengig forvaltningsorgan.
Dei allmenne domstolane behandlar straffesaker, tvistar og andre sivile saker. I tillegg har domstolane fleire andre oppgåver, som å utføre stadfesting av dokument som notarius publicus.
Domstolane utøver ein kontrollfunksjon overfor dei andre statsmaktene ved at domstolane prøver om lover er innanfor Grunnlova sine grenser og om vedtak gjort i offentleg forvaltning er lovlege og.
Tingretten er første instans i dei fleste saker i domstolane. Avgjerder frå tingretten kan klagast inn for lagmannsretten gjennom anke.
Høgsterett er den øvste domstolen i Noreg, og «dømmer i siste instans», som det står i Grunnlova paragraf 88. Høgsterett skal sørgje for rettsleg einskap og hjelpe til avklaring der rettstilstanden er uklar. Behandlinga av saker som reiser spørsmål med prinsipiell verdi står sentralt i Høgsterett sitt arbeid.
Jordskifteretten
Jordskifteretten er ein særdomstol i første instans som har oppgåver forankra i jordskiftelova. Jordskifteretten løyser tvistar knytte til fast eigedom og rettar til faste eigedomar. Avgjerder frå jordskifteretten kan ankast til lagmannsretten
Den europeiske menneskerettsdomstolen
Her kan borgarane i Europa prøve saka si dersom dei meiner at den heimslege domstolen har fatta ei avgjerd som er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Domstolen i Strasbourg kan avgjere klager med bindande verknad for statane. Medlemsstatar kan også klage andre statar inn for domstolen.
Konfliktråd
Konfliktrådet er ei statleg teneste som tilbyr mekling som metode for å handtere lovbrot og konfliktar. Konfliktrådet legg til rette for møte der partane sjølve, og andre som er råka av eit lovbrot eller ein konflikt, gjennom dialog kan finne fram til gode løysingar. Dette blir kalla gjenopprettande prosess.
Konfliktrådet kan behandle sivile saker mellom private partar og saker mellom fornærma og gjerningsperson etter lovbrot.
Meklingsmøte i konfliktrådet blir leia av ein upartisk meklar. Konfliktrådsbehandling er gratis og tilgjengeleg i heile landet. Det er 12 konfliktråd med 22 kontorstadar og om lag 400 meklarar.
Konfliktrådet har eit særleg ansvar for barn og unge som gjer lovbrot, og gjennomfører dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Målgruppa er unge lovbrytarar mellom 15 og 18 år. Reaksjonane byggjer på gjenopprettande prosessar, individuell oppfølging og ein ungdomsplan med tiltak som skal bidra til at den unge tek ansvar for eigne handlingar og førebyggjer ny kriminalitet.
Alle kan ta kontakt med sitt lokale konfliktråd for hjelp og rettleiing. Uavhengig av kvar i landet ein bur, skal innbyggjarane få eit likeverdig konfliktrådstilbod av høg kvalitet.
Sekretariatet for konfliktråda, som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, har det administrative og faglege ansvaret for konfliktråda.
Dei siste åra har sekretariatet fått eit utvida ansvar innan kriminalitetsførebygging, mellom anna knytt til vald i nære relasjonar, radikalisering og valdeleg ekstremisme og menneskehandel. Oppgåvene omfattar særleg kunnskapsinnhenting, metodeutvikling, kompetanseheving og forvaltning av tilskotsordningar som skal styrkje det lokale førebyggjande arbeidet.
Forliksråd
Dei fleste sivile saker skal behandlast i forliksrådet, som er det lågaste leddet i domstolsstrukturen. Forliksrådet behandlar ikkje straffesaker. Forliksråda meklar mellom partane og i mange saker kan dei også avgje dom.
Dommar eller andre avgjerder frå forliksråda kan bringast inn for tingretten ved stemning eller anke. Den sentrale administrasjonen av forliksråda er Justis- og beredskapsdepartementets ansvar, mens politiet har ansvar for sekretariatet.