St.prp. nr. 78 (2004-2005)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Grønland, underskriven i Oslo 4. august 2005

Til innhaldsliste

2 Allmenne merknader

Etter oppmoding frå det grønlandske heimestyret tok Noreg og Grønland i 2004 opp forhandlingar om å inngå ein avtale til hinder av dobbel skattlegging og førebygging av skatteunndraging. Etter andre forhandlingsrunde i Nuuk blei eit utkast til avtale og protokoll parafert den 27. april 2005. Lovrådgivar Per Olav Gjesti, Finansdepartementet, leia den norske delegasjonen.

Grønland er ikkje med i den nordiske skatteavtalen, men har bilaterale skatteavtalar med Danmark, Færøyane og Island. Grønland er med i den nordiske avtalen om bistand i skattesaker.

Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som er utarbeidd av OECD. Avtalen inneheld likevel nokre avvik frå dette mønsteret. Mellom anna har avtalen reglar om verksemd og arbeid utanfor kysten, tilsvarande slike som fins i dei fleste skatteavtalane som Noreg har inngått dei seinare åra.

Avtalen er inngått på norsk og grønlandsk. Begge tekstane er gyldige på like fot. Den norske teksten følgjer som vedlegg.