Pågåande saker for Efta- og EU-domstolen
Artikkel | Sist oppdatert: 19.08.2026 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit oversyn over verserande saker for Efta- og EU-domstolen der Noreg er involvert og representant frå UD oppnemnt som agent.
Saker for Efta-domstolen
E-8/26 Hemla Africa Holding AS & Others v Philia E&P Holding (Ireland) Limited
Førespurnad frå Høgsteretts ankeutval om ei rådgjevande fråsegn frå Efta-domstolen om tolkinga av EØS-avtala, særleg artikkel 4 om forbod mot diskriminering. Saka gjeld spørsmål om det er i samsvar med EØS-avtala å påleggje eit selskap som er registrert og har hovudsete i ein EØS-stat å stille tryggleik for sakskostnader etter tvistelova § 20-11, når selskapsstrukturen eller kravsoverdraginga blir hevda brukt for å omgå reglane om tryggleiksstilling.
Norsk skriftleg innlegg: 3. juli 2026
Munnleg høyring: 8. september 2026
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
E-3/26 EFTA Surveillance Authority v The Kingdom of Norway
Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om manglande gjennomføring av direktiv (EU) 2019/1161 om endring av direktiv 2009/33/EF om fremjing av reine og energieffektive køyretøy til vegtransport.
Norsk tilsvar: 19. mai 2026
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
E-25/25 AE and YM v The Icelandic State and Registers Iceland (Þjóðskrá Íslands)
Førespurnad frå ein islandsk domstol om ei rådgjevande fråsegn frå Efta-domstolen om tolkinga av direktiv 2004/38/EF om fri personrørsle, forordning (EU) nr. 492/2011 og EØS-avtala artikkel 4 og 28. Saka gjeld mellom anna om avslag på registrering av ein familierelasjon i folkeregisteret er i strid med EØS-retten, og om EØS-statane må anerkjenne ein familierelasjon som er rettsleg anerkjend i ein annan EØS-stat.
Norsk skriftleg innlegg: 5. februar 2026
Munnleg høyring med norsk innlegg: 25. mars 2026
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
Saker for EU-domstolen
C-823/25 European Commission v Kingdom of the Netherlands
Traktatbrotssøksmål som Kommisjonen har reist mot Nederland med påstand om brot på forordning (EF) nr. 1370/2007 om offentleg persontransport med jernbane og på veg (kollektivtransportforordninga). Saka gjeld mellom anna direkte tildeling av ein kontrakt om offentlege persontenester på jernbane til N.V. Nederlandse Spoorwegen, og spørsmål om nederlandske styresmakter har dokumentert marknadssvikt og vurdert det reelle marknadstilbodet tilstrekkeleg ved fastsetjinga av offentlege tenesteforpliktingar.
Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 29. juni 2026
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-820/25 Eurogine
Førespurnad frå ein austerriksk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av direktiv 85/374/EF om produktansvar (produktansvarsdirektivet). Saka gjeld om inntektstap som følgje av ein uønskt graviditet, der graviditeten skuldast ein produktfeil ved ein prevensjonsspiral, kan krevjast erstatta fordi graviditeten kan reknast som ein personskade etter artikkel 9 bokstav a i produktansvarsdirektivet. Spørsmålet har parallellar til norsk erstatningsrett, der krav om erstatning for økonomisk tap som følgje av å ha fått eit friskt barn i tilsvarande tilfelle ikkje er rekna som erstatningsrettsleg verna.
Norsk skriftleg innlegg: 27. mars 2026
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Martin Richardsen
C-804/25 Autorité de protection des données
Førespurnad frå ein belgisk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om forholdet mellom forordning (EU) 2016/679 om vern av personopplysningar (personvernforordninga) og rammeverket for internasjonal informasjonsutveksling på skatteområdet. Saka gjeld mellom anna overføring av opplysningar til amerikanske skattemyndigheiter etter FATCA-avtala mellom Belgia og USA, og om slik overføring er i samsvar med personvernregelverket.
Norsk skriftleg innlegg: 7. mai 2026
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-784/25 Eläketurvakeskus
Førespurnad frå den finske trygderetten om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av forordning (EF) nr. 883/2004 om koordinering av trygdeordningar og forordning (EF) nr. 987/2009 om gjennomføring av trygdeforordninga. Saka gjeld korleis lovval etter trygdeforordninga skal fastsetjast og prøvast, mellom anna klagebehandling og val av klageinstans
Norsk skriftleg 27. mars 2026
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-780/25 Desch-Drexler II
Førespurnad frå ein austerriksk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV), mellom anna artikkel 34 om forbodet mot kvantitative importrestriksjonar, artikkel 101 om konkurranse og artikkel 36 om unntak, samt Traktaten om Den euorpeiske union (TEU) og EUs pakt om grunnleggjande rettar. Saka gjeld austerriske reglar om faste bokprisar, som pålegg både fysiske bokhandlar og nettbutikkar å selje bøker til ein fast pris fastsett av forlaget, også ved grensekryssande sal.
Norsk skriftleg innlegg: 27. mars 2026
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Linn Edvartsen
C-643/25 Verbraucherzentrale Bundesverband
Førespurnad frå ein tysk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av direktiv 2005/29/EF om urimeleg handelspraksis overfor forbrukarar på den indre marknaden. Den underliggjande saka gjeld søksmål frå ein tysk forbrukarorganisasjon mot Meta Platforms Ireland Ltd, som driv Facebook. Spørsmålet er om Facebook blir marknadsført i strid med forbodet mot urimeleg handelspraksis når tenesta blir omtalt som gratis, samstundes som bruk krev samtykke til å avstå ei rekkje personopplysningar. Saka reiser også eit prinsipielt spørsmål om personopplysningar kan reknast som ein kostnad eller eit betalingsmiddel.
Norsk skriftleg innlegg: 17. januar 2026
Inga munnleg høyring
Kontaktperson i UD: Martin Richardsen
C-595/25 Arriva Personenvervoer Nederland e.a.
Førespurnad frå ein nederlandsk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen tolkinga av forordning (EF) 1370/2007 om offentleg persontransport med jernbane og på veg (kollektivtransportforordninga) og direktiv 2012/34/EU om oppretting av eit felles europeisk jernbaneområde (jernbanedirektivet).
Norsk skriftleg innlegg: 22. desember 2025
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-535/25-C-537/25 Amazon Italia Logistica and others
Førespurnadar frå ein italiensk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om korleis direktiv 97/67/EF om felles reglar for utviklinga av eit indre marknad for posttenester i Fellesskapen og forbetring av tenestene si kvalitet (postdirektivet) kjem til bruk på Amazons verksemd i Italia.
Norsk skriftleg innlegg: 1. desember 2025
Inga munnleg høyring
Kontaktperson i UD: Martin Richardsen
C-449/25 Serviciul pentru Imigrări al judeţului Bihor
Førespurnadar frå ein rumensk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av direktiv 2004/38/EF om fri personrørsle og Traktaten om den europeiske unionens verkemåte (TEUV) artikkel 21. Det viktigaste spørsmålet i saka er kva krav til føregåande opphald som er nødvendige for at tredjelandsborgarar skal få opphaldsrett i ektefellen eller partnaren sitt heimland.
Norsk skriftleg innlegg: 22. oktober 2025
Munnlig høyring med norsk innlegg: 16. juni 2026
Kontaktperson i UD: Martin Richardsen
C-442/25 SAS
Førespurnad frå ein svensk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV) artikkel 108(3) om statsstøtte, herunder om flyselskapet SAS må betale renter av støtte som SAS mottok under pandemien.
Norsk skriftleg innlegg: 28. oktober 2025
Munnlig høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-430/25 Gena
Førespurnad frå ein polsk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV) artikkel 45 og 21 om betaling av utflyttingsskatt, mellom anna betaling av utflyttingsskatt før realisasjon, og kor lang betalingsutsetjing ein skattytar kan få.
Norsk skriftleg innlegg: 24. oktober 2025
Munnlig høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-397/25 e-EFKA
Førespurnad frå ein gresk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av omgrepet minsteyting i artikkel 58 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) 883/2004 om koordinering av trygdeordningar (trygdeforordninga), artikkel 4 om likebehandling (statsborgarskap) i same forordning, og Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV) artikkel 45 om fri rørsle for arbeidstakarar.
Norsk skriftleg innlegg: 10. oktober 2025
Inga munnlig høyring
Kontaktperson i UD: Linn Edvartsen
C-391/25 Deutsche Umwelthilfe
Førespurnad frå ein tysk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av direktiv 2000/60/EF om fastsetjing av rammer for fellesskapen sin vasspolitikk (EUs rammedirektiv for vatn, vanndirektivet), inkludert rettsverknadene av manglande eller utilstrekkeleg grunngjeving for utsett frist for å nå miljømåla i vassforvaltningsplanane.
Norsk skriftleg innlegg: 2. oktober 2025
Inga munnlig høyring
Kontaktperson i UD: Martin Richardsen
C-371/25 Tillsynsmyndigheten i konkurser
Førespurnad frå ein svensk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av rådsdirektiv 2008/94/EF om vern av arbeidstakarane ved arbeidsgjevarens insolvens (lønnsgarantidirektivet).
Norsk skriftleg innlegg: 9. oktober 2025
Munnlig høyring med norsk innlegg: 7. mai 2026
Kontaktperson i UD: Linn Edvartsen
C-330/25 RTÉ
Førespurnad frå ein irsk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av direktiv 2003/4/EF om offentleg tilgang til miljøinformasjon (miljøinformasjonsdirektivet), og spørsmålet om korleis direktivet sin definisjon av «offentleg styresmakt» omfattar heilt eller delvis ein allmenn kringkastar.
Norsk skriftleg innlegg: 5. september 2025
Inga munnlig høyring
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-829/24 European Commission v Hungary
Kommisjonen har stemna Ungarn for EU-domstolen med påstand om at Ungarns «suverenitetslov» strir med ulike reglar i EUs pakt om grunnleggjande retter, e-handelsdirektivet, tenestedirektivet og personvernforordninga i tillegg til fleire indre marknadsreglar i Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV).
Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 29. april 2025
Munnleg høyring med norsk innlegg: 16. september 2025
Kontaktperson i UD: Oscar Nordén
C-798/24 Jautiva
Prejudisiell framlegging frå ein domstol i Latvia med spørsmål om mellom anna tolkinga av direktiv 2017/1132/EU (det generelle selskapsrettsdirektivet) artikkel 14(d) og forholdet til forordning 2016/679/EU (personvernforordninga) artikkel 5(1)(b). Saka reiser spørsmål om artikkel 14(d) krev at medlemsstatane sikrer at opplysingar om alle aksjeeiere skal bli offentliggjort.
Norsk skriftleg innlegg: 20. mars 2025
Inga nunnleg høyring
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-770/24 InfraGO et DB RegioNetz Infrastruktur
Prejudisiell framlegging frå ein domstol i Tyskland med spørsmål om tolkinga av einskilde avgiftsreglar i direktiv 2012/34/EU om oppretting av eit felles europeisk jernbaneområde (jernbanedirektivet).
Norsk skriftleg innlegg: 14. mars 2025
Munnleg høyring: 4. desember 2025 (Noreg holdt ikkje innlegg)
Kontaktpersonar i UD: Linn Edvartsen
C-363/24 Finansinspektionen
Prejudisiell framlegging frå Høgsta domstolen i Sverige med spørsmål om tolking av forordning 596/2014 (marknadsmisbruksforordninga). Saka gjeld spørsmål om opplysingar blir rekna for å være presise nok til å utgjere innsideinformasjon etter artikkel 7(2) i marknadsmisbruksforordninga.
Norsk skriftleg innlegg: 13. september 2024
Munnleg høyring (Noreg deltok ikkje): 21. mai 2025
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-229/24 Brännelius
Prejudisiell framlegging frå Høgsta domstolen i Sverige med spørsmål om tolking av forordning 596/2014 (marknadsmisbruksforordninga). Saka gjeld spørsmål om når informasjon om utfallet av ei anskaffingsprosess skal bli rekna som offentleggjort («made public») etter marknadsmisbruksforordninga artikkel 7, og dermed ikkje lenger utgjer innsideinformasjon
Norsk skriftleg innlegg: 28. juni 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 3. april 2025
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
Saker for Underretten
T-702/25 Metsä Board Sverige
Førespurnad frå ein svensk tingrett om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen (Underretten) om tolkinga av artikkel 3 bokstav e i direktiv 2003/87/EF om oppretting av ei ordning for handel med utsleppskvotar for klimagassar (kvotehandelsdirektivet). Den underliggjande saka gjeld ei avgjerd frå den svenske klimakvotemyndigheita om å trekkje utsleppsløyve for to anlegg frå 2026. Spørsmåla gjeld korleis omgrepet «anlegg» skal tolkast.
Norsk skriftleg innlegg: 15. januar 2026
Munnleg høyring med norsk innlegg: 8. juli 2026
Kontaktperson i UD: Tone Hostvedt Aarthun
T-15/25 Nvidia v Commission
Ugildssøksmål som Nvidia har reist mot Kommisjonen. Saka gjeld spørsmål om fusjonskontrollen, nasjonale styresmakters kompetanse og moglegheita til å vise saker til Kommisjonen etter forordning 139/2004 (fusjonsforordninga) artikkel 22.
Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 25. september 2025
Munnleg høyring (Noreg deltok ikkje): 11. mars 2026
Kontaktperson i UD: Oscar Nordén
T-8/24 Meta Platforms Ireland v EDPB
Ugildssøksmål som Meta Platforms Ireland Limited har reist mot eit vedtak fatta av det europeiske personvernrådet (EDPB). Vedtaket blei gjort etter oppmoding frå det norske Datatilsynet. Saka reiser spørsmål knytte til tolkinga av forordning (EU) 2016/679 (personvernforordninga).
Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 19. september 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 5. mars 2026
Kontaktpersonar i UD: Bojana Stankovic og Marie Munthe-Kaas