Prop. 115 LS (2018–2019)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

13 Opprettingar i lovtekst

13.1 Skatteloven § 3-3

Skatteloven § 3-3 niande ledd bruker nemninga «deltakerlignet selskap». Det rette skal vere «selskap med deltakerfastsetting». Departementet foreslår at dette vert retta. Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 3-3 niande ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

13.2 Skatteloven § 6-53

Skatteloven § 6-53 inneheld reglar om akjeinnskot i oppstartsselskap. Føresegna vart innført ved lov 21. juni 2017 nr. 78. Ved ein feil vart det i andre ledd bokstav b tredje strekpunkt nytta forkortinga pst. i staden for prosent. Departementet foreslår at det vert retta opp i dette og syner til framlegg om endring i skatteloven § 6-53 andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

13.3 Skatteloven § 8-3

Skatteloven § 8-3 inneheld reglar om avvikling og omstillingsfond for reineigarar. Føresegna vart endra ved lov 17. juni 2005 nr. 74. Ved ein feil vart det i andre ledd nytta forkortinga pst. i staden for prosent. Departementet foreslår at det vert retta opp i dette og syner til framlegg om endring i skatteloven § 8-3 andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

13.4 Skatteloven § 10-21

Tidlegare inneheldt skatteloven § 10-20 flg. reglar om aksjonærbidrag. Ved lov 10. desember 2004 nr. 77 vart skatteloven §§ 10-20 til 10-25 oppheva. Ved lov av 18. desember 2015 nr. 115 vart det vedteke ny § 10-20 om skattlegging av verdipapirfond og andelseigar, og ved lov 20. desember 2016 nr. 111 vart det vedteke ny § 10-21 om skattlegging av aksjesparekonto og kontohavar. Samstundes vart det vedteke ny deloverskrift før skatteloven § 10-20 som no lyd «Verdipapir og aksjesparekonto». Deloverskrifta til dei oppheva reglane om aksjonærbidrag som lyder «Aksjonærbidrag», vart ved ein feil ikkje oppheva. Departementet foreslår at deloverskrifta «Aksjonærbidrag» før deloverskrifta «Verdipapir og aksjesparekonto» vert fjerna.

Departementet syner til framlegg om fjerning av deloverskrift før deloverskrift til skatteloven § 10-20. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

13.5 Skatteloven § 12-1

Skatteloven § 12-1 slår fast kva område kapittel 12 i skatteloven gjeld. Ved lov om endring i skatteloven 18. desember 2015 nr. 115 vart ordlyden i føresegna endra frå «utligning av toppskatt» til «utligning av trinnskatt». I tilknyting til innføring av ny skatteforvaltningslov vart føresegna ved ein inkurie endra frå «utligning av trinnskatt» til «fastsetting av toppskatt» jf. lov 27. mai 2016 nr. 14. Riktig ordlyd skal vere «fastsetting av trinnskatt».

Departementet foreslår at det vert retta opp i dette og syner til framlegg om endring i skatteloven § 12-1. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

13.6 Skatteloven § 12-2

Det har i tilknyting til lovrevisjon kome inn feil i teiknsettinga i skatteloven § 12-2 bokstav b, c, d, e, g og j. Bokstavane er merkt med ein halv parentes noko som ikkje er i tråd med systematikken i føresegna der kvar bokstav er etterfølgd av eit punktum. Departementet foreslår at det vert retta opp i dette og syner til framlegg om endring i skatteloven § 12-2 bokstavane b, c, d, e, g og j. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

13.7 Skatteloven § 17-2

Skatteloven § 17-2 gjeld avgrensing av skatt ved låg alminneleg inntekt for ektefellar. Ved lov 21. juni 2017 nr. 78 vart fyrste og andre ledd i føresegna endra for å tilpasse ordlyden til skatteforvaltningsloven. Endringane var ikkje meint å innebere realitetsendringar, jf. Prop. 130 LS (2016–2017) punkt 16.3. Ved ein feil vart § 17-2 fyrste ledd andre punktum om fordeling av formue, inntekt og frådrag, oppheva. Departementet foreslår å rette opp dette ved at fyrste ledd andre punktum vert teke inn igjen, og syner til framlegg om endring i skatteloven § 17-2 fyrste ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

13.8 Tolloven § 12-1

I samband med statsbudsjettet 2019 vart det i tolloven § 12-1 andre ledd ny bokstav j vedteke ei føresegn om utlevering av opplysningar frå Tolletaten til Nasjonalt tverretatlig analyse- og etterretningssenter. Føresegna gjeld berre for utlevering til dette senteret, jf. Prop. 1 LS (2018–2019) punkt 17.6.3. Ved ein feil nyttar tolloven § 12-1 andre ledd ny bokstav j nemninga Nasjonalt tverretatlig analyse- og etterretningssamarbeid i staden for etterretningssenter. Departementet foreslår at dette vert retta opp, og syner til framlegg om endring i lov 20. desember 2018 nr. 107 om endringer i tolloven. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

13.9 Merverdiavgiftsloven § 21-1 a

Lov 19. juni 2015 nr. 58 om krav til kassasystem (kassasystemlova) tok til å gjelde 1. januar 2017. Samstundes med at kassasystemlova vart vedtatt, vart det i ligningsloven § 10-10 og merverdiavgiftsloven § 21-1 a vedtatt føresegner om brotsgebyr for bokføringspliktige ved brot på pliktene til å registrere og dokumentere kontantsal, jf. lov 19. juni 2015 nr. 49 og lov 19. juni 2015 nr. 56. Føresegnene skulle ta til å gjelde 1. januar 2019.

Då skatteforvaltningsloven tok til å gjelde 1. januar 2017, vart heile ligningsloven oppheva. Kapittel 21 i merverdiavgiftsloven vart òg oppheva. Reglar om brotsgebyr for bokføringspliktige ved brot på pliktene til å registrere og dokumentere kontantsal følgjer no av skatteforvaltningsloven § 14-7 fyrste ledd bokstav d, jf. lov 20. desember 2016 nr. 120 og Prop. 1 LS (2016–2017) punkt 19.2.18. Merverdiavgiftsloven § 21-1 a er difor overflødig, og departementet foreslår at føresegna vert oppheva. Departementet syner til framlegg om å oppheve merverdiavgiftsloven § 21-1 a. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

13.10 A-opplysningsloven § 6 a

I samband med statsbudsjettet 2019 vart det vedteke føresegner om bruk av personopplysningar ved utvikling og testing av IT-system i Skatteetaten og Tolletaten, jf. Prop. 1 LS (2018–2019) kapittel 18. Det vart vedteke nye føresegner i bidragsinnkrevingsloven, skattebetalingsloven, tolloven, a-opplysningsloven, SI-loven, skatteforvaltningsloven og folkeregisterloven. Endringane tek til å gjelde 1. juli 2019. Føresegnene var meint å ha lik ordlyd i alle lovene. Ved ein feil vart ordlyden i a-opplysningsloven ny § 6 a ulik dei andre føresegnene, sjølv om det materielle innhaldet er det same. Departementet foreslår å rette opp i ordlyden i ny § 6 a i a-opplysningsloven, slik at den vert lik føresegnene i dei andre lovene. Departementet syner til framlegg om endring i lov 20. desember 2018 nr. 108 om endringer i a-opplysningsloven. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

13.11 Endringar som følgje av ny lov om opphavsrett til åndsverk mv.

Ny lov om opphavsrett til åndsverk mv. tok til å gjelde frå 1. juli 2018. Som følgje av den nye lova er det behov for å oppdatere omgrepsbruk i skatteloven, skatteforvaltningsloven og merverdiavgiftsloven. Dette gjeld nærare bestemt omgrepet «opphavsmann», som vert nytta i åndsverkloven frå 1961. I den nye lova vert omgrepet «opphaver» nytta om ein som skapar eit åndsverk, jf. åndsverkloven § 2 fyrste ledd. Departementet foreslår at omgrepsbruken vert endra tilsvarande i skatteloven, skatteforvaltningsloven og merverdiavgiftsloven, og syner til framlegg om endring i skatteloven § 4-2 fyrste ledd bokstav e, skatteforvaltningsloven § 7-10 fyrste ledd bokstav g og merverdiavgiftsloven § 3-7 fjerde og femte ledd.

Til forsida av dokumentet