Prop. 115 LS (2018–2019)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

3 Eingongsavgift

3.1 Overgang til ny metode for måling av avgassar (WLTP)

For person- og varebilar vert eingongsavgifta berekna ut frå vekt og utslepp av CO2 og NOX. EU har over ei tid fasa inn nye reglar for måling av avgassar som skal leggast til grunn ved typegodkjenning av nye motorvogner. Dei nye reglane inneber mellom anna at det skal nyttast ein ny køyresyklus (Worldwide harmonized Light vehicles Test Procedure (WLTP)) ved målinga. Målinga gjev meir realistiske utsleppsverdiar enn den gamle New European Driving Cycle (NEDC), som no vert fasa ut. Dette får mellom anna konsekvensar for eingongsavgifta.

Dei nye reglane har vorte fasa inn gradvis. Frå 1. september 2017 har WLTP vorte nytta for nye typegodkjenningar av personbilar, og frå 1. september 2018 skal alle nye personbilar vere målte etter WLTP. For varebilar gjeld fristane eit år seinare. Fram til 2021 vil det òg verte fastsett CO2-utslepp rekna etter NEDC for alle nye person- og varebilar. Regjeringa varsla hausten 2018 at NEDC-verdiar skal nyttast ved berekninga av CO2-komponenten i eingongsavgifta for personbilar ut 2019, og at WLTP vil gjelde frå 1. januar 2020.

Det vert ikkje fastsett NOX-utslepp etter NEDC for personbilar som er typegodkjende etter 1. september 2017. For denne komponenten nyttar ein difor den verdien som er tilgjengeleg når ein bereknar eingongsavgifta. Dette inneber at NOX-utslepp målte etter ny køyresyklus vert lagt til grunn for alle personbilar som er typegodkjende etter 1. september 2017, sjå omtale i Prop. 130 LS (2016–2017). Tilsvarande vil gjelde for varebilar som er typegodkjente etter 1. september 2018.

Måling etter WLTP gjev gjennomgåande høgare CO2-verdiar enn NEDC, og auken er i gjennomsnitt høgare for varebilar enn for personbilar. I JRC-rapporten «From NEDC to WLTP: effect on the type-approval CO2 emissions of light-duty vehicles» utarbeida for EU-kommisjonen er anslaga på 21 pst. for personbilar og 30 pst. for varebilar. Skilnaden skal mellom anna kome av at WLTP i større grad tek omsyn til potensiell last. Det same gjeld for campingbilar, sidan desse køyretøya normalt er bygde på varebilar eller lette lastebilar.

I Granavolden-plattforma heiter det at «Nye utslippsverdier (WLTP) innføres provenynøytralt slik at den grønne omleggingen av engangsavgiften forsterkes.»

Regjeringa vil gjennomføre omlegginga til WLTP innanfor ei provenynøytral ramme. Då må satsane og innslagspunkta i eingongsavgifta justerast. Endringane vil i hovudsak gjerast innanfor CO2-komponenten. Regjeringa vil kome attende til den konkrete gjennomføringa i budsjettet for 2020.

Bruktimporten utgjer ein stor del av dei køyretøya som vert registrerte i Noreg kvart år. Køyretøy som er godkjende før 1. september 2017 vil normalt berre verte testa etter NEDC og difor mangle WLTP-baserte CO2-verdiar. For ikkje å favorisere dei bruktimporterte køyretøya må det takast omsyn til dette i eingongsavgifta. Regjeringa vil kome attende til dette.

For varebilane vert måling etter WLTP obligatorisk frå 1. september 2019. I 2019 vil det difor vere lite grunnlagsdata for å berekne korleis overgangen til WLTP vil slå ut i eingongsavgifta for varebilane. Dette gjer følgjene av overgangen til WLTP usikker, og med stor fare for uynskte utslag i avgiftslegginga av dei enkelte køyretøya. Regjeringa legg difor opp til å innføre WLTP-baserte CO2-verdiar for varebilane i 2021. Dette inneber at NEDC-verdiane vil verte nytta til å fastsetje CO2-komponenten i eingongsavgifta for varebilar og campingbilar ut 2020.

Det vil ikkje verte fastsett NOX-utslepp etter NEDC for varebilar og campingbilar som er typegodkjende etter 1. september 2018. Ved berekninga av eingongsavgifta vil difor NOX-utslepp målte etter ny køyresyklus verte lagde til grunn. NOX-komponenten utgjer ein liten del av avgifta, og skilnadene i avgift grunna måling etter ulik køyresyklus vil vere tilsvarande små.

3.2 Fjerne eingongsavgift for køyretøy over 20 år

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil «fjerne engangsavgift for biler over 20 år». Departementet gjer no framlegg om å fjerne eingongsavgift for køyretøy med alder over 20 år.

Eingongsavgift betaler ein fyrste gong eit køyretøy vert registrert i motorvognregisteret. Avgifta omfattar dei fleste typar motorvogner, med unntak av tunge lastebilar og bussar. For brukte motorvogner som vert importert, vert det gjeve eit prosentvis frådrag i avgifta basert på alderen til køyretøyet (bruksfrådrag). Motorvogner som er 30 år eller eldre, betaler ikkje eingongsavgift ut over vrakpantavgifta. Bruksfrådraget skal spegle det forventa fallet i verdien som er att i køyretøyet. Det skal mellom anna bidra til at eingongsavgifta ikkje verker inn på valet mellom å kjøpe eit brukt køyretøy innanlands eller importere frå utlandet. CO2- og NOX-komponentane gjev insentiv til å importere brukte køyretøy med låge utslepp.

Framlegget vil innebere at insentivet til å importere køyretøy med låge utslepp fell bort for køyretøy mellom 20 og 30 år. For køyretøy som er eldre enn 20 år, er bruksfrådraget særs høgt, frå 91 pst. til 95 pst., og attverande eingongsavgift for desse køyretøya er difor tilsvarande låg. Reglane om bruksfrådrag og fritaket for motorvogner som er 30 år eller eldre, gjeld alle køyretøy som er omfatta av eingongsavgifta. Framlegget om å fjerne eingongsavgifta for motorvogner over 20 år gjeld både bilar og andre køyretøygrupper, til dømes motorsyklar. Framlegget inneber at trinna i bruksfrådragstabellen for køyretøy over 20 år fell bort. Trinna for køyretøy opp til 20 år vert ikkje endra. Endringa inneber ei viss forenkling sidan det gjev færre køyretøy som må betale låg eingongsavgift og mindre administrasjon.

I 2018 vart det ifølgje tal departementet har motteke frå Opplysningsrådet for Veitrafikken AS importert 500–600 brukte køyretøy, i hovudsak bilar og motorsyklar, med fyrste registreringsår i perioden 1989–1998. Fjerninga av eingongsavgift vil gjere det gunstigare å importere køyretøy mellom 20 og 30 år. Det er å vente at det vil føre til nokre tilpassingar. Mellom anna vil truleg ein del køyretøy som med dagens reglar fyrst vert importert etter at dei vert 30 år, noe verte importerte tidlegare.

Endringane er anslått å gje eit årleg tap av proveny på om lag 10 mill. kroner. Tapet av proveny i 2019 er anslått til 5 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak om avgift på motorvogner mv. A Engangsavgift for budsjetterminen 2019. Endringane vil tre i kraft 1. juli 2019 og gjelde køyretøy som oppnår 20 års registreringstid i 2019.

3.3 Lågare eingongsavgift for motorsyklar

Departementet gjer framlegg om å redusere eingongsavgifta for motorsyklar med om lag 10 pst.

For motorsyklar er eingongsavgifta basert på CO2-utslepp og slagvolum. Framlegget inneber å redusere eingongsavgifta for motorsyklar gjennom ein kombinasjon av auka innslagspunkt i slagvolumavgifta og reduserte satsar. Slagvolumavgifta gjeld for motorsyklar med slagvolum over 125 cm3. Framlegget inneber ein auke av dette innslagspunktet til 225 cm3. Innslagspunktet for den høgare satsen for dei med slagvolum over 900 cm3 vert ikkje endra. Vidare inneber framlegget ei lette i alle satsane, både i slagvolumavgifta og CO2-avgifta, på 4 pst. Framlegget inneber ei lette i eingongsavgifta for motorsyklar på om lag 10 pst. i gjennomsnitt. Endringane for den einskilde motorsykkel avheng av kor stort slagvolum og CO2-utslepp sykkelen har. Motorsyklar med låg avgift i dag får størst lette i prosent.

For motorsyklar utan registrert utsleppsinformasjon, i hovudsak bruktimporterte motorsyklar, er eingongsavgifta basert på slagvolum og motoreffekt i tillegg til ei stykkavgift. Det vert gjort om lag tilsvarande endringar i avgifta for desse syklane som for motorsyklar med utsleppsinformasjon.

Endringane er anslått å gje eit årleg tap av proveny på om lag 25 mill. kroner. Tapet av proveny i 2019 er anslått til 12 mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak om avgift på motorvogner mv. A Engangsavgift for budsjetterminen 2019. Endringane vil gjelde for motorsyklar som vert registrerte frå og med 1. juli 2019.

3.4 Rentekompensasjon ved refusjon av eingongsavgift ved eksport

EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har i ei grunngjeven fråsegn frå 3. oktober 2018 konkludert med at dei norske reglane om refusjon av eingongsavgift ved eksport av køyretøy er i strid med forbodet i artikkel 36 i EØS-avtala om restriksjonar i den frie rørsla av tenester, og forbodet i artikkel 40 om restriksjonar i den frie rørsla av kapital.

Ved eksport av motorvogner som er eller har vore registrert i Noreg, vert deler av eingongsavgifta betalt tilbake. Refusjonen vert berekna etter dei satsane som gjeld når køyretøyet vert eksportert, med eit prosentfrådrag basert på tida som har gått mellom registrering og utførsel. Beløpet vil vere lik avgifta som må betalast dersom ei tilsvarande motorvogn vert registrert i Noreg for fyrste gong. For leie- og leasingkøyretøy er det opna for delvis innbetaling av eingongsavgift for den tida køyretøyet skal nyttast i Noreg. Dersom kontrakten vert avbroten og køyretøyet vert eksportert før tida, vert avgift for tida som står igjen på kontrakten refundert. Reglane om dette følgjer av forskrift 19. mars 2001 nr. 268 om engangsavgift på motorvogner kapittel VII.

I den grunngjevne fråsegna peikar ESA på at det ikkje vert rekna renter på eingongsavgifta som betalast tilbake når leasa, leigde og lånte motorvogner vert eksportert frå Noreg. Etter ESA si meining inneber dette at den som har stilt køyretøyet til disposisjon for bruk i Noreg, ikkje vert kompensert for likviditetsulempa ved å betale inn heile avgifta ved registrering. ESA byggjer sitt syn på fleire dommar frå EU-domstolen om tilsvarande høve frå andre EU-land. Finansdepartementet har meldt til ESA at dei norske reglene vil verte lagt om i tråd med den grunngjevne fråsegna.

Dette vil verte gjort ved å gje reglene i skattebetalingsloven om godtgjersle av rente ved utbetaling etter vedtak om endring og ved eiga retting, verknad òg ved tilbakebetaling av eingongsavgift ved eksport. Grunnlaget for berekninga vil vere refusjonsbeløpet slik det vert fastsett i dag, og renter vil verte gjevne for tida frå avgifta vart betalt og fram til forfall for utbetalinga. Rentesatsen vil følgje den pengepolitiske styringsrenta. Dette er i tråd med det generelle systemet i skattebetalingsloven. Endringane vert avgrensa til å gjelde for leigde, leasa og lånte motorvogner. Det vil òg verte gjeve rente i høve der det er betalt eingongsavgift for ein fastsett periode, og avgift vert refundert av di motorvogna vert utført før den fastsette tida er over. Endringane vil verte gjennomførte i forskrift.

Endringane er anslått å gje særs avgrensa tap av proveny som ikkje endrar anslaget på inntektene frå eingongsavgifta for 2019.

Til forsida