Ot.prp. nr. 55 (2003-2004)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovframlegga

Samarbeidet mellom departementet og partane i arbeidslivet om fag- og yrkesopplæringa

Departementet går inn for at staten framleis skal dekkje utgiftene til samarbeidsorgana. Dette vil gjelde utgifter til møta og reisene og til å koordinere og førebu møta. Det inneber at løyvinga til råda i dag blir ført vidare.

Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar i grunnskolen

Kommunane får i dag eit øremerkt tilskot til morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Storleiken på tilskotet er avhengig av omfanget av opplæringa og talet på språk det blir gitt opplæring i/på. Det øremerkte tilskotet dekkjer om lag halvparten av dei kostnadene kommunane har til denne opplæringa. Dersom lovendringa fører til nedgang i talet på elevar som får morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring, vil det kunne føre til reduksjon i tilskotet til kommunane. Departementet kan ikkje sjå at forslaga vil få administrative konsekvensar.

Ansvaret for vurdering og resultatoppfølging i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

Forslaget inneber ei presisering og tydeleggjering av det ansvaret skoleeigarane og styra har i dag etter opplæringslova og friskolelova. Det vil derfor ikkje medføre vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for skoleeigarane/styra. Systemet for å følgje opp den enkelte verksemda blir finansiert innanfor gjeldande rammer og med dei administrative ressursane ein har i dag.