Revidert nasjonalbudsjett 2015:

255 millionar kroner meir til vegføremål

- Regjeringa foreslår tilleggsløyvingar på til saman 255 millionar kroner til vegføremål over budsjettet til Samferdselsdepartementet for 2015. Av dette skal i alt 198 millionar kroner nyttast til fleire investeringsprosjekt på riksvegane, 40 millionar kroner gjeld skredsikring på E39 Romarheimsdalen i Hordaland, medan 17 millionar kroner går til utbetringar på riksvegar i Sogn og Fjordane og Hordaland etter flaumskadar hausten 2014, seier samferdselsminster Ketil Solvik-Olsen.

Forslaget om tilleggsløyvingar blei lagt fram i statsråd i dag, i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2015.

Riksveginvsteringar: Aukar med 198 millionar kroner

Den foreslåtte auken på 198 millionar kroner til riksveginvesteringar er fordelt slik:

  • 8 millionar kroner til utbetring av Øyakrysset på riksveg 40 i Larvik kommune i Vestfold
  • 10 millionar kroner til delprosjektet Sandnes – Harstadberget på riksveg 9 Setesdalen, i Valle kommune i Aust-Agder
  • 20 millionar kroner til førebuande arbeid på prosjektet E39 Bjørset – Skei i Jølster kommune i Sogn og Fjordane
  • 50 millionar kroner til førebuande arbeid på prosjektet riksveg 70 Tingvoll – Meisingset i Tingvoll kommune i Møre og Romsdal
  • 20 millionar kroner til å starte utbetring av desse fire bruene på E10 i Nordland og Troms: Breisundet bru og Storvalen bru i Moskenes kommune i Nordland,  Gimsøystraumen bru i Vågan kommune i Nordland og E10 Tjeldsundbrua i Skånland kommune i Troms
  • 90 millioner kroner til førebuande arbeid på dei to prosjekta riksveg 3/25 Ommangsvollen – Grundset/Basthjørnet i kommunane Løten og Elverum i Hedmark og riksveg 555 Sotrasambandet i kommunane Bergen og Fjell i Hordaland. Desse  prosjekta skal gjennomførast som OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid).

Skredsikring: 40 millionar kroner

Regjeringa foreslår 40 millionar kroner til skredsikring på E39 i Romarheimsdalen i Lindås kommune i Hordaland. Tilleggsløyvinga skal nyttast til å byggje ein betre skredvoll i området. Utbygging er førebels rekna å koste 60 millionar kroner.

Utbetring etter flaumskadar i Sogn og Fjordane og Hordaland: 17 millionar kroner

Regjeringa foreslår ein auke på 17 millionar kroner i løyvingane til vedlikehald av riksvegar. Beløpet skal brukast til oppryddings- og utbetringstiltak på riksvegstrekningar i Sogn og Fjordane og Hordaland, etter flaumskadar hausten 2014. Tiltaka omfattar mellom anna opprydding og utbetring på E16 ved Skorve i Voss kommune i Hordaland. Her blei vegen vaska bort av flaum, og her er det i dag ei mellombels løysing med eitt køyrefelt og lysregulering.

Fylkesvegnettet: 4,9 millionar kroner i  ferjeavløysingsmidlar

Over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for 2015 foreslår regjeringa 4,9 millionar kroner til  ferjeavløysingsprosjekt på fylkesvegnettet. Dette gjeld prosjekt som blei vedtekne som riksvegprosjekt før forvaltingsreforma i 2010, da mange riksvegar blei omklassifiserte til fylkesvegar. Den statlege ferjeavløysingsordninga var opphavleg del av finansieringsgrunnlaget for desse prosjekta.  Den foreslåtte løyvinga gjeld fem ferjeavløysingsprosjekt og skal gå til fire fylkeskommunar for å kompensere for netto nedgang i inntekter i 2015 som følgje av omlegging av inntektssystemet til fylkeskommunane. 

Forslaget om å løyve å 4,9 millionar kroner omfattar desse fylka og vegprosjekta:

  • Rogaland: Finfast i kommunane Finnøy og Rennesøy
  • Hordaland: Austevollsbrua i Austevoll kommune
  • Møre og Romsdal: Atlanterhavstunnelen i kommunane Averøy og Kristiansund og Imarsundprosjektet i Aure kommune
  • Troms: Ryaforbindelsen i Tromsø kommune

Ny ferjeavløysingsordning for fylkesvegnettet

 Regjeringa forslår å opprette  ei ferjeavløysingsordning for fylkesvegar frå 2016, tilsvarande den ordninga som gjeld for riksvegar.  Midlar til ferjeavløysing tek utgangspunkt i nettotap i inntektssystemet for fylkeskommunane når eit ferjesamband blir  avløyst av ei bru eller ein tunnel.  Det skal ikkje kompenserast for meir enn kostnaden for prosjektet som erstattar det nedlagde ferjesambandet. Fylkeskommunane må sjølv utforme finansieringsopplegget for konkrete utbyggingar.  Ordninga vil gjelde for  inntil 30 år eller tilsvarande som for det som til ei kvar tid gjeld for den statlege ordninga for riksvegprosjekt.

 Rekordstore budsjett

 - Høgre-FrP-regjeringa har alt levert rekordstore budsjett til infrastrukturutbygging. Budsjettet til Samferdselsdepartementet er historisk høgt, og satsingane er høgare enn planlagt i Nasjonal transportplan. For første gong på fleire tiår ser vi reduksjonar i vedlikehaldsetterslepet på både veg og jernbane. Vi er opptatt av å følgje opp løftet om å ruste opp infrastrukturen i landet, framskunde utbygging og ta betre vare på det vi eig, avsluttar samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Budsjettdokumenter