Prop. 115 LS (2018–2019)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

12 Endring av produktavgifta i fiskerinæringa

Fiskarane betalar ei trygdeavgift på 8,2 pst. Produktavgifta i fiskerinæringa skal forutan å dekkje mellomlegget mellom 8,2 pst. og 11,4 pst. i trygdeavgifta på næringsinntekt òg dekkje kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntallsførte fiskarar og utgifter i samband med stønad til arbeidslause i næringa. Satsen er 2,4 pst. for 2019.

Produktavgifta er berekna på bakgrunn av innhenta prognosar for komande års førstehandsverdi av fisket og prognosar for utgiftene som produktavgifta er meint å dekkje. Usikkerheit i prognosane gjer det vanskeleg å fastsette riktig sats for komande år.

Nærings- og fiskeridepartementet har innhenta reviderte prognosar på mellom anna førstehandsverdien av fisket i 2019. Dei legg til grunn at denne vert høgare enn det ein tidlegare rekna med. Nærings- og fiskeridepartementet tilrår difor at satsen for andre halvår 2019 setjast til 2,2 pst.

Departementet gjer difor framlegg om å redusere produktavgifta til 2,2 pst. frå 1. juli 2019, i tråd med tilrådinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak om produktavgift til folketrygden for fiskeri-, hval- og selfangstnæringene for 2019.

Til forsida av dokumentet