Prop. 115 LS (2018–2019)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

7 Endring av skatteloven § 2-40

7.1 Innleiing og samandrag

Etter skatteloven § 2-30 er Noregs Bank friteken for skatt. Dotterselskap av Noregs Bank som høyrer heime i Noreg, er i utgangspunktet skattepliktige hit. Frå 2017 vart det innført fritak for skatt for norske aksjeselskap som direkte eller indirekte, er eigde fullt ut av Noregs Bank. Fritaket gjeld skatt på passive inntekter frå investeringar etter lov om Statens pensjonsfond utland (SPU), jf. skatteloven § 2-40.

Slik føresegna lyd gjeld fritaket «aksjeselskaper». Departementet ynskjer å gjere det klårt at fritaket ikkje berre gjeld aksjeselskap skipa etter norsk aksjelovgiving, men òg omfattar selskap skipa i utlandet når dei høyrer heime i Noreg. Det er ein føresetnad at slike selskap svarer til norske aksjeselskap.

Departementet legg òg fram forslag om å føye til ei overskrift til skatteloven § 2-40 der det kjem fram at føresegna gjeld avgrensing av skatteplikt for visse selskap eigd av Noregs Bank.

Framlegga vil ikkje ha administrative følgjer eller verknader for provenyet.

Departementet syner til framlegg til endring av skatteloven § 2-40 og ny overskrift til føresegna.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

7.2 Gjeldande rett

Aksjeselskap og andre sjølvstendige innretningar som høyrer heime i Noreg er skattepliktige hit, jf. skatteloven § 2-2 fyrste ledd. Noregs Bank er eit eige rettssubjekt, som er eigd av staten, jf. § 2 i lov om Norges Bank og pengevesenet mv. Etter skatteloven § 2-30 fyrste ledd bokstav e nr. 1 er Noregs Bank friteken for skatt. Andre statseigde selskap er skattepliktige dersom det ikkje er gitt føresegner om noko anna.

Ei særskilt føresegn om fritak for statseigde selskap er gitt i skatteloven § 2-40. Etter føresegna er aksjeselskap som direkte eller indirekte er eigde fullt ut av Noregs Bank, fritekne for skatt på inntekt frå kapital som vert forvalta i SPU, jf. lov om Statens pensjonsfond utland § 2, andre ledd andre punktum. Fritaket gjeld skatt på passive inntekter frå slike investeringar.

7.3 Vurderingar og framlegg

Slik skatteloven § 2-40 lyd gjeld fritaket «aksjeselskaper». Ordlyden kan etterlate seg ein viss tvil om fritaket berre gjeld for aksjeselskap skipa etter norsk aksjelovgiving eller om fritaket òg omfattar selskap skipa i utlandet som svarer til aksjeselskap skipa etter norsk rett som høyrer heime i Noreg.

Av forarbeida til skatteloven § 2-40 går det fram at ein ynskja å oppnå at «(…) norske selskap som er direkte eller indirekte eigde fullt ut av Noregs Bank, skal vere fritekne for skatt på inntekter frå investeringar etter lov om Statens pensjonsfond.», jf. Prop. 130 LS (2016–2017) kapittel 6.

Dette tilseier at òg selskap skipa i utlandet som er skattepliktig til Noreg, bør vere omfatta av fritaket når dei elles oppfyller vilkåra i føresegna.

For å gjere det klårt at føresegna òg er meint å omfatte slike selskap gjer departementet framlegg å endre ordlyden i skatteloven § 2-40. Departementet syner til framlegg om endring av ordlyden i § 2-40. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Etter systematikken i skatteloven har kvar einskild føresegn ei overskrift som skal angje hovudinnhaldet i føresegna. Skatteloven § 2-40 vart vedteken utan overskrift. Departementet legg fram forslag om å føye til ei overskrift der det kjem fram at føresegna gjeld avgrensing av skatteplikta for visse selskap eigd av Noregs Bank. Departementet syner til framlegg om ny overskrift til skatteloven § 2-40.

7.4 Administrative og økonomiske følgjer

Endringane vil ikkje ha administrative følgjer eller verknader for provenyet.

7.5 Iverksetjing

Departementet gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde straks.

Til forsida