Prop. 115 LS (2018–2019)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

4 Redusert alkoholavgift for små bryggjeri

Regjeringa gjer framlegg om å utvide gjeldande ordning om avgiftslette for øl frå små bryggjeri til òg å omfatte liknande alkoholhaldig drikke som til dømes sider og mjød.

For øl produsert av bryggjerier betalast i dag redusert alkoholavgift. Dette gjeld øl over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol. Formålet med ordninga er: «å betre rammevilkåra for næringa, ikkje å redusere prisen. Lågare avgift kan støtte ei utvikling mot meir desentralisert produksjon og eit breiare produktspekter.», jf. Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga. Den reduserte avgifta omfattar produksjon i Noreg og innførsel frå små bryggjeri i utlandet. Årleg tap av proveny som følgje av ordninga vart i Revidert nasjonalbudsjett 2018 anslått til om lag 15 mill. kroner.

Avgiftsregelverket for små bryggjeri var på høyring hausten 2017. I høyringa tok mellom anna Vin- og brennevinsleverandørenes forening (VBF) og Bryggeri- og drikkevareforeningen (BROD) til orde for at reglane inneber ulik behandling av like typar alkoholvarer. VBF meinte difor at avgiftsreduksjonen òg bør omfatte småskalaproduksjon av anna drikke enn øl, til dømes vin, sider og brennevin. BROD tok til orde for at endringa òg bør omfatte sider og mjød. Ifølgje BROD gjeld dette mikroskopiske volum og få produsentar, men ut i frå omsynet til lik behandling er det rimeleg at òg slik drikke vert omfatta av den reduserte avgifta.

For Skatteetaten kan redusert avgift på øl frå små bryggjeri i utlandet føre til utfordringar i samband med kontroll, noko som er eit argument for ikkje å utvide ordninga til andre aktørar. Når det er etablert ei ordning med redusert alkoholavgift på øl produsert av små bryggjeri, er det likevel krevjande å forsvare at ordninga er avgrensa til øl og ikkje omfattar andre liknande alkoholholdige drikkevarer utan tilsett alkohol, slik som til dømes sider og mjød i intervallet over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol.

Redusert avgift på øl produsert av små bryggjeri er vurdert som foreinleg støtte etter EØS-avtalen, jf. Rådsdirektiv 92/83/EF. Direktivet som opnar for liknande avgiftsreduksjon i EU, er i dag avgrensa til øl, men er foreslått utvida til å omfatte sider. EØS-rettsleg er det eventuelt ikkje noko i vegen for å gjere liknande utviding for same alkoholvarer som i EU no.

Det er grunn til å tru at volumet for småskalaproduksjon av sider og mjød eller liknande er relativt lite, og at provenyverknadane difor er tilsvarande små. Årleg tap av proveny som følgje av framlegget er på svært usikkert grunnlag anslått til om lag 1 mill. kroner. Dersom endringa trer i kraft 1. juli, kan ein på svært usikkert grunnlag anslå tapet av proveny til om lag 0,5 mill. kroner påløpt og bokført i 2019.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak om avgift på alkohol frå 1. juli 2019. Gjeldande ordlyd om at avgiftsletta gjeld for små bryggjeri med årleg produksjon under 500 000 liter er foreslått fjerna i vedtaket og vil i staden verte fastsett i forskrift. Denne endringa har difor inga realitetstyding.

Til forsida