Ot.prp. nr. 34 (2002-2003)

Om lov om endring i samelova m.m.

Til innhaldsliste

3 Administrative og økonomiske konsekvensar

Lovendringa føreset ingen spesielle eller auka utgifter. Den administrative oppfølginga skjer av Sametinget. Når det gjeld kommunar og fylkeskommunar avgjer dei sjølve omfanget av bruken av det samiske flagget. Endringa fører derfor ikkje til nye krav og pålegg til kommunar og fylkeskommunar.