Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

100 millionar kroner meir til grøn skipsfart

Regjeringa foreslår å auke satsinga på grøn skipsfart med 100 millionar kroner til hurtigbåtar og lasteskip. Det er ei oppfølging av handlingsplanen for grøn skipsfart som regjeringa la fram i juni. Satsinga vil kutte klimagassutslepp og stimulere til næringsutvikling i den maritime industrien i Noreg.

– Satsinga på grøn skipsfart bidreg til at vi kan nå målet om å halvere klimautsleppa frå innanriks skipsfart og fiske innan 2030, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V)

Budsjettsatsinga på 100 millionar kroner i 2020 omfattar ei løyving på 80 millionar kroner til hurtigbåtsatsing i Klimasats, slik at fylkeskommunane kan få inn null- og lågutsleppsløysingar i hurtigbåtsambanda. I tillegg kjem ei løyving på 20 millionar kroner til ei grøn flåtefornying av lasteskip i regi av Grønt Skipsfartsprogram.

Utsleppa per passasjerkilometer for hurtigbåtane er høge, og samla utslepp var omlag 150.000 tonn CO2-ekvivalentar i 2016. Utsleppa frå lasteskip i innanriks fart var omlag 1,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2016 om ein reknar med tankskipa.

– Null- og lågutsleppsteknologi skal inn i alle kategoriar av fartøy. No er det viktig å setje inn ekstra innsats for hurtigbåtar og lasteskip. Miljørevolusjonen vi har starta i ferjesektoren skal no rullast ut for hurtigbåtar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Satsinga på hurtigbåtar er ei styrking av den førebelse ordninga under Klimasats som blei oppretta i revidert nasjonalbudsjett for 2019. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for drift av dei omlag 100 hurtigbåtsambanda langs kysten. Fylkeskommunane skal fornye konsesjonane for hurtigbåtsambanda dei komande åra. Utviklinga av null- og lågutsleppsløysingar vil vere avhengig av kva krav dei stiller i anboda. 

– Den maritime næringa i Noreg er svært viktig for norsk verdiskaping og sysselsetjing. Regjeringa si satsing på grøn skipsfart kan lyfte næringa vidare og setje norsk maritim industri i ein god posisjon når grøn omstilling i internasjonal skipsfart skyt fart, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Realiseringa av grøn skipsfart skjer gjennom statlege støtteordningar gjennom Enova og Innovasjon Norge. I tillegg er næringslivets NOx-fond viktig.

Til toppen