Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

24,5 millionar kroner til mangfald, integrering og likestilling på kulturfeltet

Regjeringa foreslår å løyve til saman 24,5 millionar kroner til tiltak som skal stimulere til mangfald, integrering og likestilling prosjekt på kulturfeltet. Regjeringas mål er eit inkluderande kulturliv der eit mangfald av aktørarar gir varierte opplevingar til flest mogleg.

– Vi skal ha eit kulturliv som har rom for alle, uavhengig av kulturell eller sosial bakgrunn, kjønn, funksjonsevne, religion, seksuell orientering, etnisitet, nasjonalitet eller alder,  understrekar kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Satsinga i 2020 går spesielt til institusjonar og aktørar som har søkt om middel til prosjekt og tiltak som skal stimulere til større kulturelt mangfald.

Midla er forslått fordelt slik:

  • Norsk kulturråd: 4,4 millionar kroner til arbeid som nasjonal koordinator for auka mangfald, inkludering og deltaking i kultursektoren
  • Kulturfondet: 2 millionar kroner til vidareføring av aspirantordninga
  • Det Norske Teatret: 2,2 millionar kroner til vidareføring av Groruddalsprosjektet på Rommen scene
  • Dansens Hus: 1,4 millionar kroner til formidlingsløft og satsing på nye publikumsgrupper
  • Oslo Filharmonien: 500 000 kroner til formidlingsarbeid mot barn og unge
  • Teater Innlandet: 1,5 millionar kroner til turné/ styrking av scenekunstfeltet i regionen
  • Nordic Black Theatre: 600 000 kroner til vidareutvikling av mangfaldsprosjektet «Slipp Botsen fri» om å revitalisere området ved det nedlagte fengselet på Grønland
  • Balansekunst: 2,3 millionar kroner til arbeidet for eit meir likestilt og mangfaldig kunst- og kulturliv
  • Dissimilis: 1,1 millionar kroner til å vidareutvikle kultur- og aktivitetstilbodet
  • IKT Norge: 500 000 kroner til drift og vidareutvikling av teknologiarrangementet Girl Tech Fest, som skal stimulere jenter til å studere datateknologi og realfag etter fullført vidaregåande skule
  • Norges Sjakkforbund:1 million kroner tilskudd til prosjekter Sjakk og samfunn. Prosjektet skal fremme sjakk for nye grupper, gjennom samarbeid med eksempelvis kriminalomsorgen, eldreomsorgen og asylmottakene
  • Talent Norge: 1,5 millionar kroner til kvinnesatsinga i regi av Talent Norge. Satsinga har som mål å motverke strukturar i samfunnet som opprettheld skeivfordeling som påverkar kvinnene sine utsikter til å drive med kunstnarleg verksemd
  • Stiklestad Nasjonale Kultursenter: 1,7 millionar kroner til konseptet Talerstolen Stiklestad og til styrking av arbeidet med mangfald og integrering
  • Oslo Museum: 1 million kroner til Oslo museums mangfaldsarbeid
  • Nord-Troms Museum: 300 000 kroner til utviding av tilbodet integrering og inkludering
  • Teater Manu: 1 million kroner til kulturtilbod for døve
  • TV Bra: 1,5 millionar kroner til å drifte den landsdekkjande TV-kanalen for og med utviklingshemma

– Kunst og kultur gir viktige bidrag til eit levande demokrati der alle er frie til å ytre seg og der mangfald, skaparkraft og kreativitet er høgt verdsett. Vi skaper trygge og tolerante samfunn ved å bygge mangfaldige fellesskap der fleire kjenner seg heime, påpeikar statsråden.

Kulturdepartementet har også i 2019 fordelt 18 millionar kroner på ulike tiltak og prosjekt på kulturområdet som skal stimulere til mangfald, integrering og nedkjemping av fattigdom. Enkelte av tiltaka som fikk tilskot i 2019, vil òg få fornya støtte i 2020.

Til toppen