Prop. 115 LS (2018–2019)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

9 Endring av tidspunktet ein reknar renter frå i saker om refusjon av utbyteskatt til utanlandske aksjonærar

9.1 Innleiing og samandrag

Når Skatteetaten skal rekne ut renter på refusjonskrav av kjeldeskatt på utbyte, må dei hente inn dato på utbetaling frå skatteoppkrevjaren og rekne ut rentene manuelt for kvar enkelt refusjonssøknad, òg når det er utbyte til fleire aksjonærar frå same selskap. Saksbehandlinga er svært ressurskrevjande for Skatteetaten.

Av den grunn foreslår departementet å endre tidspunktet ein reknar renter frå i saker om refusjon av utbyteskatt til utanlandske aksjonærar, og i staden rekne rentene frå 1. juli i det året utbytet vert utdelt. I dag vert rentene rekna frå det tidspunktet skatten vart betala til staten. Endringa vil gjere saksbehandlinga mykje enklare og dei utanlandske aksjonærane vil få refusjonen raskare enn i dag.

Departementet antek at framlegget ikkje vil verke inn på det samla provenyet, og at framlegget vil ha liten økonomisk verknad for aksjonærane.

Departementet syner til framlegg om endringar i skattebetalingsloven § 11-4.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå 1. juli 2019 med verknad for vedtak om refusjon som vert fatta frå og med denne datoen.

9.2 Gjeldande rett

Utanlandske aksjonærar som får utbyte frå norske aksjeselskap og likestilte selskap skal betale kjeldeskatt til Noreg, jf. skatteloven § 10-13. Skatten vert fastsett ved at selskapet som deler ut utbyte, leverer melding om trekk av skatten, jf. skatteforvaltningsloven § 9-1 tredje ledd. Skatten som det trekkpliktige selskapet opplyser om i meldinga, utgjer den fastsette skatten. Trekkplikta inneber at selskapet fyrst skal holde att skatten når utbytet vert utbetala, og deretter melde og betale inn beløpet til skattestyresmaktene, jf. skattebetalingsloven §§ 5-4a, 5-10a og 10-13 og skatteforvaltningsloven § 8-8 tredje ledd. Den utanlandske aksjonæren skal ikkje levere skattemelding. Skatten vert ikkje fastsett individuelt for kvar skattepliktig, men samla for alle dei utanlandske aksjonærane i selskapet.

Kjeldeskattesatsen er 25 pst., men aksjonæren kan ha krav på lågare sats eller skattefritak etter ei skatteavtale eller skatteloven § 2-38.

I høve der satsen skal vere lågare eller utbytet er skattefritt, kan det utdelande selskapet ha trekt for mykje skatt. Då kan den utanlandske aksjonæren krevje refusjon for den delen av trekket som ikkje er skattepliktig. Aksjonæren må krevje refusjon seinast fem år etter utgangen av det året selskapet hadde frist til å levere den ordinære meldinga om skattetrekk, jf. skatteforvaltningsloven § 9-6.

I Skatteetaten vert søknadar om refusjon av kjeldeskatt behandla av divisjonen Brukardialog – utland, tidlegare Sentralskattekontoret for utenlandssaker (SFU). I 2017 tok SFU imot omtrent 5300 refusjonssøknadar frå personlege aksjonærar og omtrent 3500 frå selskapsaksjonærar. Frå 2012 til 2017 har aksjonærane vorte refundert mellom ca. 520–825 millionar kroner årleg. I 2015 behandla SFU gamle refusjonssaker frå selskapsaksjonærar med høge beløp, noko som førte til at samla utbetalingar vart 1,5 milliardar kroner.

Frå 1. januar 2019 vart dokumentasjonskrava for lågare skattetrekk skjerpa, jf. skattebetalingsforskriften §§ 5-10a-1 til 5-10a-3. Mellom anna må den utanlandske aksjonæren leggje fram dokumentasjon på kravet før skattetrekket vert gjennomført. Tidlegare hadde aksjonæren berre plikt til å leggje fram dokumentasjonen dersom styresmaktene bad om det. Det er truleg at talet på refusjonssøknadar vil auke som følgje av dei nye dokumentasjonskrava.

Den utanlandske aksjonæren har krav på renter viss søknaden om refusjon vert innvilga, jf. skattebetalingsloven § 11-4. Renta skal godtgjere at den skattepliktige i ein periode har betala for mykje skatt. Rentesatsen svarer til Noregs Bank si styringsrente det aktuelle året, jf. skattebetalingsloven § 11-6 anna ledd anna punktum.

Rentene vert rekna frå tidspunktet då betalinga fann sted frem til forfallstidspunktet etter skattebetalingsloven § 10-60, jf. § 11-4 fyrste ledd. Betalinga skal reknast for å ha finne sted når det utdelande selskapet betala inn skattetrekket. Etter skattebetalingsloven § 10-13 skal selskapet betale skattetrekket på same dag som det skal levere melding om trekk etter skatteforvaltningsloven § 8-8 tredje ledd, jf. skatteforvaltningsforskriften § 8-8-3. For selskap som ikkje er registrerte i VPS-registeret, er fristen syv dagar etter at trekket er gjort. For selskap som er registrerte i VPS-registeret, er fristen ein månad etter trekket. Trekket skal gjerast når utbytet vert utbetala eller når den skattepliktige får åtgang til utbetalinga av utbytet eller utbytekompensasjonen, jf. skattebetalingsloven § 5-10a.

Normalt vert kjeldeskattetrekket betala innan sju dagar eller ein månad etter at utbytet vert utbetalt. Norske selskap avgjer sjølv når dei skal dele ut utbyte. Det inneber at starttidspunktet for renteberekninga i sakar der utanlandske aksjonærar søkjer om refusjon, vil variere for kvar enkelt utbyteutdeling.

Den gjeldande regelen om tidspunktet ein reknar renter frå i kjeldeskattesaker, vart innført med den nye skatteforvaltningsloven 1. januar 2017. Tidlegare skulle renta reknast frå tidspunktet då det ferdige skatteoppgjeret etter ordinær avrekning vert sendt til selskapet som deler ut utbyte, jf. skattebetalingsloven § 11-4 anna ledd anna punktum slik regelen var forma før. Skatteetaten pleidde å setje same dato for skatteoppgjeret til alle dei utdelande selskapa. Dimed vart tidspunktet dei rekna rentar frå det same for motteke utbyte i alle selskap innanfor same inntektsår.

Bakgrunnen for endringa var at skatteforvaltningsloven ga ei ny løysing for fastsetjing av kjeldeskatten. Kjeldeskatten vert i dag fastset samstundes med at selskapet oppgir og betalar inn skattetrekket, i staden for at skattestyresmaktene gjer ei ny avrekning ved refusjonen. Saker om tilbakebetaling av kjeldeskatt kan dimed følgje hovudregelen om renteberekning i skattebetalingsloven § 11-4 fyrste ledd, og § 11-4 anna ledd anna punktum vart oppheva, jf. Prop. 1 LS (2016–2017) punkt 19.3.10.

9.3 Høyringa

Den 30. oktober 2018 sendte Finansdepartementet på høyring eit framlegg om å endre tidspunktet ein reknar renter frå i saker om refusjon av utbyteskatt til utanlandske aksjonærar. Departementet foreslo at renter skal reknast frå 1. juli i det året utbytet vert utdelt. Føremålet med framlegget er å gjere utrekninga av renter i saker om refusjon av skatt på utbyte enklare. Høyringsnotatet vart sendt til 36 høyringsinstansar og lagt ut på Finansdepartementets heimeside. Høyringsfristen vart sett til 1. februar 2019. Til saman 10 instansar har svart.

Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kunnskapsdepartementet, Utenriksdepartementet, Norsk Kapitalforvalterforening, Næringslivets Hovedorganisasjon og Økonomiforbundet har svart utan merknadar.

Nærings- og fiskeridepartementet og Skattedirektoratet har kome med merknadar til framlegget.

Nærings- og fiskeridepartementet sitt syn er at tidspunktet ein reknar renter frå i desse sakene bør vere det reelle verknadstidspunktet. Dei ber om at departementet bereknar dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av framlegget, og særskilt vurderer dei positive og negative verknadene for næringslivet, dei utanlandske aksjonærane og Skatteetaten. Om endringa viser seg å vere gunstigare for Skatteetaten enn for dei næringsdrivande, bør dei sistnemnde verte kompenserte for tapet.

Skattedirektoratet er positiv til framlegget og einig i argumenta til departementet. Direktoratet framhevar særskilt kor krevjande systemet er for Skatteetaten i dag når dei må rekne ut renta manuelt. Den foreslåtte endringa vil gjere arbeidet enklare for saksbehandlarane, og gje ein regel som liknar han som gjaldt før den nye skatteforvaltningsloven. For dei fleste aksjonærane vil endringa ha svært låg økonomisk betyding.

9.4 Vurderingar og framlegg

Systemet for utrekning av rente i ein refusjonssøknad som Skatteetaten bruker i dag, er ressurskrevjande. For å rekne ut rett rente må saksbehandlaren vite når selskapet betala kvart enkelt kjeldeskattetrekk. Selskapa rapporterer ikkje denne informasjonen til skattestyresmaktene, så saksbehandlaren må kontakte skatteoppkrevjaren for å få rett dato for utbyteutdelinga.

Når saksbehandlaren har fått dei naudsynte opplysingane må han rekne ut rentene manuelt, ettersom Skatteetaten per i dag ikkje har eit eige behandlingssystem for refusjonssaker. Rekneoperasjonen må gjerast for kvar enkelt refusjonssøknad, òg når det er utbyte til fleire aksjonærar frå same selskap.

Denne omfattande prosessen fører til lang saksbehandlingstid og sein refusjon til aksjonærane. Når prosessen er manuell aukar faren for feil i berekningane. Desse forholda taler for at ordninga vert endra.

I høyringsnotatet greidde departementet ut om to moglege løysingar. Det fyrste alternativet er å utvikle eit IT-system som automatisk overfører opplysingar om betaling frå skatteoppkrevjaren til Skatteetaten. Etaten treng òg eit system som bereknar renta automatisk ut frå data dei har motteke frå skatteoppkrevjaren.

Departementet finn at utgiftene for dette alternativet truleg vil vere store. Ingen av høyringsinstansane har teke til ordet for denne løysinga. Departementet tilrår ikkje denne løysinga.

Det andre alternativet departementet la fram er at ei felles dato vert sett for renteberekninga, uavhengig av når selskapet betala inn kjeldeskatten. I notatet foreslo departementet 1. juli fordi framlegget samla sett vil verke provenynøytralt. Framlegget fråvik prinsippet om at renta ved refusjon av for mykje innbetala skatt og avgift skal dekkje likviditetstapet til den skattepliktige.

Nærings- og fiskeridepartementet meiner utgangspunktet for utrekning av renter på refusjon av kjeldeskatt bør vere det reelle verknadstidspunktet.

Departementet finn at grunnane som taler for endringa veg opp for ulempa ved at ein her bryt med hovudregelen for renteberekning. Sjølv om endringa vil ha som følgje at kildeskattetrekk som vert betalt før 1. juli vil gje lågare rentekompensasjon enn i dag, og høgare om trekket vert betalt etter 1. juli, er fordelane ved ei slik endring mange.

Departementet syner til høyringssvaret frå Skattedirektoratet. Som nemnt over vil ein felles dato for alle refusjonane spare saksbehandlarane for mykje arbeid. Dei treng ikkje bruke tid på å finne tidspunktet for betalinga av kjeldeskatten. Vidare kan dei rekne ut renta for alle utbyteutdelingane i det enkelte inntektsåret samstundes. Dei kan òg rekne ut renta for den totale refusjonssummen i staden for å skilje mellom alle utdelingane.

Departementet peikar på at det berre er naudsynt å søkje om refusjon viss kjeldeskattetrekket er feil. Om aksjonæren legg fram dokumentasjon som oppfyller krava i skattebetalingsforskriften §§ 5-10a-1 til 5-10a-3 før selskapet trekkjer for skatten, kan dei få rett trekk og sleppe å søkje om refusjon.

Departementet held fast ved framlegget i høyringsnotatet om 1. juli som fast dato for renteutrekning. For det fyrste er 1. juli egna for å gjere endringa så provenynøytral som mogleg. For det andre vil den økonomiske verknaden for aksjonærane i dei fleste høve vere liten, og 1. juli som fast dato er egna til å gjere avviket så lite som mogleg. Dette skuldast at utbyteutdelingar som oftast vert vedtekne på ordinær generalforsamling i mai eller juni. Den foreslåtte datoen vil med det verte på om lag same tid som kjeldeskatten vert betala, og skilnaden i rentegodtgjeringa vert liten. Det same gjeld for aksjonærar i selskap som deler ut utbyte fleire gongar i året. Renteulempa ved utdeling tidleg på året vert vege opp av ei rentefordel ved ei seinare utbetaling.

Departementet vil òg leggje til at dei gjeldande reglane for utrekning av renter berre har vore i kraft sidan 1. januar 2017. Tidlegare låg tidspunktet for ordinær avrekning av skatteoppgjeret til selskapa til grunn for renteberekninga. I praksis var det ein og same dato på hausten. Såleis er endringa til gunst for aksjonærane, om man jamfører med rettstilstanden før 1. januar 2017.

9.5 Administrative og økonomiske følgjer

Nærings- og fiskeridepartementet meiner departementet bør rekne på dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av framlegget.

Departementet syner til rekneeksempla i høyringsnotatet, som viser tydeleg at framlegget i dei fleste tilfella vil ha liten økonomisk verknad for den enkelte aksjonæren.

Framlegget vil gjere saksbehandlinga av søknadar om refusjon av kjeldeskatt enklare og mindre tidkrevjande for Skatteetaten, og redusere utgiftene etaten har i samband med desse sakene.

For dei utanlandske aksjonærane kan saksbehandlingstida gå ned når berekningane vert meir automatiserte.

Departementet antek at framlegget ikkje vil virke inn på det samla provenyet.

9.6 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. juli 2019 med verknad for vedtak om refusjon som vert fatta frå og med denne datoen.

Til forsida