Prop. 115 LS (2018–2019)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I Revidert nasjonalbudsjett 2019 foreslår regjeringa følgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har verknad for provenyet for 2019:

  • Meirverdiavgiftsfritak for elektroniske tidsskrift og bøker. Siktemålet er lik avgiftsbehandling av trykte og elektroniske tidsskrift og bøker. Regjeringa foreslår iverksetjing frå 1. juli 2019. Tapet av proveny av å frita elektroniske tidsskrift og bøker er anslått til 27,5 mill. kroner påløpt og 18 mill. kroner bokført i 2019.

  • Fjerne eingongsavgift for køyretøy over 20 år. Føresett at endringa vert iverksett 1. juli 2019, er tapet av proveny anslått til 5 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført i 2019.

  • Å redusere eingongsavgift for motorsyklar med 10 pst. Føresett at endringa vert iverksett 1. juli 2019, er tapet av proveny anslått til 12 mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2019.

  • Å redusere alkoholavgifta for sider og liknande med over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol frå små bryggjeri. Føresett at endringa vert iverksett 1. juli 2019, er tapet av proveny på svært usikkert grunnlag anslått til 0,5 mill. kroner påløpt og bokført i 2019.

  • Avgiftsvedtaket for frekvensavgifter endras ved at det òg omfattar 700 MHz-bandet. Dette inneber ein samla auke i provenyet på om lag 18 mill. kroner påløpt i 2019 og 47 mill. kroner påløpt i 2020. Inntektene vert bokført i perioden 2020 til 2022.

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2019 at elektrisk kraft som leverast til utvinning av kryptovaluta i eit datasenter, ikkje skal omfattast av redusert elavgift. Saka er klar for høyring om kort tid. I høyringa vil det verte føresett at endringar må avklarast med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før iverksetjing, jf. regelverket om offentleg støtte. Dersom godkjenning frå ESA ikkje ligg føre i 2019 vil det innebere eit tap av proveny på 13. mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2019 samanlikna med saldert budsjett.

Framlegga om endringar i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla reduksjon i skatte- og avgiftsinntektene på om lag 40 mill. kroner påløpt og 42 mill. kroner bokført samanlikna med saldert budsjett for 2019.

Etter at budsjettet for 2019 vart vedteke av Stortinget i desember 2018, la regjeringa 8. mars 2019 fram Prop. 51 S Endringer i statsbudsjettet 2019 under Finansdepartementet (endringer i reglene om skattefrie personalrabatter mv.). Stortinget vedtok endringane einstemmig 2. april 2019, jf. Innst. 225 S (2018–2019). Tapet av proveny vart berekna til 250 mill. kroner påløpt og 200 mill. kroner bokført i 2019.

Dei vedtekne endringane og dei nye framlegga i dette reviderte budsjettet vil samla redusere skatte- og avgiftsinntektene med om lag 0,3 mrd. kroner påløpt og 0,2 mrd. kroner bokført i 2019 samanlikna med saldert budsjett for 2019.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Enkelte justeringar og oppdateringar av reglane om skattlegging av ektefellar. Endringane gjer reglane enklare å forstå for skattytarane og betre tilpassa automatisk behandling i Skatteetaten.

  • Endring av ordlyden i skatteloven § 2-40 for å gjere det klårt at det avgrensa skattefritaket for aksjeselskap som er eigde fullt ut av Noregs Bank ikkje berre gjeld aksjeselskap skipa etter norsk aksjelovgiving, men òg omfattar selskap skipa i utlandet når dei høyrer heime i Noreg.

  • Endring av reglene om renter på restskatt slik at skattytaren framleis kan sleppe rentetillegg om han eller ho betaler restskatt innan 31. mai i skattefastsetjingsåret.

  • Tidspunktet ein reknar renter frå i saker om refusjon av utbyteskatt til utanlandske aksjonærar vert endra, slik at rentene vert rekna frå 1. juli i det året utbytet vert utdelt. I dag vert rentene rekna frå det tidspunktet skatten vart betala til staten.

  • Endring av skatteforvaltningsloven ved at det vert presisert at omgjeringstilgangen til skattestyresmaktene som følgje av dom òg gjeld for søksmål mot en skatteklagenemnd.

  • Produktavgifta i fiskerinæringa vert redusert frå 2,4 pst. til 2,2 pst. for 2. halvår av 2019.

  • Rentekompensasjon ved refusjon av eingongsavgift ved eksport.

I tillegg er følgjande sak omtala:

  • Eingongsavgift – overgang til ny metode for måling av avgassar (WLTP).

I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endringar i skatteloven

  • lov om endring i inndelingslova

  • lov om endringar i skattebetalingsloven

  • lov om endringar i merverdiavgiftsloven

  • lov om endringar i skatteforvaltningsloven

  • lov om endring i lov 20. desember 2018 nr. 107 om endringer tolloven

  • lov om endring i lov 20. desember 2018 nr. 108 om endringer a-opplysningsloven

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 12. desember 2018 nr. 1997 om produktavgift til folketrygden for fiskeri-, hval- og selfangsnæringene

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 12. desember 2018 nr. 1999 om avgift på alkohol (kap. 5526 post 70)

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 12. desember 2018 nr. 1999 om avgift på motorvogner mv. A. Engangsavgift (kap. 5536 post 71)

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 25. april 2019 nr. 482 om avgift på frekvenser mv. (kap. 5583 post 70)

Til forsida av dokumentet