Pågåande rettssaker for Efta- og EU-domstolen
Artikkel | Sist oppdatert: 19.01.2023 | Utenriksdepartementet
Her følgjer eit oversyn over verserande rettssaker for Efta- og EU-domstolen der Noreg er involvert. Merk at sida er under oppdatering.
Saker for Efta-domstolen
E-13/22 Birgir Þór Gylfason and Jórunn S. Gröndal v Landsbankinn hf.
Førespurnad frå ein islandsk domstol om ei rådgjevande fråsegn om tolking av direktiv 2008/48/EØF (forbrukarkredittdirektivet) og direktiv 2014/17/EU (bustadlånsdirektivet). Saka gjeld eit vilkår om variabel rente i ei bustadlånsavtale inngått mellom ein islandsk bank og to forbrukarar.
Norsk skriftleg innlegg: 17. januar 2023
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Ingeborg Collett
E-4/22 Stendi AS & Norlandia Care Norge AS v Oslo Kommune
Førespudnad frå Oslo tingrett om ei rådgjevande fråsegn om tolking av direktivet om offentlege innkjøp (2014/24/EU). Saka gjeld Oslo kommunes innkjøp av leie- og tenesteytingsavtaler for langtidsplassar i sjukeheim.
Norsk skriftleg innlegg: 29. juni 2022
Munnleg høyring med norsk innlegg: 4. oktober 2022
Kontaktperson i UD: Tone Hostvedt Aarthun
E-1/22 G.Modiano Limited and Standard Wool (UK) Limited v Efta Surveillance Authority
Søksmål frå to britiske foretak mot Eftas overvåkingsorgan (ESA) for avgjerda om å lukke ei klagesak om ulovleg statsstøtte til norsk ullproduksjon. Saka gjeld tolking av EØS-avtala artikkel 61 og tolking av prosessføresetnadane for å gå til sak for Efta-domstolen.
Norsk skriftleg innlegg: 29. juli 2022
Munnleg høyring med norsk innlegg: 3. oktober 2022
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
Saker for EU-domstolen
C-582/22 Die Länderbahn
Prejudisiell framlegging frå ein tysk domstol med spørsmål om tolking av direktiv om oppretting av eit felles europeisk jernbaneområde (2012/34/EU). Saka reiser mellom anna spørsmål om direktivet opnar for at det nasjonale tilsynsorganet på jernbaneområdet kan treffe vedtak om tilbakebetaling av avgifter.
Norsk skriftleg innlegg: 22. desember 2022
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Vilde Hauan
C-540/22 Staatssecretaris van Justitie en Veiligheid
Prejudisiell framlegging frå ein nederlandsk domstol om tolking av Traktaten om Den europeiske unions virkemåte (TEUV) artikkel 56 og 57, som svarar til artikkel 36 og 37 i EØS-avtala (fri rørsle for tenester). Saka gjeld spørsmål knytta til opphaldsløyve for tredjelandsborgarar som utfører oppdrag i eitt EØS-land for eit selskap som er etablert i eit anna EØS-land.
Norsk skriftleg innlegg: 25. november 2022
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Ingeborg Collett
C-226/22 Nexive Commerce e.a.
Prejudisiell framlegging frå ein italiensk domstol. Saka gjeld tolking av direktiv 97/67/EF (første postdirektiv) som endra av direktiv 2008/6/EF (tredje postdirektiv) i samband med spørsmål om private aktørar si finansiering av det nasjonale tilsynsorganet for postsektoren.
Norsk skriftleg innlegg: 21. juli 2022
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Vilde Hauan
C-184/22 og C-185-22 KfH Kuratorium für Dialyse und Nierentransplantation
To prejudisielle framleggingar frå ein tysk domstol som EU-domstolen har sameina til felles handsaming med spørsmål om tolking av likestillingsdirektivet (2006/54/EF) og deltidsdirektivet (direktiv 97/81/EF). Saka gjeld krav om kompensasjon for overtidsarbeid ved deltidstilsetjing og godtgjersle for brudd på likebehandlingslova.
Norsk skriftleg innlegg: 1. juli 2022
Munnleg høyring: Ikkje fastsett.
Kontaktperson i UD: Tone Hostvedt Aarthun
C-128/22 Nordic Info
Prejudisiell framlegging frå ein belgisk domstol med spørsmål om tolking av direktivet om fri personrørsle (2004/38/EF) og Schengen-grensereglane (forordning 2006/562/EF) knytta til regler om inn- og utreise frå Belgia under covid-19-pandemien.
Norsk skriftleg innlegg: 14. juni 2022
Munnleg høyring med norsk innlegg: 10. januar 2023
Kontaktperson i UD: Troels Bjerre Leming
C-807/21 Deutsche Wohnen
Prejudisiell framlegging frå ein tysk domstol med spørsmål om tolking av personvernforordninga (2016/679). Saka gjeld spørsmål knytta til skuldkravet ved ilegging av brotsgebyr i medhald av personvernforordninga artikkel 83.
Norsk skriftleg innlegg: 1. april 2022
Munnleg høyring med norsk innlegg: 17. januar 2023
Kontaktperson i UD: Marie Munthe-Kaas
C-768/21 Land Hessen
Prejudisiell framlegging frå ein tysk domstol med spørsmål om tolking av personvernforordninga (2016/679). Saka gjeld om datatilsynsorgan etter forordninga alltid har plikt til å ileggje korrigerande tiltak i tilfelle der tilsynsorganet konstaterer at ein registrerts rettar etter forordninga har blitt krenka.
Saka har blitt stansa for å vente på dom i sak C-807/21 og -683/21.
Norsk skriftleg innlegg: 21. april 2022
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Marie Munthe-Kaas
C-695/21 Recreatieprojecten Zeeland e.a.
Prejudisiell framlegging frå ein belgisk domstol med spørsmål om belgisk pengespellovgjeving er i samsvar med TEUV artikkel 56 om retten til fri rørsle av tenester. Etter belgisk lov kan berre pengespelverksemd som er fysisk etablert i Belgia gis løyve til å marknadsføre seg i Belgia.
Norsk skriftleg innlegg: 3. mars 2022
Munnleg høyring med norsk innlegg: 16. november 2022
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-548/21 Bezirkshauptmannschaft Landeck
Prejudisiell framlegging frå ein austerriksk domstol med spørsmål om tolking av kommunikasjonsverndirektivets (2002/58) virkeområde og EUs Charter om grunnleggjande rettar. Saka gjeld om kommunikasjonsverndirektivet skal gjelde ved politiets gjennomgang av informasjon lagra på terminalutstyr (mobiltelefonar, datamaskinar og nettbrett) i tilfelle politiet får tilgang til denne informasjonen utan at ekomtilbydaren blir involvert.
Norsk skriftleg innlegg: 5. mars 2022
Munnleg høyring med norsk innlegg: 16. januar 2023
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-470/21 La Quadrature du Net e.a.
Prejudisiell framlegging frå ein fransk domstol med spørsmål om tolking av kommunikasjonsverndirektivet (2002/58) i ljos av EUs charter om grunnleggande rettar. Saka gjeld innsamling av informasjon om IP-adresser lagra hos ekomtilbydarar, og om ei slik innsamling krev ein førehandskontroll.
Norsk skriftleg innlegg: 24. november 2021
Munnleg høyring med norsk innlegg: 5. juli 2022
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-331/21 European Superleague Company
Prejudisiell framlegging frå ein spansk domstol med spørsmål om tolking av Traktaten om Den europeiske unions virkemåte (TEUV) artikkel 101 (forbodet mot konkurransehindrande samarbeid) og 102 (forbodet mot misbruk av dominerande stilling), samt tolkingane av grunnleggjande fridom i artikkel 45, 49, 63 og 56 (fri flyt av personer, tenester, kapital og etableringsretten. Saka gjeld om forsøk frå Fédération Internationale de Football Association (FIFA) og Union of European Football Associations (UEFA) på å hindre organiseringa av ein europeisk superliga er i samsvar med artikkel 101 og 102.
Noreg leverte ikkje skriftleg innlegg.
Munnleg høyring med norsk innlegg: 11.-12. juli 2022
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-676/20 Asade
Prejudisiell framlegging frå ein spansk domstol. Saka gjeld tolking av direktivet om offentlege innkjøp og gjeld same spørsmål som sak C-436/20 Asade.
Saka har blitt stansa for å vente på dom i sak C-436/20.
Norsk skriftleg innlegg: 12. mai 2021
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Linn Edvartsen
C-660/20 Lufthansa CityLine
Prejudisiell framlegging frå ein tysk domstol med spørsmål om tolking av deltidsdirektivet (direktiv 97/81/EF) knytta til deltidstilsetting og krav på tilleggsgodtgjersle.
Noreg leverte ikkje skriftleg innlegg.
Munnleg høyring med norsk innlegg: 21. september 2022
Kontaktperson i UD: Tone Hostvedt Aarthun