Prop. 115 LS (2018–2019)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

5 Elavgift for elektrisk kraft til utvinning av kryptovaluta

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2019 at elektrisk kraft som vert levert til utvinning av kryptovaluta i eit datasenter, ikkje skal omfattast av redusert elavgift, jf. Innst. 3 S (2018–2019) kap. 13.6. Redusert elavgift til datasentre skal elles vidareførast uendra slik som i dag. Stortinget føresette at Finansdepartementet utarbeidde framlegg til avgrensingar og gjennomføring, og at framlegg vart sendt på høyring med sikte på iverksetjing 1. mars 2019. Departementet vart gjeve fullmakt til å fastsetje endeleg tid for iverksetjing.

Finansdepartementet og Skattedirektoratet har motteke fleire innspel til endringa frå næringa. Det er viktig å få innspel slik at framlegg vert utforma best mogleg i høyringa. Omsyna til både etterleving og kontroll bør skje på best mogleg vis. Det har difor vore naudsynt å bruke noko meir tid på framlegget i høyringa enn det Stortinget føresette i budsjettinnstillinga. Finansministeren opplyste om dette i Dokument nr. 15:924 (2018–2019) med svar på skrifteleg spørsmål frå stortingsrepresentant Åsunn Lyngedal.

Saka er klar for høyring om kort tid. I høyringa vil det verte føresett at endringar må avklarast med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før iverksetjing, jf. regelverket om offentleg støtte.

I saldert statsbudsjett for 2019 er det lagt til grunn at ordinær sats for elavgift for kraft til utvinning av kryptovaluta frå 1. mars 2019 vil auke avgiftsinntekta med om lag 13 mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2019. Dersom godkjenning frå ESA ikkje ligg føre i 2019 vil det innebere eit tap av proveny på 13. mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2019 samanlikna med saldert budsjett.

Til forsida