Prop. 115 LS (2018–2019)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

11 Frekvensavgifter

Kommunal- og moderniseringsdepartementet krev inn årlege frekvensavgifter frå aktørar som disponerer frekvensar til drift av system for mobilkommunikasjon. Frekvensavgifta vert rekna ut frå tildelt frekvensmengd. Avgifta utgjer mellom 1,3 og 1,5 mill. kroner per disponert MHz (frekvensdupleks). Gjeldande avgiftsvedtak gjeld for frekvensbanda 450, 800, 900, 1 800 og 2 100 MHz.

Det skal tildelast ledige frekvensar i 700 MHz- og 2 100 MHz-banda ved auksjon sommaren 2019. Ifølgje auksjonsregelverket for den kommande auksjonen skal aktørar som vert tildelt frekvensar i 700 MHz-banda svare frekvensavgift. Dette frekvensbandet er ikkje nemnd i det gjeldande avgiftsvedtaket. Departementet foreslår på denne bakgrunn å endre avgiftsvedtaket slik at det òg omfattar 700 MHz-bandet.

For frekvensar i 700 MHz og 2,1 GHz-banda som skal tildelast ved auksjon i 2019, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet opna for at aktørane kan utsetje betaling av 90 pst. av årlege frekvensavgifter med inntil 24 månader frå 1. november 2019 mot betaling av renter. Det er ein føresetnad at frekvensane i så fall berre vert nytta til pilotbruk. Dersom ein eller fleire aktørar vel å bruke denne moglegheita, vil tidspunktet for når frekvensavgiftene vert inntektsført kunne verte utsatt med inntil 24 månader.

Frekvensavgiftene frå den kommande auksjonen er berekna til om lag 17,6 mill. kroner påløpt i 2019 og 47,3 mill. kroner påløpt i 2020. Inntektene vert bokført i perioden 2020 til 2022, avhengig av om aktørane bruker moglegheita til å utsetje betalinga.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak om avgift på frekvenser frå 1. juli 2019.

Til forsida